Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#11123] Bygdebok Tysnes/Jøgen Endreson f.1663


Recommended Posts

Gjest Malin T. Petterson

Foreldra til Jørgen: 'Endre Johannesson Håland (f.o. 1610) kan ha vore ugift like fram til han 1657 vart g.m Anna Jacobsdtr. Øvra-Hope. I koppskatten 1645 skatta han berre for seg sjølv og ei taus . han vart nemnd husmann på Hope 1632/33, men oppsitjar saman med broren (Ådne, d.o.1642) frå 1633...'fra ca 1642 hadde Endre hele Nera-Hope.Videre: '...at Endre var gift med ei dotter av Jacob Jensson Øvra-Hope går fram av namna på fleire av borna deira. Ei kjelda på 1700-talet viser elles at sonen Peder var syskeneborn med Kari Ibbesdtr., kona til Lars Søra-Gjøvåg. Endre sette opp att sagbruket på Hope i sluten av 1640-åra. Kanskje i lag med dei to brørne på grannegarden. men ho var ikkje lenge i bruk. Anna og Endre Hope var velstandsfolk. Han var mellom dei framste mennene i Tysnes prestegjeld, og mykje nytta som lagrettemannhan var omtala siste gong i 1675, då han var militær legdsmann.' (Tysnes Gards- og Ættesoge band 2, s.647) Born: 1.Johannes 2.Hans 3.Peder (busett: Ersvær) 4.Jørgen (sjå n.f., busett: Øvra-Hope, sidan Verno) 5.Lisbeth (busett: Nera-Gjelland br.2)-------------------------Jørgen Endreson Nera-Hope (f.o.1663-d.1733) Flytta til Øvra-Hope, og vart gift omkring 1691 m. enkja N.N. Isaksdtr. Øvra-Hope (f.Litle-Gjersvik/Vetle-Gjersvik). Han overtok jorda saman med henne. I 1702 flytta dei til Verno (Vernøy), då futen Oluf Larssen overtok heile Hope. 'Lever saavit vel, og Betalle aarlig deris Rettighed', heitte det i 1701, iflg. Gards- Ættesoga.(N.N. Isaksdtr. var enkja etter Johannes Jørgensson Øvra-Hope (f.ca.1661-d.ca.1691). N.N. og Johannes hadde borna 1.Jørgen(ca.1689-etter 1711) 2.Isak (busett: Søra-Gjøvåg, sidan Hopsund))-------Verno (Vernøy) (band.2 s.683):Dei kom hit i 1702. Begge døydde i 1733, truleg i pesten som herja dette året. Jørgen var ein del nytta som lagrettemann.Kjente born: 1.Peder (f.o.1697, var 'hos faderen' så seint som i 1722, sidan ukjent), 2.Mette (busett: Verno, g. 1728 m .Erik Eriksson Øvra-Hope), 3.Johannes (busett:Øvra-Gjøvåg og Øvra-Hope), 4.Malena? (ei M. Jørgensdtr. fekk dotter Anna f.1743 med ein Nils, som var frå Uggdal sokn, men tente hos bakaren Frantz Gierts i Bergen. Anna vart kanhende gift Økland)Det står side opp og side ned i boka om desse gardane og desse folka. Eg kan ikkje gjenta alt dette her, men eg rådar deg til å gå på biblioteket og sjå i boka. Dette hjalp deg kanskje litt på veg.Mvh Malin

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.