Gå til innhold
Arkivverket

[#8434] Sevald Larsson/Ingeleiv Hansdatter - haugianarar??


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sevald Larsson, ifølgje 1801-teljingi fødd kring 1744, truleg i Gudbrandsdalen, gifte seg i 1780-åri med Ingeleiv Hansdotter frå Stamstad i Lom, døypt der 20.4.1760 som dotter av Hans Olson på Stamstad og kona Anna Kjøstelsdotter. Tre kjende born:* Marit (Martha) Sevaldsdotter, døypt i Kleive sokn, Romsdalen 2.9.1787* Anna Sevaldsdotter, fødd (uvisst kvar) kring 1793* Lars Sevaldson, døypt i Jostedalen 25.6.1797Huslyden budde i 1801 på husmannsplassen Bøen under Berge i Dale sokn i Luster, og derifrå vart Ingeleiv gravlagd 15.2.1801.Sevald Larsson flytte frå Luster med dei tre borni kort etter 1801.Er det nokon som kjenner opphavet til Sevald Larsson eller som veit kvar det vart av denne huslyden etter 1801?Hjarteleg takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karen Husdal Brevik

På Scand. Vit.Rec. CD finner jeg en Sevald Larsen Hoel, men det kan selvsagt være en helt annen Sevald enn han du søker. Sevald Larsen Hoel ble døpt 26.09.1745, Østre Toten, Oppland. Foreldre: Lars Hoel og Helgvig Olsdtr. Denne Sevald hadde også tvillingsøsteren Marit. Flere søsken: Inger døpt 30.04.1747, Madtz døpt 27.12.1749 og Ole døpr 18.09.1757. Dette kan være et blindspor, men uansett: Lykke til videre! Mvh Karen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar Karen for innlegg om eit mogeleg opphav til Sevald Larsson. Eg ser det er fleire alternativ hjå FamilySearch, men når det gjeld Toten, so bør vel Totel Økonmuseum ha god kontroll på dei som kjem derifrå? Eg vil kontakta dei so snart det let seg gjera. Takk igjen til Karen!Eg har elles i dag oppdaga at Sevald Larsson og Ingeleiv Hansdotter gifte seg i Bolsøy i Romsdalen 6.11.1785. FamilySearch har feiltolka namnet hans til Tarald, men det må vera same folki! Diverre tek ikkje mormonarane alltid med gardsnamni, men kanskje nokon med lokalkunnskap i Bolsøy kan sitja inne med fleire opplysningar?Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.