Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'årdal'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 12 results

  1. Eg er komen over ein huslyd i FT1870 for Soldiers Grove, Clayton township, Crawford Co., WI som eg har identifisert opphavet til frå Årdal i Sogn, men eg greier ikkje finna ut kvar det vart av dei og kven dei mange borni deira var, fulle namn og fødselsdatoar...? Eg syner til Dwelling #185: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-P15 Olson, Helga 38 farmer Nor Helge Olson Øren f. Årdal 4.11.1831 utv. 1855 Olson, Jorand 38 housekeeping Nor Gjørond Olsdotter Hæreid f. Årdal 26.6.1831 utv. 1855 Olson, Ole 17 farmwork Nor + Ole f. Årdal 3.8.1853 utv. 1855 Olson, Betsy 15 spinning WI + Bertha f. Dane Co., WI 15.7.1855 Olson, William 12 attending school WI Olson, Lena 10 attending school WI Olson, James 8 WI Olson, John 5 WI Olson, Carrie 4/12 WI Jan Eg takkar som mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Huslyden til Tollef Henrikson (1673-1744) på Ongelsneset i Luster har eg jobba med sidan 1980-talet, men aldri har eg greidd å finna ut kvar han henta kona si, Lucia Aslaksdotter, ifrå. Eg veit heller ikkje kvar det vart av den eldste kjende sonen deira, Johannes, som me veit levde kring 1730. Dei kan òg ha hatt fleire born... Er kanskje tidi kommi for å finna fleire detaljar om denne huslyden. Eg satsar på at ekspertisen i Brukarforum kan hjelpa meg med gode tips og syner fram korleis manuskriptet mitt ser ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Tollef Henrikson Ongelsnæs, frå Nes øvre, Nes (bnr. 3), var f. kring 1673 og vart gravlagd frå Ongelsneset 2.2.1744. Han gifte seg kring 1703 med Lucia Aslaksdotter frå ##### (opphavet hennar? – kom ho austante? – Aslak-namnet er ukjent i Luster på den tidi!) f. kring 1682. Tollef og Lucia budde visstnok som plassfolk under Seim i Årdal frå dei gifte seg og fram til kring 1712. Tollef vart soldat i 1696 og vart nemnd som det så seint som i 1711. ##### (sjekka om dei budde der lenger? – kva plass under Seim?) Kring 1712 fekk Tollef hand om ein plass her på Ongelsneset under Nes, og me trur det var han som då rydda denne plassen ytst på Neset. Her vart han og Lucia buande levetidi ut. Tollef vart gravlagd frå Ongelsneset 2.2.1744, medan Lucia vart gravlagd same staden 6.11.1755. Me veit nokolunde sikkert om fire born etter Tollef og Lucia på Ongelsneset, men dei kan godt ha hatt fleire: ##### (fleire born?) 1. Johannes Tollefson, f. i Årdal kring 1704, vart soldat i 1727 og tente visstnok på Høyeim i 1731. ##### (Johannes Tollefson ser ut til å vera faren frå bygdi i 1730-åri – lagnaden hans?) 2. Henrik Tollefson (1706-1753), var ei tid husmann eller leiglending i Uri (s.d.). 3. Synneva Tollefsdotter (1712-1755), vart gift med husmann og enkjemann Anders Olson i Krossviki under Nes (1699-1785). 4. Kari Tollefsdotter (1718-1765), vart gift med husmann Mons Torstenson i Dulsviki under Lingjerde (1723-1812). ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Det vart 18.10.1777 halde eit skifte etter husmannskona Margretha Knutsdotter på plassen Norra under Hæreid i Årdal. Ho var fødd på Fodnes i Lærdal som yngste dotter av husmann Knut Olson (Bagge) og kona Martha Andersdotter og vart døypt i Lærdal 8.12.1736. Skiftet finn me på høgre sida her: https://media.digitalarkivet.no/view/24141/168 Det levde att tre søsken etter Margretha: * Anders Knutson (1724-1799), bror, var busett i Lærdal * Anna Knutsdotter (døypt i Lærdal 14.10.1719) - 55 år, busett i Bergen med formyndar broren Anders Knutson * Martha Knutsdotter (døypt i Lærdal 11.7.1734) - 43 år, formyndar John Jørgenson på Øyri i Årdal Lagnadane til dei to søstrene er ei kjempeutfordring! Det vart 21.4.1745 halde skifte etter faren Knut Olson på Fodnes i Lærdal (venstre side): https://media.digitalarkivet.no/view/24137/172 Mellom borni som er opprekna, finn me: * Anna Knutsdotter, gift med Johannes ..............? - kva farsnamn står det her? Einaste alternativ eg finn i Lærdal er denne vigsli: Anna Knutsdotter med Johannes Johnson vigde 6.11.1744: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7BC-J9F https://media.digitalarkivet.no/view/11593/100 * Martha Knutsdotter, umyndig * Margretha Knutsdotter, umyndig Martha Knutsdotter finn me i ekstraskatten for Årdal frå 1762 som tenestejente på Hæreid, tydeleg ugift, og truleg vart ho aldri gift, men noko dødsfall har eg ikkje greidd å finna for ho! Og kva med lagnaden til Anna? Ho var tydeleg enkje i 1777, og i kyrkjebøkene for Bergen finn eg fleire «kandidatar»: ** Anna Knutsdotter, 25.2.1782, 61 år, enkje frå 11-116 ** Anna Knutsdotter, 5.6.1788, 78 år, enkje ** Anna Knutsdotter, 15.5.1786, 69 år, frå enkjehuset i Bergen Er det ei av desse?? Eit anna spørsmål: Dersom bror hennar var formyndar i 1777, tyder ikkje dette på at ho ikkje hadde born etter seg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane til Anna og Martha!
