Gå til innhold
Arkivverket

[#7762] Lars Eielson (Sundve) frå Voss til Romsdalen/Nordm


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Lars Eielson, fødd på Sundve på Voss kring 1813, gifte seg første gongen i Hafslo 24.4.1838 med Christi Johannesdotter, fødd på Hillestad i Hafslo september 1805. Dei budde nokre år på Barsnes i Sogndal, men flytte i 1845 til Kolmannskog eller Lunden i Bud i Romsdalen.So er familien "taus" til Lars Eielson som enkjemann gifte seg att i Øksendal på Nordmøre i 1859 med enkja Guro Johnsdotter på Furset i Øksendal. Men Lars vart ikkje gamal i Øksendal. Alt 19.2.1861 miste han og seks andre livet då dei kòlsigla i Sunndalsfjorden.Me kjenner til desse borni etter Lars Eielson, som alle var frå første ekteskapet med Christi Johannesdotter:* Eiel Larsson, fødd i Hafslo 21.6.1838, gifte seg i 1865 med ei gardjente frå Lien i Øksendal der han budde levetidi ut og døydde i 1910.* Christianna Larsdotter, fødd i Sogndal 9.1.1843, ukjend lagnad!* Anna Larsdotter, fødd i Bud 30.7.1845, ukjend lagnad!Er det nokon som kan fortelja meg kva lagnad Christi Johannesdotter fekk, og kvar det vart av dei to døtrene, Christianna og Anna, so ville eg verta umåteleg glad!!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få takka Knut Reidar Sande for at han i e-post har opplyst om at både Christianna og Anna Larsdøtrer vart vaksinerte i Bud 6.12.1848, so då veit me at huslyden framleis var busett på Kolmannsskog i Bud.Men framleis er det eit stort mysterium kvar det vart av både Christi Johannesdotter og dei to døtrene! Kan det tenkjast at dei likevel flytte til Øksendal med Lars Eielson? Er det nokon som har høve til å søka dødsfalli for Øksendal 1849-1859 for Christi Johannesdotter? Eller eventuelt konfirmantlistene for Christianna og Anna?Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Eg har leita etter desse som døde eller konfirmerte eller utflytta, utan resultat. Eg kan ved høve sjå etter enno ein gong. Sonen Eiel har eg ikkje sett i det heile, ikkje ein gong då familien kjem flyttande. mvh Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Eg har leita etter desse som døde eller konfirmerte eller utflytta, utan resultat. Eg kan ved høve sjå etter enno ein gong. Sonen Eiel har eg ikkje sett i det heile, ikkje ein gong då familien kjem flyttande. mvh Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.