Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'washington'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 15 results

  1. Det vart utstede ei vigselsattest i Idaho Co., ID 29.6.1899 for William G. SHIRRELL Alma HARPER (f. Dyer) Dei var busette nær Colfax, Whitman Co., WA. Name: Alma Harper Gender: Female Residence Place: Colfax, Whitman Co., Washington Marriage Date: 29 Jun 1899 Marriage Place: Idaho, Idaho, USA Spouse: William G. Shirrell Eg har ein sterk mistanke om at Alma var ENKJE på den tidi og vonar at det let seg gjera finna ein omtale av denne vigsli i lokal presse? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Yngste bror av min tipp-oldefar (https://forum.arkivverket.no/topic/109886-24201-etterkommere-martinus-o-haugen-bst-skaar-dverberg-nordland-i-1900/) vart gift, fekk 3 barn og døde heller ung. Hans navn var Ole Martines Oles. Balsnes, f. 28.4.1843, dp. 7.5.1843. Far ettern. Haugen. Her er han med kona og dotter ved FT1865; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038272003870 Han d. 7.11.1867: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000460289 Ole Olsen Hougen den yngste Merknader: funden død i norfjorden et til hans paa marken ?? SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 9, 1861-1868, s. 702-703 Permanent bilde-ID: kb20070302640720 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070302640720 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302640720.jpg Han vart gift 16.7.1864 i Eid (Nordfjord) med Anne Marie Johannesdtr. Myklebust f. 7.6.1841, dp. 12.6.1841. Dei fekk tre born: Rakel Samuline, f. 22.9.1864. Til USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049533 Rasmus Olai f. 21.4.1866. Til USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049534 Oline Berntine f. 28.2.1868. Til USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049535 Mora deira, Anne Marie, til USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049532. Til USA reiser også foreldrene til Anne Marie, nemleg: Johan(nes) Eriksson f. 13.4.1819 (USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049530) Ragnhilde Rasmusdtr. f. 12.10.1818 (USA 1873; https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000049531) Eg finn dei som ankomne i New York 26.6.1873 med skipet «Peter Gibson» då med etternavnet Myklebust på alle 6. Dei to yngste barna vart konfirmert hhv 1879 og 1880 i Utica Lutheran Church, MT Sterling, Wisconsin, USA, men eg har ikkje funne familien ved Census 1880. Når det gjelder Rasmus Olai har eg funne han som gift 1888 og busett i WA, SD før han omkring 1903 drog til SK, Canada. Han kom attende i 1917 og budde sidan i WA der han dø 29.5.1934 (https://www.findagrave.com/memorial/85967896). Kona d. 24.3.1935 (https://www.findagrave.com/memorial/87212378). Dei fekk 12 born, der minst 3 døde små. Eg treng ikkje noko hjelp mtp Rasmus Olai - men eg har ikkje funne noko meir om dei andre som reiste saman med Rasmus Olai. Kvar tok dei vegen etter 1873? Dei var tydeligvis i Wisconsin omkring 1880, men finn dei ikkje i C1880 (eller seinare). Eg hadde sett pris på om desse folka kunne finnast att. Kanskje drog dei også til Canada, slik som Rasmus gjorde i ein periode (to av barna til Rasmus busette seg i Canada).