  4. Huslyden til leiglendingen Peder Torkildson på Øygarden i Luster, fødd 1692, har vore eit stort «mysterium» i mange år. Men no er eg komen på spor etter ei som eg trur må vera dotteri hans - og ho var gift med ein verksarbeidar i Årdal. Det er likevel ikkje mykje eg greier finna om desse folki, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg vidare: Her følgjer eit oppdatert utdrag av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ Peder Torkildson Ødegaard, frå Ottum, var f. kring 1692 og gifte seg kring 1720 med ei Britha Ingebrigts­dotter, som me trur var frå Bringe, f. kring 1699. Peder Torkildson flytte truleg til Øygarden kring 1725 og fekk 24.9.1727 formelt bygsel på bruket; 16.12.1733 fekk han dessutan bygsel på ein tilleggsparsell frå Ottum, truleg i Mordølebakken. Peder og Britha vart sidan buande på Øygarden til kring 1740.­ Peder og Britha flytte kring 1740 til ##### (seinare lagnad? – dødsfalli deira?) Me kjenner til fire born etter Peder og Britha, alle fødde i Luster: 1. Unemnt barn (1721-1731). 2. Unemnt barn (1731-1731), 27 veker gamalt. 3. Sophia Pedersdotter, døypt 15.12.1733, Sophia Pedersdotter flytte nok med foreldri kring 1740 ##### (seinare lagnad? – ei Sophia Pedersdotter gifte seg i Årdal 8.11.1755 med ein Peder Torstenson – kan det vera ho? – ei Sophia Pedersdotter d. i Årdal 6.9.1765 (32 år) - dei fekk i alle fall to døtrer: * Gjertrud Pedersdotter, f. i Årdal 25.8.1757 * Britha Pedersdotter, f. i Årdal 13.12.1760) 4. Kari Pedersdotter, døypt ?.5.1737, Kari Pedersdotter flytte nok òg med foreldri kring 1740 ##### (seinare lagnad?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Eg lurer på om nokon kan hjelpa meg finne ei dødsannonse for denne jenta: Rannveig Svanhild, kjend som Svanhild JEVNAKER fødd i Hafslo 2.3.1932 døydde i Årdal ..... 2016 Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!
