Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'älfsborgs län'.
Fant 1 resultat
-
Denne problemstillingi har eg kjempa med sidan 1980-talet, men eg står framleis «bom fast»! Bertha Samuelsdotter Rønnei, etterkommar etter Nitter-ætti i Luster, utvandra med foreldri sine til Amerika og gifte seg i Fillmore Co., MN i 1869 med svensken Per Johan Andersson alias John Anderson frå Älfsborgs län: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002097854 Det finst fleire family trees hjå ancestry.com som omhandlar denne huslyden, og eg ser fleire av dei påstår at Per Johan skal ha vore frå Västmanlands län og del av huslyden til Anders Jacobsson og Brits Maja Andersdotter: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/156678198/person/202061364582/facts Ifølgje FT1880 skal John ha hatt ein bror August Anderson, fødd kring 1851, og ein slik son hadde òg denne huslyden i Västmanlands län, MEN so var det dette med Älfsborgs län då...? Den andre utfordringi med denne huslyden er einaste dotteri som levde att etter Bertha, Metta, som skal vera fødd 19.1.1867. Ho er nemnd som Mattie Anderson både i FT1870 og FT1880 hjå stefaren og andre kona hans... Men eg har so langt ikkje greidd å finna ut kvar det vart av denne jenta!? Truleg finst det i Fillmore County ein «County History Book» som omhandlar denne huslyden, men den boki har eg ikkje! Kanskje finst det òg ein liktale etter John Anderson frå 1910? Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til Bertha Samuelsdotter: ~~~~~~~~~~~~~~ Bertha Samuelsdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 18.1.1842, Bertha Henrickson utvandra til Amerika med foreldri i 1862 og gifte seg i Fillmore Co., Minn. 5.6.1869 med Per Johan Andersson frå ##### (kvar var han fødd og oppvaksen? – Älfsborgs län. Sverige! – bror August f. kring 1851) i Amerika kjend som John Anderson. John var son av ##### (fulle namn på foreldri hans med bustad, yrke og opphav?) og f. i ##### (fødestaden?) 18.4.1837, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) John og Bertha farma i Arendahl township, Fillmore Co., Minn., men Bertha d. der alt 21.10.1870, og 21.7.1871 gifte John seg att i Fillmore Co., Minn. med Britha Hansdotter frå Skeie i Fjærland, Balestrand, i Amerika kjend som Bertha Simonson. Ho var dotter av gardbrukar Hans Simonson på Skeie, opphavleg frå Tiucte, og kona Gjøri Iversdotter frå Supphellen og f. i Balestrand 30.10.1851, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861. John og andre kona Bertha farma i Rushford township, Fillmore Co., Minn. der John d. 14.6.1910. Bertha Anderson d. i Rushford, Minn. 26.7.1938. John Anderson fekk i alt tolv born, ##### (sjekka?) av dei var ein son frå første ekteskapet med Bertha Henrickson som dessutan hadde ei dotter frå før: a. Mattie Anderson(?), f. i Fillmore Co., Minn. ##### (fødselsdatoen hennar? – 19.1.1867?) ##### (n. 1870/1880 – lagnaden hennar?) b. Andreas Anderson, f. i Fillmore Co., Minn. 10.1.1870, vart gravlagd i Fillmore Co., Minn. 9.4.1870, tretten veker gamal. ##### (nøyaktig dødsdato?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips 0om denne huslyden!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive