Gå til innhold
Arkivverket

[#7651] Mali Mortensdotter - til Sogn kring 1790 - kvar va


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Mali Mortensdotter, ung innflyttar til Hafslo prestegjeld i Sogn:konfirmert på Kjos i Hafslo 1795 - 16 årtenestejente på Kjos i Hafslo 1801 - 23 årMali må vera fødd kring 1778/1779.Namneformi Mali er heilt ukjent i Sogn, men derimot mykje nytta i andre delar av landet, som til dømes i Gudbrandsdalen og Møre/Trøndelag, der me òg finn Morten/Marten.Mali Mortensdotter tente på prestenkjegarden Kjos i Hafslo og vart sidan husmannskone under same garden. Sokneprest Andreas Lind kom i 1786 til Hafslo frå Meldal i Sør-Trøndelag. Han døydde i 1791, og prestenkja Elisabeth Lind flytte då inn på enkjegarden Kjos. Kan ho ha henta seg ei tenestejente frå Sør-Trøndelag??Kan nokon kasta ljos over dette problemet, ville eg vera svært takksam!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg gjer ein ny freistnad på å kasta fram spørsmålet om Mali Mortensdotter for eventuelle nye lesarar i Brukarforumet.Mali Mortensdotter finst omskrivi i FamilySearch der ein person med namn Inga Andrea Krogh Olsen Danstad i 1942/1943 oppgav Mali å vera ei ættling av ho. Ho seier at mor til Mali heitte Pederson (eller Pedersdotter), men skriv ikkje noko om fødestad.Kan nokon hjelpa meg å løysa dette merkelege problemet? Ein eller annan stad i landet må Mali vera fødd!Kjenner nokon tilfeldigvis til denne Inga Andrea Danstad?? Danstad finst berre ein stad i Noreg, som gardsnamn i Fræna. Var kanskje Mali derifrå??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane

Meir leiting på FamilySearch har avslørt eit mogeleg opphav til Mali Mortensdotter. Namneoppkalling kan tyda på at mor til Mali heitte Kari. Frå før har det vore hevda at same mori heitte Pederson (eller Pedersdotter).FamilySearch syner at ei Kari Pedersdotter gifte seg i MELHUS 25.6.1778 med Morten Nilsson Langland. Kan dette paret ha hatt ei dotter Mali fødd 1778 eller 1779? 1801-teljingi syner denne huslyden på Langland i Melhus:Morten Nielsen 55 kaarmandKari Pedersdtr 47 hans koneMarit Peders (Mortens-)dtr 15 deres børnBerit Peders (Mortens-)dtr 8 deres børnPeder Peders (Mortens-)en 6 deres børnFørenamnet Mali er mykje nytta i Melhus (23 stk i 1801). Er det nokon som har lokalkunnskap om ættene i Melhus og som kan stadfesta eller eventuelt avkrefta denne mogelege ættesamanhengen?På FamilySearch ser eg elles at ei Kari Pedersdotter var f. i Rindal på Nordmøre som dotter av Peder Olson og ei Mali Thoresdotter. Kan det vera same Kari Pedersdotter??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Opplysningar mottekne frå Melhus synest avvisa at Mali Mortensdotter kan ha vore derifrå, so nok ein gong er me 'back to square #1'!Er det nokon som har vore borti ei Mali Mortensdotter som før konfirmasjonen i 1795 kan vera flytt til Sogn? Eg har stor tru på at ho må vera frå Møre og Romsdal eller Sør-Trøndelag der både Mali og Morten er nytta som namn!Nok ein gong tusen takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Trass i grundig leiting har eg enno ikkje lukkast i å finna opphavet til Mali Mortensdotter (eller Martinsdotter?). Eg er stadig overtydd om at ho må vera komi til Hafslo i følgje med sokneprest Andreas Lind og kona Elisabeth Christine Schønsal. Andreas var frå 1775 til 1787 residerande kapellan til Meldal i Sør-Trøndelag.Kyrkjebøkene for Meldal, som den gongen òg omfatta Rennebu, har so langt ikkje avslørt noki Mali Mortensdotter, men ein eller annan stad må ho jo vera ifrå!! No veit me at Andreas Lind var ''reserveprest'' fleire stader kring Trondheim før han vart kapellan til Meldal, so kanskje Mali kjem frå ein av desse andre stadene?Eg vonar framleis på opplysningar som kan føra til at me finn opphavet til denne jenta!Nok ein gong, hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg freister nok ein gong å finna opphavet til denne jenta som flytte til Hafslo i Sogn i 1780-åri, truleg i følgje med sokneprest Andreas Lind frå Melhus i Sør-Trøndelag.Er det nokre nye ''glupe'' lesarar som kanskje kan hjelpa meg på veg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Opphavet til Mali Mortensdotter, konfirmert i Hafslo 1795, 16 år gamal, er framleis ei stor uløyst gåte. Foreldri heitte nok Morten og Kari, men KVAR i all verdi kan dei ha butt - ein eller annan stad i Sør-Trøndelag eller på Nordmøre?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjarte Hesjevoll

Dersom en antar at foreldrene heter Morten og (Kari?), og at de lever i 1801.Et søk på Morten med påfølgende person Kari, der en plukker ut de som er gift, der Kari er over 35 år, gir følgende resultat i disse fylkene.Sør TrøndelagRøros: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f11640&gardpostnr=1&personpostnr=169&merk=169#ovre>LenkeMelhus: LenkeMøre og RomsdalAukra: LenkeSogn og FjordaneFørde: LenkeOpplandGausdal: LenkeRingebu: LenkeFåvang: LenkeLesja: LenkeLesja LenkeBuskerudEger (Eiker?): LenkeEger (Eiker?): LenkeVest Agder:Løvdal: LenkeAkershusAas: LenkeTanum: LenkeAker: LenkeHedemarkWinger?: LenkeÅmot: LenkeTønset (Tynset?): LenkeTønset (Tynset?): LenkeHoff:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.