Gå til innhold
Arkivverket

[#7895] Peder Olsen og Jørgine Olsdatter i Hetlands preste


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Folketeljingi for 1900 syner at denne huslyden var busett på Gnr. 37 (Vågen), Bnr. 12 (Solhaug) i Hetlands prestegjeld utanfor Stavanger:Peder Olsen, Møllemester og Gårdbruger, fødd 1845 i HafsloJørgine Olsdatter, Gårdbrugers Hustru, fødd 1847 i LærdalOlaf Jensen, Pleiesøn, Sømand, Junghman, fødd 1878 i Askøen, midlertidig fraværende i LondonEg er ikkje i stand til å identifisera korkje Peder eller Jørgine. Ei Jørgine Olsdotter, fødd i Lærdal 1846, var tenestejente i Bergen i 1865 og er truleg den same. Ein Peder Olsen og ei Jørgine Olsdotter gifte seg i Norderhov, Buskerud 6.12.1867, men kan dette vera same paret?Er det nokon med tilgang på bygdebøker for Hetland, som kan hjelpa med fleire opplysningar derifrå?Takkar hjarteleg for eikvar hjelp!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Anjer

Fra Riska: gardar og tettstad /Evind Smith. Sandnes kommune: 1993, s. 185, under gården Hommarsåk (dette var navnet på gård nr. 37 i Hetland kommune, selv om bruk nr. 1 het Vågan:Per Olsen Lunde, f. 1845, d. 1924 Han var fra Hafslo i Sogn. Peder Lunde var møllemeister ved kornmølla i Vågjen. Han var og steinhoggar og hogde ut kvernsteinar. I 1899 kjøpte han eit stykke av Jakob Breivig, og i folketellinga for 1900 står han som "Møllemester og Gårdbruger". Han henta mykje jord borte i torvmyra og fekk arbeid opp stykket sitt.G. m. Jørgine Olsdtr., f. 1847, d. 1929, ho var frå Lærdal i Sogn. Pleiebarn: a. Olaf Jensen, f. 1878 i Askøy i Hordaland, han var til sjøs som jungmann i 1900 b. Odd Andersen, f. ca. 1906Forhåpentligvis gir etternavnet "Lunde" deg hjelp videre! Lykke til!Hilsen fra Jon Anjer

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få takka Jon Anjer for fint innlegg. Peder Lunde har verkeleg halde oss for "narr". Men Lunde-namnet sette meg på spor etter rette mannen. Han heitte i røyndi Peder Pederson Lunde og var fødd i Hafslo i 1843. Han hadde ein bror Knut Pederson Lunde, som var møllar på Askøy, medan ein annan bror Herman Pederson Lunde var møllar i Luster!Og kona Jørgine Olsdotter heitte opphavleg Gjørond Olsdotter!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.