Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'fortney'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 3 resultater

  1. Dette er ein annan huslyd frå Fortun i Luster som eg har plundra med sidan førre hundreåret, men no har eg greidd å finna svar på dei fleste spørsmåli eg hadde om dei. Christopher må ha gift seg kort etter han kom bort med Siri Gautesdotter, som truleg var på same skipet, men noki vigsle har eg ikkje greidd å finna, sjølv om alle vigsler i Wisconsin i prinsipet skal verta offisielt registrerte! Eg finn heller ikkje dødsfallet hennar, men eg veit det gjekk ei farang i Vernon/Crawford Cos., WI hausten 1870 som tok livet av mange tilsynelatande friske vaksne personar, so kanskje òrsaki ligg der? Elles har eg finne andre vigsli hans med Synneva Johannesdotter frå Gald i Innvik, og sidan gifte ei av døtrene hans seg med bror hennar, Mons Johannesson. Opphavet til denne huslyden frå Gald har eg noko vanskar med å identifisera, var faren frå Bergen? Men kanskje finst det ein eller annan med lokal kunnskap i Innvik, som kan hjelpa vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #4! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ei skikkeleg utfordring som eg har hatt liggjande sidan føregåande hundreår. Kanskje er det mogeleg i dag å komma vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Christenson Eide, frå Bolstadmoen under Bolstad, vart døypt 23.7.1809 og gifte seg 8.7.1857 med Britha Olsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 2.7.1828. Det ser ut til at dei fekk plassen her i Eidsbakken etter foreldri hennar frå 1856, men reiste herifrå alt i 1858. John og Britha Christenson utvandra i 1858 til Amerika, men ##### (lagnaden deira? – døydde tidleg? - kvar var dei i 1860? - kva med sønene?) Me kjenner til ein son etter dei, men Britha hadde òg ein son frå før: a. Ole Johan Johannesson, son av Britha og gardbrukarsonen Johannes Arneson frå Kvalsviki (1830-1913), var f. i Bergen 5.5.1851, ##### (lagnaden hans? – truleg utvandra med mori og stefaren til Amerika? - eller ikkje?) b. Christen, kjend som Christian J. Fortney (1857‑1913), utvandra med foreldri i 1858, men vart oppalen hjå gardbrukar Torger Olson frå Fortun (1808-1880) og andre kona hans, kjende som Torger og Gena Fortney, farmarar i Kickapoo township og sidan i Franklin township, Vernon Co., Wis. og tok difor dette namnet. Han vart gift første gongen med Susan Salmonson (1862‑1892), dotter av gardbrukarsonen Ole Salomonson frå Ottum (1811‑1871), og sidan attgift med husmannsdotteri Gunnhild Larsdotter frå Hestedalen under Kroken (1863-1945) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~~ Torger Olson var fødd på garden Fortun i Luster og vart døypt derifrå 17.7.1808. Han utvandra med første kona si i 1848. Ho døydde visstnok av kolera kort etter ankomsten, og Torger gifte seg att i Dane Co., WI 25.7.1853 med Gjertrud Kirstine Pedersdotter Hjermann frå Stødnum i Lærdal, fødd der 23.2.1820. Torger Fortney døydde 18.2.1880, men dødsfallet til Gertrude «Gena» har eg ikkje finne, enno! Her ser me dei i FT1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSF-9N78 Her ser me dei i FT1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-RMY Her ser me Gjertrud i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-9HYZ Som me ser, var to av borni hans frå første ekteskapetr framleis i lag med dei i 1860, medan Christian er komen til dei før 1870. Han er framleis hjå fostermori i 1880. Men kvar Christian heldt til i 1860, har eg ikkje greidd å finna ut, enno! Dei største «kjernepunkti» i denne huslyden vil vel vera: ** Finna att Christen i FT1860 - kva no enn namnet hans kan ha vore...? ** Freista finna halvbroren Ole Johan, fødd 1851 - me veit jo ikkje om han utvandra eller kanskje voks opp i Bergen? ** Finna dødsfallet til fostermori Gertrude «Gena» Fortney, f. Hjermann? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Nokre huslydar er dyktige til å gøyma seg bort, og dette er ein av dei... Utfordringi har lege hjå meg i fleire tiår, men først no er eg vorten skikkeleg merksam på problemet, og dette vrt ikkje enklare når eg oppdaga at «Find-a-grave» har blanda denne Christopher «Christian» Fortney med ein annan, som til og med nytta same kyrkja! Manuskriptet for «denne» Christian J. Fortney ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Siri Andersdotter {Forthun}, f. {i Luster} 28.8.1860, Sarah A. Forthun utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 30.5.1884 med søskenbarnet John Christopher, kjend som Christian J. Fortney, ein son av farbroren Christopher Christopherson herifrå Fortun (bnr. 4) (1816-1905) (sjå over), f. i Crawford Co., Wis. ##### (exact date of his birth?) .2.1860. Christian og Sarah tok over som farmarar etter foreldri hans i Clayton township, Crawford Co.. Wis., men Sarah d. ##### (date and place of her death? – after 1901/prior to 1905) og 28.10.1910 gifte Christian seg att i Vernon Co., Wis. med Lucy ##### (middle name?) Pitzenberger, f. i Crawford Co.,. Wis. ##### (exact date of her birth?) .8.1891. Christian og Lucy busette seg i Gays Mills, Crawford Co., Wis. der Christian var farmarbeidar («farm laborer») ##### (at least 1920 – what later? – their deaths? – 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRFM-34K Christian Fortney fekk visstnok i alt ti born, alle frå første ekteskapet, men fire av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar: a. Elmer Charles Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 10.5.1885, d. i Madison, Wis. 25.6.1952. Elmer gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 2.3.1913 med Agnes May Clason, f. i Crawford Co., Wis. 21.1.1896. Men ho d. i Gays Mills, Wis. alt 12.9.1917, og Elmer gifte seg att i Crawford Co., Wis. 30.3.1934 med Josephine Elizabeth Lloyd, f. Meyers, f. i Vernon Co., Wis. 21.6.1898. Ho d. i Milwaukee, Wis. 30.11.1942. Elmer Fortney var barvert («bartender») og budde i Soldiers Grove, Crawford Co., Wis. Han fekk to søner, som båe var frå første ekteskapet, men andre kona Josephine hadde òg ei dotter frå første ekteskapet sitt. b. Christopher Severin, kjend som Severin C. Fortney (1888-1955), vart gift første gongen med husmannsdotteri Bertha Malena, kjend som Malena Kristoffersdotter Hauge frå Bolstad (bnr. 77) (1896-1929) (s.d.) og sidan attgift med Esther Bernice Nelson (1912‑1994), sjå òg under Bolstad. c. Clarence Adolph Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 12.4.1891, d. i Westby, Wis. 21.11.1975. Clarence Fortney farma i Clayton township, Crawford Co., Wis., men var ugift. d. Melvin Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 29.7.1896, d. i Viroqua, Wis. 17.1.1978. Melvin var farmarbeidar («farm laborer») og budde i Viroqua township, Vernon Co., Wis., likeins ugift. e. Selma Aleda Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 19.10.1898, d. i Viroqua, Wis. 8.11.1973. Selma gifte seg i Vernon Co., Wis. 21.1.1925 med Palmer H. Johnson, f. i Vernon Co., Wis. 14.3.1903. Han d. i La Crosse, Wis. 6.9.1979. Palmer og Selma farma i Viroqua township, Vernon Co., Wis. og fekk tre born i lag. f. Stella Christina Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 5.1.1901, d. i Viroqua, Wis. 21.4.1989. Stella gifte seg i Vernon Co., Wis. 10.10.1925 med Alvin Bernhard Johnson. Han var f. i Vernon Co., Wis. 11.10.1903 og d. i Viroqua, Wis. 17.5.1979. Alvin Johnson var snikkar («carpenter»), og han og Stella budde i Viroqua, Vernon Co., Wis. Dei fekk ei dotter i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Her er Christian (her kalla J. C.) i FT1900 med første kona og borni deira i Clayton township, Crawford Co., WI (eg finn ikkje denne sida hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120622_00043?usePUB=true&_phsrc=Nzx23966&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=73571772 Her er Christian i FT1905 som enkjemann, men med alle borni heime i Clayton township, Crawford Co.,WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTX9-F7R Her er Christian i FT1910 som enkjemann, men berre med dei eldste sønene i Clayton township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-JWF Her er Christian (her kalla Christopher) i FT1920 med andre kona Lucy, då i Gays Mills, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRFM-34K Eg veit eg har sjekka dette personleg før, men i dag har eg hatt ein telefonsamtale med the Register of Deeds i Prairie du Chien, Crawford Co., WI, og dei har IKKJE registrert dødsfall der, korkje på Siri «Sarah» Fortney, Christian Fortney eller Lucy Fortney. Lucy Fortney sin far, George Park PITZENBURGER/PITZENBERGER, døydde i 1957 i ein alder av 102 år og ligg gravlagd i Crawford Co., WI: https://www.findagrave.com/memorial/72057130/george-park-pitzenburger men liktalen hans seier berre «survived by grandchildren»! Dei store utfordringane i denne huslyden er altso følgjande: ** Dødsfallet til Siri «Sarah» Fortney, f. Forthun mellom 1901 og 1905? ** Kva skjedde med Christopher «Christian» og Lucy Fortney etter 1920 - dødsfalli deira? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.