  6. Peder Klingenberg Pederson Vetti var fødd på Vetti i Øvre Årdal 26.8.1914, yngst av i alt sju born fødde til Peder Olson Vetti (døydde 30.10.1959) og kona Severina (døydde 6.6.1959). Han arbeidde på verket i Øvre Årdal etter det vart òpna sist på 1940-talet og budde ugift i Øvre Årdal. Men ikkje finn eg han i DIS-Noreg sin gravferdsbase eller i dødsfallslista i kyrkjebøkene for Årdal fram til 1960. Han er heller ikkje i den nye dødsfallsbasen for 1951-2014. So då skjønnar ikkje eg... Er det nokon som kan hjelpa meg finna dødsdatoen og dødsstaden hans? Kanskje gjennom ei dødsannonse? Eller kan dødsannonser for desse søskeni hjelpa oss vidare: * Olai Pederson Vetti, fødd 1912, døydde ugift (Øvre Årdal?) 2.2.1981 * Inga Pedersdotter Vetti Midtun, fødd 1908, døydde som enkje (Øvre Årdal?) 5.7.1986 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. I utgongspunktet trudde eg at Christen Olson, fødd i Kilebotn under garden Kilen i Luster kring 1733 og nemnd i skiftet eter mori i 1741, var flytt med dei fleste søskeni sine til Gulen. Dette synte seg vera feil, men so dukka det i 2017 opp eit emne starta opp av Atle Onar Knapskog: https://forum.arkivverket.no/topic/208407-christen-olsen-truleg-fødd-i-årdal-på-1730-talet/ Etter kvart vart eg og fleire med meg samde om at dette måtte vera «rett mann», og emnet som eg i dag legg fram, tek i store trekk utgongspunkt i sistnemnde tema. Det er for meg ganske uklart kva som skjedde med borni til Christen Olson i Kvinnherad, bortsett ifrå at eldste dotteri tydeleg vart buande i Kvinnherad, medan yngste sonen fór til Bergen... Og det er ogso svært so uklart kva som skjedde med søskeni til Christen. Broren Ole Olson var tydeleg ogso «bergmann» i Årdal og sidan i Kvinnherad, men forsvinn. Men om det var søsteri Gjertrud som i 1752 fekk ein son Torger Thomasson i Årdal som sidan var strandsitjar på Vikøyri i Vik, er kanskje meir usikkert... Uansett, det hadde vore kjempekjekt om det let seg gjera komplettera denne biografien, og her følgjer eit opppdatert manuskript slik det ser ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Ole Nilsson Kilebotten, frå Kolstad, var f. kring 1702 og vart gravlagd frå Kilebotn 15.6.1738. Han gifte seg kring 1725 med Britha Østensdotter frå Berge i Dale. Ho var f. kring 1700 og var som enkje attgift med gardbrukar og enkjemann Ole Knutson på Myklemyr i Jostedalen (1703-1741) og vart gravlagd derifrå 10.9.1741. Ole og Britha tok over som plassfolk i Kilebotten frå kring 1732, og Britha budde her til ho i 1741 flytte til Myklemyr. Kven som so hadde plassen i Kilebotn dei næraste åri. veit me ikkje sikkert, men det ser ut til at borni til Ole Nilsson har butt her, i alle fall ei tid, for eldste dotteri Gjertrud vart konfirmert her i 1751. Me kjenner til seks born etter Ole og Britha i Kilebotn: 1. Gjertrud Olsdotter, f. kring 1727, vart som nemnt konfirmert frå Kilebotn i 1751. Gjertrud Olsdotter flytte ##### (lagnaden hennar? – ei Gjertrud Olsdotter «Jevnager» fekk ein son Torger, døypt i Årdal 30.7.1752 - barnefar Thomas Torgerson gardbrukar på Mjelde, Lærdal (1727-1802) - denne Torger Thomasson var truleg strandsitjar på Vikøyri i Vik 1801 - gift med Martha Paulsdotter og to søner Paul og Ingebrigt!?) 2. Sølfest Olson, f. kring 1729, nemnd i Luster 1741 Sølfest Olson flytte ##### (lagnaden hans?) 3. Østen Olson (1732-1732?) 4. Christen Olson, f. kring 1733, Christen Olson ser ut til å vera flytt i ganske ung alder til Årdal der me trur han gifte seg 28.8.1757 med Gjertrud Halvorsdotter frå ##### (kvar i Årdal voks ho opp?) Ho var dotter av husmann og koparverksarbeidar Halvor Olson i Hagen under ##### (kva gard?) opphavleg frå ##### (opphavet hans på Voss?) og kona Rønnaug Andersdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt i Årdal 10.3.1726. Christen arbeidde ei tid på koparverket i Årdal, og han og Gjertrud budde ##### (kvar budde dei?) men flytte kring 1760 til Kvinnherad der Christen fekk arbeid på koparverket på Lilledal i Ølve. Christen d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1769) medan Gjertrud vart gravlagd frå Huse i Kvinnherad 2.2.1798. Dei