  3. Dette er ein huslyd med tilknytting til Luster og Lindås som eg arbeidde med då eg hausten 1982 vitja m.a. Minnesota. Eg snakka med etterkomarar, og dei fortalte meg kva dei visste, No har eg konstatert at informantane mine ligg «under torvi», og eg har vanskar med å få tak i dei siste detaljane. Særleg er eg svært i stuss på kvifor eg ikkje kan finna spor etter Stina og Christopher Gjerde som utvandra frå Lindås so seint som i 1925 i retning Washington state!? No vonar eg på eksperthjelp til å løysa nokre av dei «flokene» som står att... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Jacob Johnson døydde i Tacoma, WA 6.8.1970 og vert då oppgjeven fødd i Noreg 20.1.1883. Same fødselsdato kjem både på WW1 draftet og WW2 draftet. Han gifte seg i Minneapolis, MN 3.11.1911 med Caspara Pauline Haverberg, fødd i Jackson Co., MN 4.9.1891. Her er dei i FT1920 - utvandringsår for Jacob 1906: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFS-PX9 Her er dei i FT1930 - utvandringsår for Jacob 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCN-K4D Her er dei i FT1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-7CYJ Truleg er Jacob her i FT1910 som ugift - utvandringsår 1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRV4-7TD Er det mogeleg å identifisera det norske opphavet til denne Jacob Johnson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Etter stor success med dei to Cedergren-søstrene frå Högsby i Sverige vil eg no gjerne ta opp til drøfting lagnaden til Amanda Cedergren og mann hennar frå Luster, Daniel Andersson frå plassen Ytreland under Hærum. Eg meiner eg har leitt «høgt og lågt», men eg finn berre ikkje ut av vigsli deira, som må ha finne stadf i eller nær Kansas kring 1880. Heller ikkje finn eg vigsli til sonen Thomas, som etter «tradisjonen» skal ha gift seg i Seattle, WA kring 1916 med Emma Jorgine Hovig frå Mankato, MN, men med røter frå Askvoll i Sunnfjord. Ogso lagnaden til eine svigerdotteri er eit «mysterium»... Kanskje nokon kan hjelpa meg vidare gjennom avisoppslag eller liknande? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Daniel Andersson {Hærum}, f. {i Luster} 3.1.1847, Daniel Anderson utvandra til Amerika i 1867, og etter ei tid i Wisconsin ##### (to be verified? - kvar er han i 1870 og 1880?? - utvandra i lag med broren Anders, f. 15.1.1850 - kanskje budde dei i lag i 1870?) flytte han til Russell Co., Ks. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? - Kansas about 1880!?) med Amanda Christine Cedergren frå Oskarshamn i Kalmar län i Sverige, kjend som Amanda Cedergren, ei søster av Selma som gifte seg med den yngre broren hans, Hans, kjend som Henry Anderson (sjå under). Dei var båe døtrer av landhandlar og seinare ølbryggjar Eric Carlsson Cedergren i Oskarshamn, opphavleg frå Granbäcken i Mörlunda, Kalmar län, og kona Anna Sophia, kjend som Sophia Petersdotter frå Brunnsmåla i Högsby, Kalmar län. Amanda var f. på Sandslätt i Högsby, Kalmar län i Sverige 7.7.1861, men utvandra til Amerika i 1877. Daniel og Amanda farma først i Fairfield township, Russell Co., Ks., men flytte kring 1896 til ein farm i Cross township, Kay Co., Okla. og derifrå kring 1899 til ein farm i Dog Fish Bay precinct, Kitsap Co., Wash. Noko seinare finn me Daniel att som maskinmeistar og snikkar («grading contractor and carpenter») i Seattle, King Co., Wash. der han d. 4.11.1917. Amanda Anderson d. i Edmonds, Wash. 23.2.1930. Dei fekk fem born i lag: a. Andrew Norman Anderson, f. i Russell Co., Ks. 14.12.1881, d. i Seattle, Wash. 14.5.1927. Andrew gifte seg i San Francisco, Cal. 23.9.1913 med Elisabeth Viola Olga Clara, kjend som Elsie V. Sellmer, f. i Milwaukee Co., Wis. 5.10.1894. Ho d. ##### (date and place of her death? - still lived 1945 at Bellingham, WA - ?Elisabet Anderson of Phoenix, AZ - died July 1971 - SS from WA!) Andrew var aksjeseljar («stock promotor»), og han og Elsie budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men flytte kring 1921 til Vancouver, Clark Co., Wash. og kring 1924 vidare til Bellingham, Whatcomb Co., Wash. der Andrew var seljar («salesman»). Som enkje livnærte Elsie seg som