Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'koparverket'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. I utgongspunktet trudde eg at Christen Olson, fødd i Kilebotn under garden Kilen i Luster kring 1733 og nemnd i skiftet eter mori i 1741, var flytt med dei fleste søskeni sine til Gulen. Dette synte seg vera feil, men so dukka det i 2017 opp eit emne starta opp av Atle Onar Knapskog: https://forum.arkivverket.no/topic/208407-christen-olsen-truleg-fødd-i-årdal-på-1730-talet/ Etter kvart vart eg og fleire med meg samde om at dette måtte vera «rett mann», og emnet som eg i dag legg fram, tek i store trekk utgongspunkt i sistnemnde tema. Det er for meg ganske uklart kva som skjedde med borni til Christen Olson i Kvinnherad, bortsett ifrå at eldste dotteri tydeleg vart buande i Kvinnherad, medan yngste sonen fór til Bergen... Og det er ogso svært so uklart kva som skjedde med søskeni til Christen. Broren Ole Olson var tydeleg ogso «bergmann» i Årdal og sidan i Kvinnherad, men forsvinn. Men om det var søsteri Gjertrud som i 1752 fekk ein son Torger Thomasson i Årdal som sidan var strandsitjar på Vikøyri i Vik, er kanskje meir usikkert... Uansett, det hadde vore kjempekjekt om det let seg gjera komplettera denne biografien, og her følgjer eit opppdatert manuskript slik det ser ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Ole Nilsson Kilebotten, frå Kolstad, var f. kring 1702 og vart gravlagd frå Kilebotn 15.6.1738. Han gifte seg kring 1725 med Britha Østensdotter frå Berge i Dale. Ho var f. kring 1700 og var som enkje attgift med gardbrukar og enkjemann Ole Knutson på Myklemyr i Jostedalen (1703-1741) og vart gravlagd derifrå 10.9.1741. Ole og Britha tok over som plassfolk i Kilebotten frå kring 1732, og Britha budde her til ho i 1741 flytte til Myklemyr. Kven som so hadde plassen i Kilebotn dei næraste åri. veit me ikkje sikkert, men det ser ut til at borni til Ole Nilsson har butt her, i alle fall ei tid, for eldste dotteri Gjertrud vart konfirmert her i 1751. Me kjenner til seks born etter Ole og Britha i Kilebotn: 1. Gjertrud Olsdotter, f. kring 1727, vart som nemnt konfirmert frå Kilebotn i 1751. Gjertrud Olsdotter flytte ##### (lagnaden hennar? – ei Gjertrud Olsdotter «Jevnager» fekk ein son Torger, døypt i Årdal 30.7.1752 - barnefar Thomas Torgerson gardbrukar på Mjelde, Lærdal (1727-1802) - denne Torger Thomasson var truleg strandsitjar på Vikøyri i Vik 1801 - gift med Martha Paulsdotter og to søner Paul og Ingebrigt!?) 2. Sølfest Olson, f. kring 1729, nemnd i Luster 1741 Sølfest Olson flytte ##### (lagnaden hans?) 3. Østen Olson (1732-1732?) 4. Christen Olson, f. kring 1733, Christen Olson ser ut til å vera flytt i ganske ung alder til Årdal der me trur han gifte seg 28.8.1757 med Gjertrud Halvorsdotter frå ##### (kvar i Årdal voks ho opp?) Ho var dotter av husmann og koparverksarbeidar Halvor Olson i Hagen under ##### (kva gard?) opphavleg frå ##### (opphavet hans på Voss?) og kona Rønnaug Andersdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt i Årdal 10.3.1726. Christen arbeidde ei tid på koparverket i Årdal, og han og Gjertrud budde ##### (kvar budde dei?) men flytte kring 1760 til Kvinnherad der Christen fekk arbeid på koparverket på Lilledal i Ølve. Christen d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1769) medan Gjertrud vart gravlagd frå Huse i Kvinnherad 2.2.1798. Dei fekk fem born i lag: ##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire?) a. Britha Christensdotter, f. i Årdal 13.11.1756, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1801) Britha vart trulova i Kvinnherad 14.11.1779 (vigselsdato vantar) med Anders Tollefson frå Dale store i Kvinnherad, døypt i Kvinnherad 6.12.1744. Han vart gravlagd frå Huse i Kvinnherad 7.8.1803. Anders og Britha busette seg som strandsitjarar på ein plass under Huse i Kvinnherad og fekk ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.: * Christen, døypt Dale store, Kvinnherad 30.1.1780 - n. 1801 * Eli, døypt Sund, Kvinnherad 8.12.1781 * Gjertrud, døypt Dale, Kvinnherad 2.2.1784 * Tollef, døypt Wigen, Kvinnherad 24.9.1786 * Kari, døypt Dale, Kvinnherad 18.10.1789 * Hans Andreas, døypt Huse, Kvinnherad 26.11.1792 - n. 1801 * Ole, døypt Huse, Kvinnherad 25.2.1795 - n. 1801) b. Ole Christenson, f. i Årdal 25.2.1759, ##### (konf. Kvinnherad 1776 - n. faddar same stad 1780 - seinare lagnad?) c. Rønnaug Christensdotter, døypt i Kvinnherad 11.7.1761, ##### (lagnaden hennar?) d. Eli Christensdotter, døypt i Kvinnherad 21.1.1764, ##### (lagnaden hennar?) e. Nils Christenson, døypt i Kvinnherad 28.5.1767, d. som reipslagararbeidar i Bergen 14.4.1808. Han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 22.5.1791 med Karen Pedersdotter frå ##### (opphavet hennar? - Gloppen?) Ho var f. kring 1752 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Nils var reipslagasvein, og han og Karen budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.: * Christen, f. KK, Bergen 8.6.1791 * Christiane Oline, f. DK, Bergen 6.2.1793 * Nils Petersen, f. DK, Bergen 18.5.1796 - n. 1801 * Paulina, f. 1797 - n. 1801 * Maria, f. 1798 - n. 1801 * Agatha, f. 1799 - n. 1801) 5. Nils Olson, døypt 4.9.1735, nemnd i Luster 1741 Nils Olson flytte ##### (lagnaden hans?) 6. Ole Olson, døypt ?.5.1738, nemnd i Luster 1741 Ole Olson flytte ##### (lagnaden hans? - truleg til Årdal og sidan gruvearbeidar Lilledal, Kvinnherad 1760-åri!?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.