fekk fem born i lag: ##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire?) a. Britha Christensdotter, f. i Årdal 13.11.1756, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1801) Britha vart trulova i Kvinnherad 14.11.1779 (vigselsdato vantar) med Anders Tollefson frå Dale store i Kvinnherad, døypt i Kvinnherad 6.12.1744. Han vart gravlagd frå Huse i Kvinnherad 7.8.1803. Anders og Britha busette seg som strandsitjarar på ein plass under Huse i Kvinnherad og fekk ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.: * Christen, døypt Dale store, Kvinnherad 30.1.1780 - n. 1801 * Eli, døypt Sund, Kvinnherad 8.12.1781 * Gjertrud, døypt Dale, Kvinnherad 2.2.1784 * Tollef, døypt Wigen, Kvinnherad 24.9.1786 * Kari, døypt Dale, Kvinnherad 18.10.1789 * Hans Andreas, døypt Huse, Kvinnherad 26.11.1792 - n. 1801 * Ole, døypt Huse, Kvinnherad 25.2.1795 - n. 1801) b. Ole Christenson, f. i Årdal 25.2.1759, ##### (konf. Kvinnherad 1776 - n. faddar same stad 1780 - seinare lagnad?) c. Rønnaug Christensdotter, døypt i Kvinnherad 11.7.1761, ##### (lagnaden hennar?) d. Eli Christensdotter, døypt i Kvinnherad 21.1.1764, ##### (lagnaden hennar?) e. Nils Christenson, døypt i Kvinnherad 28.5.1767, d. som reipslagararbeidar i Bergen 14.4.1808. Han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 22.5.1791 med Karen Pedersdotter frå ##### (opphavet hennar? - Gloppen?) Ho var f. kring 1752 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Nils var reipslagasvein, og han og Karen budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.: * Christen, f. KK, Bergen 8.6.1791 * Christiane Oline, f. DK, Bergen 6.2.1793 * Nils Petersen, f. DK, Bergen 18.5.1796 - n. 1801 * Paulina, f. 1797 - n. 1801 * Maria, f. 1798 - n. 1801 * Agatha, f. 1799 - n. 1801) 5. Nils Olson, døypt 4.9.1735, nemnd i Luster 1741 Nils Olson flytte ##### (lagnaden hans?) 6. Ole Olson, døypt ?.5.1738, nemnd i Luster 1741 Ole Olson flytte ##### (lagnaden hans? - truleg til Årdal og sidan gruvearbeidar Lilledal, Kvinnherad 1760-åri!?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Viser til følgande slektstre; http://www.velogen.net/individual.php?pid=I23070&ged=gendata.ged Kva tid og kvar gifte Elise Magdalene seg med Henrik Odin Ragnvald Olsen? Det står videre at Henrik Odin dø etter 1901. Men når og kvar? Videre skal Elise ha vorte gift med ein Pedersen, tydeligvis omkring 1920. Men når og kvar? Elise Magdalene: SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 881/L1166: Klokkerbok nr. 881C03, 1876-1885, s. 61 Arkivreferanse SAT/A-1459/881/L1166 Permanent bilde-ID: kb20070212610452 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070212610452 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070212610452.jpg   FT1900; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037548002145 FT1910; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036947003098 Søkte så litt i DIS sine gravminner og på nb.no - og fann ut at dette må vere Elise: 4329571 Elise Uleberg 1505 1880 2706 1966 0107 1966 k 006 A 003 Fred med minnet Vis <bilde.php?id=4329571> Årdalstangen Årdal   Harstad Tidende 29.06.1966 Side: 6 "...VAr kjære m-or, svigermor, bestemor og oldemor Elise Uleberg døde den 27/6 — 66, 86 Ar gammel. ; I Harstad, Bodø. Ardal, England. Mors trøtte..." Er det nokon som får tilgang på dødsannonsa hennes? Henrik Odin hadde ein son i 1896 med ei Sara Bendiksdtr., men slik eg forstår døde han alt i 1913: SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 885/L1205: Ministerialbok nr. 885A06, 1892-1905, s. 22 Arkivreferanse SAT/A-1459/885/L1205 Permanent bilde-ID: kb20060828080319 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060828080319 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060828080319.jpg SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 885/L1206: Ministerialbok nr. 885A07, 1905-1915, s. 153 Arkivreferanse SAT/A-1459/885/L1206 Permanent bilde-ID: kb20050316020881 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050316020881 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050316020881.jpg - det må vere han sjølv om oppgitt fødseldato ikkje stemmer.
