Search the Community
Showing results for tags 'drevdal'.
-
Dette er etter mitt syn ein svært «merkeleg» huslyd. Sjur Andersson dukka opp i Luster kort før 1700 utan at me har greidd å finna opphavet hans. Han gifte seg to gongar og var gardbrukar på Drevdal søndre i Luster. Skiftet hans vart halde i Luster 6.7.1739: https://media.digitalarkivet.no/view/24136/160?indexing= Her går det mellom anna fram at dotteri Anna var gift med Axel Lasseson, men so er det at eg finn vigsli til Anna med Asle Lasseson i Borgund, Lærdal 22.5.1729: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/48 Og eg finn dei fekk tvillingar i Borgund 6.1.1731, Lasse og Kari: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/53 men deretter forsvinn dei! Kvar kan dei ha gjort av seg? Eller det denne Kari Aslesdotter som gifte seg i Borgund 7.1.1754 med Lars Thomasson: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/217 Den følgjande personen høyrer ikkje til her, jmf. innlegg #2 under! Eg ser ein Asle Lasseson og ei Synneva Lassesdotter, båe av Tønjum sokn, gifte seg i Lærdal 19.11.1754, men det står ikkje noko om at Asle var enkjemann, so kan henda er dette ein heilt annan person...: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/218 Dette parfolket hadde to born i Lærdal: * Martha Aslesdotter, f. i Lærdal 18.8.1754 (Anna Lassesdotter Nedre Æri bar barnet til dåpen): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/116 * Lasse Asleson, f. i Lærdal 10.10.1758 (Anders Lasseson og Svend Lasseson er mellom fadrane): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/145 Også to av dei yngre søstrene til Anna Sjursdotter, Agatha Sjursdotter og Martha Sjursdotter, som framleis var ugifte i 1739, må vera farne frå Luster. Kanskje finn me alle søstrene att på same staden? Her er eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mykje jobbing med denne utfordringi i dag, er det dukka opp ein del nye opplysningar, og dette manuskriptutdraget vert erstatta av eit nytt i innlegg #3 under! Eg ville vorte svært so lukkeleg om nokon kan hjelpa meg finna att desse søstrene, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ei utfordring som eg jobba mykje med på 1980-talet, men som eg med dei ressursane som var tilgjengelege den gongen, aldri greidde å finna ei løysing på! Kanskje er tidi komi no? Mari Andersdotter Drevdal, yngst av seks born fødde av Anders Olson (1824-1868) og Mari Hansdotter (1826-1871), husmannsfolk på Hagale under Drevdal i Luster, var fødd i Luster 17.4.1866 (#37): https://media.digitalarkivet.no/view/8402/62 Ho vart konfirmert i Luster i 1881 (#37): https://media.digitalarkivet.no/view/6916/271 Av søskeni hennar døydde ein gut kort etter fødsli, medan to brør var gifte og budde i Luster. To søstrer, som var dei eldste, båe i ung alder til Sogndal. Ingen var dei var gifte, men båe let born etter seg. Etterkomarar etter søskeni fortalte meg på 1980-talet at «Mari flytte frå Gaupne i 1914», men eg har aldri vore i stand til å stadfesta denne opplysningi, og ikkje finn eg ho att nokon stad i landet, korkje i FT1900 eller i FT1910! So no vonar eg at ein eller annan i Brukarforum kan komma med tips om kva som kan ha skjedd med denne jenta! Eg takkar so mykje på førehand!
-
Denne huslyden arbeidde eg sist med for om lag 30 år sidan, og eg fann det som eg kunne finna utifrå kjeldene som då var tilgjengelege. No har eg sett litt meir på denne huslyden, og eitt og anna har eg greidd å føya til. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ Elling Johannesson {Drevdal}, f. {i Luster} 8.1.1819, Elling Drevdal flytte òg til Bergen i ung alder og gifte seg der i Domkyrkja 19.3.1843 med Johanne Jacobine Johannesdotter Erichsen ffrå Sorø på Sjælland, Danmark. Ho var dotter av jordbrukar Johannes Erichsen i Sorø, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Marie f. Egeroth frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Sorø, Danmark 25.7.1817. Elling Drevdal var ei tid politibetjent i Bergen, men fekk 4.4.1843 borgarskap i Bergen som vertshushaldar. Han og Johanne busette seg snart etter i Hollændergaten i Bergen. Hausten 1848 kjøpte Elling garden Foss nedre i Hyllestad hjå Johannes Torgerson frå Sandviki (1804-1879), men det ser ikkje ut til at han og Johanne nokon gong flytte dit. Derimot ser det ut til at det gjekk noko på tverke for Elling; i 1850 gjekk nemleg eigedomen i Bergen på tvangsauksjon, og året etter vart også Foss nedre i Hyllestad seld på auksjon. Og om ikkje det var nok, reiste kona frå han om lag på same tidi, ##### (lagnaden hennar? – kan henda attende til Danmark?) Elling kom på same tid i konflikt med lovi, og ##### (hadde meir eller mindre «abonnement» på tukthusplass i Bergen!?) og d. som almisselem (legdelem) på arbeidsanstalten i Bergen 7.1.1872. Me kjenner til fire born etter Elling og Johanne Drevdal: ##### (kan det ha vore fleire?) a. Anna Elline Ellingsdotter Drevdal, f. i Bergen 10.1.1842, ##### (lagnaden hennar?) b. Udøypt son, f. i Bergen 30.11.1845, d. i Bergen 7.12.1845. c. Johanne Gunhilde Ellingsdotter Drevdal, f. i Bergen 27.4.1847, ##### (lagnaden hennar?) d. Peder Frithjof Ellingson Drevdal, f. i Bergen 18.9.1849, ##### (lagnaden hans? – industriarbeidar – d. i Paris 26.1.1916) ~~~~~~~~~~~~ Eg ser at Elling frå 1851 var «stamgjest» på tukthuset i Bergen, men kva han hadde gjort seg skyldig i, kan eg ikkje sjå er skrive nokon stad(?) Eller kanskje kjem det fram i heimstavnsforhøyret, som eg ikkje finn: https://www.digitalarkivet.no/view/237/pc00000000029171 Elles finn eg denne innførsli, som eg tykte var heller underleg, at sonen Peder døydde i Paris: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001119173 https://media.digitalarkivet.no/view/43665/115 Eg har ein mistanke om at Johanne Drevdal flytte attende til Danmark, og at ho tok med seg borni dit, men er dette mogeleg å prova? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.