Gå til innhold
Arkivverket

[#7729] Ole Olson og Kirsti Hermundsdotter på Godønes i Bo


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Olson, fødd i Hafslo 1801, med kone Kirsti Hermundsdotter, fødd i Hafslo 1807, flytte i 1847 med sju born, Johannes, Ingeborg, Mari, Ole, Hermund, Thomas og Christopher, til Steigen i Nordland, men flytte snart vidare til Jensvold i Bodin og var i 1865 busette som husmannsfolk på Godønes i Bodin. Dei fekk ein son til Oluf i Bodin.Eg finn ikkje Ole og Kirsti att i 1875 teljingi nokon stad i Nordland. Berre sønene Hermund, Thomas og Oluf dukkar på på garden Kløkstad. Johannes veit eg hamna i Bergen, Christopher flytte til Lyngen, medan Ingeborg og Mari utvandra til Amerika.Er det nokon med tilgang på kyrkjebøker eller eventuelle bygdebøker for Bodin, som kan fortelja meg kvar det vart av Ole og Kirsti og eventuelt gi andre opplysningar om huslyden deira?Takkar hjarteleg på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har nylig oppdaga Ole Olson og Kirsti Hermundsdotter i folketeljingi for 1875: Dei var då busette på Inddyr i Gildeskål der dei styrte eit bruk som sonen Ole Olson Jr. forpakta. Kanskje Ole Olson (Sr.) døydde i Gildeskål?Eller døydde han i Kristiansund? Sonen Ole Olson, Jr., gifte seg med ei Rebekka Andrea Thoresen frå Kristiansund, og dei utvandra til Amerika i 1884 frå Kristiansund. Då følgde mori med som enkje! Det tyder at Ole Olson (Sr.) døydde mellom 1875 og 1884. Mogeleg å finna?Eg takkar nok ein gong hjarteleg for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.