  9. Eg har oppdaga eit spennande par i Bergen som eg treng litt hjelp til å identifisera: Gjert Gunderson (Asch) og Gjertrud Marie Madsdotter vart trulova i Domkyrkja i Bergen 12.9.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/4560/115 og vigde i Domkyrkja i Bergen 24.101784: https://media.digitalarkivet.no/view/8640/53 Eg finn desse borni: * Anna Gurine, fødd i Domkyrkja 14.8.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/127 * Anna Gurine, fødd i Nykyrkja 28.6.1787: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/65 * Gjertrud Marie, fødd i Nykyrkja 30.7.1791: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/91 * Guner Olai, fødd i Nykyrkja 29.6.1795: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/113 * Petricke Marie, fødd i Nykyrkja 6.3.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/123 * Gjert Andreas, fødd i Nykyrkja 17.3.1802: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/153 Her finn me huslyden i FT1801 i Bergen med berre ei dotter buande heime: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390005605 Undersøkjingskommisjonen 1804/1805 syner Gjert Gunderson fødd i Askvoll: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000010378 Men eg finn ikkje nokon Gjert Gunderson fødd i Askvoll til «rett tid». Når det gjeld Gjertrud Marie Madsdotter, so er det ho som spesielt fangar mi merksemd. Eg mistenker ho nemlig for å vera den «forsvunne» Gjertrud Madsdotter som var yngste dotter av Mads Pederson frå Kinserdalen i Hafslo - jmf. tema: https://forum.arkivverket.no/topic/188074-mads-pederson-kinserdal-1735-1768-frå-hafslo-til-årdal-frå-årdal-til-bergen-lagnad-til-huslyden/?tab=comments#comment-1767055 og difor lurer eg på om det let seg gjera finna fleire detaljar om ho gjennom eit særskilt tema som dette. Me har eit par indisiar på at dette godt KAN vera «vår» Gjertrud: ** Eg reknar med at ho ikkje hadde søsken i Bergen utover broren Peder Madson Dahl som døydde i 1795, og ingen Madsborn er nemnde som fadrar! ** Dei eldste to døtrene heitte Anna Gurine - mor til «vår» Gjertrud heitte Anna Eriksdotter! ** Dotteri Petriche Marie frå 1797 kan ha fått namn etter broren Peder som døydde i 1795. Skiftet frå 1805 der Gjertrud er nemnd som erving og busett i Bergen, gjev oss eit inntrykk av at ho den gongen var ugift - kanskje var ho enkje?? Ho ser ut til på ha gift seg att i Nykyrkja i Bergen 14.6.1812 med matrosen Clement Jensson!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden og vonar at ein eller annan kan hjelpa meg finna prov på identiteten til Gjertrud Madsdotter!?
  10. Eg syner til skifteprotokoll nr. 10 for indre Sogn pagina 281b: https://media.digitalarkivet.no/view/24143/283?indexing= I høgre spalte på venstre side er det skifte etter husmann Lars Halvorson i Årdal, og går ein til linje #9 so les eg: «..Vurdering efter Afdøde Huusmand Lars Halvorsen paa ........... (innskoten linje!) under Gaarden Hestethun..» Kan nokon tyda kva som står på den innskòtne linja? Er det eit plassnamn? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Johannes Tollefson var fødd i Årdal i Sogn kring 1704 som eldste son av Tollef Henrikson og kona Lucia Aslaksdotter, plassfolk under Seim i Årdal til dei kring 1712 busette seg som plassfolk på Ongelsneset under Nes i Luster. Tollef var opphavleg frå Nes i Luster, men kona Lucia må han ha henta annanstads ifrå. Lucia er uvanleg i indre Sogn, og Aslak finst omtrent ikkje! Johannes Tollefson er nemnd som soldat i ei rulle frå 1727, og han tente truleg på Høyeim i Luster i 1731, men forsvinn deretter frå bygdi! Ein Johannes Tollefson gifte seg på Kongsberg 2.11.1737 med ei Ingeborg Knutsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8569/242 Dei ser ut til å ha fått i alle fall to søner på Kongsberg: * Mikkel, døypt på Kongsberg 7.9.1738 * Tollef, døypt på Kongsberg 25.2.1741 Kan det vera Johannes Tollefson, fødd og dels oppvaksen i gruvesamfunnet i Årdal, som flytte til Kongsberg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Følgjande barnedåp er registrert i Årdal i Sogn: Kari Severine, fødd 10.2.1895 som dotter av husmannsdotteri Guri Hansdotter Lægreid og snikkar Kristoffer Pederson Kroken frå Hafslo: https://media.digitalarkivet.no/view/2968/28 FT1900 syner Kari Kristoffersdotter Kroken med mor Guri og tre halvsøsken på Vassplassen under Lægreid i Årdal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037349000594 Her er konfirmasjonen til Kari Severine Kristoffersdotter Lægreid i 1910: https://media.digitalarkivet.no/view/2968/157 FT1910 syner Kari K. Lægreid som tenestejente på Årdal prestegard i Årdal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036723000741 Den nye bygdeboki for Årdal omskriv denne huslyden på sde 920, men bere eitt av dei fire borni hennar Guri er nemnt, og det er (diverre) ikkje Kari Severine! Er det utifrå desse opplysnigane mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Kari Severine Kristoffersdotter? Har ho etterkomarar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.