Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'hæreid'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Det vart 18.10.1777 halde eit skifte etter husmannskona Margretha Knutsdotter på plassen Norra under Hæreid i Årdal. Ho var fødd på Fodnes i Lærdal som yngste dotter av husmann Knut Olson (Bagge) og kona Martha Andersdotter og vart døypt i Lærdal 8.12.1736. Skiftet finn me på høgre sida her: https://media.digitalarkivet.no/view/24141/168 Det levde att tre søsken etter Margretha: * Anders Knutson (1724-1799), bror, var busett i Lærdal * Anna Knutsdotter (døypt i Lærdal 14.10.1719) - 55 år, busett i Bergen med formyndar broren Anders Knutson * Martha Knutsdotter (døypt i Lærdal 11.7.1734) - 43 år, formyndar John Jørgenson på Øyri i Årdal Lagnadane til dei to søstrene er ei kjempeutfordring! Det vart 21.4.1745 halde skifte etter faren Knut Olson på Fodnes i Lærdal (venstre side): https://media.digitalarkivet.no/view/24137/172 Mellom borni som er opprekna, finn me: * Anna Knutsdotter, gift med Johannes ..............? - kva farsnamn står det her? Einaste alternativ eg finn i Lærdal er denne vigsli: Anna Knutsdotter med Johannes Johnson vigde 6.11.1744: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7BC-J9F https://media.digitalarkivet.no/view/11593/100 * Martha Knutsdotter, umyndig * Margretha Knutsdotter, umyndig Martha Knutsdotter finn me i ekstraskatten for Årdal frå 1762 som tenestejente på Hæreid, tydeleg ugift, og truleg vart ho aldri gift, men noko dødsfall har eg ikkje greidd å finna for ho! Og kva med lagnaden til Anna? Ho var tydeleg enkje i 1777, og i kyrkjebøkene for Bergen finn eg fleire «kandidatar»: ** Anna Knutsdotter, 25.2.1782, 61 år, enkje frå 11-116 ** Anna Knutsdotter, 5.6.1788, 78 år, enkje ** Anna Knutsdotter, 15.5.1786, 69 år, frå enkjehuset i Bergen Er det ei av desse?? Eit anna spørsmål: Dersom bror hennar var formyndar i 1777, tyder ikkje dette på at ho ikkje hadde born etter seg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane til Anna og Martha!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.