Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'lærdal'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 9 resultater

  1. Kenneth Bratland har i dag gjort meg merksam på eit skifte i Bergen frå 1806 der avlidne Gjertrud Olsdotter syner seg å ha vore frå garden Yngsdalen i Hafslo og ei som eg aldri hadde greidd å finna att utan dette innspelet frå Kenneth! Hjarteleg takk, Kenneth! Slike innspel er gull verd! https://www.digitalarkivet.no/sk20081117630138 Gjertrud let ikkje etter seg born, men Jørgen gifte seg att tre gongar og fekk i alle fall ein son frå det andre ekteskapet sitt. Den største utfordringi no er likevel å identifisera dei btrte siste konene hans, lg der vonar eg få lite veta eksperthjelp i Brukarforum. Eg har sett opp følgjande manuskript: ~~~~~~~~~ Gjertrud Olsdotter {Yngsdal}, døypt {i Hafslo} 19.11.1769, Gjertrud Olsdotter flytte i ung alder til Bergen, kan henda i lag med broren Johannes, og ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 1.12.1805 med Jørgen Jonasson frå Øye i Lærdal ##### (sjekka at han voks opp der?) i Bergen kjend som Jørgen Jonassen. Han var son av ##### (Jonas Jørgenson og Martha Lassesdotter - vigde i Lærdal 4.4.1768) og f. i Lærdal 9.6.1775, men flytte til Bergen i 1801. Jørgen og Gjertrud busette seg på Store Sandviken i Bergen, men Gjertrud vart gravlagd frå derifrå alt 11.2.1806, og Jørgen gifte seg 11.7.1806 att i Krosskyrkja i Bergen med Bertha Andersdotter ##### (kven var ho? - d. før 1811!) So gifte Jørgen seg tredje gongen 16.6.1811 i Krosskyrkja i Bergen med Christine Hansdotter Sandvig ##### (kven var ho? - f. 1783!?) Ho d. i Bergen 28.2.1818, og Jørgen gifte seg so fjerde gongen i Domkyrkja i Bergen 22.8.1830 med enkja Elisabeth Paulsdotter, opphavleg frå Bergen, ##### (fødd KK 1781 - far Paul Paulsen - ved dødsfallet kalla Bernsdotter og f. 1772!!)) Jørgen Jonassen livnærte seg for det meste som dikselmann og dagarbeidar og budde i Bergen levetidi ut. Han d. i Bergen 10.8.1833, medan Elisabeth d. som enkje og almisselem i Bergen 15.9.1842. ##### (born? - inkl.: * Jeremias Anders, f. KK, Bergen 28.8.1807 - n. 1815) ~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein huslyd som har lege hjå meg utan merksemd i mange år. Ein del opplysningar har eg greidd å finna, men eg står fast på ein del detaljar, særleg når det gjeld identifikasjon av foreldri på Lagmannsås i Fresvik og svigerdotteri Kirsti Olsdotter. Kanskje nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare? Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Hansson Stegen, frå Lagmannsås i Fresvik, Leikanger, var son av gardbrukar Hans Bottolfson på Lagmannsås, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Eli Zachariasdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Leikanger kring 1742. ##### (dåpsdato?) Ole gifte seg i Leikanger 22.6.1767 med Ingeborg Torgersdotter frå Hengesteg (bnr. 1), døypt i Luster 17.8.1739. Ole og Ingeborg flytte straks til Luster og busette seg som plassfolk i Bjørkestegen. Her vart dei til plassen frå 1773 på ny vart liggjande øyde for ei tid. Truleg brukte både Ole Hansson og ovannemnde Iver heile Bjørkestegen, og det er umogeleg å seia nett kvar dei hadde stova si ståande, men den mest naturlege plassen har nok vore her i Bjørkestegen 1. Ole og Ingeborg flytte kring 1773 til Hauge sokn i Lærdal der ##### (bustaden deira i Lærdal?) men kriong 1778 flytte dei attende til Fresvik i Leikanger der dei vart husmannsfolk på Stegen under Bøtun, ein plass som visstnok vart oppkalla etter heimen dei hadde i Luster. Ingeborg vart gravlagd frå Stegen i Leikanger 9.6.1811, medan Ole Hansson vart gravlagd same staden 23.4.1815. Dei fekk fem born i lag: ##### (sjekka at alle er medkomne?) a. Hans Olson (1768‑1772), f. og d. i Luster. b. Torger Olson, dypt i Luster 31.12.1770, flytte med foreldri til Lærdal og vidare til Fresvik og vart gravlagd frå Stegen 21.5.1789. c. Hans Olson, f. i Lærdal 1.11.1773, d. som husmann på Hove i Leikanger 4.7.1848. Hans gifte seg i Leikanger 21.11.1808 med Lussi Aamundsdotter frå ##### (ein plass, men kva for ein?) under Bøtun, døypt i Leikanger 29.4.1780. Ho d. som husmannskone på Hove 12.2.1846. Hans og Lussi var husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Hove i Leiklanger og fekk tre born i lag. d. Christen Olson, f. i Lærdal 18.2.1776, vart gravlagd frå Bøtun i Leikanger 3.7.1814. Christen gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1807!) med Kirsti Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1772?) og d. som husmannsenkje på Bøtun 21.3.1845. Som enkje gifte ho seg 27.3.1815 att i Leikanger med Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Christen Olson delte heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Peder, og sidan fekk Ole Lasseson hand om same plassen. Kirsti fekk i alt tre søner, to frå første ekteskapet og ein frå det andre. e. Peder Olson, f. i Leikanger 2.4.1779, gifte seg første gongen i Sogndal 7.2.1806 med Gjøri Rasmusdotter frå Nes i Sogndal, ei dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 29.5.1778, men vart gravlagd frå Bøtun 25.4.1813. Peder gifte seg 24.5.1813 att i Sogndal med Ingeborg Rasmusdotter, ei søster av Gjøri og likeins frå Grøt under Nes i Sogndal og dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Sogndal 20.9.1789. Peder delte som nemnt heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Christen, men kring 1821 flytte Peder og Ingeborg til Sogndalsfjøra under Årvoll i Sogndal der Peder ei tid var strandsitjar til dei kring 1824 flytte til Bergen. Peder livnærte seg der som smed, men er kalla «dimittert soldat» då han d. i Bergen 7.11.1834. Ingeborg gifte seg 9.10.1842 att i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Mikkel Iverson, opphavleg frå Fosse ytre i Hamre, i Bergen kjend som Michael Iversen. Han vart døypt i Hamre 25.10.1793. Michael og Ingeborg budde som strandsitjarar på Jægersminde i Sandviken i Bergen der Michael d. 2.5.1866. Ingeborg d. som enkje same staden 10.5.1866. Peder fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Siri/Sigrid Andersdotter er ei jente som har leitt etter sidan 1980-taletk, men som eg førebels ikkje har greidd å komma på sporet etter. Kanskje har nokon tips å komma med? Siri var fødd i Luster kring 1729 som dotter av husmann Anders Olson på Myrane under Fuhr i Luster og første kona Martha, som døydde i 1749. Siri vart konfirmert i Luster i 1749: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456539 Ho hadde ein einaste bror Nils Andersson (1726-1780) som vart gift i Luster og døydde som husmann i Haugen under Flahammar. Det er ikkje noko som tyder på at Siri må ha flytt so langt av stad, og FamilySearch har fleire spennande alternativ: ** Sigri Andersdotter (Skjeldestad) gift i Sogndal 17.4.1758 med Mads Christenson (Sogndalsfjæren) Name Mas Christensen Spouse's Name Sigri Andersdr Event Date 17 Apr 1758 Event Place Sogndal,Sogn Og Fjordane,Norway ** Sigrid Andersdotter (Stigen) gift i Sogndal 15.10.1764 med Ole Erikson (Kvåle) Name Ole Erichson Spouse's Name Sigrid Andersdr Event Date 15 Oct 1764 Event Place Sogndal,Sogn Og Fjordane,Norway ** Sigri Andersdotter gift i Lærdal (Hauge sokn) 16.3.1761 med Guttorm Johannesson Name Guttor... Johannesen Spouse's Name Sigri Andersdr. Event Date 16 Mar 1761 Event Place Lærdal, Sogn Og Fjordane, Norway ** Siri Andersdotter (Nummedal store) gift i Vik 16.6.1752 med Ole Hermundson (Gullteig) Name Ole Hermundsen Spouse's Name Siri Andersdr Event Date 16 Jun 1752 Event Place Vik I Sogn,Sogn Og Fjordane,Norway Kan ei av desse vera jenta frå Luster?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Eg syner til denne vigsli i Hauge sokn i Lærdal 29.10.1730 (heilt øvst i venstre spalte på høgre side) https://media.digitalarkivet.no/view/11593/52 Christopher Monsson og Dordi (Dortha) Eriksdotter og til denne vigsli i RTinde sokn i Leikanger 3.8.1743 https://media.digitalarkivet.no/view/11565/51 Christopher Messingsmed og Britha Lassesdotter Eg finn desse borni: * Elisabeth, døypt i Lærdal 6.6.1730: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/51 * Erik, døypt i Lærdal 23.8.1733: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/59 * Kirsti, døypt i Luster 25.2.1737: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/9 * Mons, døypt i Leikanger 24.11.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/52 * Dortha, døypt i Leikanger 25.10.