Search the Community
Showing results for tags 'lærdalsøyri'.
-
Dette er ei kjempegåte som eg har jobba med i over 45 år, men utan nokon gong å lukkast i å finna ut av. Det gjeld søskenbarnet til min eigen tip-oldefar: Lars Larsson, son av gardbrukar Lars Larsson og Gjertrud Dyresdotter på Prestegard i Luster, vart døypt i Luster 6.7.1788 og gifte seg i Lærdal 27.2.1823 med Ingeborg Pettersdotter, dotter av Petter Arneson og Anna Pedersdotter på Lærdalsøyri, f. i Lærdal 16.2.1788. Lars skal ha vore krambudreng på Lærdalsøyri, men han og Ingeborg forsvinn frå Lærdal etter kort tid, og den store utfordringi er: * Kvar tok dei vegen? Kanskje flytte dei til Bergen, men som krambudreng kan Lars ha butt bær sagt kvar som helst langs kysten... Det hadde vore skikkeleg stas å finna lagnaden til denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Isak Andersson var fødd på Fodnes i Lærdal kring 1698 og gifte seg som enkjemann i Lærdal våren 1750 med Guri Nilsdotter, døypt i Lærdal 27.9.1727. Dette parfolket skal ha butt på Lærdalsøyri i Lærdal, men dei er ikkje å sjå i ekstraskattmanntalet frå 1762 nokon stad i Lærdal, og heller ikkje har eg finne dei avlidne i Lærdal, men dødslistene er heller uoversiktlege, so eg kan ha oversett dei.... Derimot har eg finne to born etter dei: * Anders Isakson, døypt i Lærdal 12.6.1751: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/121 * Gunnhild Isaksdotter, f. i Lærdal 11.11.1754: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/118 Kanskje er det Gunnhild Isaksdotter me finn att på Lærdalsøyri i 1801, sjølv om alderen har eit avvik på 5 år(?): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058396001108 Og ho som gifte seg her i Lærdal i 1782: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000478680 Uansett er eg svært nysgjerrig på lagnadane til Isak og Guri og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hans Østenson frå Skår i Luster - fødd 1732 - budde i 1772 på Lærdalsøyri - men kvar vart det av han?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Hans Østenson, yngste son av Østen Nilsson (1700-1779) og kona Eli Aamundsdotter (1692-1770), gardbrukarar på Skår i Luster, vart døypt i Luster 9.5.1732 og vart konfirmert i Luster i 1751. Einaste gongen me finn han nemnd, er i 1772 (truleg var det i eit skifte) då me får vita at han tente på Lærdalsøyri hjå gjestgjevar Søren Nilsson Hess (1732-1772) Men kvar vart det sidan av Hans Østenson? Eg kan ikkje sjå noko meir til mannen på Lærdalsdøyri, men kanskje nokon har tips å komma med? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Dette er ein huslyd som eg arbeidde første gongen med tidleg på 1980-talet, og med dei ressursane som då var tilgjengelege, kom eg ikkje so langt... Problemet er i første omgongen å finna ut kvar det vart av dotteri Inga og sønene Ole og Peder. Dei to siste skal ha hamna i Amerika, men Peder var først ein tur i Nordland! Det hadde vore svært so kjekt å få på plass fleire detaljar om denne ætti, og her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette mauskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.