Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'fillmore co mn'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 3 results

  1. Denne problemstillingi har eg kjempa med sidan 1980-talet, men eg står framleis «bom fast»! Bertha Samuelsdotter Rønnei, etterkommar etter Nitter-ætti i Luster, utvandra med foreldri sine til Amerika og gifte seg i Fillmore Co., MN i 1869 med svensken Per Johan Andersson alias John Anderson frå Älfsborgs län: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002097854 Det finst fleire family trees hjå ancestry.com som omhandlar denne huslyden, og eg ser fleire av dei påstår at Per Johan skal ha vore frå Västmanlands län og del av huslyden til Anders Jacobsson og Brits Maja Andersdotter: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/156678198/person/202061364582/facts Ifølgje FT1880 skal John ha hatt ein bror August Anderson, fødd kring 1851, og ein slik son hadde òg denne huslyden i Västmanlands län, MEN so var det dette med Älfsborgs län då...? Den andre utfordringi med denne huslyden er einaste dotteri som levde att etter Bertha, Metta, som skal vera fødd 19.1.1867. Ho er nemnd som Mattie Anderson både i FT1870 og FT1880 hjå stefaren og andre kona hans... Men eg har so langt ikkje greidd å finna ut kvar det vart av denne jenta!? Truleg finst det i Fillmore County ein «County History Book» som omhandlar denne huslyden, men den boki har eg ikkje! Kanskje finst det òg ein liktale etter John Anderson frå 1910? Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til Bertha Samuelsdotter: ~~~~~~~~~~~~~~ Bertha Samuelsdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 18.1.1842, Bertha Henrickson utvandra til Amerika med foreldri i 1862 og gifte seg i Fillmore Co., Minn. 5.6.1869 med Per Johan Andersson frå ##### (kvar var han fødd og oppvaksen? – Älfsborgs län. Sverige! – bror August f. kring 1851) i Amerika kjend som John Anderson. John var son av ##### (fulle namn på foreldri hans med bustad, yrke og opphav?) og f. i ##### (fødestaden?) 18.4.1837, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) John og Bertha farma i Arendahl township, Fillmore Co., Minn., men Bertha d. der alt 21.10.1870, og 21.7.1871 gifte John seg att i Fillmore Co., Minn. med Britha Hansdotter frå Skeie i Fjærland, Balestrand, i Amerika kjend som Bertha Simonson. Ho var dotter av gardbrukar Hans Simonson på Skeie, opphavleg frå Tiucte, og kona Gjøri Iversdotter frå Supphellen og f. i Balestrand 30.10.1851, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861. John og andre kona Bertha farma i Rushford township, Fillmore Co., Minn. der John d. 14.6.1910. Bertha Anderson d. i Rushford, Minn. 26.7.1938. John Anderson fekk i alt tolv born, ##### (sjekka?) av dei var ein son frå første ekteskapet med Bertha Henrickson som dessutan hadde ei dotter frå før: a. Mattie Anderson(?), f. i Fillmore Co., Minn. ##### (fødselsdatoen hennar? – 19.1.1867?) ##### (n. 1870/1880 – lagnaden hennar?) b. Andreas Anderson, f. i Fillmore Co., Minn. 10.1.1870, vart gravlagd i Fillmore Co., Minn. 9.4.1870, tretten veker gamal. ##### (nøyaktig dødsdato?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips 0om denne huslyden!
