Gå til innhold
Arkivverket

[#7632] Astrid Johannesdotter i Lesja (1826) - kven var ho


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter haugianarar frå Luster, og ei av dei var Astrid Johannesdotter (Hillestad), døypt i Hafslo 26.5.1793. Ho flytte i 1818 til Grytten i Romsdalen, der ho framleis budde i 1821. Sidan forsvinn ho "sporlaust"!Hjå FamilySearch finn eg ei Astrid Johannesdotter gift i Lesja 19.10.1826 med ein John Olson. Eg finn òg to søner:* Ole Johnson, fødd i Lesja 30.9.1827* Johannes Johnson, fødd i Lesja 16.11.1828Eg ser ikkje noko til huslyden i Lesja 1865, og jentenamnet Astrid finst ikkje i Lesja korkje i 1801 eller 1865. FamilySearch oppgjev ikkje noko gardsnamn.Kan nokon hjelpa meg med å identifisera denne Astrid på Lesja?Med hjarteleg takk!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Arne Svendsrud

Jeg har funnet denne Astrid som du spør etter. Hun kom til Lesja fra Ormem i Romsdalen (Grytten) og giftet seg i 1826 med Jon Olsen, 1797-?. Jon bodde på en plass på Bjorli i Lesja som kaltes Jogarden (nå nedlagt). De fikk fire barn, men hele familien flyttet til Romsdalen i 1838.Det står ikke så mye om denne familien i Bygdebok for Lesja, men hvis det er av interresse, kan du oppgi meg E-postadressen din, så kan jeg sende deg en kopi av siden der hun er omtalt. Eller kanskje du kan finne Bygdebok for Lesja på et bibliotek f.eks., i så fall gjelder det bind 1, og det er på side 112.Hilsen Odd Arne Svendsrud

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg tusen takk, Odd Arne. Etter dei opplysningane som du no har gitt, er eg overtydd om at dette er same jenta som opphavleg kom frå Hafslo, Luster i Sogn. Ormem var ein av haugianargardane i Grytten!Eg tek med glede imot ein e-post med dei opplysningane som finst om denne huslyden i bygdeboka for Lesja. Adressa mi er: loya@online.noNok ein gong: Tusen hjarteleg!Lars E. Øyane p.t. Geilo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.