Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'luster'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Då eg første gongen jobba med den huslyden i førre hundreåret, greidde eg ikkje finna opphavet til Simon Christenson som 18.3.1801 gifte seg i Gaular med Anna Colbeinsdotter frå Råeim i Gaular. Eg fann ei dotter fødd i Gaular, men ingen flere born før etter at dei i 1812 var komne til Luster. Eg ville tru at dei sikkert nok hadde fleire born? Denne eldste dotteri gifte seg ut att i Førde og fekk mange born der ute, men fleire av desse forsvinn! No vonar eg på lite vetta hjelp til å skaffa eit betre overblikk over denne huslyden. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~NB: Etter mange gode innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #20 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Jeg lurer på om det kommer en ny bygdebok fra Lars E. Øyane etter at boken for Urnes er blitt lagt ut for salg? Jeg mener å huske at det skulle komme en bok med tilføyelser og rettelser, men kan selvsagt huske feil. Jeg lurer på om Lars E. Øyane kan bekrefte etter avkrefte det? Mh. Øyvind Gjervik
  3. Dette er ein huslyd som eg arbeidde ein del med for bortimot 40 år sidan, men som eg den gongen aldri greidde å finna ut noko meir om. Kanskje er tidi no kommi til å gjera noko med dette? Me veit konkret at dette parfolket flytte til ytre Sogn, og ein svogar fór sogar til «utlandet», kvar no enn det kan ha vore? Kanskje til Danmark? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Gjennom mange interessante oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette er ein huslyd som eg første gongen jobba med i 1984, og som synest vera ganske so «anonym». Styrmann Jonas Gustav Ahlstrøm dukka opp i Bergen på 1820-talet, men eg har ikkje greidd å finna korkje opphavet hans eller vigsli hans kring 1825. Det er ogso sparsamt med opplysningar om lagnadane både til han og kona, og fleire born veit me òg heller lite om. Er det kanskje nokon som dreg kjensel på desse namni og som kan hjelpa meg med vidare biografiske opplysningar? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange kjempefine innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innleg #37 på neste side! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Kan denne historien la seg bevis gjennom kirkebøker evnt. annet ? https://www.nb.no/items/2c32c63e0c2b6fe3783069bd404b4f17?page=0&searchText=" Svigum" Mvh Ivar
  6. Denne jenta har utgongspunkt i følgjande gamle tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201695-øyanes-påskenøtt-6-mons-torstenson-1723-1814-frå-luster-via-vik-til-sørebø-i-hyllestad-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-1702644 men me har inntil i dag ingen sikre opplysningar om lagnaden hennar! Anna Monsdotter (Dulsvig), døypt i Luster 27.3.1744 I kveld har eg gjort ein spennande observasjon som KAN bringa oss nærare ei løysing på denne kjempeutfordringi: I basen over vigde i Vik finn me desse to vigslene: * Christen Sjurson Limmesand og Anna Monsdotter Finden - vigde i Vik 8.6.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/92 * Bendik Olson Nissestad og Anna Monsdotter Haalen - vigde i Vik 21.11.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/95 I eit anna tema har eg teke opp til drøfting lagnaden til søsteri Lucia Monsdotter: https://forum.arkivverket.no/topic/223070-lucia-monsdotter-1756-1839-frå-luster-via-vik-til-bergen/ og som me såg der, budde Lucia nettopp på garden Finden då ho gifte seg i 1781. Kan me tenkja oss at dei to søstrene har tent på same gard etter dei kom til Vik? Eg finn ingen born i Vik etter Christen og Anna, men derimot ser me at Bendik Olson og Anna Monsdotter fekk fleire: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap * Kari Bendiksdotter, døypt uekte13.1.1779 * Thuri Bendiksdotter, døypt i Arnafjorden 8.2.1782 * Mons Bendikson, døypt frå Nissestad 5.8.1783 * Morten Bendikson, døypt frå Lillesand 3.5.1789 * Arne Bendikson, døypt frå Lillesand 1.6.1790 Og me skal ikkje gløyma at mor til «vår» Anna Monsdotter heitte nettopp Kari! MEN, ser me på FT1801, ser me at Anna Monsdotter på Lillesand då berre var 41 år gamal, og ho hadde boprnb fødde so seint som i 1800, so det utelukker ho som «kandidat» for oss: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392002333 Elles var det jo òg helst den første av dei to Anna'ne eg hadde størst tru på kunne vera «vår» Anna... Eg er spent på kva bygdebøkene for Vik har å seia...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Anna Monsdotter frå Luster!
