Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'california'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 16 results

  1. Michael Monsson Haveland f. 20.2.1884 skal ha emigrert til Amerika rundt 1900, men er han mogeleg å finne att? Foreldra hans er: Mons Monsson Haveland f. 16/5 1852, og Anne Østendtr Kjellby f. 28/3 1854 f. 1884: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013421893 Konf. 1898: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001855273 FT1891: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001855273 FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335056036 - Er dette Mikal Monsson? Då mora dø 9.2.1931 er det nevnt 1 barn i USA: SAB, Lensmannen i Gulen, 0006/L0008: Dødsfallprotokoll, 1918-1932, s. 65 Arkivreferanse SAB/A-27901/0006/L0008 Permanent bilde-ID: sk10611811303068 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611811303068 Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10611811303068.jpg Det same då faren dø 5.3.1932: SAB, Lensmannen i Gulen, 0006/L0008: Dødsfallprotokoll, 1918-1932, s. 70 Arkivreferanse SAB/A-27901/0006/L0008 Permanent bilde-ID: sk10611811303073 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611811303073 Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10611811303073.jpg
  2. Dette er ein person som eg har litt motstridande opplysningar om, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg «straighten out» biografien hans? Ole Andersson Drægni, opphavleg husmannsson frå Eidsneset under Eide i Luster, vart døypt i Luster 29.11.1812. Han flytte som lærar til Fortunsdalen og gifte seg første gongen i Luster 12.12.1837 med enkja Susanna Jansdotter på Drægni (1801-1864). Ole tok over som gardbrukar på Drægni, men i 1848 utvandra Ole åleine til Amerika. Det vert foralt at han kring 1850 skal ha vore gullgravar i Carson Valley, CA, men ein gong på 1850-talet kom han attende til Luster og dreiv på ny garden til han i 1857 på ny utvandra til Amerika. Han hadde då med seg dei to eldste døtrene: * Anna Marie Olsdotter Drægni, fødd i Luster 5.1.1839, utvandra som sagt i 1857 og gifte seg i Buffalo Co., WI 26.9.1861 med Nils Hermundson Kinserdal alias Nels H. Kins, fødd i Hafslo 7.7.1840, utvandra i 1855. Dette parfolket budde som farmarar i Nelson township, Buffalo Co., WI der Anna Marie døydde 24.4.1890. Dei fekk åtte born i lag, men berre ei dotter voks opp! * Ingrid Olsdotter Drægni, fødd i Luster 28.8.1840, utvandra som sagt òg i 1857 og gifte seg i Buffalo Co., WI 14.11.1874 med Peder Iverson Sterri alias Peter Sterry, fødd i Hafslo 22.6.1849, utvandra i 1873. Dette parfolket budde som farmarar i Albion towbnship, Trempealeau Co., WI, men som Ingrid døydde som enkje i Benson Co., ND 3.7.1931. Dei fekk fem born i lag. Men Ole og Susanna hadde òg ei yngre dotter: * Susanna Olsdotter Drægni, fødd i Luster 14.9.1842, utvandra til Amerika i 1866 etter at mori då var avlidi, og gifte seg i Trempealeau Co., WI 3.3.1872 med Hans Tollefson, fødd i Kviteseid, Telemark 27.3.1837. Dette parfolket farma først i Burnside township, Trempealeau Co., WI, men flytte kring 1882 til ein farm i Nelson township, Buffalo Co., WI der Susanna døydde 16.6.1896. Dei fekk sju born i lag. Etter at Susanna døydde i Noreg, gifte Ole Andersson Drægni seg att i Buffalo Co., WI 23.3.1870 med Bertha Nilsdotter Sterri, alias Bertha Sterry, fødd i Hafslo 15.8.1832, utvandra i 1866. Eg finn dei ikkje i FT1870, men frå 1870-åri og utover farma Ole og Bertha under namnet DREGNEY i Canton township, Buffalo Co., WI der Ole døydde 14.7.1901. Bertha døydde same staden 30.1.1920. Dei fekk to born i lag, og dessutan hadde Bertha tre born frå før. Eg sit med følgjande utfordringar: ** Kan fleire detaljar finnast om Ole Andersson Drægni og bustadane hans 1850, 1860 og 1870?? Kva namn nytta han? (1880 og 1900 skreiv han seg Dregney! - KAN i åri kring 1860 ha butt nær Dodgeville, Iowa Co., WI!?) ** Kvar budde døtrene Anna Marie og Ingrid i 1860? ** Kvar budde døtrene Ingrid og Susanna i 1870? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Eg trur vi aldri heilt kom i mål med denne karen (i 2008) - kvar enda han sine dager? Er han mogeleg å spore opp no i 2021 Han var f. 18.3.1895, men ser det også står 17.3.1895 og 7.3.1895 enkelte stader i amerikanske kjelder. Mora hans dø i 1931 og eg fekk denne info: Dødsmeldinga nemner Ludvik, født 17. mars 1895, bodde i Barnay, N. Dak., USA. (Yngve Nedrebø, SAB / DA) Søk på Ancestry gir følgande uten for mykje variant-søk:
  4. Dette er ei ganske uvanleg utvandrarsoge frå Sogn som eg har jobba med gjennom mange år, men utan å komma heilt til «botn» av! Erik Jørgenson Natvig og Anna Olsdotter flytte mellom fleire bygder i Sogn før dei i 1869 utvandra til Amerika. Fleire av borni var utvandra før, mellom anna sonen Jørgen (George Erickson) som på 1870-talet vart sauebonde i Trinity Co., CA. Yrkesvalet hans vart so mislikt av dei store kvegrancharane i nabolaget at dei myrda George gjennom eit bakholdsangrep i 1886. Dete var skikkdeleg «ville vesten»! Soga til Jørgen har eg studert i detalj. Eg har lese sakspapiri og finne ut det meste om han og huslyden hans. MEN, eg har vanskar med å finna att foreldri hans og fleire av søskeni.. ** Kvar budde Erik og Anna i 1870? Kva namn nytta dei då? ** Kvar vart det av dei etter 1880? Døydde dei òg i California? Dei vert ikkje nemnde i sakspapiri om drapet på sonen! ** Og kva med søskeni Ole, Erik og Olina? Erik var òg i California, men ingen av dei nolevande etterkomarane etter Jørgen i California veit kvar han vart av... Eg attgjev noverande status på manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Erik Jørgenson Natvig, opphavleg frå Sva under Natvik i Årdal, men soneson av husmann Erik Halvorson i Hola under Hovland i Årdal (1742-1816), opphavleg husmannsson frå Vågen under Kroken i Hafslo, var f. i Årdal 9.5.1819. Han gifte seg i Årdal 30.4.1843 med Anna Olsdotter frå Hovland, ei sonedotter av husmann Peder Paulson på Plassen under Hovland (1746-1831), opphavleg gardbrukarson frå Kinserdalen i Hafslo. Ho var f. i Årdal 29.3.1815. Erik og Anna busette seg først på ein plass under Natviki i Årdal. Erik og Anna fekk våren 1852 innflyttingsattest til Hafslo, men truleg flytte dei hit alt i 1851. Dei tok over som plassfolk på Loi og dreiv plassen fram til 1854. Erik og Anna flytte visstnok alt i 1854 til Bjordal i Lavik der dei var paktarar i fleire år til dei kring 1860 flytte til Lærdalsøyri i Lærdal der dei var innerstfolk til dei i 1869 utvandra til Amerika. Me finn dei att under namni Erick og Anna Natwick der dei først busette seg ¤¤¤¤¤ (Wisconsin or Iowa? - kvar??) men i 1879 følgde dei sonen Jørgen til Hettenshaw, Trinity Co., Cal. ¤¤¤¤¤ (lived there in 1880 – perhaps on a farm?? – what later??) ¤¤¤¤¤ (date and place of his death?) ¤¤¤¤¤ (date and place of her death?) Dei fekk sju born i lag, og dessutan hadde Anna ei dotter frå før: a. Fredrikka Kirstine Eriksdotter (1836- ¤¤¤¤¤ (death year US? – after 1920!) ), dotter av Anna og husmannssonen Erik Erikson frå Tolsgarden under Lægreid (1811-1896), vart gift første gongen med husmann Nils Andersson på ein plass under Rød i Balestrand (1831-1867), men utvandra i 1872 til Amerika og vart der attgift med husmannssonen Torbjørn Erikson frå Gruvlebakken under Leirdalen i Luster (1846-1907) (for båe ekteskapi, sjå under Leirdalen i Luster). b. Helvig Fredrikke Eriksdotter, kjend som Helen Erickson, f. i Årdal 17.9.1842, flytte med foreldri til Hafslo og vidare til Lavik og so til Lærdal, men utvandra derifrå til Amerika i 1863. Ho gifte seg første gongen i Columbia Co., Wis. 25.7.1863 med enkjemannen Hans Monsson, opphavleg frå Hausahalsen i Lærdal, ein soneson av gardbrukardotteri Synneva Sjursdotter frå Bollingberg i Luster (1765-1834), i Amerika kjend som Hans Monson. Hans var f. i Lærdal 10.8.1823 og gifte seg første gongen i Aurland 23.10.1848 med Inger Oline, kjend som Olina Olsdotter frå Onstad i Aurland, f. i Aurland 18.3.1817. Hans og Olina budde visstnok som innerstfolk på Hausahalsen, men Olina må vera avlidi, ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?) for Hans var enkjemann då ogso han utvandra til Amerika i 1863. Hans og Helen Monson slo seg først ned som farmarar i Bristol township, Dane Co., Wis., men flytte tidleg i 1870-åri til ein farm i Clayton township, Mower Co., Minn. Kring 1883 flytte dei so inn hjå ein bror hans i North Ottawa township, Grant Co., Minn. der Hans d. 6.1.1894. Helvig Monson flytte som enkje til Elk Lake, Grant Co., Minn., men gifte seg att i Grant Co., Minn. 16.10.1908 med enkjemannen Ole Kittelson, opphavleg frå Landsverk i Hjartdal, i Amerika kjend som Ole Kittleson. Han var son av gardbrukar Kittel Olson på Landsverk og kona Anlaug Olsdotter frå Frøland og f. i Hjartdal 29.5.1829, men utvandra til Amerika i 1847 til Winnebago Co., Wis. Han gifte seg første gongen kring 1852, dato og stad ukjende, med Margit Halvorsdotter frå ¤¤¤¤¤ (Telemark!?) Ho var dotter av ¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?) og f. ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? – 19.8.1834? – kan henda f. Drangedal 14.7.1833 som dotter av Halvor Hansson Øvrebø og kona Signe Johnsdotter, utvandra 1846? men utvandra til Amerika i ¤¤¤¤¤ (utvandringsåret hennar? – 1900 seier 1847, men 54 år i Amerika!) Ole og Margit farma mange år i Winchester township, Winnebago Co., Wis., men flytte på 1890-talet med fleire av dei yngre borni til Navarino township, Shawano Co., Wis. der Margit d. 28.8.1902. Ole flytte kring 1907 til Elbow Lake, Grant Co., Minn. der han og Helvig budde levetidi ut. Ole d. i Elbow Lake, Minn. 2.9.1911, medan Helvig Kittleson d. same staden 3.2.1917. Me kjenner til tre born etter Hans Monson, som alle var frå andre ekteskapet med Helvig. Andre ekteskapet hennar var barnlaust, men Ole Kittleson hadde elleve born frå første ekteskapet sitt. c. Ole Erikson, kjend som Ole Natwick, f. i Årdal 22.3.1845, flytte likeins med foreldri sine til Hafslo, Lavik og Lærdal, men utvandra til Amerika i 1867. ¤¤¤¤¤ (what became of him? – biography needed!) d. Jørgen Erikson, kjend som George Erickson, f. i Årdal 10.11.1847, flytte med foreldri sine til Hafslo, Lavik og so til Lærdal, og derifrå utvandra han til Amerika i 1868. George flytte tidleg til California og budde ei tid i Sacramento og i Tehama Co., Cal. til han i 1874 flytte til Hettenshaw, Trinity Co., Cal. George gifte seg i Madison, Wis. 1.9.1879 med Dorthina, kjend som Dena Burnson, f. i Dane Co., Wis. 22.7.1860. Dei vart buande i Hettenshaw precinct nær Mad River, Trinity Co., Cal. der George livnærte seg som sauebonde («sheep raiser»). Men han vart myrda av ein nabo 7.9.1886, og Dena gifte seg att i Gardnerville, Nev. 22.2.1894 med Hans Hansson Nielsen frå Nørre Løgum i Lø kommune, Tønder amt, Danmark, i Amerika kjend som Hans Nelson. Han var son av gardbrukar Hans Jensen Nielsen i Kløjing, Nørre Løgum og kona Karen Hansdotter f. Lund og f. i Nørre Løgum, Tønder amt i Danmark 24.3.1862, men utvandra til Amerika i 1883. Hans Nelson var ei tid hotellstyrar («hotel manager»), og han og Dena budde i East Fork precinct, Douglas Co., Nev., men farma sidan i Jacks Valley precinct, Douglas Co., Nev. Hans og Dena vart skilde i 1915, og Hans flytte til Reno, Washoe Co., Nev. der han d. 15.5.1950. Dena gifte seg tredje gongen i Reno, Nev. 29.6.1925 med Frank Berger, f. i Washoe Co., Nev. 26.6.1865. Frank hadde då i mange år vore jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Dena budde i Reno, Washoe Co., Nev. der Dena d. 19.8.1940. Frank Berger d. same staden 2.12.1943. Dena fekk i alt fire born, som alle visstnok var frå første ekteskapet med George Erickson, men siste mannen Frank Berger hadde òg to døtrer frå eit tidlegare ekteskap. e. Erik Erikson, kjend som Erick Natwick, f. i Årdal 1.9.1850, flytte òg med foreldri til Hafslo, Lavik og derifrå til Lærdal, men utvandra òg til Amerika i 1868. ¤¤¤¤¤ (what became of him? – mentioned 1888 in Hettenshaw precinct near Mad River, Trinity Co., CA! – biography needed! – called Erick Erickson!?) f. Cecilia Eriksdotter, kjend som Cecelia Erickson, f. i Hafslo 24.11.1852, flytte med foreldri til Lavik og Lærdal og utvandra derifrå med dei til Amerika i 1869. Ho d. i Ada, Minn. 12.7.1932. Cecelia gifte seg i Dane Co., Wis. 11.11.1872 med søskenbarnet Jørgen Andreasson, kjend som George A. Natwick, ein dotterson av gardbrukardotteri Anna Hermundsdotter frå Kinserdalen i Hafslo (1784-1882). Han var f. i Årdal 4.2.1846, men flytte i 1847 med foreldri sine til Hitra og utvandra so derifrå til Amerika i 1869. Han d. i Ada, Minn. 13.10.1919. George og Cecelia slo seg i 1873 ned som farmarar i Clay township, Shelby Co., Ia., men flytte i 1882 til ein farm i Lake Ida township, Norman Co., Minn. Som pensjonistar flytte dei kring 1915 inn til Ada, Norman Co., Minn. Dei fekk elleve born i lag. g. Olina Eriksdotter, kjend som Lena Natwick, f. i Lavik 4.3.1855, flytte med foreldri til Lærdal, men utvandra òg med dei til Amerika i 1869. ¤¤¤¤¤ (what became of her? – biography needed!) h. Peder Erikson, f. i Lavik 10.10.1857, d. på Lærdalsøyri i Lærdal 25.3.1865. ~~~~~~~~~~~~~ Kanskje kan OBITUARIES finnast for: * Helvig «Helen» KITTELSON, som døydde i Elbow Lake, MN 3.2.1917? * Cecelia NATWICK, som døydde i Ada, MN 12.7.1932? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  5. Eg er svært interessert i å finna fleire opplysningar om denne jenta med foreldre frå Innvik og Hafslo: Hilma «Helene» Alfreda Ross, f. Korstad, fødd i Beltrami Co., MN 26.2.1916, var gift med William Edward Ross, som døydde i Long Beach, CA 13.5.1988. Sjølv døydde ho 2.2.1998, og dødsregisteret syner at ho døydde i Lane Co., OR, truleg i Eugene, OR. Eg finn ikkje gravene deira og heller ikkje har eg so langt greidd å finna nokon OBITUARY! Kanskje nokon har betre auge enn eg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Knut Sveinsson Ullestad (1827-1908), g. 1850 med Marjo Larsdr. Vinjo (1828-1912), finnes nevnt under Hegle, bruk 1: https://www.ullstad.com/vossaboki/hegle.php. Dei hadde åtte born (som levde opp): Eirik f. 1850, d. ?. Ugift. Brita f. 15.3.1852, Til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000657790 (1875). Svein f. 1854, g. m. Kari Olavsdr. Høyland. Styrk (aka Stork K. Swenson) f. 23.12.1857, Til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000666071 (1881). Han gifter seg i 1893; https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XJZN-CRX. Dei får ei dotter Annie Marie f. 15.8.1894; https://www.findagrave.com/memorial/102696726. Og ein son Earl Stark 22.8.1905: https://www.findagrave.com/memorial/94551757/earl-stark-svenson. Stork K. Swenson dør 18.2.1909; https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7X3-C87 (Chicago). Ingebjørg f. 1860, d. 1938, g. 1886 med ekm. Knut Herlaugson Flatekvål (1855-1931). Knut (aka Knute Swenson) f. 20.11.1864, Til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000669313 (1883). Han g. 23.3.1895 i Illinois, USA med Margretha Knutsdtr. Bø f. 1868 Voss, d. 1957 Illinois, USA. FaG: https://www.findagrave.com/memorial/93404584. Hans lagnad og etterkommere har eg «kontroll» på. Marta f. 9.9.1867, g. 1888 med Olav Aslakson Flatekvål d.y. (til Gjukastein). Maria f. 31.10.1873; g. 6.5.1900 med Andreas Johan Løken, f. 1874 Eid; https://www.digitalarkivet.no/kb20060623050083. Til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000699807 (1901). Kva navn brukte Brita og Maria då dei kom til Amerika? Reiste Maria til Amerika utan mannen sin? Skulle ho berre på besøk til søsken? Ifølge “dødsattaesten” hans skal Styrk (Stork) altså vere gravlagt på same kirkegård som broren Knut(e) f. 1864, men har ikkje funne han i FaG. (om dei som vart att i Norge, så har eg ikke starta å leite opp detaljer enno)
  7. Dette er ein huslyd som eg arbeidde med på 1980-talet, men som eg ikkje greidde å spora opp til tross for skiftepapiri etter Anders Talle frå 1956. I mellomtidi ser eg det er dukka opp fleire family trees på ancestry for den svenske mori og ætti hennar, mellom anna dette: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/116960970/person/280187951934/facts men ingen stadar får me vita fleire detaljar om dei to borni hennar eller barneborni som levde att etter Anders i 1959. No har eg søkt i fleire retningar, men eg får ikkje «treff» nokon stad, bortsett ifrå desse tre fødslene i California for tilsynelatande born etter Elizabeth Congdon Tuthill: * Mark R. Tuthill, fødd San Francisco, CA 28.4.1956 - mor: Congdon * Cynthia W. Tuthill, fødd i Santa Clara Co., CA 22.1.1958 - mor: Congdon * Kathryn M. Tuthill, fød i Los Angeles, CA 29.9.1967 - mor: Congdon Kanskje andre har betre auge enn eg? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #18 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Elen Larsdotter Hærum, ei av dei yngre søstrene i Hærum-ætti som utvandra frå Luster til Fort Worth, TX, har sett fleire grå hår i hovudet hjå meg. Eg har leitt og leitt, men finn ikkje denne vigsli hennar med William Dodson. Kanskje er eitt eller fleire namn feilskrivne? William var framleis ugift i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DR5B-FB Ellen kan eg ikkje finna nokon stad i 1900! Eg har òg vanskar med nokre detaljar når det gjeld svigerdotteri deira i California, som eg trur kan løysast gjennom obituaries...? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Elen Larsdotter Hærum, f. {i Luster} 12.3.1864, Ellen Harum utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1877 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? - Texas about 1900?) med William Burts Dodson, f. i Tarrant Co., Tx. 7.7.1869. William Dodson var medeigar i eit større tømmerkompani («partner of a lumber business»), og han og Ellen budde ei tid i Fort Worth, Tarrant Co., Tx. Kring 1920 flytte dei so til Albuquerque, N.Mex., og derifrå kring 1938 til San Diego, San Diego Co., Cal. der William d. 12.9.1942. Ellen Dodson d. som enkje i Chula Vista, Cal. 11.12.1956. Dei fekk ein son i lag: a. William Raymond Dodson, f. i Tarrant Co., Tx. 21.6.1904, d. i Los Angeles, Cal. 10.9.1932. William Dodson, Jr. gifte seg i Yuma, Az. 23.3.1928 med Una Mae, kjend som Mae Webb, f. i Washington Co., Ky. 25.4.1907. Ho d. i San Bernardino, Cal. 11.2.1980. William var lækjar («Medical Doctor»), og han og Mae budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. Mae gifte seg att i Orange Co., Cal. 14.2.1933 med Walter Kay Armstrong, f. i Orange Co., Cal. 2.2.1906. Han d. i San Mateo, Cal. 15.3.1960. Walter var arbeidar og musikar («laborer and musician»), og han og Mae budde i Anaheim, Orange Co., Cal., men vart skilde alt kring 1934. Mae flytte då til San Diego, Cal. og gifte seg tredje gongen ##### (date and place of her 3rd marriage? - prior to 1938!) med Frederick William Dorman, f. i Los Angeles Co., Cal. 27.9.1908. Han d. i San Bernardino, Cal. ##### (place of death to be verified? - obituary in San Bernardino, CA Feb. 14, 1980!) 6.2.1980. Frederick var ##### (occupation?) og han og Mae budde i San Diego, San Diego Co., Cal. og sidan i San Bernardino, San Bernardino Co., Cal. Mae fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med William Dodson. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  9. Denne jenta fødd og oppvaksi på plassen Havelden under Flahammar i Luster hamna til sist i California og døydde der i ein alder av 97 år, medan den første mann hennar Knute Volden var 101 då han døydde i Wisconsin. Dei fekk fem born i lag, men alt på 1980-talet då eg arbeidde med denne huslyden første gongen, var det svært so vanskeleg å komma i kontakt med dei, og no er dei nok alle borte, sjølv om det er to av dødsfalli eg ikkje har greidd å finna... Eg trur det vil vera mogeleg å komplettera mykje av denne biografien med hjelp av obituaries, som eg vonar nokon kan hjelpa meg med å finna? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Ella Marie, kjend som Maria Thomasdotter Havellen, f. {i Luster} 15.1.1886, Ella Havellen utvandra til Amerika i 1906 og gifte seg første gongen i Roanwood, Mont. 7.7.1915 med Knute Albert Volden, f. i Vernon Co., Wis. 6.6.1886. Knute og Ella farma nær Opheim, Valley Co., Mont., men vart skilde kring 1938, ##### (exact year of divorce? - between 1935 and 1940!) og Ella flytte til Glasgow, Valley Co., Mont. der ho var vaskeriarbeidar («hotel laundress»). Knute vart buande på farmen til han ein gong på 1940-talet flytte til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. Der gifte han seg 4.12.1951 att med enkja ##### (identification? - marriage record says: Ingeborg Asen, f. Loften - born Norway 1885 - daughter of Kristen Loften and Brit Rusten) ##### (further biography Knute and Ingeborg Volden?) medan Knute Volden d. i Viroqua, Wis. 26.6.1987, 101 år gamal. Ella gifte seg att ##### (date and place of Ella’s 2nd marriage?) med William Alfred Swanson. Han var f. i Menominee Co., Mich. 18.2.1885. ##### (William had lived in Long Beach, Los Angeles Co., Cal. since 1926! – last 10 years worked as a realestate broker! – Ella at death resident of Fallbrook, San Diego Co., Cal.! – but died in Los Angeles Co., Cal.!) William d. i Long Beach, Cal. 31.8.1958, medan Ella Swanson d. i Harbor City, Cal. 17.11.1983. Ho fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet: a. John Thomas Volden, f. i Valley Co., Mont. 15.8.1916, d. i Hamilton, Mont. 13.4.2000. John gifte seg i Billings, Mont. 18.2.1939 med Esther Eileen Le Sueur, f. i Richland Co., Mont. 9.5.1918. Ho d. i Hamilton, Mont. 8.10.2012. John Volden var jarnbanekonduktør («railroad conductor»), og han og Esther budde ##### (place of residence? - 1940: lubrication man Billings, MT - bur. Forsyth, Rosebud Co.,MT) ##### (number of sons and daughters?) b. Clara Marie Volden, f. i Valley Co., Mont. ##### (date og her birth? - 1917/1918?) ##### (date and place of her death?) Clara gifte seg i Los Angeles, Cal. 15.1.1941 med Joseph Kania Cannon, f. ##### (exact date and place of his birth? - NY 1912?) ##### (date and place of his death?) ##### (occupation and place of their residence?) ##### (numbert of sons and daughters?) c. Ida A. ##### (middle name?) Volden, f. i Valley Co., Mont. ##### (exact date of her birth? - 1919/1920?) d. ##### (place of her death?) 