Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#10642] Problem pga. dubla trafikk


Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Grunna eit visst fjernsynsprogram har me fått dubla trafikken vår. Dette kan lett føra til problem. Me ligg i praksis på grensa av kva servaren vår toler. Dermed kan det bli litt ventetid. I tillegg er det slik at kø skaper problem for oss. Dei som ligg i kø tek opp minne. Blir det for mange vil maskinen børja å gå tregare og då kan det fort seia pang. I dag har eg prøvt å tilpassa maskimimumstale for køet slik at dette ikkje skjer. Men dermed vil de risikera å få meling om at 'the serverer has been placed offline by the administrator' eller noko liknande. Det betyr at det er klokt å venta litt. Det kan vera nok med fem sekund, men det er bra for alle om du ventar eit minutt eller to til køen har løyst seg. I tillegg vil det vera bra om du unngår tida rundt klokka to om kvelden.Så snart som mogeleg skal me auka kapasiteten slik st du slepp unna problem.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/96544-10642-problem-pga-dubla-trafikk/
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg overvåkar systemet konstant nett no. Den siste køen synest skulda at tenaren ikkje klarte å levera resultat truleg pga. av kork ein eller annan staden på vegen ut. Tenaren vår gjekk i alle høve på tomgang medan det likevel bygde seg opp oppgåver i køen. Det beste du kan gjera for deg sjølv og andre er å venta eit minutt eller to før du prøver igjen.

Gjest Jan Oldervoll

Det kunne nok skje, men han meinte nok klokka ti. Men elles gjekk alt greitt i går kveld i den forstand at me ikkje fekk stogg. Tenaren klarte sjølv å passa på at han ikkje vart overarbeidd. Det må elles vera eit mål for kvar og ein av oss.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.