  7. Dette er ein person som eg har litt motstridande opplysningar om, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg «straighten out» biografien hans? Ole Andersson Drægni, opphavleg husmannsson frå Eidsneset under Eide i Luster, vart døypt i Luster 29.11.1812. Han flytte som lærar til Fortunsdalen og gifte seg første gongen i Luster 12.12.1837 med enkja Susanna Jansdotter på Drægni (1801-1864). Ole tok over som gardbrukar på Drægni, men i 1848 utvandra Ole åleine til Amerika. Det vert foralt at han kring 1850 skal ha vore gullgravar i Carson Valley, CA, men ein gong på 1850-talet kom han attende til Luster og dreiv på ny garden til han i 1857 på ny utvandra til Amerika. Han hadde då med seg dei to eldste døtrene: * Anna Marie Olsdotter Drægni, fødd i Luster 5.1.1839, utvandra som sagt i 1857 og gifte seg i Buffalo Co., WI 26.9.1861 med Nils Hermundson Kinserdal alias Nels H. Kins, fødd i Hafslo 7.7.1840, utvandra i 1855. Dette parfolket budde som farmarar i Nelson township, Buffalo Co., WI der Anna Marie døydde 24.4.1890. Dei fekk åtte born i lag, men berre ei dotter voks opp! * Ingrid Olsdotter Drægni, fødd i Luster 28.8.1840, utvandra som sagt òg i 1857 og gifte seg i Buffalo Co., WI 14.11.1874 med Peder Iverson Sterri alias Peter Sterry, fødd i Hafslo 22.6.1849, utvandra i 1873. Dette parfolket budde som farmarar i Albion towbnship, Trempealeau Co., WI, men som Ingrid døydde som enkje i Benson Co., ND 3.7.1931. Dei fekk fem born i lag. Men Ole og Susanna hadde òg ei yngre dotter: * Susanna Olsdotter Drægni, fødd i Luster 14.9.1842, utvandra til Amerika i 1866 etter at mori då var avlidi, og gifte seg i Trempealeau Co., WI 3.3.1872 med Hans Tollefson, fødd i Kviteseid, Telemark 27.3.1837. Dette parfolket farma først i Burnside township, Trempealeau Co., WI, men flytte kring 1882 til ein farm i Nelson township, Buffalo Co., WI der Susanna døydde 16.6.1896. Dei fekk sju born i lag. Etter at Susanna døydde i Noreg, gifte Ole Andersson Drægni seg att i Buffalo Co., WI 23.3.1870 med Bertha Nilsdotter Sterri, alias Bertha Sterry, fødd i Hafslo 15.8.1832, utvandra i 1866. Eg finn dei ikkje i FT1870, men frå 1870-åri og utover farma Ole og Bertha under namnet DREGNEY i Canton township, Buffalo Co., WI der Ole døydde 14.7.1901. Bertha døydde same staden 30.1.1920. Dei fekk to born i lag, og dessutan hadde Bertha tre born frå før. Eg sit med følgjande utfordringar: ** Kan fleire detaljar finnast om Ole Andersson Drægni og bustadane hans 1850, 1860 og 1870?? Kva namn nytta han? (1880 og 1900 skreiv han seg Dregney! - KAN i åri kring 1860 ha butt nær Dodgeville, Iowa Co., WI!?) ** Kvar budde døtrene Anna Marie og Ingrid i 1860? ** Kvar budde døtrene Ingrid og Susanna i 1870? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Dette er ein huslyd som eg har jobba med i over 40 år, men som eg har hatt store vanskar med å få fullt oversyn over. Kanskje bygdebøker for Eidfjord og Ullensvang og nokon med lokal kunnskap kan bidra med detaljar? Gaute Endreson Vivelid, oppgjeven fødd på Vivelid i Eidfjord 19.2.1804 - foreldri Endre Gauteson og Britha Torbjørnsdotter Anna Larsdotter Bjotveit, oppgjevi fødd på Berget i Ullensvang 23.9.1815 - foreldri Lars Torstenson og Sigrid Johannesdotter vart vigde i Ullensvang 15.4.1833: https://media.digitalarkivet.no/view/11718/171 Eg kjenner til følgjande born: 1. Tore - fødd på Bjotveit i Ullensvang 24.6.1833 - https://media.digitalarkivet.no/view/11718/34 2. Sigrid - fødd på Bjotveit i Ullensvang 3.6.1835 - https://media.digitalarkivet.no/view/11718/42 3. Britha - fødd på Bjotveit i Ullensvang 17.2.1838 - https://media.digitalarkivet.no/view/11718/54 4. Christi - fødd på Vivelid i Eidfjord 1.12.1840 - https://media.digitalarkivet.no/view/8314/18 5. Endre - fødd på Vivelid i Eidfjord 26.4.1843 - https://media.digitalarkivet.no/view/8314/33 6. Martha - fødd på Vivelid i Eidfjord 4.11.1845 - https://media.digitalarkivet.no/view/8314/51 7. Anna - fødd som reingjetarbarn i Årdal 18.6.1850 - https://media.digitalarkivet.no/view/8404/7 8. Lars - fødd på Svendsøy i Luster 17.6.1853 - https://media.digitalarkivet.no/view/8401/46 9. Martha - fødd på Holmestad i Luster 21.3.1858 - https://media.digitalarkivet.no/view/8401/85 10. Thomas - fødd på Yttri i Luster 22.1.1861 - https://media.digitalarkivet.no/view/8402/18 I 1864 skal foreldri og dei yngste borni ha utvandra til Amerika, og dei busette seg i Crawford Co., WI Fleire utfordringar står att å løysa her: ** Yrke og opphav til foreldri til Gaute Endreson? ** Yrke og opphav til foreldri til Anna Larsdotter? ** Lagnaden til eldste barnet Tore - det einaste barnet eg ikkje har greidd å spora opp!? ** So tykkjer eg avstanden er vel lang mellom fleire av borni, til dømes mellom Martha i 1845 og Anna i 1850 og mellom Lars i 1853 og Anna i 1858. Kan Gaute og Anna ha hatt fleire born - kan henda fødde andre stadar?? Faren var reingjetar!! Eg manglar fleire detaljar om lagnadane til nokre av borni i Amerika, særleg dotteri Christi, men vil komma attende til desse. Eg takkar so mykje på førehand for alle godt tips om denne huslyden!
