Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#8626] Nytt brukargrensesnitt


Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Den sentreringa av teksten oppe og nede ser lett og fin ut, slik eg ser den i IE5.0. Samstundes kjem fargane meire til sin rett.Elles har eg eit ynskje: Når eg no 'Legg innlegget på plass', får eg opp korrekturruta. Der har eg to val; Rette innlegget (til venstre) og Legg innlegget på plass (til høgre - og rett over der den førre knappen for 'Legg innlegget på plass' var). Ynskjet er at dei to knappane byt plass, slik at 'Rett innlegget' kjem nærast der ein alt har peikaren. Det gjer at ein må vere 'vaken' og flytte peikaren til venstre for å unngå retting. I alle høve eg, har i vanvare trykka 'Legg innlegget på plass' fleire gonger når eg eigentleg ville rette det. Ein ting er desse augo som ikkje ser det dei burde sjå. Ein annan ting er at om du vel 'Rett innlegget' og trykkjer feil på det, så får du eit nytt og endeleg val om å leggje det inn. Motsett er det ingen veg attende.

Gjest Jan Oldervoll

Beklager, Bjørn, sentreringa var ei feiltaking. Det var eit forsøk på å ordna Netscape-vising som slo feil. No er det kome attende, før eg såg innlegget ditt.Det kan gjerne vera at knappane burde byta plass. Men no har dei no vore slik ei god stund, så eg trur dei skal få bli der. For meg er det mest naturleg det er slik det er. Og feil trykkjer me, uansett.Elles har Netscape-vising kome set. Rammene er likevel ikkje komen på plass.

Gjest Bjørn Davidsen

Slik eg ser det no i IE5.0 er teksten oppe til høgre - og sentrert nede. Estetisk sett er det finare med sentrering, synest eg. Men hjå mine folk er det jo eit krav at all tekst startar frå venstre, så her rår tvisynet mitt.Det med plasseringa av knappane er noko eg har etter vår gamle ven Mike. Då han i si tid laga Tavlen, la han alle vala slik at du måtte gjere ei 'positiv handling' dersom du skulle ta ei endeleg avgjerd. Dermed kom alle vala i utgangspunktet opp med 'Avbryt'. Når eg no les korrektur, ligg pila rett under 'Legg innlegget på plass' og blir av meg automatisk flytt rett opp mot teksten kor same knappen finst, medan 'Rett innlegg' er ein knapp lengre til venstre som eg må manøvrere til. Sikkert berre ei vanesak, men i starten feila eg nokre gonger. Men det kjem seg sikkert etter kvart.I alle høve er eg svært nøgd med opplegget ditt - både for debatt og elles. Eg har sagt det både til den eine og andre: Maken finst ikkje! Og for oss som bur langt borte frå kjeldene, er det flott å kunne oppsøkje dei når vi vil, utan å måtte leggje ut på kostesame reiser. Difor tek vi òg gjerne del i å skaffe fram fleire i digitalisert form - utan vederlag.

Gjest Jan Oldervoll

Meny ordna etter har alltid lege på høgre sida.Grunnen til at det er blitt litt tull i somme nettlesarar no er at me i større grad brukar det som heiter stilark; ein definisjon av korleis sider skal sjå ut. Og gamle Netscape handterer ikkje stilark heilt godt. Men det gjer dei siste versjonane av Netscape, t.d. 6.2. Du kan lasta den ned gratis herifrå.

Gjest Hans Mathisen

Tusen takk til Jan for kvikk respons! Nå ser det ut som det bør igjen! (Men nå hadde mitt navn, min heimstad og min e-post-adresse blitt borte, så jeg måtte altså skrive den på nytt. Men slipper jeg med denne ene gangen, er saken grei - - -. Jeg huker av i ruten 'Ta vare på namn etc' igjen og håper det beste. Men hvem vet hva som kan skje når man som jeg har Netscape? ). MVH Hans

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.