Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#7914] Sygevogter, hva er det?


Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Nemninga/tittelen 'sykevokter/sjukevaktar' er vel framleis i bruk, i alle høve i militær sanitets-terminologi, - dei fins til dømes ved norske feltsjukehus der desse inngår som del av norske bidrag til ymse multinasjonale fredsbevarande operasjonar.Frå mi eigen tid som fredsbevarande deltakari militær regi minnest eg elles at desse sjukevaktarane (oftast menn) gjerne vart kalla for 'psykovoktere'. Og dét var ikkje avdi dei skulle ta seg av menneskje i mental ubalanse, men heller fordi dette var eit (relativt) morosamt ordspel på termen 'sykevokter'.Fleire av desse karane var òg nokre digre beist og svært lite maskuline og/eller yndige, så evt. assosiasjonar i retning Florence Nightingale vart difor -naturleg nok- heilt uaktuelle -.Mvh., Terje

Gjest Bjørn Davidsen

På den tida Anne Arnesen spør om, finn vi både 'sygepleiersker', 'sygeoppassere', sygevoktere' og 'vågekoner'. Dei tre siste nemningane var nok ikkje-utdanna personale ved fattighus, sjukehus og tilsvarande - i arbeid som i dag nok blir utført av hjelpepleiarar og/eller sjukepleiestudentar. Om dei budde på institusjonane eller utanfor, kom nok mykje an på deira eigen familiestode. Det fanst vel hybelrom for slike på nokre av institusjonane den gongen som no. Men hadde dei familie, budde dei nok heime hjå den. (Sjå t.d. 1875-teljinga for Bergen ved søk på 'yrke', byrgjar på 'syg')

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.