  9. Dette er ein huslyd som eg har hatt liggjande på «teiknebrettet» sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å gjera so mykje med. Kyrkjebøkene for dette området i Romsdalen har vore vanskeleg tilgjengelege, og eg har gått og venta på lokale bygdebøker som kanskje kan hjelpa? Eller finst det kan annan lokal ekspertise som kan hjelpa meg? Christen var ein av fleire brør som flytte til Romsdalen frå Luster på denne tidi, men eg kjem attende til dei hine. Her er eit oppdatert manuskript for huslyden til Christen og Anna: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Dette er ein huslyd som eg jobba ein del med på 1980-talet, men grunna utilgjengelege kjelder var eg den gongen ikkje i stand til å finna «riktig» ut om dei. Denne lustringen var ei tid lærar og klokkar i Luster og henta seg ei kone frå Odalen(!). Dei flytte til Bergen, der i alle fall ei av døtrene vart buande, men dei andre ser alle ut til å vera bortflytte! Ein son var i Christiania i 1865, men vert sidan borte ogso derifrå. Kvar vart det av dei?? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg og nye oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ville òg setja stor pris på oppslag i bygdeboki for Odalen for å fylla på med detaljopplysningar om Ingrid Larsdotter Svarverud og foreldri hennar!
  11. Dette er ein ny huslyd som eg vart merksam på i kveld gjennom innlegg #322 av Terje Tandsether i følgjende tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=13 Denne Sølfest Nilsson var fødd på husmannsplassen Svad under Høyeim, nabogarden til Nes i Luster som son av husmann Nils Larsson og kona Kari Eriksdotter. Sølfest flytte frå Luster før han var komen i konfirmasjonsalderen, truleg direkte til Balestrand, og voks nok opp der. Han vart gift der ute med ei gardajente, og dei fekk åtte born imlag. Fleire av desse døydde unge og tydeleg ugifte, men i alle fall fire døtrer ser ut til å ha vokse opp, Kari, Martha, Britha d.y. og Johanna. Kari og Britha finn eg gifte i Balestrand, men ikkje Johanna... Martha døydde som legdelem, men kanskje hadde ho vore gift...? Her følgjer eit førebels manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Sølfest Nilsson {Svad}, døypt {i Luster} 26.2.1733, Sølfest Nilsson flytte i svært ung alder som tenestedreng til Balestrand der han 26.6.1758 gifte seg med Martha Gulbrandsdotter frå Farnes indre i Balestrand. Ho var dotter av gardbrukar Gulbrand Olson på Farnes indre, opphavleg frå Våtevik, og kona Britha Hermundsdotter frå Farnes indre og f. ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1729?) Sølofest og Martha tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Farnes indre i Balestrand, og derifrå vart Martha gravlagd 9.12.1781. Sølfest vart gravlagd frå Farnes 14.4.1782. Dei fekk åtte born i lag: a. Britha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 16.1.1758, vart gravlagd frå Farnes 19.3.1758. b. Kari Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 26.12.1758, ##### (lagnaden hennar? – gift Balestrand 2.7.1788 med enkjemannen Peder Tollefson på Romøyri!?) c. Martha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 22.11.1760, d. som legdelem på Farnes 27.11.1835. ##### (lagnaden hennar?) d. Ole Sølfestson, døypt i Balestrand 24.4.1763, vart gravlagd frå Farnes 14.4.1782. e. Nils Sølfestson, f. i Balestrand ##### (dåpsdato?) 1765, vart gravlagd frå Farnes 26.3.1786. e. Britha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 2.2.1768, ##### (lagnaden hennar? – gift i Balestrand 9.6.1824 med enkjemannen Peder Mikkelson på Hov, f. Lidal 1756) f. Gulbrand Sølfestson, døypt i Balestrand 28.2.1771, vart gravlagd frå Farnes 28.3.1796. g. Johanna Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 27.12.1774, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til komplettering av dette manuskriptet. Særleg er eg nysgjerrig på lagnaden til Johanna Sølfestsdotter...
