Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'wisconsin'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Dette er ein annan huslyd frå Fortun i Luster som eg har plundra med sidan førre hundreåret, men no har eg greidd å finna svar på dei fleste spørsmåli eg hadde om dei. Christopher må ha gift seg kort etter han kom bort med Siri Gautesdotter, som truleg var på same skipet, men noki vigsle har eg ikkje greidd å finna, sjølv om alle vigsler i Wisconsin i prinsipet skal verta offisielt registrerte! Eg finn heller ikkje dødsfallet hennar, men eg veit det gjekk ei farang i Vernon/Crawford Cos., WI hausten 1870 som tok livet av mange tilsynelatande friske vaksne personar, so kanskje òrsaki ligg der? Elles har eg finne andre vigsli hans med Synneva Johannesdotter frå Gald i Innvik, og sidan gifte ei av døtrene hans seg med bror hennar, Mons Johannesson. Opphavet til denne huslyden frå Gald har eg noko vanskar med å identifisera, var faren frå Bergen? Men kanskje finst det ein eller annan med lokal kunnskap i Innvik, som kan hjelpa vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #4! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. I boka Norsk Lutherske menigheter i Amerika leser jeg at Dodgeville Evangelisk Lutherske Menighet i Dodgeville (Iowa county, Wisconsin) ble opprettet i 1850. Boka nevner Johan Storm Munch (dy) som prest i menigheten fra 1855. I selvbiografien til J.S. Munch, Vita Mea, skriver J.S. Munch at Dodgeville var en etablert menighet i 1855, og at han overtok etter "Preus" (Adolph Carl Preus). Han holder gudstjenester i klasserommene på to skoler. Jeg finner kirkebok for Dodgeville fra desember 1853 på Ancestry.com, og det er A.C. Preus som fører den fra desember 1853 til 1855. Så er det J.S. Munch som overtar. Den første innførselen, fra 18. desember 1853, er en gudstjeneste og jordpåkastelser for 4 personer som døde sommeren 1853 (!), deriblant en formodet slektning av meg. Men hvor er kirkeboka for perioden 1850-desember 1853? Jeg har sett omtale av en dåp fra 1851, så den burde finnes.
  3. Kirkebok for den Evangelisk Lutherske kirke i Dodgeville, Wisconsin. Første tekst for kirkeåret 1853-1854, 18. desember. Jeg leser (og gjetter) meg fram til "forrettet Gudstjeneste i dodgeville med kommunion. 4 ????". Men hva er dette siste, lange ordet? Øverst på venstre side: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/3491039:60722?_phsrc=BTs200&_phstart=successSource&gsfn=hans&gsln=torjussen&ml_rpos=9&queryId=14ed1708434b7328ca53133f96cea100 Jeg regner med at ordet har å gjøre med de 4 "jordfæstede" på denne siden: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/3491039:60722?_phsrc=BTs200&_phstart=successSource&gsfn=hans&gsln=torjussen&ml_rpos=9&queryId=14ed1708434b7328ca53133f96cea100 Tilbake til "Dagregisteret". Nederst på siden er det en signatur. For meg ser det ut som "A.C. Preus" (Adolph Carl Preus). Kan jeg ha rett i det?
  4. Eg viser til denne debatten; https://forum.arkivverket.no/topic/233036-sf-johannes-h-asheim-1863-1932-sine-etterkommere og oppsummering i #26 der. To av barna til Johannes H Asheim er ikkje kartlagt ennå; 7.Sjur J. Asheim, adr ukjent [f. 15 Dec 1892, d. ???] ---> Mangler: Evt kone, barn, bustad, dødsdato. 8.Johan J. Asheim, adr ukjent [f. 3 Aug 1893, d. ???] ---> Mangler: Evt kone, barn, bustad, dødsdato. Eg kan ikkje sjå at Bygdeboka for Brekke, gnr. 50 Asheim, gir noko svar om kvar dei tok vegen. Egil J. fann ut at Sjur reiste til USA i 1912: The New York, Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957 Name: Sjur J Asheim Arrival Date: 8 Apr 1912 Birth Date: abt 1892 Birth Location: Nrw Birth Location Other: brokke sogn [Brekke Sogn] Age: 20 Gender: Male Ethnicity/ Nationality: Scandinavian Port of Departure: Liverpool, England Port of Arrival: New York, New York Ship Name: Caronia Utreisen - Egil J. fann også ut av Johan reiste til USA i 1913: The New York, Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957 Name: Johan J Ashum Arrival Date: 24 Mar 1913 Birth Date: abt 1894 Birth Location: Norway Birth Location Other: sojn [Sogn] Age: 19 Gender: Male Ethnicity/ Nationality: Scandinavian Port of Departure: Liverpool, England Port of Arrival: New York, New York Ship Name: Carmania Reisemål: Til broren Sjur i Wisconsin. Utreisen - https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000731971
