Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#13279] Hvem var foreldrene til Jacob Fredrikson Krohnstad, 1718-1798


Recommended Posts

Gjest Brynhild Lægreid

Jacob Fredrikson Krohnstad, f. 1718, d. 1798, var bruker på gården Råen fra 1753 til 1791, hvem eide denne gården og hvor ligger den i Fana? Evnt. hva ligger på denne gården i dag? Jeg ønsker også å vite hvor Jacob Fredrikson Krohnstad kom fra og hvem som var foreldrene hans.Videre ønsker jeg å søke etter deres forfedre igjen så langt det lar seg gjøre.

Gjest Bjørn Davidsen

Den dåpen har FS frå Fana kyrkjebok, for det same står der, attåt at Fredrich og Anna var busett på Lille Cronstad som den gongen låg i Årstad.Garden Rå ligg omlag der Fana stadion er. Eg trur der framleis er gardsdrift på eit eller fleire bruk.

Gjest Bjørn Davidsen

Du finn vigsla deira under Vigde i Fana 1712-1841. Dei vart trulova 16. mai og vigdes 24. juni 1713. På den tida stod ikkje foreldrenamna i kyrkjeboka ved vigsel. Du er då så langt attende at du skal vera svært heldig om du finn ut noko meire. Men Fredrik er i alle høve fødd før 1700 og er kan hende med i manntalet 1701 som ligg på DA.

Gjest Bjørn Davidsen

Hadde eg vore deg, ville eg for sikkerhets skuld ha sjekka dette skiftet i Nordhordland:947 Mikkel Myrdal Skjold 415b 2 1709-1716Han heitte visstnok Mikkel Ottosen.Det finst òg ein leilending Mikkel Christoffersen på Gimmeland i 1701, 44 år, som 'kan' vere far til Fredrik som er fødd på Ø. Birkeland (ikkje langt unna). Han har ein son, f. på Gimmeland, som tener på Ø. Birkeland i 1701. Alderen på ungane (gutane) tilseier at dei 'kan' vere brør til Fredrik. Men problemer er at det ikkje finst skifte for den tida Mikkel døyr (kring 1734).Eg har diverre ikkje stort anna kjeldetilfang, p.t., enn det som ligg på DA. Men det kan hende, sjølv om eg tvilar på det, at Fanaboka har noko om desse folka.I alle høve går det fram av Døde i Fana (på DA) at Fredrik var fødd på Ø. Birkeland, då han døydde på Sælen. Den einaste Anne Jacobsdotter eg har funne død som kan høve, døyr på Lund (mellom Bontveit og Samdal).

Gjest Yngve Nedrebø

Fana bygdebok, bind 4, side 773, forteller at det var Mikkel Fredriksen Stend som var bruker på Øvre Birkeland fra ca. 1660 til ca. 1680. Han hadde barna Fredrik på Sælen, Brita på Midtun og Inda på Hordnes.Og på side 630 under Stend: Fredrik Hansen hadde bruket ca. 1640-68. ... G.m. Anna. Dei hadde sønene Lars (Stend) og Mikkel på Birkeland. Fredrik Hansen skal ha etterfulgt faren Hans, som brukte 1/4 av Stend, og ifølge bygdeboken var der ca. 1608-1640.

Gjest Brynhild Lægreid

Jacob Fredrikson Krohnstad giftet seg i 1763 med Margreta Asbjørnsdtr. Helland. Går det an å finne ut hvor hun kom fra, hvem som var foreldrene hennes og hvilket år hun ble født ? Evnt. hvilket år hun døde ?

Gjest Bjørn Davidsen

Når det gjeld Margrethe Asbjørnsdotter Helland, trur eg du skal leite ein god stund på Statsarkivet i Bergen for å finne henne. Eg har no vore gjennom samtlege kjelder her på DA for Hordaland og Sogn og Fjordane for om mogeleg å finne namnet Asbjørn/sen/dotter knytt til ein Helland-gard.Det næraste eg kom, var Mikkel Asbjørnsen som vart gift frå Helland i Fusa seint på 1600-talet. Men eg finn han ikkje att i 1701.No kan det vere at namnet ikkje er Helland, men Helleland i Ullensvang. Der er det i alle høve mange Asbjørn på 1700-talet. Men om ein av dei er far til Margrethe, er ein annan sak. Du får i alle høve ha lukke til.

Gjest Sølvi Arntzen

Jeg har en god kandidat i Ullensvang. Margreta Asbjørnsdatter Helleland, født 1726 på bruk nr.8, Helleland i Ullensvang. Jeg vet ikke noe annet om henne enn at hun levde i 1739 da hennes foreldre døde. Hun var datter av Asbjørn Arneson Helleland (1664-1739), som overtok farsgården, bruk 8, Helleland, gift 1709 med Marita Nilsdatter fra Ernes br.1 i Ullensvang (1686-1739). Kilde: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, av Olav Kolltveit, bind IV-2, s.51.

Gjest Bjørn Davidsen

Det skal mykje til å bli hundre prosent sikkert på at det henne, om ho då ikkje hadde ein ugift bror eller ei syster som ho erva etter ho kom til Fana. Men sidan Asbjørn var eit lite nytta namn - og at slike knapt kan knyttast til andre gardar som har i seg 'Hel' og 'land', attåt at alderen høver svært godt med omsyn til at ho vart skriven for 70 år då ho døydde i 1798 - er eg nesten heilt viss på at det er henne.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.