Gå til innhold
Arkivverket

[#8135] Kyrkjebokføring av vigsler (Strinda)


Gjest Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

Gjest Knut Skorpen

I kyrkjeboka for Strinda (Digitalarkivet) er det to oppføringar for kvar vigsel, ser det ut til. Eg gjettar på at den første oppføringa er trulovinga, den andre sjølve vigslen. Men nokre gonger er det berre ei oppføring. Korleis kan vi vite om det gjeld truloving eller vigsel?Hendrik/Hendrich/Henrich Jo(e)ns(son) har eg funne oppførd sju gonger, i rekkefølgje 2X m Karen, 1X m Berete, 2X m Ranni og 2X m Mali.Betyr det at han har vore gift fire gonger, eller betyr det at han berre vart trulova med Berete?I ft 1801 står det at Hendrich Jons. då var i sitt 3. ekteskap (med Mali).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ketil Firing Hanssen

Det var relativt mange som etter kongelig bevilling giftet seg uten trolovelse. Etter min erfaring gjaldt det hovedsakelig de som var 'for fine' til å gifte seg i kirken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Skorpen

Det er kanskje slik at Henrik vart gift fire gonger, kanskje er det to forskjellige Henrikar som står i lista.Men hovudpoenget mitt - som kanskje ikkje kom klart nok fram - er at overskrifta på databasen er 'Vielser i Strinden', men sidan dei fleste brudepara er nemnde to gonger, gjev databasen sannsynlegvis opplysningar om meir enn vigsel. Kanskje er det truloving og vigsel, kanskje er det lysing og vigsel. Og for dei brudepara som berre er nemnde ein gong, går det ikkje fram om dei vart gifte eller om dei berre vart trulova. Så langt eg kan sjå.Eg har ikkje sett slike dobbeltoppføringar andre stader i digitalarkivet. Eg spør difor igjen om nokon med kjennskap til kyrkjeboka for Strinda kan kan forklare forholdet med dobbelt oppføring av dei fleste brudepara.Mvh Knut

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.