Gå til innhold
Arkivverket

[#10125] Jacob Janson frå Røysi, Hengesteg i Luster, f. 1830, til Bergen 1847 - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jacob Janson, eldste son av husmann Jan Jacobson (1803-1843) og kona Kirsti Larsdotter (1807-1881) på plassen Røysi under Hengesteg i Luster, Sogn, var fødd i Luster 25.7.1830, men fekk i 1847, berre 17 år gamal, attest for å flytta til Bergen. Der finn eg han ikkje att, korkje som gift eller avliden!Eg kan ikkje sjå noko til denne personen i 1865 nokon stad i landet.Kan nokon hjelpa meg med å finna han att? Er han kan henda innrullert som sjømann i Bergen?Eller er det mogeleg at dødsmeldingi til mori, Kirsti Larsdotter, som døydde som spedalsk på pleiestiftelsen i Bergen 12.7.1881, kan fortelja oss noko?Jacob hadde to yngre brør, Lars Janson fødd 1833, som ei tid var snikkar i Christiania før han i 1881 utvandra til Chicago, IL med kone og ei lita dotter, og so var det Nils Janson fødd 1842, som i 1862 utvandra til Spring Prairie, WI og sidan flytte til North Dakota.Eg takkar hjarteleg på førehand for eventuelle opplysningar om Jacob Janson!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Jan Peter Wiborg

Hei Lars!Vet ikke om det kan være noe slekt, men det er en amerikaner her som gjennom sin mor har slekt tilbake til en Hengesteg gård, jeg vil tro at det er denne i Luster.Bland deg gjerne inn i diskusjonen! :-) LenkeJan Peter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.