Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#8909] 'Inneholder' i søkefeltet


Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Som eg har sagt før; behovet er ikkje det same. I landsomfattande søk søkjer ein på ord, i databasane på felt. Om ein skal finna t.d. ein smed i ein database er det berre INNEHELD som hjelper, fordi omgrepet smed ofte står inne i termen. I landsomfattande finn ein smed uansett, fordi ein sløkjer på kvart ord.INNEHELD er mykje meir ressurskrevjande enn LIK og BØRJAR PÅ, så ressurskrevjande at databaser normalt ikkje tillet slike søk. Under INNHELD smed må programmet sjå på kvar einaste term for å sjå om bokstavane smed skulle finnast i termen. Børjar på smed, derimot, ser berre på ord som børjar på sm, eller noko slikt som 1 promille av det heile. Og då er det også klart at det er forskjell på å tillata det i ein database, som i snitt kanskje innheld 3000 personar, og i landsomfattande søk, som skjer på 1-2 millionar.At du kan gjera det med jokerteikn gjer også at du kan om du vil, men det er meir tungvint og mange veit ikkje at dei kan. Dermed blir ressursuttaket mykje mindre. Og det er det totale uttaket me er interessert i; meir enn at ein og annan stikk av med nokre sekund. Men sidan me er oppe i 10 søk i sekundet, kan me ikkje tillate at svært mange brukar mange sekund.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.