  12. Denne kjempeutfordringi freista eg første gongen å finna ut av for 15 år sidan gjennom det gamle Brukarforum under tema #14388, men den «kandidaten» eg den gongen hadde «i auge», synte seg vera eit blindskòt: https://forum.arkivverket.no/topic/100195-14388-henrik-andersson-f-luster-1830-til-nordland-1852-el-nesseby-lagnad/?tab=comments#comment-822975 Sidan eg framleis står heilt utan spor etter denne karen, freistar eg difor på ny: Henrik Andersson Leirmo, son av husmann Anders Henrikson og første kona Gjertrud Johannesdotter på plassen Kjødni under garden Leirmo i Luster, var fødd i Luster 20.4.1830 og flytte i mai 1852 til «Nordland», men presteattesten fekk han ikkje før året etter (nr. #36): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/218 Dette er det siste me ser til Henrik, og no er spørsmålet sjølvsagt: * Kvar i all verdi kan Henrik ha vorte av? Han hadde ingen nære slektnngar i Nord-Noreg, men derimot fleire søsken i Luster og nokre yngre halvsøsken som utvandra til Amerika, men ikkje før mange år senare! Eg står soleis heilt utan spor og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Johannes Torkildson (1832-1914) og Ingeborg Andersdotter (1830-1901), plassfolk på Hesjebakken under Rønnei i Luster, hadde i alt fem born. To av desse utvandra til Amerika, og slektningane i Noreg har i mange år spekulert på kvar det vart av dei i Amerika. Eg har freista fleire gongar før (med direkte forskingsinnsats), men aldri komme nokon veg. Kanskje er tidi no inne? * Dyre Johannesson, fødd i Luster 6.6.1859, utvandra i 1883 * Thomas Johannesson, fødd i Luster 28.12.1864, utvandra i 1884 Slekti i Noreg fortel følgjande: Ein av brørne skal ved eit ulukkeshende i ungdomsåri ha mist ein arm. Elles meiner dei å ha høyrt at ein av dei to på 1920-talet vart «observert» av andre emigrantar frå Luster i Williston, Williams Co., ND. Dyre-namnet vart av andre emigrantar frå dette nabolaget i Luster omsett til David i Amerika, og eg reknar med dei nytta Johnson som ættenamn... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Dette er ein huslyd som eg jobba med for over 30 år sidan, men der eg på grunn av manglande kjelder laut gje meg på mange detaljar. Eg hadde den gongen kontakt med dei to sønesønene i South Dakota, og dei fortalte meg kva dei visste. To av døtrene budde i Chicago, IL, men det er fint lite dei visste om dei. Kanskje er det no mogeleg å få lite vetta hjelp til å få svar på ein del av dei manglande detaljane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette mauskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #12 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Dette er ein huslyd som eg jobba med sist på 1980-talet, men som eg laut gje meg på den gongen, og eg vert ikkje «klokare» når eg no ser på denne huslyden på ny! * Særleg er det eit mysterium kvar det vart av sonen Lars - vaksen og ugift i Luster i 1825? * Og dotteri Siri «Serine» - gift i Kvamsøy med Edvard «Iver» Thorsen (Kollingsnes) - budde i Bergen, men eg finn ikkje dødsfalli deira!? * Serine og Iver hadde ein svigerson frå Torvastad og ei svigerdotter frå Molde, som eg òg har vanskar med å «definera»...? Er det mogeleg å få lite vetta hjelp med desse utfordringane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Peder Gjertson Lunden, frå Haugen, vart døypt 19.1.1752 og vart gravlagd frå Lunden 5.12.1802. Han gifte seg 4.6.1783 med Martha Larsdotter frå Rønnei (bnr. 7). Ho vart døypt 1.12.1754 og d. som husmannsenkje på Rønnei 5.3.1833. Peder fekk 14.10.1783 feste på Voldaplassen i Lunden, og han og Martha vart buande her levetidi ut. Dei fekk seks born i lag: 1. Gjert Pederson (1782-1782). 2. Ingeborg Pedersdotter (1784-1844), vart gift med husmann Hans Iverson i Leirhola under Fuhr (1782-1850). 3. Kari Pedersdotter (1786-1848), Kari Pedersdotter flytte til Bergen og vart der gift med husmannssonen Sjur Andersson frå Årstu under Dale (1789-1838) (s.d.). 4. Lars Pederson, døypt i Hafslo 10.1.1790, budde framleis på Rønnei i 1825, ugift. Lars Pederson flytte ##### (lagnaden hans? – kan henda i Bergen?) 5. Siri Pedersdotter, døypt 1.4.1792, Serine Pedersdotter flytte til Vik og gifte seg der 6.1.1822 med Edvard, kjend som Iver Thorson frå Kollingsnes i Kvamsøy, Vik (no Balestrand). Iver var son av gardbrukar Thor Bottolfson på Kollingsnes, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Kari Ellingsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og vart døypt i Kvamsøy 6.3.1790. Serine og Iver budde ei kort tid som innerstfolk på Kollingsnes i Kvamsøy, men flytte alt kring 1824 til Bergen. Der finn me dei att i Rosesmuget i Sandviken som Iver og Serine Kollingsnæs. Iver var hamnearbeidar og dagarbeidar og budde i Bergen i mange år, men ##### (finn dei ikkje avlidne i Bergen! – kvar vart det av dei? – dato og stad for dødsfalli deira?) Dei fek fem born i lag: a. Kari, kjend som Karen Iversen, f. i Kvamsøy, Vik 21.8.1823, flytte med foreldri til Bergen, men d. der alt 15.4.1827. b. Martha Thurine Iversen, f. i Bergen 11.2.1826, d. i Bergen 15.6.1827. c. Karen Martine Iversen, f. i Bergen 26.4.1828, d. i Bergen 3.2.1864. Karen gifte seg i Bergen 7.8.1853 med enkjemannen Johan Salomon, kjend som Salomon Janson Lindtner frå ##### (kvar var han fødd og oppvaksen?) døypt i Torvastad 27.7.1806. Han d. i Bergen 31.7.1869. Johan Lindtner var skjærslipar, og han og Karen budde i Komediebakken i Bergen. Dei fekk fem born i lag; dessutan hadde Salomon tre born frå første ekteskapet sitt. d. Peder Gerhard Iversen, f. i Bergen 31.8.1830, d. i Bergen 25.5.1889. Peder gifte seg i Bergen 16.11.1856 med Inga Olsdotter Røbeck frå Molde. Ho var f. ##### (dato og stad for fødsli hennar? – Sigerset i Molde 10.4.1824?) Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994005403 Peder Iversen var frukthandlar, og han og Inga budde i Sandviken i Bergen, mellom anna i Fløjgaten og i Absalon Beyers gate. Dei fekk fem born i lag. e. Edvard Severin Iversen, f. i Bergen 13.3.1833, d. i Bergen 17.1.1870. Edvard Iversen gifte seg i Bergen 15.11.1857 med Anna Knutsdotter frå Dale i Haus. Ho var f. i Haus 12.9.1829 og d. i Bergen 29.7.1865. Edvard var reipslagersvein, og han og Anna budde visstnok i Bagersmuget i Sandviken i Bergen. Dei fekk tre born i lag. 6. Gjertrud Pedersdotter (1794-1839), d. som legdelem på Rønnei, ugift. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Dette er ein huslyd som eg heller aldri greidde å finna heilt ut av då eg jobba med dei på 1980-talet. Sonedotteri Sigrid levde framleis i 1990, og ho var nysgjerrig på å få greie på slekti si i Amerika, men leitingi vart den gongen utan resultat. Opplysningane som eg har å halda meg til, er frå skiftet etter Elisabeth frå 1911. Av emigrantane til Amerika er då berre sonen Johannes nemnd, og at han let etter seg to søner. Det hadde vore kjempekjekt om nokon kunne hjelpa meg finna ut av dei tre borni i Amerika og likeins dødsfalli til dei to barneborni på Bergenskanten. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye innlegg og oppdagingi av sonen Johannes i Amerika, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. Dette er ein annan huslyd som eg hugsar eg sleit med på 1980-talet for å komplettera. Med nye tilgjengelege kjelder har eg no greidd å finna svar på nokre av detaljane, men no møter eg «veggen»! Kanskje er det nokon som kan hjelpa meg freista finna svar på noko av det som framleis manglar, til dømes om denne svigerdotteri frå Hoffseiget i Nord-Aurdal og foreldri hennar?? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Olson Haugen, frå Øyane under Haugen, var f. 7.9.1832 og gifte seg 13.7.1859 med Abelona Aamundsdotter frå Hagaflaten under Rønnei, f. 14.5.1830. Ole og Abelona busette seg på Rønnei alt i 1859, men var visstnok innerstfolk dei første åri. Kring 1863 fekk dei so rydda seg ein ny plass i den delen av Hesjebakken som då høyrde til Rønnei (bnr. 3), og her vart dei buande fram til 1869. Ole og Abbelona Haugen utvandra til Amerika i 1869 og slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Ole d. 2.8.1891. Abbelona Haugen d. ##### (date and place of her death? – 1916!?) Ole og Abelona fekk fem born, medan dei budde i Noreg; dessutan hadde Abelona ein son frå før: 1. Nils Tøgerson, son av Abelona og husmannssonen Tøger Olson frå Gjellene 2 under Rønnei (1829-1895), var f. 31.12.1850. Nels T. Haugen utvandra til Amerika med mori og stefaren i 1869 og livnærte seg sidan som farmarbeidar («farm laborer») i Freeman township, Crawford Co., Wis. der han d. ugift ##### (date and place of his death? – 1905!?) Nels var døvstum («deaphmute»). 2. Susanna Olsdotter, f. 6.1.1856, Susan O. Haugen utvandra med foreldri til Amerika i 1869 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? – about 1885!?) med Ove, kjend som Ovey O. Johnson, eon av husmannssonen Ole Johannesson frå Smedegard under Alme i Hafslo (1824-1871). Han var f. i Dane Co., Wis. 18.7.1859. Ovey Johnson var brannmann («fire man»), og han og Susan busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der Ovey d. 10.1.1922. Susan Johnson d. same staden 22.5.1949. Dei fekk to born i lag: a. Jessie Aletta Johnson, f. i Dane Co., Wis. 3.2.1886, d. ugift i Madison, Wis. 28.8.1941. Jessie var bokhaldar («bookkeeper») og budde I Madison, Dane Co., Wis. b. Orvey Johnson, f. i Dane Co., Wis. 29.3.1887, d. i Madison, Wis. 18.2.1960. Orvey gifte seg i Chicago, Ill. 29.8.1930 med Elsie M. ##### (middle name?) Beil. Ho var f. i Dane Co., Wis. 29.4.1907 og d. i Madison, Wis. 20.2.1997. Orvey dreiv kredittbyrå («bonded credit service company owner»), og han og Elsie budde i Madison, Dane Co., Wis. Dei fekk tre born i lag. 3. Ole Olson, f. 2.9.1857, Ole O. Haugen, Jr. utvandra òg til Amerika med foreldri i 1869 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 5.11.1884 med Agatha Andersdotter frå Grinde på Leikanger, i Amerika kjend som Aggie Grinde. Ho var dotter av gardbrukar Anders Iverson på Grinde og kona Unni Iversdotter frå Skarestad i Balestrand og f. i Leikanger 13.4.1859. Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868. Ole og Aggie Haugen slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Ole d. 13.5.1921. Aggie Haugen d. same staden 5.1.1952. Som enkje gifte ho seg att med gardbrukarsonen, enkjemann Rasmus Knutson frå Øygarden (1849-1935) (s.d.). Aggie og Ole Haugen fekk åtte born i lag: a. Andrew Oliver Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 27.11.1885, d. i Waunakee, Wis. 19.2.1970. Andrew gifte seg i Dane Co., Wis. 30.3.1930 med Martha Matson, f. i Dane Co., Wis. 6.2.1891. Ho d. i Waunakee, Wis. 17.5.1972. Andrew og Martha Haugen farma i Westport township, Dane Co., Wis. og fekk ein son i lag. b. Irvin Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 24.11.1887, d. i Crawford Co., Wis. 20.6.1966. Irvin farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men var ugift. c. Albert Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 9.7.1889, d. i Madison, Wis. 31.12.1971. Albert gifte seg i Waushara Co., Wis. 31.12.1917 med Grace E. ##### (middle name?) Pease. Ho var f. i Waushara Co., Wis. 15.8.1892 og d. i Madison, Wis. 9.4.1962. Albert Haugen var postbod («mail carrier»), og han og Grace budde i DeForest, Dane Co., Wis. Dei fekk to born i lag. d. John Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 17.7.1892, farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men reiste ut som soldat i første verdskrigen («WW1 soldier») og miste livet i Frankrike ##### (where in France?) 21.11.1918. Han var ugift. e. Nels Ulrich Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 17.2.1894, d. i Crawford Co., Wis. 28.11.1942. Nels Haugen farma i lag med broren Irvin i Freeman township, Crawford Co., Wis., men var òg ugift. f. Birdie Joan Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 15.1.1896, d. i Viroqua, Wis. 7.9.1972. Birdie var hushaldar («housekeeper») hjå brørne sine på farmen i Freeman township, Crawford Co., Wis., ugift. g. Ida Geneva Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 11.2.1899, d. i Viroqua, Wis. 15.5.1998. Ida gifte seg i Crawford Co., Wis. 14.2.1920 med Arthur Samuel Fortney, soneson av gardbrukarsonen Thomas Olson frå Fortun (1817-1887). Arthur var f. i Vernon Co., Wis. 14.12.1891 og d. i La Crosse, Wis. 6.8.1969. Arthur Fortney var farmar og snikkar («farmer and carpenter»), og han og Ida budde i Viroqua township, Vernon Co., Wis. Dei fekk fem born i lag. h. Annie Louise Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 28.9.1900, d. i Viroqua, Wis. 15.10.1987. Annie gifte seg i Madison, Wis. 29.6.1927 med Alfred, kjend som Fred J. Dregne, soneson av gardbrukar Sølfest Johannesson frå Fuglesteg (1829-1912). Fred var f. i Vernon Co., Wis. 8.4.1893 og d. i Viroqua, Wis. 12.2.1965. Annie og Fred Dregne farma i Franklin township, Vernon Co., Wis. og fekk ei dotter i lag. 4. Aamund Olson, f. 18.12.1859, Edward (Ed) O. Haugen utvandra med foreldri til Amerika i 1869 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 11.9.1895 med Kari Aslaksdotter frå Hoff i Nord-Aurdal, i Amerika kjend som Carrie Anderson. Ho var dotter av husmann Aslak Andreasson på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Hoff, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen? – Dalseige? – vigsli 13.11.1863: https://media.digitalarkivet.no/view/9367/205 og kona Marit Engebretsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi? – Hoffseige?) og f. i Nord-Aurdal 12.10.1863. Ho utvandra til Amerika med foreldri sine ##### (utvandringsåret? – e. 1870!) Ed og Carrie Haugen farma i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Carrie d. 26.11.1938. Ed Haugen d. same staden 12.9.1952. Dei fekk ei dotter i lag: a. Alma M. ##### (middle name?) Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 6.6.1896, d. i Viroqua, Wis. 22.1.1981. Alma gifte seg i Vernon Co., Wis. 29.3.1922 med Edward Gerhard Johnson, soneson av gardbrukarsonen Johannes Johannesson frå Øvrebø (1816-1903). Edward var f. i Vernon Co., Wis. 14.11.1889 og d. i La Crosse, Wis. 13.7.1962. Alma og Edward Johnson tok over heimefarmen hennar i Freeman township, Crawford Co., Wis. og fekk eitt barn ##### (son or daughter?) som d. kort etter fødsli. 5. Nils Olson (1862-1863). 6. Ingrid Olsdotter, f. 20.7.1865, Emma Haugen utvandra med foreldri til Amerika i 1869 og gifte seg i Dane Co., Wis. 11.5.1899 med Cornelius Newton, kjend som Charles N. Pulley, f. i Grant Co., Ind. 14.4.1873. Charles Pulley var skysskar («coachman»), medan han var gift med Emma, men vart sidan lagerleiar («warehouse leader»). Han og Emma budde i Madison, Dane Co., Wis. der Emma d. 30.12.1902. Charles gifte seg 2.6.1904 att i Dane Co., Wis. med Olive M. ##### (middle name?) Davis, f. ##### (place of her birth?) Wis. 15.6.1873. De vart buande i Madison, Dane Co., Wis., men Charles d. i Janesville, Wis. 23.6.1936. Olive Pulley d. i Madison, Wis. 19.3.1938. Charles fekk i alt tre søner, men dei var alle frå andre ekteskapet hans. Dette var altså borni som Ole og Abelona fekk, medan dei budde i Noreg. Men Ole og Abbelona Haugen fekk òg ei dotter etter at dei var komne til Wisconsin: g. Britha O. Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 14.11.1872, d. i Vernon Co., Wis. 16.7.1951. Britha gifte seg i Crawford Co., Wis. 3.5.1893 med Soren Elias, kjend som Sam Jerman. Han var f. i Vernon Co., Wis. 3.8.1868 og d. i Janesville, Wis. 21.2.1936. Sam var ei tid handelsmann («merchant») i Sherburn, Martin Co., Minn., men dreiv sidan tømmerlager («lumberyard owner and operator») i Viroqua, Vernon Co., Wis. og i Janesville, Rock Co., Wis. Han og Britha fekk fem born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Denne guten har eg vore på leiting etter sidan 1980-talet, men til tross for det eminente «Avansert personsøk» hjå Digitalarkivet greier eg ikkje finna fleire spor etter han: Anders Christopherson, son av Christopher Torkildson (1758-1846) og første kona Metta Andersdotter (1769-1798), husmannsfolk på Rønneisøyri under Rønnei i Luster, vart døypt i Luster 9.4.1792 og er nemnd i live i 1808 - eg trur det var som konfirmant! På den tidi, mellom 1808 og 1814, var det nesten som ei «folkevandring» av Haugianarar frå dette nabolaget i Luster til Romsdalen, og eg reknar det som svært sannsynleg at han i 1813 flytte med einaste morbroren sin, Haugianaren Ole Anderson (1772-1835), som då kjøpte seg ein gard på Nasvik i Kornstad sokn i Kvernes på Nordmøre!? Men er det mogeleg å finna spor etter Anders, anten på Nordmøre eller andre stadar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Haagen Andersson vart døypt i Luster 16.11.1743 som son av Anders Olson (1713-1763) og første kona Britha Andersdotter (1709-1752), husmannsfolk i Lunden under Rønnei i Gaupne, Luster. Eg finn ikkje Haagen konfirmert i Luster (NB: konfirmantlistene våre har eit «hòl» kring 1760!), men me har ei fråsegn frå 1764 som seier at Haagen då hadde opphaldet sitt i Vik i Sogn! Haagen hadde òg ein yngre bror Anders Andersson, døypt i Luster 8.6.1750. Han vart konfirmert i Luster i 1768, men forsvinn deretter òg frå heimbygdi, kan henda til Vik? Då det i 1797 vart halde eit større utskifte i Luster, er ingen av desse gutane nemnde, so dei han vera avlidne før den tid, men me har talrike døme på at ervingar «forsvinn» utan at skifteretten greidde å finna dei att...!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane til Haagen og Anders!
  20. Då det 11.2.1790 vart halde skifte på plassen Yttrishaugen i Luster etter Christen Nilsson: https://media.digitalarkivet.no/view/24143/136?indexing= kjem det fram at Christen var barnlaus, og ervingane var åtte søsken, som alle var born av gardbrukar Nils Monsson på Svangstu i Luster (1710-1786), dels frå første ekteskapet med Ragnhild Olsdotter (1720-1764) og dels frå andre ekteskapet med Britha Endresdotter (1730-1777). Alle desse borni budde i Luster med unntak av to søner: * Peder Nilsson frå første ekteskap, døypt i Luster 9.1.1752. Om han heitte det i 1790: «opholder sig i Nordlandene og siges at være død, men vides ej om der er Børn efter ham» * Endre Nilsson frå andre ekteskap, døypt i Luster 4.3.1770. Om han heitte det i 1790: «opholder sig i Nordland» Eg har i årevis (sidan 1980-talet!) vore på leiting etter desse brørne i «Nordlandene», men har oppdaga at Endre er eit svært uvanleg namn på dei kantar, og eg står heilt «bom fast». No vonar eg at kanskje ein eller annan i Brukarforum har høyrt gjete desse halvbrørne og kan bidra med eitt og anna «gullkorn»? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  21. Dette emnet handlar om to ungdomar frå Luster som eg har slite med i over 35 år for å finna lagnadane til i Amerika. Kanskje er no tidi kommi til å komma vidare? Torkild Arneson Sørheim, son av husmann Arne Torkildson på Nylenda under Sørheim (1829-1909) og kona Britha Sjursdotter frå Berge (1829-1907), var fødd i Luster 29.11.1865, og utvandra til Amerika i 1885. Torklild hadde ein eldre halvbror Sjur Larsson Berge (1855-1937) som utvandra i 1877, og han har me finne att i Goodhue Co., MN der to av morbrørne deira var farmarar, men Sjur var ugift. Nokon obituary etter Sjur, kjend som Severt Berge, har eg ikkje sett (han døydde 27.1.1937). Kan Torkild ha hamna same staden? Kanskje kalla han seg for Thomas i Amerika? Sjur Larsson Berge fekk ein «uekte» son Luster før han utvandra til Amerika. Sonen, Kristian Sjurson Dale (1877-1960) vart buande i Luster, men denne Kristian hadde ein halvbror som utvandra: Ole Erikson Dale, son av Erik Gjertson Fuhr (1842-1915) som sidan utvandra til Fort Worth, TX, og Christi Endresdotter Dale (1845-1909) som alltid budde i Luster. Ole var fødd i Luster 18.5.1871 og utvandra i 1891 til Amerika, og om han har me ei fråsegn om at han framleis levde i Amerika i 1923, men ingen veit kvar han var!? Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde komma på sporet etter desse karane i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  22. Dette er etter mitt syn ein svært «merkeleg» huslyd. Sjur Andersson dukka opp i Luster kort før 1700 utan at me har greidd å finna opphavet hans. Han gifte seg to gongar og var gardbrukar på Drevdal søndre i Luster. Skiftet hans vart halde i Luster 6.7.1739: https://media.digitalarkivet.no/view/24136/160?indexing= Her går det mellom anna fram at dotteri Anna var gift med Axel Lasseson, men so er det at eg finn vigsli til Anna med Asle Lasseson i Borgund, Lærdal 22.5.1729: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/48 Og eg finn dei fekk tvillingar i Borgund 6.1.1731, Lasse og Kari: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/53 men deretter forsvinn dei! Kvar kan dei ha gjort av seg? Eller det denne Kari Aslesdotter som gifte seg i Borgund 7.1.1754 med Lars Thomasson: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/217 Den følgjande personen høyrer ikkje til her, jmf. innlegg #2 under! Eg ser ein Asle Lasseson og ei Synneva Lassesdotter, båe av Tønjum sokn, gifte seg i Lærdal 19.11.1754, men det står ikkje noko om at Asle var enkjemann, so kan henda er dette ein heilt annan person...: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/218 Dette parfolket hadde to born i Lærdal: * Martha Aslesdotter, f. i Lærdal 18.8.1754 (Anna Lassesdotter Nedre Æri bar barnet til dåpen): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/116 * Lasse Asleson, f. i Lærdal 10.10.1758 (Anders Lasseson og Svend Lasseson er mellom fadrane): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/145 Også to av dei yngre søstrene til Anna Sjursdotter, Agatha Sjursdotter og Martha Sjursdotter, som framleis var ugifte i 1739, må vera farne frå Luster. Kanskje finn me alle søstrene att på same staden? Her er eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mykje jobbing med denne utfordringi i dag, er det dukka opp ein del nye opplysningar, og dette manuskriptutdraget vert erstatta av eit nytt i innlegg #3 under! Eg ville vorte svært so lukkeleg om nokon kan hjelpa meg finna att desse søstrene, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Kari Knutsdotter, døypt i Luster 11.11.1735, einaste barnet etter Knut Sjurson og Gunnhild Nilsdotter, gardbrukarar på Drevdal i Luster, som båe døydde før 1755, hadde ingen nære slektningar att i Luster då ho i 1767 vart stemnd i retten for leigarmål. Ho fekk dotteri Gunnhild Nilsdotter, døypt i Luster 1.4.1766, men etter mori stod i retten, flytte mor og dotter frå bygdi - kvar vart det av dei? Eg finn ingen Gunnhild Nilsdotter i Sogn og Fjordane som eg tykkjer «høver». Derimot ser eg ein god «kandidat» i Bergen: Ole Paulson og Gunnhild Nilsdotter - gifte seg i Nykyrkja i Bergen 12.8.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/8724/85 FT1801 syner at alderen hennar høver ganske bra: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390000923 Kanskje er det ho som døydde i Bergen i 1841(?): https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000917854 Er det nokon som har synspunkt på denne «kandidaten» i Bergen? Finst det andre jenter som kan høva som denne Gunnhild Nilsdotter? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Torkild Johannesson, son av Johannes Torkildson (1789-1849) og første kona Anna Cathrine Jensdotter (1788-1833), gardbrukarar på garden Haugen i Luster, var fødd i Luster 7.9.1822 og fekk i 1851 flytteattest for å flytta til Rødøy i Nordland! Er det mogeleg å finna denne mannen att i Rødøy - eller andre stadar i Nordland? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Dette emnet vart første gongen teke opp i det gamle Brukarforum i 2004 som tema #23759, men utan at me kom til noko resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/109454-23759-johannes-johnson-sætre-nok-ein-haugianar-frå-romsdalen-på-brurerov-i-sogn/?tab=comments#comment-895947 Johannes Johnson Sætre og Martha Larsdotter Teigen gifte seg i Luster 29.6.1812 med forlovarar Elling Flattun, ein nabo av Martha, og Bottolf Teigen, bror hennar Martha: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/63 Eg har før spekulert på om dette kan ha vore haugianarar, men har ikkje greidd å finna noki stadfesting på det. Martha vart døypt i Luster 17.8.1777 som yngst av fem søsken. Foreldri var Lars Pederson (1737-1791) og Sophia Johannesdotter (1735-1810), plassfolk på Kyrkjeteigen under garden Bollingberg i Luster. Grethe fann i 2006 ein Johannes Johnson Sæter som i 1801 var ugift tenestedreng i Bergen, 35 år gamal: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=58&filnamn=f11301&gardpostnr=773&personpostnr=5418&merk=5418 Men om dette er den same Johannes Johnson som gifte seg i Luster i 1812, er usikkert! Elles ser eg at ein Johannes Johnson Sæter vart fødd på Oppdal i 1778 - kanskje haugianarar likevel? https://www.digitalarkivet.no/nn/view/255/pd00000000419755 Denne huslyden framstår med andre ord som ei kjempeutfordring, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.