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/56 * Anna, døypt i Leikanger 10.10.1745: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/62 * Mons, døypt i Leikanger 7.9.1749: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/99 Ved eit par høve finn eg yrkestitelen «messingsmed», anten ved dåpen eller ved introduksjonen til mori, og dei hamna etter kvar på Osen i Feios, Leikanger der dei fire siste borni er døypte. Bygdeboki for Leikanger skriv under garden Rinde på s. 675/676: ~~~~~~~~~~~ Kristoffer Monsson «Messersmed» 1704-1770 g. 1743 m. Brita Larsdtr. 1705-1780 a. Eirik b. Lisbet 1730- c. Kristi 1740- ~~~~~ d. Mons 1743- e. Dordei 1744- f. Anna 1745- {referert til Rinde 120 som gift 1778 med Knut Knutson 1754-1814 - med sju born} Husfolk i Osen under Rinde. Kristoffer var messersmed, knivsmed, men er òg kalla messingsmed. ~~~~~~~~~~~ No er me so heldige at det 3.10.1770 vart halde skifte etter Christopher Monsson på Rinde i Feios: https://media.digitalarkivet.no/view/24166/256?indexing= Her kjem det fram at han let etter seg enkja, her kalla Britha Larsdotter, og fire born: * Erik Christopherson, myndig * Elisabeth Christophersdotter, 40 år * Christi Christophersdotter, 30 år * Anna Christopersdotter, 24 år Britha Larsdotter vert sett til formyndar for dei tre døtrene! Erik Christopherson er nok utan tvil han som med namnet Brekke gifte seg 11.11.1763 i Vik med Martha Aslaksdotter Vange: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=10901&merk=10901#ovre Dei budde på ein husmannsplass i Vik som heitte Holen og fekk minst fire born der, mellom anna dotteri Dortha i 1770: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap Men utfordringi er i første rekke denne: ** Kven var Christopher Monsson og dei to konene hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Huslyden til Johannes Torkildson på Brattegjerdet i Lærdal stod på «blokken» min alt for 40 år sidan, men grunna manglande kjeldetilgong kom eg ikkje noko lenger. Med moderne hjelpemiddel er det vorte enklare, og eg har finne fleire detaljar, men no sit eg fast... Stesonen Find Christenson er «borte vekk», og Torkild var visstnok jarnbanearbeidar på Sørvestlandet. So har me ei dotter som forsvinn i Amerka og ein son Anders som i mange år budde i Bergen, men som òg ser ut til å forsvinna... Kanskje nokon kan hjelpa meg litt vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande og interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #19 under! Her er sonen Torkild i FT1865 for Risør: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01038158004056 Her er sonen Torkild med kone og steborn i FT1875 i Helleland: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01052241000394 Og her er dåpen til Johan Mejer Andersson i Sokndal 17.11.1822 - eg greier ikkje lesa kva yrke faren Anders hadde: https://media.digitalarkivet.no/view/15867/57 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  6. Dette er ein huslyd som eg jobba med tidleg på 1980-talet, men som eg den gongen berre måtte gje meg på grunna vanskar med kjeldetilgong. No tenkte eg det ville vera lettare, og nokre opplysningar har eg finne, særleg om einaste dotteri i huslyden, men kven kona var og kvar det vart av dei tre sønene deira, er ei stor utfordring! Dei gøymer seg svært so godt, og eg vonar no på lite vetta hjelp i Brukarforum til å komplettera dette manuskriptet: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mykje leiting har eg no greidd å finna att to av sønene i denne huslyden, som tydeleg har vore «bortsette» som born, ein i Mæland og ein i Fana. Eit oppdatert manuskript følgjer i innlegg #2! Kanskje kan nokre av dei vera flytte nordover? Ein eller annan stad må dei jo ha teke vegen...