Gå til innhold
Arkivverket

[#12474] Peder La(u)geson Ravn, byskrivar i Oslo 1612 - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Tore Wigerust skriv i sin artikkel om Hans Nielssen Griis om ein Peder La(u)geson Ravn som i 1612 var byskrivar i Oslo og sidan flytte til Stavanger og Bergen. Veit ein noko om ætti til denne Peder, om opphavet hans?Til Jostedalen kom kring 1652 ein sokneprest med namn Otto Hansson Ravn. Otto var fødd i Danmark kring 1607. Han var gift med ei Anna Christensdotter som truleg òg var av dansk opphav. Me kjenner til to søner etter dette paret, Hans og LAGE. Denne Lage Otteson Ravn (1638-1691) vart stamfar til so å seia alle som heiter Lage i indre Sogn.Kanskje var Otto Ravn son av sokneprest Hans Mikkelson Ravn til Dreflette i Odense amt på Fyn (1566-1640). Elles har det truleg òg vore skyldskap med sokneprest Lage Ravn som døydde i Thorstrup, Ribe amt på Jylland 22.8.1579.Det ville vore kjekt å høyra om nokon sit inne med meir kunnskap om denne ætti!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Peder Ravn var også borger i Oslo 1612, da han var byskriver, inntil han 1614 ble Rigens skriver i Norge. Hans foreldre burde fortrinnsvis finnes her - og det er jo fortsatt en del kilder som ingen har bearbeidet. Hilsen Tore

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest John H. Aarønes

Det var også ein Peder Ravn (Raun) som svarte for sag på Reknes gaard på Molde Ladested i 1603, han var også nemnt i 1604.Bolsøyboka III side 126 1604. .... Peder på Kringstadt for han mz sine sønner offuerfaldt Peder Raffnn og giorde hans thiener Peder Madsøen bloduie. Mulkt 10 Daler i Penninge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.