  5. Dette er ein person som eg har litt motstridande opplysningar om, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg «straighten out» biografien hans? Ole Andersson Drægni, opphavleg husmannsson frå Eidsneset under Eide i Luster, vart døypt i Luster 29.11.1812. Han flytte som lærar til Fortunsdalen og gifte seg første gongen i Luster 12.12.1837 med enkja Susanna Jansdotter på Drægni (1801-1864). Ole tok over som gardbrukar på Drægni, men i 1848 utvandra Ole åleine til Amerika. Det vert foralt at han kring 1850 skal ha vore gullgravar i Carson Valley, CA, men ein gong på 1850-talet kom han attende til Luster og dreiv på ny garden til han i 1857 på ny utvandra til Amerika. Han hadde då med seg dei to eldste døtrene: * Anna Marie Olsdotter Drægni, fødd i Luster 5.1.1839, utvandra som sagt i 1857 og gifte seg i Buffalo Co., WI 26.9.1861 med Nils Hermundson Kinserdal alias Nels H. Kins, fødd i Hafslo 7.7.1840, utvandra i 1855. Dette parfolket budde som farmarar i Nelson township, Buffalo Co., WI der Anna Marie døydde 24.4.1890. Dei fekk åtte born i lag, men berre ei dotter voks opp! * Ingrid Olsdotter Drægni, fødd i Luster 28.8.1840, utvandra som sagt òg i 1857 og gifte seg i Buffalo Co., WI 14.11.1874 med Peder Iverson Sterri alias Peter Sterry, fødd i Hafslo 22.6.1849, utvandra i 1873. Dette parfolket budde som farmarar i Albion towbnship, Trempealeau Co., WI, men som Ingrid døydde som enkje i Benson Co., ND 3.7.1931. Dei fekk fem born i lag. Men Ole og Susanna hadde òg ei yngre dotter: * Susanna Olsdotter Drægni, fødd i Luster 14.9.1842, utvandra til Amerika i 1866 etter at mori då var avlidi, og gifte seg i Trempealeau Co., WI 3.3.1872 med Hans Tollefson, fødd i Kviteseid, Telemark 27.3.1837. Dette parfolket farma først i Burnside township, Trempealeau Co., WI, men flytte kring 1882 til ein farm i Nelson township, Buffalo Co., WI der Susanna døydde 16.6.1896. Dei fekk sju born i lag. Etter at Susanna døydde i Noreg, gifte Ole Andersson Drægni seg att i Buffalo Co., WI 23.3.1870 med Bertha Nilsdotter Sterri, alias Bertha Sterry, fødd i Hafslo 15.8.1832, utvandra i 1866. Eg finn dei ikkje i FT1870, men frå 1870-åri og utover farma Ole og Bertha under namnet DREGNEY i Canton township, Buffalo Co., WI der Ole døydde 14.7.1901. Bertha døydde same staden 30.1.1920. Dei fekk to born i lag, og dessutan hadde Bertha tre born frå før. Eg sit med følgjande utfordringar: ** Kan fleire detaljar finnast om Ole Andersson Drægni og bustadane hans 1850, 1860 og 1870?? Kva namn nytta han? (1880 og 1900 skreiv han seg Dregney! - KAN i åri kring 1860 ha butt nær Dodgeville, Iowa Co., WI!?) ** Kvar budde døtrene Anna Marie og Ingrid i 1860? ** Kvar budde døtrene Ingrid og Susanna i 1870? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Mannen hennes var f. i Lærdal; https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000027035584, med foreldre frå hhv. Kvinnherad og Lærdal. Her ved FT1865: https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01052305000613. Hjortland-mavnet skriv seg frå Kvinnherad. Ifølge FaG https://www.findagrave.com/memorial/55532220/olena-h-hjortland skal ho vere f. i Norge: BIRTH 28 Aug 1858. Norway DEATH 1954 (aged 95–96). Stoughton, Dane County, Wisconsin, USA BURIAL Riverside Cemetery, Stoughton, Dane County, Wisconsin, USA Då ho gifte seg i 1888 er foreldra skrevne som Ole og Mari Herried / Heried: Obits for Johan aka John Hjortland: https://www.newspapers.com/clip/90282334/obituary-for-john-k-hjortland-aged-84/ https://www.newspapers.com/clip/90282424/obituary-for-john-k-hjortland-aged-84/ Dei 3 døtrene er: Mabel, Della og Annie.
  7. Yngste bror av min tipp-oldefar (https://forum.arkivverket.no/topic/109886-24201-etterkommere-martinus-o-haugen-bst-skaar-dverberg-nordland-i-1900/) vart gift, fekk 3 barn og døde heller ung. Hans navn var Ole Martines Oles. Balsnes, f. 28.4.1843, dp. 7.5.1843. Far ettern. Haugen. Her er han med kona og dotter ved FT1865; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038272003870 Han d. 7.11.1867: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000460289 Ole Olsen Hougen den yngste Merknader: funden død i norfjorden et til hans paa marken ?? SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 9, 1861-1868, s. 702-703 Permanent bilde-ID: kb20070302640720 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070302640720 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302640720.jpg Han vart gift 16.7.1864 i Eid (Nordfjord) med Anne Marie Johannesdtr. Myklebust f. 7.6.1841, dp. 12.6.1841. Dei fekk tre born: Rakel Samuline, f. 22.9.1864. Til USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049533 Rasmus Olai f. 21.4.1866. Til USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049534 Oline Berntine f. 28.2.1868. Til USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049535 Mora deira, Anne Marie, til USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049532. Til USA reiser også foreldrene til Anne Marie, nemleg: Johan(nes) Eriksson f. 13.4.1819 (USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049530) Ragnhilde Rasmusdtr. f. 12.10.1818 (USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049531) Eg finn dei som ankomne i New York 26.6.1873 med skipet «Peter Gibson» då med etternavnet Myklebust på alle 6. Dei to yngste barna vart konfirmert hhv 1879 og 1880 i Utica Lutheran Church, MT Sterling, Wisconsin, USA, men eg har ikkje funne familien ved Census 1880. Når det gjelder Rasmus Olai har eg funne han som gift 1888 og busett i WA, SD før han omkring 1903 drog til SK, Canada. Han kom attende i 1917 og budde sidan i WA der han dø 29.5.1934 (https://www.findagrave.com/memorial/85967896). Kona d. 24.3.1935 (https://www.findagrave.com/memorial/87212378). Dei fekk 12 born, der minst 3 døde små. Eg treng ikkje noko hjelp mtp Rasmus Olai - men eg har ikkje funne noko meir om dei andre som reiste saman med Rasmus Olai. Kvar tok dei vegen etter 1873? Dei var tydeligvis i Wisconsin omkring 1880, men finn dei ikkje i C1880 (eller seinare). Eg hadde sett pris på om desse folka kunne finnast att. Kanskje drog dei også til Canada, slik som Rasmus gjorde i ein periode (to av barna til Rasmus busette seg i Canada).
  8. So er eg komen borti ein huslyd i Utica township, Crawford Co., WI som syner seg ha røter frå Innvik og Gloppen i Nordfjord, men eg finn ikkje heilt ut av opphavi deira! Eg syner til Dwelling #191 på denne sida: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5HK Johnson, Severson 35 farmer Nor Severin Mathias Johnson …….. f. Innvik 10.4.1835 utv. ?? Johnson, Johanna 40 housekeeping Nor Johanna Jacobsdotter Øvre Sætre f. Gloppen 16.3.1830 utv. ?? Johnson, John 6 Nor + Johan Martin f. Bergen 20.3.1864 utv. Johnson, Jacob 5 WI + Jacob f. Crawford Co., WI 13.10.1865 Johnson, Severt 3 WI + Sivert f. Crawford Co., WI 14.8.1867 Johnson, Martha 6/12 WI Jan Johnson, Gatmon 30 farmlaborer Nor Jetmund Johnson Johnson, Anna 41 Nor Johnson, Caroline 3 Nor Severin og Johanna gifte seg i Domkyrkja i Bergen 27.12.1863: https://media.digitalarkivet.no/view/8333/101 og her er oppgjeven ein fødselsdato på Severin i Innvik, men no har eg søkt «på kryss og tvers» etter fødsli hans i Innvik, utan resultat! Heller ikkje finn eg broren(?) Jetmund Johnson, som eg reknar med òg må vera fødd i Innvik, heller ikkje i FT1865 eller i Québec-lista! Eg vonar nokon kan hjelpa meg og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Dette er ei utfordring som eg har slite med i over 40 år. Kanskje det no er dags for å frista finna ei løysing på denne gåta? Ingeborg Olsdotter gifte seg i Crawford Co., WI 4.1.1857 med enkjemannen Johannes Janson frå Søvde i Luster (1796-1871). Ho er oppgjevi vera 52 år gamal - fødd kring 1815 - og dotter av: Ole Aanundson og Anna Ellingsdotter. Eg finn ikkje nokon som høver med denne omtalen hjå Digitalarkivet. Kanskje finst det ei forklaring? * Dato og stad for fødsli/dåpen hennar? * Fulle namn på foreldri med yrke, bustad og opphav? * Utvandringsåret hennar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Eg har i over 40 år slite med å finna ut av denne huslyden frå Ål, som berre budde ei kort tid i Luster før dei i 1849 utvandra frå Ål til Amerika. Ein del har eg finne på eigi hand, mellom anna har eg i 1982 sett skiftet etter Ole Svendson Thon i Vernon Co., WI der det gjekk fram at sonen Helge «Harry» var avliden før far sin, men han hadde vore gift og hadde etterlete ein son! Eg har ingen kopi av dette skiftet, og no finn eg heller ikkje dei skanna skifti hjå ancestry.com... Kanskje kan nokon hjelpa meg finna ut kvar det vart av Helge «Harry» og yngste broren Ole, Jr.? Ogso opphavet til denne huslyden på Ål har stor interesse! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Svendson Thon, frå Sørbønsthon på Ål, var son av ##### (gardbrukar?) Svend Olson på Sørbønsthon, opphavleg frå ##### (kvar fødd og oppvaklsen?) og kona Gro Guttormsdotter frå ##### (kvar fødd og oppvaksi?) men f. i Grytten i Romsdalen 28.8.1812. Ole gifte seg på Ål 12.10.1840 med Anna Helgesdotter frå Gåsterud på Ål, ei søster av ovannemnde Ole Helgeson. Ho var likeins dotter av gardbrukar Helge Helgeson på Gåsterud og andre kona Guro Olsdotter frå Sveinsgard, Fire og f. på Ål 28.4.1816. Ole Thon var sølvsmed, og han og Anna kom hit til Luster kring 1844, på same tid som Ole Helgeson. Ole Thon var innerst i Åsen, og me trur han og kona budde her i Stegane i lag med Ole Helgeson fram til 1847. Alt før dei kom hit til Luster hadde Ole og Anna vore husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Sørbønsthon på Ål, og dit flytte dei attende i 1847. Derifrå utvandra dei so til Amerika i 1849. Under namni Ole og Anna Swenson finn me dei først i Avon township, Rock Co., Wis. der Ole livnærte seg som smed («blacksmith»), men først på 1860-talet finn me dei att som farmarar i Sterling township, Vernon