restaurantstyrar og fotograf («restaurant manager and photographer»). Dei fekk tre born i lag. b. Eric Richard Anderson, f. i Russell Co., Ks. 29.12.1882, d. i Vancouer, Wash. 15.3.1975. Eric gifte seg i Portland, Ore. 22.6.1910 med Josephine Lucke, f. i Multnomah Co., Ore. 9.9.1889. Ho d. som Josephine Kistler i Vancouver, Wash. 12.7.1967. Erik var leiar for eit oljeselskap, og han og Josephine budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men flytte i 1921 til Vancouver, Clark Co., Wash. der Eric livnærte seg som aksjemeklar («stock broker»). Dei vart skilde i 1939, men Josephine gifte seg sidan att tre gongar. Eric og Josephine fekk fire born i lag. c. Thomas Edward Anderson, f. i Russell Co., Ks. 14.9.1884, d. i Seattle, Wash. 28.2.1975. Thomas gifte seg i Seattle, Wash. 16.8.1915 med Emma Jorgina, kjend som Peggy Hovig, f. i Blue Earth Co., Minn. 11.8.1887. Ho d. i Seattle, Wash. 23.11.1982. Thomas var ei tid bokhaldar («bookkeeper») i Portland, Multnomah Co., Ore., men han og Peggy flytte i 1920-åri til Edmonds, Snohomish Co., Wash. der Thomas var tømmeragent («timber salesman») og først på 1930-talet til Seattle, King Co., Wash. der Thomas var eigedomsseljar («realestate salesman»). Han og Peggy fekk ein son i lag. d. Sophia Thora Anderson, f. i Russell Co., Ks. 22.1.1886, d. i Edmonds, Wash. 20.7.1961. Sophia Anderson gifte seg i Seattle, Wash. 21.6.1905 med Albert Edward Maxwell. Han var f. i Yankton Co., S.D. 22.10.1883 og d. i Edmonds, Wash. 10.6.1979. Albert Maxwell var bankfunksjonær («bank clerk»), og han og Sophia budde først i Seattle, King Co., Wash., men flytte i 1921 til Edmonds, Snohomish Co., Wash. Dei fekk tre born i lag. e. Julius Daniel, kjend som Andy Anderson, f. i Kay Co., Okla. 2.4.1897, d. i Lincoln City, Ore. 25.9.1985. Han gifte seg i Portland, Ore. 31.12.1920 med Neva Alta Thomas, f. i La Crosse Co., Wis. 30.7.1900. Ho d. i Woodburn, Ore. 16.7.1993. Julius Anderson var bilmekanikar («auto mechanic»), medan Neva var korrekturlesar («proof reader»). Dei budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men flytte i 1940 til Lincoln City, Lincoln Co., Ore. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg har i over 30 år spekulert på kven denne Bertina «Tina» Olson «frå Christiania» kan ha vore, ho som kring 1894 gifte seg med emigranten Johannes Christopherson Søvde frå Luster. Kanskje tidi no er kommi til å finna ut av denne gåta? Og kanskje kan også sjølve vigsli deira finnast? Dødsattesten hennar finn eg ikkje, men her er i alle fall gravstøtta hennar frå Everett, WA: https://www.findagrave.com/memorial/132884380 Og her er eit manuskript for Tina og mann hennar: ~~~~~~~~~~~~~ Johannes Christopherson Søvde, f. {i Luster} 22.12.1863, John C. Sovde utvandra til Amerika i 1883 og busette seg 1885 i Tower, St. Louis Co., Minn. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? - about 1894?) med Bertina ##### (fullt «norsk» namn?) frå ##### (norsk opphav? - nær Christiania?) i Amerika kjend som Tina Olson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1874?) men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar? - kring 1890!) John Sovde var kolonialhandlar (»grocer»), og han og Tina vart buande i Tower, St. Louis Co., Minn. til dei i 1903 flytte til Everett, Snohomish Co., Wash. John d. i Everett, Wash. 16.5.1942, medan Tina Sovde d. same staden 17.5.1961. Dei fekk seks born i lag: ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Denne huslyden samla eg det meste av opplysningane om tidleg på 1980-talet. Eg meiner å hugsa det var ei privat ættebok for Urdahlsætti som inneheldt det meste. Men det har synt seg i ettertid at dette manuskriptet ikkje held mål når det gjeld detaljrikdom, og eg har i dag freista fylla ein del av dei hòli som finst, men utan lokal kunnskap i Våler er det vanskeleg å komma heilt i mål. Kanskje er det nokon som kan bidra med lite vetta hjelp? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Christen Christopherson Søvde, fødd i Luster i 1865, hamna som kolonialhandlar i Everett, WA. Han gifte seg med Hannah Marie de Märde frå Oskarshamn i Kalmar län i Sverige. Dei fekk to born i lag. Eg samla det meste av opplysningane om denne huslyden på 1980-talet, men nokrer detaljar greidde eg adri å få tak i, og no vonar eg at einkvan kan hjelpa meg lite vetta for å komma vidare? Det gjeld særleg opplysningar om opphavet til Hannah i Sverige og lagnadane til båe konene til sonen Carroll, samt det fuille namnet til dotteri Isabelle... Slik ser det oppdaterte manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Eg slit med å identifisera det norske opphavet til denne jenta: Josephine Lier/Lire, fødd i Noreg 13.12.1883, skal ha utvandra i 1905 og døydde i Clark Co., WA 1.5.1966: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:J5ZY-JJQ Her er ho med mann sin i FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYY2-SJHK Her er ho med mann sin i FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJP-3QZ Her er ho med mann sin i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RCD-LPT Her er ho med son sin i FT1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-94LY Her er so vigsli til sonen Charles som syner jentenamnet til mori, Josephine Lire: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89WC-C8T6 Josephine gifte seg med Arne Christopherson Søvde, fødd i Luster 31.10.1882. Vigsli fann stad i Duluth, MN 22.4.1907: ST. LOUIS T24-060 04/22/1907 SOVDE, ARENT C LIER, JOSEPHINE https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314904-00385?pid=10831650&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16671&_phstart=successSource Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Eg er på leiting etter det svanske opphavet til: Abraham Larsson, oppgjeven fødd i Sverige 4.12.1871, son av ein Lars Pearson og utvandra til Amerika i 1890 (kjelde FT1920 og 1930) Han busette seg i Moclips, Grays Harbor Co., WA, men flytte sidan til Seattle, King Co., WA der han døydde 21.12.1958. Eg finn ein utvandring frå Sverige i 1892 for ein Lars Persson med ei ung kone og ein son Abraham på 20 år: https://www.ancestry.com/interactive/1910/31255_187996-00262?pid=2765949&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid%3D1910%26h%3D2765949%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D6061&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&_ga=2.193705006.2053247276.1568908615-1442769865.1532627837 Som fødestad er oppgjeve Bjuråker, Gävleb. län, Sverige. Eg mistenker dette for å vera «vår» Abraham, men kanskje einkvan med «adekvat» kjeldetilgong kan stadfesta dette? I so fall er eg svært interessert i: ** Fullt «svensk» namn? ** Nøyaktig dato og stad for fødsli? ** Fulle namn på foreldri med yrke og opphav til båe? Her er vigsli hans med Gjertrud Søvde frå Luster i Aberdeen, WA 3.7.1905 som syner at far hans heitte Lars Pearson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L981-J3BZ?i=104&cc=1534448 Gjertrud døydde i 1942, og eg mistenkjer dette for å vera eit nytt ekteskap for Abraham i Seattle, WA 26.1.1943 med Lillie Freeman: https://www.digitalarchives.wa.gov/DigitalObject/Download/a39e7174-6537-4ac8-86d8-d512d3942401 ** Er det mogeleg å identifisera denne Lillie (Lillian) Freeman? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Ønsker å følge opp informasjon som har komme fram her; https://forum.arkivverket.no/topic/143877-58476-usa-tre-karer-fra-høyvik-askvoll-til-usa-1903-og-1909-–-deira-lagnad/  (NB! Dei andre personane som eg etterspurte info om der har eg funne ut av) ********** Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll i Askvoll, Klokkerbok nr. A 2 (1873-1885), Fødte og døpte 1884, side 42. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8600&idx_id=8600&uid=ny&idx_side=-41 Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640367.jpg Nr. 14 - f. 3.1.1884, dp. 23.4.1884 i Askvoll.   