Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#8795] Amund Nielsen, Øysle i Vågå


Recommended Posts

Gjest Knut Reidar Sande

Kjenner nokon til nemnde person, eller familien. Han er notert innflytta til Fræna i 1844. Han gifter seg i 1845 med Ingeborg Knudsdtr frå Hol i Hallingdal. Han døyr i 1850. Alder er noko motstridande, han er mellom 40 og 50 år ved dødsfall. Er Øysle ein stad i Vågå?helsing Knut R Sande

Gjest Kjell vangen

Knut!Eg har aldri høyrt at det er nokon stad i Vågå som heiter Øysle.Det må vera ei feiltolking av Øys-eie, at det er ein husmannsplass under garden Øy eller noko i den dur.. Eg såg snøgt etter i kyrkjeboka for Vågå og der var det berre ein Amund Nilsen mellom 1798 og 1812. På side 13 var det ein som kunne tenkjast å vera ein kandidat. Der stod det 'Niels Øygaardens barn Amon- f. 30 november 1811 i Øys lægd'. Kjell Vangen

Gjest Knut Reidar Sande

Eg takkar for svar. Kjell Vangen er nok inne på det riktige. Det står truleg Øysia som stadnamn. Ved giftemål i 1845 er alder 34 år. Det kan stemme godt med 1811. Alder ved død i 1850 er oppgitt til 42. Vi ser vel ofte slike avvik! Faren sitt namn er heilt klårt feil oppgitt til å vere Amund Knudsen! Men kanskje heiter Niels Øygarden Niels Knudsen? I så fall er me på sporet. Amund fekk to born, Oline i ekteskap med kona, og Andreas utanfor ekteskap etter at kona var død.Hilsen Knut R Sande

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.