Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#8709] Foto på brukerforum


Recommended Posts

Gjest Tore Turøy

Eg er glad over å sjå at denne debatten har fatta interesse. For dette er verkeleg spanande. Tenk om vi kan få litt ’kjøtt’ på, og historie kring, mange av namna som er lagt ut på Digitalarkivet? Det vil eg kalla kulturhistorie. Håpar ikkje at det kjem til å stranda på midlar.Når det gjeld kva type bilete som skal leggjast ut, så er vel dei fleste av interesse. Men dei må være relatert til personar i teljinga.Kring 1900, var det mange nordmenn som reiste til Amerika. Sume kom attende og hadde med seg fotoapparat og tok bilete. Eg har nokre eksempel på at dei stilte opp familie og vener framfor huset og tok bilete. Slike bilete synes eg er artige, samstundes som dei fortel ei historie. Og eg er sikker på at mange andre har liknande eksempel. Ja, det kan vel tenkjast at etterkomarar i USA også kan bidra.Når Jan Oldervoll skriv at han ’meiner alvor’, så har eg stor von om at det kjem noko ut av dette. Han og medarbeidarane hans i DA/SAB har gjort og gjer ein uvurderleg jobb. Vi som er hekta på slektshistorie har mykje å takka for.Ei riktig god jul!mvh Tore Turøy

  • 1 måned senere...
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.