samme link under: ******************* SAB, Askvoll Sokneprestembete, Klokkerbok nr. A 2, 1873-1885, s. 42 Arkivreferanse SAB/A-79501 Permanent bilde-ID: kb20070319640367 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070319640367 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640367.jpg ******************* Som funne under så brukte han Hovick som etternavn, etter "Høyvik" eller "Høvik". Drog til USA 16. mars 1903; https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000703902 ******************* 1910 United States Federal Census Name: Con Horick [Con Hovick] Age in 1910: 26 Estimated Birth Year: abt 1884 Birthplace: Norway Relation to Head of House: Inmate Father's Birth Place: Norway Mother's Birth Place: Norway Home in 1910: Seattle Ward 5, King, Washington Marital Status: Single Race: White Gender: Male Household Members: Name Age Anna Sulish 26 Mathilda Lewis 28 Augela Labreck 28 Jane Laplant 26 Margaret Garsery 45 Emma Chauvin 80 Marie Nadeau 30 Edwardina Pepin 40 Anna Bowler 55 Susan Lguiska 50 Julia Rodinaux 40 Augela Forbin 40 Daniel Jarvis 32 Smauel Hilby 33 Carl Johnson 60 Joe Petrovitch 46 Philip Nichols 37 William Selvi 54 Erick Wognison 23 Sahman Hamad 16 Frank Gaglio 38 Fred Hunt 60 Albert Luscka 21 Oroezio Santines 25 Charles Chadouoff 29 William Morgan 31 Sadie Saphire 23 Linda D Cabey 46 Maude Johnson 25 Mary Mathews 45   -Han er innlagt på et hospital. ************* Iht til C1920 har han budd i Canada ei stund, tilbake til USA i 1915, alle 3 barna fødde i Canada mellom 1908 og 1913. ************* World War I Draft Registration Cards, 1917-1918 Name: Conrad Hovick City: Not Stated County: King State: Washington Birth Date: 3 Jan 1884 Race: White Roll: 1991650 DraftBoard: 2 ************* U.S., Applications for Seaman's Protection Certificates, 1916-1940 Name Conrad Hovick Age 35 Birth Date 3 Jan 1884 Birth Place Borgen, Norway Application Date 24 Aug 1918 Application Place Seattle, Washington, USA Record Type Application - med bilde av Conrad. ************* Washington, Marriage Records, 1854-2013 Name Conrad Hovick Marriage Date 29 Jul 1918 Marriage Place Seattle, King, Washington, USA Spouse Oda Mae Mitchell Household Members Name Age Name Conrad Hovick Name Oda Mae Mitchell ************* 1920 United States Federal Census Name: Conrad Hovick Home in 1920: Rose Hill, King, Washington Age: 35 years Estimated Birth Year: abt 1885 Birthplace: Norway Relation to Head of House: Head Spouse's Name: Mary Father's Birth Place: Norway Mother's Birth Place: Norway Marital Status: Married Race: White Sex: Male Home owned: Own Year of Immigration: 1915 Able to read: Yes Able to Write: Yes Image: 1051 Household Members: Name Age Conrad Hovick 35 Mary Hovick 30 Margorie Hovick 12 Dorothy M Hovick 8 Irene Hovick 7 ************** U.S., Naturalization Records - Original Documents, 1795-1972 (World Archives Project) Name Conrad Matheson Hovick Gender Male Declaration Age 37 Record Type Declaration Birth Date 3 Jan 1884 Birth Place Bergen, Norway Arrival Year 1903 Residence Place Washington Declaration Date 24 Aug 1921 Declaration Place Washington, USA Court District Court Household Members NameAge Name Conrad Matheson Hovick ************** Skiftet etter mora til Konrad i 1938 fortel oss at Konrad då var død: Trone Marie var enke etter Mathias, død 26. desember 1888. Hun etterlot seg sønnen- Magnus, kaiarbeider, bosatt i Jørgen Moesgate 5 i Bergen, og- Konrad, død i Amerika, men for øvrig ukjent. **************** Broren Magnus dø i Bergen 7 Aug 1969. Han hadde kone og 3 barn. **************** Kva skjedde med familien etter 1920? Kan dette være samme Conrad Hovick, sjølv om det er indikert (visstnok) Nordmøre? Stavanger Aftenblad 17.01.1930:
  12. Else-A. J. Lillefuhr

    Fredrik Christian Sand Zahl

    Fredrik Christian Sand Zahl f 05 mai 1856 Nesna, Nordland. Reiste til USA. Dette er alt jeg har om han. Ble han gift? Etterkommere? Her er dåpen https://media.digitalarkivet.no/view/16591/93065/84. Så har jeg funnet dette Record Series: Death RecordsCollection: Department of Health, Death Index, 1907-1960; 1965-2017County: StatewideDa Reference Number: {31B5A4C6-64AC-4470-9A07-B73ECBDB4634}Image Number: 2554Document Number: 222Document Reference Id: 142First Name: FredrickLast Name: ZahlDate Of Death: 21 Apr 1947Age: 89Gender: MaleFather Name: ZahlBatch Id: 277620Batch Locality: Washington, United StatesDeath Place: Centralia, Lewis, Washington