  2. Dette er ei kjempeutfordring som eg jobba mykje med på 1980-talet, men som eg aldri greidde å finna ut av! No vil eg gjerne få dela denne «nøtta» med dykk i von om at nokon ser noko som eg har oversett...: Eg attgjev først frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~ Hans Andreas Olson {Sandvig}, f. {i Luster} 1.2.1819, Hans Olson, sidan kjend som Hans O. Sandvig, utvandra til Amerika i 1853 og gifte seg i Dane Co., Wis. 6.7.1863 med Britha Andersdotter frå Bakken under Joranger nedre i Hafslo, i Amerika kjend som Betsy Anderson. Ho var f. i Hafslo 14.5.1828 og utvandra til Amerika i 1861. Hans og Betsy flytte straks etter bryllupet til ein farm i Arendahl township, Fillmore Co., Minn., men i 1869 selde dei denne farmen, ##### (later destiny?) Me kjenner til fire born etter dei: a. Ole Sandvig, f. i Fillmore Co., Minn. 11.5.1864, d. i Fillmore Co., Minn. kort etter fødselen. ##### (date of his death?) b. Ole Sandvig, f. i Fillmore Co., Minn. 4.10.1865, d. ugift i Dane Co., Wis. 4.8.1886. Det heitte då om han at han var frå Fillmore Co., Minn. c. Anna Sandvig, f. i Fillmore Co., Minn. 16.3.1867, d. ugift i Dane Co., Wis. 28.2.1885; også om ho heitte det at ho var frå Fillmore Co., Minn. d. Betsey Sandvig, f. i Fillmore Co., Minn. 15.1.1869, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Utfordringane som eg slit med, kjem i grunnen ganske klart fram over. Me har dokumentert at farmen som Hans og Betsy åtte i Arendahl township, Fillmore Co., MN vart seld i 1869, og eg kan ikkje finna huslyden korkje i FT1870 eller i FT1880. So dukkar dei to borni Ole og Anna opp i ei kyrkjebok i Stoughton, Dane Co., WI der dei båe døydde midt på 1880-talet, men med merknad om at «dei var frå Fillmore Co., MN». Yngste kjente barnet Betsey ser eg ikkje noko meir til. Mori var 41 år då Betsey var fødd, so kanskje fekk dei ikkje fleire born... Elles er det å merka seg at foreldri ved barnedåpane i Arendahl Lutheran church nytta ættenamnet OLSON. Desse kyrkjebøkene ser elles ikkje ut til å ha vore fotografert av ALC. Eg skreiv i si tid av frå originalbøkene i kyrkja, men har lagt desse avskriftene inn i databasen hjå Digitalarkivet! Eg har spekulert svært so mykje på denne utfordringi, og eit alternativ er at foreldri døydde med den følgja at borni vart plasserte på barneheimen i Stoughton, WI? Både Hans og Betsy hadde søsken i Amerika, men ingen av desse budde i Wisconsin! Det hadde vore ei kjempefin etterjulegåve å finna ei løysing på denne kjempeutfordringi etter so mange år, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Dette er ei gamal kjempeutfordring som eg har brukt mykje tid og krefter på å finna ut av, men so langt er eg utan resultat! Andrea Ellefsdotter var fødd i Luster 4.2.1837 som yngste barn av Ellef Andersson (1785-1842) og kona Anna Østensdotter, døypt i Luster 9.4.1789. I 1858 utvandra Andrea i lag med mori og søsteri Martha Ellefsdotter (1821-1901) til Dane Co., WI. Dei andre var reiste før til same stad. Tidleg på 1860-talet flytte fleire av borni vidare til Fillmore Co.. MN, og so er det at eg finn ei innførsle i ei av kyrkjebøkene i Fillmore Co., MN, eg trur det var i Elstad/Highland kyrkjelyd, at Andrena Ellefsdotter døydde i barselseng med eit dødfødt barn 20.5.1874. MEN, det står i kyrkjeboki ikkje noko om kven Andrena var gift med eller om dei hadde andre born som kanskje levde opp! Eg har forresten heller aldri greidd å finna dødsfallet til mori Anna Østensdotter/Ellefson i Amerika og heller ikkje finn eg ho i FT1860 eller 1870 - kanskje nokon har betre «teft» enn kva eg har? Eg ville vorte «hoppande glad» om nokon greier løysa denne utfordringi, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.