Gå til innhold
Arkivverket

[#10155] Anders Nilsson Mjelve (1788-1858) - frå Luster til Bolsøy/Molde - huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anders Nilsson Mjelve, døypt i Hafslo (Luster) 30.10.1788, var først gift med Kari Monsdotter (1794-1830) og deretter i 1831 med Britha Andersdotter (Lunde), døypt i Hafslo (Luster) 4.1.1795. Anders og Britha flytte våren 1831 til Kleive sokn i Bolsøy, men vart ikkje lenge etter busette som husmannsfolk på ein plass under Mjelve i Bolsøy. Anders d. som legdelem på Røbæk i Bolsøy 19.3.1858, medan lagnaden til Britha er ukjend!Eldste dotteri etter Anders og første kona vart oppali hjå ei faster i Luster og sidan gift og busett her; dei andre borni følgde med Anders og Britha til Romsdalen:* Anna Andersdotter, fødd i Hafslo (Luster) 28.7.1822, gifte seg i Bolsøy 25.7.1847 med enkjemannen Peder Jacobson, visstnok fødd i Skjåk(?) kring 1818. Dei tok kan henda over som plassfolk under Mjelve i Bolsøy; i alle fall døydde Peder som husmann på Mjelve alt 20.5.1852. I 1865 budde Anna (då oppgjevi fødd i Bolsøy 1816!!) som enkje og fattiglem på Hatlen i Bolsøy i lag med eldste sonen, men den seinare lagnaden hennar er ukjend. Anna og Peder fekk tre born i lag: Andreas (1847), Knut Andreas (1850) og Tøri (1852). Knut Andreas og Tøri tente i 1865 på gardar i Bolsøy, men alle vert borte etter den tid - kanskje fór dei til Amerika?* Nils Andersson, fødd i Hafslo (Luster) 10.1.1825, vart konfirmert i Bolsøy i 1840 og kan vera den same som Nils Andersson som i 1865 vert oppgjeven å vera fødd i Bolsøy i 1827 og då var busett i Molde som skipstømmermann(?). I so fall gifte han seg i Molde 28.9.1855 med Gjertrud Marie Arnesdotter, fødd i Bolsøy 1836. Dei hadde i 1865 tre døtrer som alle var fødde i Molde: Ingeborg Anna (1856), Karen Johanna (1859) og Maria (1863).* Mons Andersson, fødd i Hafslo (Luster) 14.6.1827, flytte med faren og stemori til Bolsøy i 1831, men lagnaden hans er heilt ukjend.* Anders Endreson, 'uekte' son av Britha Andersdotter, var fødd i Hafslo (Luster) 7.7.1826 og gifte seg i Veøy 13.11.1857 med Anna Knutsdotter, fødd på Straume i Veøy 27.10.1831. Anders og Anna tok visstnok over heimebruket hennar på Straume og budde der levetidi ut. Anna døydde på Straume 1.2.1913, medan Anders døydde same staden 2.5.1918. Dei fekk tre born: Anton Edvard (1859), Anders (1861) og Berit Anna (1863).* Karen Andersdotter, fødd i Bolsøy og døypt 6.11.1831, flytte i 1845 frå Bolsøy til Kristiansund og kan godt vera identisk med ei Karen Andersdotter som i 1865 vert oppgjevi fødd i Bolsøy 1829 og som i so fall gifte seg i Kvernes 15.11.1852 med Torger Monsson, fødd i Kvernes 1822. Dette paret var i 1865 husmannsfolk på Bjergen, Kvernes og hadde desse borni, alle fødde i Kvernes: Martin A. (1852), Gunnar (1859) og Beret Maria (1861).Men i 1865 finn me òg ei Karen Andersdotter, fødd i Bolsøy 1831, som gifte seg i Kleive sokn, Bolsøy 18.7.1858 med Ole Knutson, fødd i Bolsøy 1830. Ole og Karen var gardbrukarar på Strande i Bolsøy og hadde i 1865 desse borni, alle fødde i Bolsøy: Ingeborg Anna (1859), Knut (1860) og Olaus (1862).~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg er ute etter å finna fram til lagnaden til Britha Andersdotter, fødd i Hafslo (Luster) 1795, og likeins er eg svært interessert i lagnadene til borni Anna, Nils, Mons og Karen.Er det kanskje nokon med tilgang til kyrkjebøker for Molde, Kvernes og/eller Bolsøy som kan sjå etter kven som er oppgjeven som far då Nils Andersson gifte seg i Molde i 1855 og likeins då Karen Andersdotter stod brur, anten i Kvernes i 1852 eller i Bolsøy i 1858?Eg er elles takksam for alle tips som kan føra til utfyllande opplysningar om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Knut Olav Hoset

Hei, litt seint å svare på denne etterlysningen nå kanskje, men bedre sent enn aldri, er det ikke? Vedr. Karen Andersdatter: Jeg har ikke tilgang til kirkeboka for Kvernes, men jeg kan i alle fall bekrefte at den Karen Andersdatter g. 1852 med Torger Monssen var fra Mjelva i Bolsøy. Om du har funnet ut at dette er den rette Karen Andersdatter så er du velkommen til å ta kontakt for nærmere opplysninger om etterslekta. Skriv til kohoset(a)start.no Med vennlig hilsen Knut Olav

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Knut Olav, for at du har svart på denne gamle etterlysingi. Eg sit framleis utan fleire opplysningar om desse folki, so alle detaljar er av interesse!No høyrest det ut som den Karen Andersdotter som gifte seg med Torger Monsson i Kvernes, må vera den eg leiter etter, men det hadde likevel vore ein fordel å sjekka ut vigsleprotokollen for Kvernes for å vera heilt sikker... Eg vil skriva til deg direkte om huslyden deira.Samstundes vil eg vona at ein eller annan kan hjelpa meg vidare med opplysningar om resten av denne ''vanskelege'' huslyden.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Anders Clausson Mjelve (f.ca.1645) skal ha overtatt Mjelve (Bolsøy) før 1661. Han hadde barna Ingeborg og Gyri. Anders skal være bror av Mads (datter Gjertrud) og Anna, og foreldrene var Claus Thomassøn (Kaasbøl) (som overtok Mjelve i 1646) og Engeborre (Ingeborg), som senere ble g.m. Anders Rasmussen Bjørstad. Er det noen kjente bånd mellom disse og de som er nevnt øverst i denne diskusjonen ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

1. Karen Andersdotter sine giftemål:Kyrkjeboka for Kvernes: Karen Andersdtr. Mjelva, 22 år og frå Bolsøy, gifta seg 15.11. 1852. Under rubrikken for fedre, står det berre 'Anders', altså ikkje slektsnamn/gardsnamn.Kyrkjeboka for Bolsøy: Karen Andersdtr. Øverli, 22 år, gifta seg i Kleive kyrkje 18.7. 1858 med Ole Knudsen Øren, 28 år. Der er ikkje rubrikk for fedre, men forlovarane heitte Knud Olsen Romuld og Ole Olsen Næss.2. Nils Andersson sitt giftemål:Kyrkjeboka for Molde 28.9. 1855: Ungkarl og Arbeidsmand Nils Andersen Mjelve, f. Hafslo, 31 Aar, og Pige Gjertru Maria Arnesdtr. Elvsaas, f. Bolsø, 22 Aar. Fedre: Anders Nilssen Mjelve, Pladsbr., og Arne Knudsen Elvsaas, Pladsbr.3. Andreas Mjelva, f. 1847:Kan det vere den same som enkjemannen Andreas P. Mjelva, som ved folketeljinga for Ålesund i 1900 var 52 år gammal slaktarmeister og budde i Einarvikgata saman med 11-12 born? I FT 1900 for Ålesund i Digitalarkivet har dei nr. 5850-5861, men legg også merke til nr 5866 i same huset: Peder Arneus P. Mjelva, 'Søn', som er mellombels til stades og som har 'sedvanlig bosted Lyster Aandalsnes'.Med venleg helsing frå Gunnar Ellingsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Slaktarmester Andreas Mjelva var fra Mjelva i Grytten, ikkje Mjelve i Bolsøy. Men pussig nok ser også han ut til å stamme fra Luster:Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Betre seint enn aldri: Hjarteleg takk til deg, Gunnar, for interessante tilleggsopplysningar om denne huslyden.I mellomtidi har eg funne Nils Andersson Mjelve og huslyden hans på FamilySearch, men opplysningane er diverre mangelfulle. Det ser ut til at Nils og Marie Mjelve budde i Molde til etter 1875, men i 1900 finn eg Marie Mjelve som enkje busett i Schultz gate 12 i Christiania hjå dotteri Beate, som då var gift med ''violin virtuos'' Ole Theobaldi frå Stavanger.So er det spørsmål om Nils Andersson Mjelve døydde i Molde eller i Christiania?Elles er etter kvart dei fleste detaljane komne på plass når det gjeld yngste dotteri Karen, mykje takka vera Knut Olav.Men framleis er eg like ''uvitande'' når det gjeld sonen Mons og dotteri Anna. Og likeins kvar det vart av stemori Britha! Kan nokon hjelpa meg vidare?Nok ein gong, hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.