Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#12037] Gamle gravsteiner


Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Der kyrkjegardene framleis finst, er der ein del steinar att. Men det var nok berre dei rike som hadde råd til slikt. Dei som vart gravlagde på fatigkyrkjegardane, fekk nok aldri noko minnesmerke.I Bergen var der kyrkjegard kring kvar av dei fire kyrkjene Domkyrkja, Krosskyrkja, Nykyrkja og Mariakyrkja. Attår var der kyrkjegard attmed den tyske Martinskyrkja (kyrkja låg der Christi Krybbe skoler ligg no fram til den brann 1702, gravplassen der Fløybanestasjonen er no - avvikla kring 1809 då Fredens Bolig på Ladegården vart oppretta - den vart lagd ned 1968).Så var der ein gravplass yst ute på Nordnes, innom og nedom Akvariet. Og to gravplassar i Kong Oscarsgate, på oppsida av St. Jørgen og bortover mot Statsporten (St. Jakob). Seinare, i 1837, kom der ein på nedsida av Statsporten som vart kalla Assistentkirkgården. Den vart nedlagd i 1919, men der er der mange gravsteinar att, m.a. på Ole Bull si grav. Nedom denne gravplassen vart det i 1848/49 oppretta ein kolerakyrkjegard, men den vart fjerna då jernbanenområdet vart utvida.I Årstad var der to gravplassar, som framleis finst. Og så kom den første store der oppe, Møllendal, frå 1874. Solheim oppom Danmarksplass, vart oppretta i 1917.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.