Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'oregon'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 11 results

  1. Eg syner til denne vigsli som fann stad i Vancouver, Clark Co., WA 10.4.1939: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-996P-DH74 Brudgomen James Garfield CHAPIN var fødd i Grand Forks Co., ND 30.3.1882 og døydde i Portland, OR 13.10.1942. Han hadde før vore gift med Ingeborg «Belle» Iverson (1884-1922) som hadde foreldri sine frå Luster i Sogn. Bruri Myrtle E. DUNDON, f. LEE var fødd i Nebraska ??.11.1884 og var ein del av denne huslyden som me finn i King Co., WA i FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6XM7-4G5 Huslyden til James Garfield Chapin dukkar opp i fleire ancestry family trees, mellom anna her der andre kona vert kalla «Mrs. MURRAY», utan at eg finn noki forklaring: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/78744878/person/46393281245/facts Det er likevel «påfallande» at han sat enkjemann i 17 år før han gifte seg att..., so kanskje var han gift TRE gongar? Eg slit med følgjande utfordringar: * Fullt namn til andre(?) kona Myrtle E, f. Lee - kven var første mann hennar? * Dato og stad for fødsli hennar Myrtle? * Dato og stad for dødsfallet hennar Myrtle? * Kvar budde James Garfield og Myrtle Chapin i 1940? * Kven var Mrs. Murray? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  2. Då eg på 1980-talet arbeidde med denne personen frå Luster, fekk eg følgjande opplysningar frå etterkomarar etter søskeni hans: Salomon Olson Berge, fødd i Luster 12.9.1853, utvandra med mpr si til Amerika i 1867 og var i 1880 busett som farmarbeidar hjå broren Peder i Franklin township, Vernon Co., WI So fortel slekti følgjande: «Sam reiste frå Wisconsin og var farmarbeidar mange ulike stadar i Nord-Vesten». Han skal aldri ha vore gift,, men var i 1932 busett i Oregon! Sidan høyrde dei aldri meir gjete han...» Eg fann på Internett ein underleg liktale for ein Sam Berg frå Oregon: ~~~~~~~~~~~~~~ Obituary Salem, OR Sat. Aug. 26, 1939: Samuel B. Berg Aurora – Samuel B. Berg, 87, resident of Clacksmas county for the past 33 years, died at his home in Canby Monday morning after a short illness. Berg was born in Hegleland Sogue, Norway July 31, 1852. He came to the United States at the age of 16, and settled in Minnesota, and later homesteaded in North Dakota, returning to Minnesota where he was united in marriage to Gina Sandsness June 11, 1886. He returned to his homestead in North Dakota and lived there for three years when he, with his family moved to Melville, Montana, where they lived for 18 years. In the summer of 1905, Mr. Berg visited the World’s fair in Portland and while there he purchased the old Barlow place at Barlow, moving his family to Oregon in the spring of 1906, where the family lived until 1919, or until Mr. Berg retired from actve farm life. Mr. and Mrs. Berg moved to Silverton where they lived until 1921, moving to Canby at that time, where he had since resided. Mrs. Berg preceded him in death November 4, 1936. He is survived by nine children: Mrs. Clara Johnson of Junction City; Mrs. Agnes Drew of Castle Rock, Wash., Mrs. Emma Schreder of Salem, Mrs. Stella Avit of Los Banos, Calif., Mrs. Nellie Hams of Canby, Bernard and Albert Berg of Barlow, George of Canby and Elmer of Salem; one sister Julia Berg of Stanley, N. D., and 17 grandchildren. Funeral services will be held from the Canby Funeral home Tuesday afternoon with Rev. N. J. Aadland, Pastor of Zoar Lutheran church officiating. Interment Zion cemetery, Canby. ~~~~~~~~~~~~~~ MEN, denne Sam Berg syner seg vera fødd i Helleland på Jæren og er identisk med denne personen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003184365 So, eg leiter stadig vekk etter «min» Salomon «Sam» Berge og ville setja kjempestor pris på om nokon kunne greia finna han att? Hjarteleg takk på førehand for alle gode tips!
  3. Eg har i mange år freista finna det norske opphavet til denne personen, som eg med dagens hjelpemidel vonar å finna: Erik Johnson VIKENES - i Amerika kjend som Erick Johnson- er oppgjeven fødd i Noreg 15.5.1872. Han gifte seg i Portland, OR 18.8.1909 med Rikka Ness, fødd i Goodhue Co., MN 22.12.1875. Dei busette seg i Eugene, Lane Co., OR der Erick døydde 23.1.1971 Kan nokon hjelpa meg finna ut av: * Fullt norsk namn? * Dato og stad for fødsli hans? * Utvandringsåret hans? * Fulle namn på foreldri hans med yrke og bustad? * Kvar var faren fødd/oppvaksen? * Kvar var mori fødd/oppvaksi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette er ein person som eg har vore på leiting etter i minst 35 år, og som eg so langt ikkje har greidd å finna det norske opphavet til! Kan nokon please hjelpa meg? Iver Mikkelson, i Amerika kjend som Edward McKalson, oppgjeven fødd i Noreg 5.12.1861 av ukjende foreldre, utvandra til Amerika i ung alder og gifte seg kring 1890 - truleg i Portrland, OR - med Anna Torgerson (1863-1909) med foreldre frå Luster i Sogn. Han døydde i Portland, OR 29.1.1935. Er det mogeleg å finna ut: * Det fulle norske namnet hans? * Nøyaktig stad (og dato) for fødsli hans? * Utvandringsåret hans? * Fulle namn på foreldri hans med yrke og opphav? * Dato og stad for vigsli til Edward McKalson og Anna Torgerson? * Yrket til Edward McKalson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dette er ein person som eg har vore på leiting etter i minst 35 år, og som eg so langt ikkje har greidd å finna det norske opphavet til! Kan nokon please hjelpa meg? Bertha O(thelia?) Andersdotter, i Amerika kjend som Tilla Anderson, oppgjevi fødd i Noreg 18.7.1865 som dotter av Anders og Ragnhild Ness, utvandra til Amerika i ung alder og gifte seg i Vernon Co., WI 6.2.1882 med Thomas Torgerson (1862-1892) med foreldre frå Luster i Sogn. Ho døydde i Sweet Home, OR 6.7.1930. Er det mogeleg å finna ut: * Det fulle norske namnet hennar? * Nøyaktig stad (og dato) for fødsli hennar? * Utvandringsåret hennar? * Fulle namn på foreldri hennar med yrke og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg er svært interessert i å finna fleire opplysningar om denne jenta med foreldre frå Innvik og Hafslo: Hilma «Helene» Alfreda Ross, f. Korstad, fødd i Beltrami Co., MN 26.2.1916, var gift med William Edward Ross, som døydde i Long Beach, CA 13.5.1988. Sjølv døydde ho 2.2.1998, og dødsregisteret syner at ho døydde i Lane Co., OR, truleg i Eugene, OR. Eg finn ikkje gravene deira og heller ikkje har eg so langt greidd å finna nokon OBITUARY! Kanskje nokon har betre auge enn eg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Else-A. J. Lillefuhr

    Edvard Meldal Zahl f 1857

    Edvard Meldal Zahl f 14081857 Nesna, Nordland. https://media.digitalarkivet.no/view/16591/93065/94. Er interessert i han etter at han kommer til USA Så har jeg dette Edward Zahl Age: 42 Birth Date: Aug 1857 Birthplace: Norway Home in 1900: Portland Ward 11, Multnomah, Oregon Street: Borthwick Avenue House Number: 825 Sheet Number: 4 Number of Dwelling in Order of Visitation: 88 Family Number: 88 Race: White Gender: Male Immigration Year: 1875 Relation to Head of House: Head Marital status: Married Spouse's name: Jansina Zahl Marriage Year: 1893 Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Years in US: 25 Occupation: Hreck Clerk Fat Dept Months Not Employed: 1 Can Read: Yes Can Write: Yes Can Speak English: Yes House Owned or Rented: O Home Free or Mortgaged: F Farm or House: H Neighbors: Household Members: Name Age Edward Zahl 42 Jansina Zahl 38 Herbert Zahl 6 Echo Zahl 4 Da er vel dette Herbert https://www.findagrave.com/memorial/44511402/herbert-zahl https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M48V-RH4
  8. Då eg på 1980-talet hadde kontakt med Fjøsne-ætti i Luster, fortalte dei meg kva dei då visste om dei to onklane Ole og Melchior som var utvandra til Amerika. Ole visste dei litt om, men Melchior var det dårleg med. Dei meinte habn hadde gift seg med ei svensk dame og var flytt til New Mexico, men på 1930-talet vart det stilt om han, og broren Ole visst visstnok heller ikkje kvar han vart av! No har eg freista oppdatera dette manuskriptet, og eg har finne ein del detaljar om Ole, som skreiv seg for Ole F. Anderson, og kona hans. Eg har òg, takk vera WW1 drafti, finn ein som eg er 99% sikker på må vera identisk med Melchior og som kalla seg for Mark F. Anderson. Han gifte seg kring 1912, truleg i Utah, med ei enkje, som visstnok var frå Danmark, og dei fekk ein son i lag, som slekti i Noreg aldri har høyrt gjete! Eg har ikkje reinskrive notati om Mark Anderson, men nedanfor, i manuslriptet, følgjer ein del referansar, stort sett frå amncerstry, som kanskje nokon kan sjå litt på. Er de samde med meg i at dette må vera «vår» Melchior? Her følgjer manuskriptutdraget: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  9. Nancy Aalmo