  13. Eg syner til denne datafili frå WW1 draft records dagsett 12.9.1918: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-G1W2-9WVM Dette «soldatemnet» med namn Ola Kristian Sandwick (sjølv har han signert med Sandvick) med adresse Apex Fish company, Anacortes, Skagit Co., WA, vert oppgjeven fødd 9.9.1885. Det er ikkje oppgjeve fødestad, men han er «citizen of Norway», so han må vera fødd i Noreg! Yrket hans er «fish buyer», og som næraste pårørande les eg Reura Sandwick på same adresse! Kven kan denne karen ha vore? Eg saknar ein person med svært like personalia: Ole Olson Sandvick, fødd i Luster 23.8.1885, utvandra same hausten med foreldri sine, Ole Aamundson Sandvick (1843-1926) og kona Ingeborg «Emma» Larsdotter (1840-188?), til DeForest, Dane Co., WI, men mori døydde kort etter dei kom fram, og Ole Aamundson sat att med seks morlause born under 20 år - Ole Olson var den yngste. Det me veit om denne Ole Olson (kjelda mi frå 1980-talet var ei svigerdotter etter halvsøsteri Ingeborg Johannesdotter, som mori hadde frå før), var at Ole Olson «stakk av» heimefrå i svært ung alder (før 1900!), og dei høyrde aldri meir gjete han! Kan han ha teke seg til Washingon eller eventuelt Canada/Alaska for so å vera attendekomen til Anacortes, WA?? Eg finn ikkje denne Ola Kristian Sandwick/Sandvick att i nokon andre kjelder i Amerika! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Eg har fått ei dansk utvandrarutfordring som eg vonar at nokon kan hjelpa meg med? Anne Cathrine Pedersen er oppgjevi fødd i Magleholm, som vel er i Maribo amt i Danmark 13.7.1858. Foreldri hennar skal vera Peder Skatte Pedersen og Anne Margrethe Nielsen. Anna utvandra til Amerika og gifte seg i Dane Co., WI 22.11.1884 med Østen Larsson Kroken frå Luster. FT1900 syner diverre ikkje noko utvandringsår for ho: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q19-K8L FT1910 syner diverre heller ikkje noko utvandringsår: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBH-P2F Er det likevel mogeleg utifrå desse opplysningane å finna ut/kontrollera: ** Dato og stad for fødsli til Anne Cathrine? ** Utvandringsåret hennar? ** Fulle namn på foreldri med yrkestitel, bustad(ar) og opphav til båe? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Eg kjem i kveld med ei ny utfordrande huslyd frå den amerikanske vestkysten: William Goble SHIRRELL skal vera fødd i Lane Co., OR i april 1868 (ukjend dato) døydde i Santa Cruz, CA 12.8.1941 Han gifte seg i Idaho Co., ID 29.6.1899 med: Alma V. DYER fødd i Idaho Co., ID 17.10.1866 døydde i Hood River, OR 5.5.1949 William og Alma farma i Bethel preconct, Whitman Co., WA, men vart skilde kring 1906, og William flytte til Klamath Co., OR og sidan til Yreka, Siskiyou Co., CA, men døydde altso i Santa Cruz, CA... Òrsaki til skilsmålet skal etter segni ha vore følgjande: Alma forelska seg i ein ung farmarbeidar med foreldre frå Hafslo i Sogn: Nels N. KINS fødd i Buffalo Co., WI 17.8.1880 døydde i Miami, OK 26.1.1970 Nels og Alma «stakk av», men skal ha gift seg kring 1908, dato og stad ukjende, og busette seg først i The Dalles, Wasco Co., OR og sidan i Viento, Hood River Co., OR der dei livnærte seg som «truck farmers»! Ein gong på 1940-talet fekk Nels nok av dette livet og «stakk av». Ikkje ein gong søskeni hans visste kvar det vart av han, men takk vera kjempeflotte registre i ulike statar fann eg han att i Miami, Ottawa Co., OK der han kom som ein gamal blind og fattig «landstrykar» med berre ein fot, og då han døydde, vart han gravlagd på ein indianarkyrkjegard utanfor sjølve Miami. Eg snakka for fleire år sidan med mannen frå gravferdsbyrået som stod for gravferdi, og han nemnde at ingen endå hadde gjort opp for kostnadane til gravferdi!! Alma fekk ingen born i nokon av ekteskapi sine. Eg har tre sentrale spørsmål: Er det mogeleg å finna: ** Nøyaktig dato for fødsli til William Goble SHIRRELL? ** Mellomnamn for Alma V. DYER? ** Og det kanskje mest spennande: Dato og stad for vigsli til Nels KINS og Alma SHIRRELL, f. DYER? Eg har leitt i årevis etter desse opplysningane, men står framleis «bom fast». Kanskje andre har betre og utkvilde auge å leite med? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.