Co., Wis. der Ole d. 17.1.1892. Anna Swenson d. same staden 10.2.1895. Dei fekk åtte born i lag: ##### (sjekka at alle er medkomne?) a. Gro Swenson (1840‑1904), utvandra med foreldri til Amerika i 1849 og vart gift med husmannssonen Thor Helgeson frå Øygarden under Dale (1840‑1889) (s.d.). b. Svend, kjend som Swen Swenson, f. på Ål 10.7.1842, ##### (lagnaden hans? – d. før 1855!) c. Helge, kjend som Harry Swenson, f. i Luster 24.2.1846, utvandra med foreldri til Amerika i 1849 og ##### (lagnaden hans? – var gift, men d. før 1892 – let etter seg ein son!) d. Guro, kjend som Julia Swenson, f. i Rock Co., Wis. 28.11.1849, d. i Vernon Co., Wis. 4.12.1885. Ho gifte seg i Vernon Co., Wis. 29.4.1871 med Christian Olson frå Kringli i Etnedal, Sør‑Aurdal, i Amerika kjend som Christian C. Olson. Han var son av husmann Ole Christianson på Skorren under Kringli, opphavleg frå ##### (kvar fødd og oppvaksen?) og kona Ragnhild Ellendsdotter frå ##### (kvar fødd og oppvaksi?) og f. i Etnedal, Sør‑Aurdal 27.7.1841. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1850 og d. i Vernon Co., Wis. 1.8.1925. Som enkjemann gifte han seg att med Malena P. Skildum (1867‑1956), dotter av gardbrukar Peder Olson frå Skildeim (1844‑1916) (s.d.). Julia og Christian Olson farma i Sterling township, Vernon Co., Wis. og fekk seks born i lag. e. Bergit, kjend som Betsy Swenson (1852‑1893), vart gift med husmannssonen Salomon Olson frå Tallehagen under Talle (1850‑1915) (s.d.). f. Svennig, kjend som Swen Swenson, f. i Rock Co., Wis. 16.5.1855, d. i Rock Co., Wis. 10.6.1855. g. Anne Marie, kjend som Mary Swenson, f. i Rock Co., Wis. 9.9.1857, d. ugift i Vernon Co., Wis. 28.11.1883. h. Ole Swenson, Jr., f. i Rock Co., Wis. 5.8.1860, ##### (lagnaden hans? – levde 1880 – d. barnlaus før 1892?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Eg er på leiting etter opphavet til dette parfolket samt opplysningar om bustad og utvandring til Amerika: Hans Jacobson Langebo, fødd i Hole, og Johanne Marie Johannesdotter, f. i Christiania - vigde i Garnison, Christiania 29.4.1841: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000009993265 Frå amerikanske kjelder får eg opplyst at Hans skal vera fødd på ein stad kalla «Schlieslien» 17.9.1814, medan Johanna Marie skal vera fødd i april 1821. Eldste barn født i Amerika er sonen Jacob, fødd i Vernon Co., WI 27.4.1854, men fleire born var fødde i Noreg, truleg i Christiania(?) før den tid, mellom anna: * Maren, f. 29.1.1852 (finn eg ikkje!) * Christian, f. 14.2.1851 (finn eg ikkje!) * Johan, f. 17.3.1849 på Rafelosbakke, Garnison: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000037029923 * Anna Mathea, f. 25.11.1846 på Ruseløkka, Garnison: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000037028471 Kan nokon hjelpa meg identifisera: * Nøyaktige datoar og stadar for fødslene/dåpene til Hans Jacobson og Johanna Marie Johannesdotter? * Fødslene/dåpene til Maren og Christian? * Og endeleg, kva år utvandra dei til Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Eg held fram med sjekkingi av det norske folket i Buffalo Co., WI og har i dag råka borti ein huslyd som eg har vanskar med å tolka. Kanskje nokon kan hjelpa meg? Ole Fredrikson og Guri Halvorsdotter var i 1865 innerstfolk på Ødegaarden i Nord-Aurdal: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0542&kenr=002&bnr=0073&lnr=000 Dei gifte seg i Nord-Aurdal 1.1.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/8984/120 I april 1866 utvandra Ole Fredrikson med dei to sønene Fredrik og Halvor til Amerika (#203-205): https://media.digitalarkivet.no/view/8982/340 Sommaren 1867 utvandra Guri Halvorsdotter med dei to yngste borni Gunhild og Erik til Amerika (#179-181): https://media.digitalarkivet.no/view/8982/352 Ifølgje eit family tree hjå ancestry.com fekk dei òg ei dotter Anna Marie, fødd i Wisconsin 28.10.1867: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/115509298/person/200239877670/facts Det same family treet syner fødselsdatoar for borni: * Fredrik f. 14.11.1856 * Halvor f. 1.8.1860 * Gunhild f. 28.10.1863 (i Bergen!?) * Erik f. 9.1.1865 No har eg saumfare kyrkjebøkene for Nord-Aurdal, men eg kan berre finne to av desse borni, Fredrik i 1856 og Erik i 1865. So kvar er dei to andre barnedåpane?? Og so spekulerer eg på fødsli til Anna Marie - om ho er fødd 28.10.1867, er ho «unnfanga» etter at mann hennar utvandra til Amerika!!! Uffda! Kvar er dåpen hennar? FT1870 syner huslyden busette i Gilmanton township, Buffalo Co., WI, og dei skal òg ha hatt ei dotter Lina, fødd i WIsconsin i januar 1870, men denne barnedåpen finn eg heller ikkje...! PS: Eg finn forresten heller ikkje nokon barnedåp for mori Guri Halvorsdotter Meisdalen, dotter av Halvor Endreson og fødd i Nord-Aurdal kring 1830!