Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#8188] de foran etternavn


Gjest Turid Fleitscher Skånvik

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

De kjem frå fransk og betyr vel eigentleg frå. På same måten som von på tysk var det vel først og fremst adelen som brukte de. de Lange og de Young er sikkert ikkje franske adelsmenn, men heller norske nyrike som ynda å gjera namnet sitt litt finare enn det eigentleg var. Pynta seg med lånt fjør, altså.

Gjest Jo Rune Ugulen

Denne skikken var nok ikkje berre ein adeleg skikk (opphavleg var den nok kan henda det), men den vart svært populær mellom offiserar på 1600- og 1700-talet. Om ein har einkvan med de eller von prefiks i etternamnet, er det dermed større sjanse for at vedkommande var (eller stamma ned frå) ein offiser, enn at vedkommande var adeleg. Dette leia innimellom til halvabsurditetar som von Olsen og liknande. Men det kan sjølvsagt også vera adel.

Gjest Per B. Lilje

Enkelte ble faktisk adlet her (Danmark-Norge) og gitt 'de' foran navnet i adelspatentet etter fransk skikk (mote). Jeg tror det gjelder slekten 'de Lange', det gjelder i hvert fall 'Londemann de Rosencrone' (dvs. da Edvard Londemann ble adlet i 1749 fikk han og hans etterkommere tillatelse til å bruke slektsnavnet Londemann de Rosencrone), vet ikke om det gjelder 'de Young'.

Gjest Jo Rune Ugulen

Du har sjølvsagt rett i at de/von vart nytta av adel og implementert her i våre trakter også. For eit oversyn over framleis eksisterande adelsslekter (i 1886) i Noreg, har Henrik Jørgen Huitfeldt-Kaas eit arbeid i Historisk tidsskrift 1886. Adelskapet er vel tvilsamt i einskilde tilfeller, men slektene var av adeleg opphav i det minste.Lista er såpass kort at eg kan gje den att her:1. Norsk uradel: Galtung2. Dansk uradel: Arenfeldt, Huitfeldt, Kaas, Krabbe, Mund3. Slekter som er adla ved patent: Anker, Bille, Falsen, Heubsch, Kløcker, Knagenhielm, Løvenskiold, von Munthe af Morgenstierne, Roepstorff, Sundt, Treschow, Ulrichsdal (Vagel), Werenskiold, Wibe (Vibe), Wleugel4. Framande adelsslekter med aksept som dansk-norsk adel: Aubert, Hoff-Rosencrone, Le Normand de Bretteville, Lowzow, Lützow, Staffeldt, Trampe, Wedel-Jarlsberg5. Rangadelege slekter: Motzfeldt, Rosing, Sibbern6. Framande adelsslekter utan aksept som dansk-norsk adel: Bülow, Coucheron, von Ditten, Haffner, Kaltenborn, von Koss, Rokling (Rochlenge), Scheel, Schlanbusch, de Seue, Stibolt, Tillisch, Weltzin, Zernichow.Huitfeldt-Kaas avsluttar med følgjande: Endnu en stor mængde familier i Norge gjøre fordring paa at være adelige, men da alle beviser herfor savnes, er det her unødvendigt at imødegaa disse ganske uefterrettelige paastande. Han gjev eksempel på nokre av desse slektene, og eksemplifiserer også ein del slekter som har tapt adelsskapet sitt. Med omsyn til Galtung-slekta, var vel den neppe adeleg lenger i 1821, og bør truleg utgå som adelsslekt i 1886 også. Men den finnest (framleis?) i Danmarks Adels Aarbog, og har vel aldri mista adelsskapet sitt. Dermed kan det kan henda på formelt grunnlagt hevdast at den framleis er det?

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.