    Daniel Andersen Aalmo

    Hei. Jeg lurer på om det er noen som kan hjelpe meg å finne ut mer om onkel til min far, Daniel Andersen Aalmo ( f Vaslag - og brukte også Olmo som etternavn.Han reiste til Amerika med båt fra Kristiansun N i 1900 . Hadde da en forlovede Hanna Bergsvensdatter Haugen på Fillan,Hitra, og en datter Otelia Marie Danielsdatter Aalmo ,f,2,februar 1862 . Daniel Andersen Aalmo var f. 16.juli 1872 ,Ørlandet i Trøndelag. Faren Anders Jonsen Vaslag var husmann , og bodde senere på Korholten, husmannsplass i Vinje i S/T. Daniel Andersen Aalmo ( Olmo ) oppholdt seg i Arizona, Oregon i 1922 - det er det siste sikre opphold. Han ble funnet død , under en båt, ved en lakseelv ,antagelig i 1945 - eller 47 .Lurer så på om han kan ha noen arvinger etter seg i Statene . Er det noen som kan hjelpe meg og lete ? Er så lite flink med data..Takk for all hjelp. Hilsen Nancy Aalmo
  10. Hei. Jeg lurer på om det er noen som kan hjelpe meg å finne ut mer om onkel til min far, Daniel Andersen Aalmo ( f Vaslag - og brukte også Olmo som etternavn.Han reiste til Amerika med båt fra Kristiansun N i 1900 . Hadde da en forlovede Hanna Bergsvensdatter Haugen på Fillan,Hitra, og en datter Otelia Marie Danielsdatter Aalmo ,f,2,februar 1862 . Daniel Andersen Aalmo var f. 16.juli 1872 ,Ørlandet i Trøndelag. Faren Anders Jonsen Vaslag var husmann , og bodde senere på Korholten, husmannsplass i Vinje i S/T. Daniel Andersen Aalmo ( Olmo ) oppholdt seg i Arizona, Oregon i 1922 - det er det siste sikre opphold. Han ble funnet død , under en båt, ved en lakseelv ,antagelig i 1945 - eller 47 .Lurer så på om han kan ha noen arvinger etter seg i Statene . Takk for all hjelp. Hilsen Nancy Aalmo
  11. Eg kjem i kveld med ei ny utfordrande huslyd frå den amerikanske vestkysten: William Goble SHIRRELL skal vera fødd i Lane Co., OR i april 1868 (ukjend dato) døydde i Santa Cruz, CA 12.8.1941 Han gifte seg i Idaho Co., ID 29.6.1899 med: Alma V. DYER fødd i Idaho Co., ID 17.10.1866 døydde i Hood River, OR 5.5.1949 William og Alma farma i Bethel preconct, Whitman Co., WA, men vart skilde kring 1906, og William flytte til Klamath Co., OR og sidan til Yreka, Siskiyou Co., CA, men døydde altso i Santa Cruz, CA... Òrsaki til skilsmålet skal etter segni ha vore følgjande: Alma forelska seg i ein ung farmarbeidar med foreldre frå Hafslo i Sogn: Nels N. KINS fødd i Buffalo Co., WI 17.8.1880 døydde i Miami, OK 26.1.1970 Nels og Alma «stakk av», men skal ha gift seg kring 1908, dato og stad ukjende, og busette seg først i The Dalles, Wasco Co., OR og sidan i Viento, Hood River Co., OR der dei livnærte seg som «truck farmers»! Ein gong på 1940-talet fekk Nels nok av dette livet og «stakk av». Ikkje ein gong søskeni hans visste kvar det vart av han, men takk vera kjempeflotte registre i ulike statar fann eg han att i Miami, Ottawa Co., OK der han kom som ein gamal blind og fattig «landstrykar» med berre ein fot, og då han døydde, vart han gravlagd på ein indianarkyrkjegard utanfor sjølve Miami. Eg snakka for fleire år sidan med mannen frå gravferdsbyrået som stod for gravferdi, og han nemnde at ingen endå hadde gjort opp for kostnadane til gravferdi!! Alma fekk ingen born i nokon av ekteskapi sine. Eg har tre sentrale spørsmål: Er det mogeleg å finna: ** Nøyaktig dato for fødsli til William Goble SHIRRELL? ** Mellomnamn for Alma V. DYER? ** Og det kanskje mest spennande: Dato og stad for vigsli til Nels KINS og Alma SHIRRELL, f. DYER? Eg har leitt i årevis etter desse opplysningane, men står framleis «bom fast». Kanskje andre har betre og utkvilde auge å leite med? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.