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  13. Eg slit med geografien i Lom og vonar nokon kan rettleia meg her: Halvor Olson, son av husmann Ole Torstenson og kona Goro Hansdotter, var fødd i Lom 9.11.1859. Eg har før fått oppgjeve at foreldri var plassfolk i Rostadeiget i Lom, og i 1865 finn eg dei på Knudstuen: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0514&kenr=005&bnr=0045&lnr=00 Halvor skal ha utvandra i 1878 og tok namnet Halvor TEIGEN i Amerika. Kan nokon hjelpa meg finna ut: ** Kva var den «rette» (siste) bustaden til denne huslyden? ** På kva gard/plass var Ole Torstenson fødd/oppvaksen? ** På kva gard/plass var Goro Hansdotter fødd/oppvaksi? ** Utvandringsåret til Halvor Olson Teigen? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Christopher Nitter Nilsson Talle, døypt i Luster 1.2.1807, vart enkjemann då kona Kirstina døydde i Luster 26.1.1866. I 1870 budde han hjå dotteri Susanna i Modena township, Buffalo Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6Q6W-26 Men i 1875 var han attende i Luster: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1426&kenr=005&bnr=0072&lnr=00 Er det mogeleg å finna ut kva tid han utvandra til Amerika? Attendereisa er vel ikkje mogeleg å finna...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Enkelte av kyrkjebøkene for Trøndelag er ganske so uoversiktlege, so no vonar eg på hjelp til å komplettera manuskriptet for denne «sognsk/trøndske» huslyden. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Frå Amerika ligg det føre ein påstand som eg vonar det let seg gjera å klara opp i: Knut Paulson som skal vera fødd på Halsteinsgard i Hol i Hallingdal 6.5.1835, skal ha utvandra til Amerika i 1858 og gifte seg i Dane Co., WI våren 1863 (vigsli ikkje funni so langt) med: Bertha Pedersdotter, som etterkomarar i Amerika påstår skal vera fødd på Vestre Toten 18.7.1839 som Birthe Marie, dotter av Peder Thomasson og Maren Johannesdotter på plassen Tetterudberget under Øfstås: https://media.digitalarkivet.no/view/9330/22 Her er ho i Find-a-grave, gravlagd i Union Co., SD: https://www.findagrave.com/memorial/63517755/bertha-marie-paulson FT1900 påstår ho var fødd i august 1839: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120605_00155?usePUB=true&_phsrc=Nzx25626&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=59932335 Eg har ein sterk mistanke om at dette ikkje er den rette Bertha Pedersdotter, og i første omgongen er eg difor svært nysgjerrig på kva ein veit om Berthe Marie Pedersdotter frå Vestre Toten? Utvandra ho til Amerika i det heile? Eller vart ho gift og busett på Toten? Det finst ein liktale etter Bertha frå 1901 (som eg ikkje har kopi av), men der står det at Bertha utvandra i 1861! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. Eg syner til dette emnet frå 2017: https://forum.arkivverket.no/topic/212974-peder-nilsson-eide-1864-1950-frå-luster-til-wisconsin-detaljar-om-hans-to-norskenorskætta-koner-rakel-oline-hansdotter-frå-haugesund-og-mary-ellingson-frå-buffalo-co-wi/?tab=comments#comment-1793136 Eitt av dei viktige spørsmåli frå dette emnet, som framleis står utan svar, er følgjande: Rakel Oline Hansdotter alias Lena Hanson fødd i Haugesund 6.7.1870 som dotter av murarbeidar Hans Knutsen i Haugesund, opphavleg frå Myklebostad i Avaldsnes, og kona Rakel Olsdotter frå Frostastad i Mandal utvandra ifølgje FT1900 til Amerika i 1890 Ho gifte seg i Buffalo Co., WI 30.12.1891 med lustringen Peder Nilsson Eide (1864-1950), men dei fekk ikkje born i lag og vart skilde alt i 1902. Den seinare lagnaden hennar er ukjend! Eg har følgjande utfordringar om Rakel Oline: ** Er det mogeleg å stadfesta utvandringsåret hennar 1890 frå Haugesund? ** Er det mogeleg å finna ho att i Amerika etter 1902? Kanskje finst det dødsmeldingar eller skifte etter foreldri hennar i Haugesund? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Denne huslyden har eg slite me i mange år å finna ut av kvar vart av. Skysskaffar Aamund Berentson i Marifjøæra døytdde i 1880, og ved skiftet hans året etter vert to frå verande ervingar nemnde: * dotteri Anna i Amerika, ingen adresse oppgjeven * sonen Bernt i Amerika, ingen adresse oppgjeven Sonen må vera den Benson Amund som ved FT1880 var jarnbanearbeidar i Mayville township, Clark Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBK-GFJ Anna har eg aldri greidd å finna att, og kvar det vart av dei, er eit «kjempemysterium»! Kanskje nokon greier å løysa denne for meg? Då ville eg verta hoppande glad! Og kanskje greier nokon å finna ut kvar det vart av sonen Jens?? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Aamund Berentson Marifjæren, son av føregåande strandsitjar og herifrå plassen, vart døypt i Luster 11.12.1808 og d. som strandsitjar i Marifjøra 20.12.1880. Han gifte seg 4.11.1839 med Maria Andersdotter frå Øy under Marheim. Ho vart døypt 26.7.1807 og d. som strandsitjarkone i Marifjøra 13.6.1879. Aamund tok over som skysskaffar i Marifjøra etter far sin og vart soleis den femte og siste generasjonen med dette yrket. Samstundes dreiv han Maria heimeplassen hans i Marifjøra og budde her levetidi ut. Dei fekk seks born i lag, men Maria hadde òg ei dotter før ho vart gift: 1. Siri Pedersdotter (1833-1834), var dotter av Maria og husmann Peder Pederson i Bakkane under Urnes (1802-1867). 2. Ole Aamundson (1838-1873), d. ugift i Marifjøra. 3. Anna Aamundsdotter, f. 22.1.1841, Anna Amundson utvandra til Amerika i 1868 og ##### (her destiny? – was still alive 1881!) 4. Jens Aamundson, f. 10.11.1843, nemnd i Marifjøra i 1865. Jens Aamundson flytte ##### (lagnaden hans? – flytte frå Hafslo, kan henda òg til Amerika, men var avliden før 1881!) 5. Bernt Aamundson, f. 17.10.1846, Bernt Amundson utvandra til Amerika i 1867 og busette seg i Mayville township nær Neillsville, Clark Co., Wis. der han livnærte seg som jarnbanearbeidar («railroad worker»). ##### (lived there single in 1880 – was still alive 1881 – later destiny??) 6. Andreas Aamundson (1847-1852). 7. Mari Aamundsdotter (1849-1933), vart gift med skomakar Carl Kristoffer, kjend som Kristoffer Wilhelmson på Kvalsøyri under Dalsøyri i Luster (1855-1930). ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Denne familiefaren, Iver Olson, opphavleg frå Veum nordre i Hafslo, gifte seg med ei odelsdotter på ein av storgardane på Rønnei i Luster, men det vert fortalt at han ikkje dugde som gardbrukar, og etter elleve år på garden hjelpte slekti til kona i 1872 med amerikabillett for å verta «kvitt» han! Han og kona Martha hadde mange born, derav fleire døtrer som skal ha butt i St. Paul, Ramsey Co., MN der nokre av dei skal ha vore lærarar. Men eg har store vanskar med å finna dei att, og no vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg. Ei av utfordringane er tydeleg at dei nytta ulike ættenamn, Ronnei i ulike former (Runnie/Rounie), Everson og Iverson. Her er manuskriptet mitt for denne huslyden, størstedelen produsert på 1980-talet, men med nokre suppleringar: ~~~~~~~~~~~~~~ Iver Olson Rønnei, frå Veum nordre i Hafslo, var f. i Hafslo 27.1.1837 og gifte seg i Luster 14.5.1861 med Martha Olsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden, f. 30.11.1840. Iver fekk 3.6.1861 skøyte på heimebruket til kona her på Rønnei, og dei dreiv garden fram til 1872. Iver og Martha Ronnei utvandra til Amerika i 1872 og slo seg ned som farmarar i Albion township, Trempealeau Co., Wis. der Iver d. 3.5.1902. Martha Ronnei flytte straks til døtrene i St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho d. 23.8.1902. Dei fekk ni born i lag: ##### (1900 census Albion township, Trempealeau Co., WI shows Iver, Martha and daughter Mina: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120645_00270?usePUB=true&_phsrc=Nzx24097&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=64202009 a. Ingeborg, kjend som Emma Everson, f. i Luster 7.5.1862, utvandra til Amerika med foreldri i 1872 og d. i St. Paul, Minn. 30.5.1939. Emma gifte seg i St. Paul, Minn. 29.9.1884 med Michael John Shanahan, f. i Ramsey Co., Minn. 21.10.1862. Han d. i St. Paul, Minn. 13.3.1936. Michael Shanahan var skomakar («shoemaker»), og han og Emma budde levetidi ut i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. b. Kirsti, kjend som Christine ##### (last name?) f. i Luster 15.12.1864, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1872, men flytte til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho arbeidde som lærar («schoolteacher»). ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN about 1915?) c. Ingeborg Marie, kjend som Mary ##### (last name?) f. i Luster 29.10.1867, utvandra med foreldri til Amerika i 1872 og d. i St. Paul, Minn. ##### (date and place of her death? – about 1910?) Mary gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med Charles Duke Buck, f. i Chicago, Ill. 14.8.1876. Han gifte seg sidan att, men d. i St. Paul, Minn. 4.11.1922. Charles Buck var kontormann («office clerk»), og han og Mary budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei var barnlause. ##### (very questionnable if this information is correct!?) d. Ole, kjend som Holly Rounie, f. i Luster 11.6.1871, utvandra òg til Amerika med foreldri i 1872 og d. i Jefferson Barracks, Mo. 29.1.1943. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? – 1902/1903?) med Ora E. ##### (middle name?) Gilleland, f. ##### (date and place of her birth? – IL Dec. 1883?) ##### (date and place of her death? – after 1910!) Holly var elektrikar og sidan maskinarbeidar og dampmontør («electrician, machinist and pipefitter»). Han og Ora budde ei tid i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis., men flytte før 1910 til St. Louis, Mo. ##### (NB: death certificate says he was divorced! – year of this? – after 1910) Dei fekk ein son i lag, som d. kort etter fødsli. ##### (son Holly Jr. born in Milwaukee, WI May 4, 1903) e. Mina ##### (full name?) ##### (last name?) f. i Trempealeau Co., Wis.. ##### (exact date of her birth?) .11.1873, var restaurantarbeidar («restaurant worker») i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN about 1912?) f. Otis William Iverson, f. i Trempealeau Co., Wis. 13.5.1876, d. i Ione, Wash. 30.11.1943. Han gifte seg i Spokane, Wash. 4.11.1901 med Martha Mae Moon, f. i Otter tail Co., Minn. 16.12.1883. Ho d. i Spokane, Wash. 25.1.1971. Otis var ei tid sagbruksarbeidar («saw mill laborer») i Begland precinct, Stevens Co., Wash., men han og Martha flytte kring 1915 til Ione, Pend Oreille Co., Wash. der Otis var ferjeførar, fabrikkarbeidar og kraftverksarbeidar («river ferryman and pole yard worker and power and light laborer»). Som enkje gifte Martha seg att ##### (date and place of their marriage? – about 1950?) med enkjemannen Edward George Merrow, f. i Somerset Co., Me. 26.9.1883. Han d. 31.1.1961. Edward var snikkar («carpenter») og hadde vore gift to gongar før. Han og Martha budde òg i Ione, Pend Oreille Co., Wash. Martha fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Otis, men Edward hadde òg ei dotter frå første ekteskapet sitt. g. Maggie ##### (full name?) Runnie, f. i Trempealeau Co., Wis. 2.6.1879, d. i Eau Claire, Wis. 15.3.1954. Maggie gifte seg i Trempealeau Co., Wis. 3.11.1900 med Sever A. Severson. Han var f. i Vernon Co., Wis. 10.8.1867 og d. i Trempealeau Co., Wis. 29.1.1938. Maggie og Sever farma i Albion township, Trempealeau Co., Wis. og fekk seks born i lag. h. Eva ##### (middle name and last name?) f. i Trempealeau Co., Wis. ##### (exact date of her birth?) .5.1883, flytte i ung alder til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho arbeidde som lærar («school teacher»), ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN after 1910?) i. Oscar ##### (middle name?) Iverson, f. i Trempealeau Co., Wis. ##### (exact date of his birth? – 1886!?) ##### (drowned in the river near the farm in 1894 – 8 years old! – details?) NB: 1910 census: Mina and Eva Iverson living in the same house in St. Paul, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ4-98V ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Dette er ei jente som eg har leitt etter i over 40 år, men aldri greidd å komma på sporet etter. Kanskje nokon kan klara det? Christina Halvorsdotter, fødd på garden Rønnei i Luster 11.9.1845, yngste barnet av Halvor Pederson (1799-1852) og Gjertrud Endresdotter (1800-1863). Christina utvandra i 1869 i lag med broren Anders Halvorson (1844-1893) til Amerika. Om Anders veit me at han gifte seg i Columbia Co., WI 4.12.1875 med nabojenta Ingeborg Nilsdotter frå Rønnei i Luster 1850-1916), og våren 1876 flytte dei til ein farm i Jacksonville township, Chickasaw Co., IA der dei fekk sju born i lag. Dei skreiv seg for Halvorson! Det næraste eg kjem i kveld, er denne ugifte tenestejenta i Chicago, IL 1870: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7163/images/4262753_00140?usePUB=true&_phsrc=Nzx24080&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=15810551 Kan det vera denne: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V2P8-LTT Det hadde vore gildt om me endeleg kunne komma på sporet etter denne jenta frå Luster, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  21. Huslyden til Daniel Ingebrigtson, mannen som pakta garden Haganes i Luster i fleire år før han utvandra til Amerika i 1861, ser ved første blikk bra ut, men då eg jobba med denne huslyden kring 1980, vart eg ståande «bom fast» på ganske so mange detaljar, som eg absolutt lyt henta fram frå mørkret.... Den største utfordringi er truleg lagnaden til sonen John, som sist er kjend frå Sioux City, IA i 1902, men ymse svigerinnar har ogso skaffa meg «hovudbry»! Kanskje er det nokon som kan bidra med detaljar til å komplettera denne biografien? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  22. Dette er ei skikkeleg utfordring som eg har hatt liggjande sidan føregåande hundreår. Kanskje er det mogeleg i dag å komma vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Christenson Eide, frå Bolstadmoen under Bolstad, vart døypt 23.7.1809 og gifte seg 8.7.1857 med Britha Olsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 2.7.1828. Det ser ut til at dei fekk plassen her i Eidsbakken etter foreldri hennar frå 1856, men reiste herifrå alt i 1858. John og Britha Christenson utvandra i 1858 til Amerika, men ##### (lagnaden deira? – døydde tidleg? - kvar var dei i 1860? - kva med sønene?) Me kjenner til ein son etter dei, men Britha hadde òg ein son frå før: a. Ole Johan Johannesson, son av Britha og gardbrukarsonen Johannes Arneson frå Kvalsviki (1830-1913), var f. i Bergen 5.5.1851, ##### (lagnaden hans? – truleg utvandra med mori og stefaren til Amerika? - eller ikkje?) b. Christen, kjend som Christian J. Fortney (1857‑1913), utvandra med foreldri i 1858, men vart oppalen hjå gardbrukar Torger Olson frå Fortun (1808-1880) og andre kona hans, kjende som Torger og Gena Fortney, farmarar i Kickapoo township og sidan i Franklin township, Vernon Co., Wis. og tok difor dette namnet. Han vart gift første gongen med Susan Salmonson (1862‑1892), dotter av gardbrukarsonen Ole Salomonson frå Ottum (1811‑1871), og sidan attgift med husmannsdotteri Gunnhild Larsdotter frå Hestedalen under Kroken (1863-1945) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~~ Torger Olson var fødd på garden Fortun i Luster og vart døypt derifrå 17.7.1808. Han utvandra med første kona si i 1848. Ho døydde visstnok av kolera kort etter ankomsten, og Torger gifte seg att i Dane Co., WI 25.7.1853 med Gjertrud Kirstine Pedersdotter Hjermann frå Stødnum i Lærdal, fødd der 23.2.1820. Torger Fortney døydde 18.2.1880, men dødsfallet til Gertrude «Gena» har eg ikkje finne, enno! Her ser me dei i FT1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSF-9N78 Her ser me dei i FT1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-RMY Her ser me Gjertrud i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-9HYZ Som me ser, var to av borni hans frå første ekteskapetr framleis i lag med dei i 1860, medan Christian er komen til dei før 1870. Han er framleis hjå fostermori i 1880. Men kvar Christian heldt til i 1860, har eg ikkje greidd å finna ut, enno! Dei største «kjernepunkti» i denne huslyden vil vel vera: ** Finna att Christen i FT1860 - kva no enn namnet hans kan ha vore...? ** Freista finna halvbroren Ole Johan, fødd 1851 - me veit jo ikkje om han utvandra eller kanskje voks opp i Bergen? ** Finna dødsfallet til fostermori Gertrude «Gena» Fortney, f. Hjermann? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Dette er ei utfordring som eg først nylig er vorten merksam på, etter at eg oppdaga Lewis hadde gift seg som enkjeman med ei enkje frå Luster.. Lars Anton var fødd i Botne 29.4.1846: https://media.digitalarkivet.no/view/5915/35 Foreldri Martin Andersson og Karen Marie Jacobsdotter var tydeleg gardbrukarar på Bringager nordre i Botne, som gifte seg i Botne 18.1.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/8145/152 FT1900 seier Lewis utvandra i 1853: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LSS-NHM FT1910 seier Lewis utvandra i 1852: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYK-SPRY Eg finn ikkje noki utvandring for denne huslyden i kyrkjeboki for Botne. Kan noko med lokal kunnskap, eventuelt tiløgjenge til ei lokal bygdebok, finna følgjande detaljar: ** Kva år utvandra denne huslyden til Amerika? ** På kva gard/plass var Martin Andersson fødd/oppvaksen (Bringager?)? ** På kva gard/plass var Karen Marie Jacobsdotter fødd/oppvaksi (Løvald?)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Er det noen som vet om det finnes kirkebøker på nett etter "Norwegian Lutheran Congregation on Koshkonong Prairie in Dane and Jefferson Counties, Wisconsin Territory"? Kirken ble grunnlagt i 1844. Finnes det en samlet oversikt over hvilke norsk-lutheranske kirker i Dane county som har etterlatt seg kirkebøker, som finnes på nett?
  25. Dette er ei vigsle som eg har leitt etter sidan førre hundreåret, men aldri greidd å finna: Hans Andersson Sperle (son av Anders Otteson Sperle), fødd i Luster 14.7.1851, utvandra i 1867 til Dane Co., WI Dorthea A. Christopherson (dotter av Anders Christopherson Leirdal), fødd i Luster 9.3.1855, utvandra i 1862 til Dane Co., WI skal vera vigde kring 1873. Eldste barnet deira var Andreas Olaus, fødd i McFarland, Dane Co., WI 21.9.1873. Etter det eg veit budde dette parfolket alltid i McFarland, Dane Co., WI, og eg har sjølv vitja farmen deira der! Desse folketeljingslistene seier båe at dei vart vigde i 1873: FT1900 (finn ikkje hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120622_00811?usePUB=true&usePUBJs=true&pId=73607562 FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYK-SJYB Normalt skal alle vigsler på den tidi vera registrerte i dei offisielle kjeldene, i alle fall var dette so i Wisconsin. Men kanskje dei kan ha drege ein eller annan stad for å gifta seg «out of state»? Men dette var ikkje vanleg so tidleg! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.