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Johannes Olson Fotland, fødd på Fotland i Hosanger 2.5.1837, gifte seg i Bergen 21.5.1866 med Torborg Larsdotter, fødd på Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal 21.6.1835. Johannes var snikkar, og parfolket budde visstnok i Markesmuget i Bergen til dei i 1870 utvandra til Amerika. Med dei reiste òg døtrene: * Ingeborg Marie, fødd i Bergen 19.4.1867: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007431676 * Karen Lovise, fødd i Bergen 13.10.1868: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007432375 Passasjerlista over Québec kallar dei for Hovde, men dette er truleg ei feilskriving - oppatttaking av namnet før dei på lista...: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=12825&merk=12825#ovre Kvar vart det av denne huslyden i Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Dette er etter mitt syn ein svært «merkeleg» huslyd. Sjur Andersson dukka opp i Luster kort før 1700 utan at me har greidd å finna opphavet hans. Han gifte seg to gongar og var gardbrukar på Drevdal søndre i Luster. Skiftet hans vart halde i Luster 6.7.1739: https://media.digitalarkivet.no/view/24136/160?indexing= Her går det mellom anna fram at dotteri Anna var gift med Axel Lasseson, men so er det at eg finn vigsli til Anna med Asle Lasseson i Borgund, Lærdal 22.5.1729: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/48 Og eg finn dei fekk tvillingar i Borgund 6.1.1731, Lasse og Kari: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/53 men deretter forsvinn dei! Kvar kan dei ha gjort av seg? Eller det denne Kari Aslesdotter som gifte seg i Borgund 7.1.1754 med Lars Thomasson: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/217 Den følgjande personen høyrer ikkje til her, jmf. innlegg #2 under! Eg ser ein Asle Lasseson og ei Synneva Lassesdotter, båe av Tønjum sokn, gifte seg i Lærdal 19.11.1754, men det står ikkje noko om at Asle var enkjemann, so kan henda er dette ein heilt annan person...: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/218 Dette parfolket hadde to born i Lærdal: * Martha Aslesdotter, f. i Lærdal 18.8.1754 (Anna Lassesdotter Nedre Æri bar barnet til dåpen): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/116 * Lasse Asleson, f. i Lærdal 10.10.1758 (Anders Lasseson og Svend Lasseson er mellom fadrane): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/145 Også to av dei yngre søstrene til Anna Sjursdotter, Agatha Sjursdotter og Martha Sjursdotter, som framleis var ugifte i 1739, må vera farne frå Luster. Kanskje finn me alle søstrene att på same staden? Her er eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mykje jobbing med denne utfordringi i dag, er det dukka opp ein del nye opplysningar, og dette manuskriptutdraget vert erstatta av eit nytt i innlegg #3 under! Eg ville vorte svært so lukkeleg om nokon kan hjelpa meg finna att desse søstrene, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Olina Olsdotter Sjøbakken, fødd i Lærdal 3.2.1865 som dotter av Ole Olson og Ragnhild Larsdotter på Sjøbakken, utvandra til Amerika frå Lærdal i 1886: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=19786&merk=19786#ovre Kyrkjeboki for West Prairie Lutheran church i Vernon/Crawford Co., WI syner denne barnedåpen frå mars 1887 (sorry, finst berre hjå ancestry.com): https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314961-00119?pid=1643356&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx10310%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1890%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3Dvernon,%20wisconsin,%20usa%26msbpn%3D2993%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DLars%26msfng_x%3D1%26msmng%3DOline%26msmng_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D1%26h%3D1643356%26recoff%3D%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10310&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314961-00118 Elmer Lewis, fødd 7.10.1886 av foreldre: T. Torkelsen og Oline Olsen med ein merknad som seier: «uægte, fader i Norge» Etterkommarane etter Elmer Lewis, som sidan tok ættenamnet Peterson etter stefaren Lars Pederson frå Luster i Sogn, er svært opptekne av å finna ut kven som var far til Elmer Lewis, og med dette er spørsmålet lagt vidare «til høyring» i Brukarforum! Dersom denne barnefaren var frå Lærdal, ser eg berre eitt alternativ, ein Tørris Torgilson som i 1865 budde på Skårheim i Borgund, Lærdal, men eg er langt frå sikker på om det er «syndebukken» vår: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1422&kenr=001&bnr=0036&lnr=000 Faktisk so finn eg ingen andre alternativ i heile indre Sogn!! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.