Gå til innhold
Arkivverket

[#7920] Nils (Johan) Olson - omstreifande kopparslagarsvei


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Olsen, kopparslagarsvein, og Johanna Olsdatter frå Kjørlaug i Hafslo (døypt der 3.10.1790 av husmannsforeldre Ole Knutson og Cecilia Knutsdotter) tok ut lysing til bryllaup på Askøy 2.4.1816 og gifte seg i Hafslo 20.10.1816. Paret ser ut til å ha "streifa", truleg i Sogn og Fjordane og Hordaland, til dei kring 1830 tok bustad i Bergen. Adresse i 1831 og 1834 oppgjeve til 11. rode nr. 201.I 1831 vert Nils oppgjeve med namnet Nils Johan Olsen, samstundes som Johanna har fått namnet Johanne Christine Olsdatter. Ein kopparslagarsvein Nils Johan Olsen døydde i Bergen 17.7.1856, 56 år, med bustad i 20. rode nr. 41, medan almisselem og enkje Johanne Olsdatter døydde på arbeidsanstalten i Bergen 29.7.1866, 66 år. Båe har for låg alder, men Johanne er i 1865-teljingi sagd å vera fødd i Hafslo, og andre alternativ finst ikkje!Eg har funne fire born:* Anna Malene Nilsdotter, f. kring 1817, truleg i Sogn eller Nordfjord, vart gift kring 1843 (uvisst kvar) med Anders Thorsen "Florvaag", f. i Bergen i 1808, var omstreifarar, men budde i seinare år mellom anna på Ålundsøen og Nereim i Fjellberg, fiskar og understøtt av "fantefondet". Fekk minst tre born.* Anna Sophie Nilsdotter, døypt i Hafslo 5.9.1819, vart gift i Bergen 1842 med Anders Peder Olsen, sjømann, f. i Bergen 1821, ser ut til å ha vore fastbuande i Bergen der Anna Sophie d. som enkje 19.12.1902. Fekk minst åtte born.* Nils Olai Nilsen, f. i Bergen 1.12.1831, ukjend lagnad.* Andreas Nilsen, f. i Bergen 23.3.1834, ukjend lagnad.Det har sikkert vore fleire born fødde mellom 1820 og 1830, medan foreldri var omstreifarar.Er det nokon som har vore borti denne huslyden og som veit noko om dei? Kven var denne omstreifande kopparslagarsveinen Nils Olsen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.