7.7.2012. ##### (biography?!) d. Ellanor Alvina Volden, f. i Valley Co., Mont. 14.2.1924, d. ##### (date and place of her death?) Ho gifte seg i Los Angeles, Cal. 29.8.1951 med Herman Leroy Howard, f. i ##### (place of his birth? - KS) 26.2.1915. Han d. ##### (place of his death? - Fallbrook, San Diego Co., CA?) 15.11.1995. ##### (occupation and place of their residence? - 1983: Fallbrook, San Diego Co., CA) ##### (number of sons and daughters?) e. Anna Ovedia Volden, f. i Valley Co., Mont. 1.10.1925, d. i Selma, Ore. 24.4.2011. Ho gifte seg i Santa Ana, Cal. 6.2.1948 med Eugene Warren Torrence, f. i Pittsburgh, Penn. 29.6.1911. Han d. ##### (place of his death? - Gardena? - Los Angeles Co., CA!) 14.12.1974. ##### (occupation and place of their residence? - he had been married at least twice before!) ##### (number of sons and daughters?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  10. Tidleg på 1980-talet intervjua eg norske etterkomarar etter Johannes Christenson (1819-1907) og kona Anna Monsdotter (1828-1881), som fram til garden deira vart seld på tvangsauksjon i 1880, hadde vore gardbrukarar på Kleivi, eit bruk av garden Søvde i Dale sokn i Luster. Dei kunne då fortelja meg følgjande om dei to sønene etter Johannes og Anna som tvandra til Amerika: * Christen Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 17.4.1863, utvandra til Amerika i 1884, skal ha busett seg i Chicago, IL der han gifte seg, men kona døydde barnlaus, og Christen flytte som enkjemann til Minneapolis, MN der han skal vera avliden... * Christopher Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 7.5.1868, utvandra til Amerika i 1889 og skal òg ha busett seg i Chicago, IL. Han gifte seg òg, og med kona som dei ikkje kjente namnet til, flytte han til Pomona, CA der dei båe døydde. Dei hadde ingen born. Når eg no etter so mange år freistar gripa tak i desse brørne att for å greia ut biografiane deira, råkar eg på skikkelege utfordringar: * Christen Johannesson Søvde ser eg absolutt ikkje noko til. Ei ekstra utfordring er det at me har fleire personar med same namn som òg hadde tilknytting til Luster, mellom anna ein Christen Christopherson Søvde (1865-1931) som attpåtil gifte seg i Chicago, IL i 1896 og budde der nokre år før han flytte til Washington state. Den einaste eg ser som KAN vera Christen Johannesson, er ein Christian J. SOVD som er nemnd «coachman» og innskriven i Minneapolis city directory frå 1894 busett på 2303 Park Avenue: https://www.ancestry.com/interactive/2469/13545871?pid=821215215&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D821215215%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11799%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11799&_phstart=successSource&usePUBJs=true * Christopher Johannesson Søvde finn eg derimot att, men ikkje før i FT1910, og då er han gift med ei Agnes, og dei er alt komne til Pomona, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVG-RM3 Her er dei òg i FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6X-9D2 og i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR4F-N7Q I 1940 er Christopher vorten enkjemann: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89MT-F3F2 Hjå ancestry finn eg dessutan eit family tree som inneheld Christopher, og der går det fram at kona hans heitte Agnes Barbara Slebiska, og ho var fødd i Winneshiek Co., IA 20.1.1870 av «Bohemian« foreldre. Agnes var i 1900 framleis ugift, men då busett i Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-68DV-YH Agnes Sovde døydde i Los Angeles Co., CA 26.12.1939, medan Christopher Sovde døydde same staden 16.7.1953. Dei store utfordringane i denne huslyden kan oppsummerast slik: ** Opplysningar om Christen Johannesson Søvde, fødd 1863, etter han utvandra i 1884? ** Dato og stad for vigsli til Chrístopher Søvde med Agnes Barbara Slebiska? Kan det tenkjast, sidan me ikkje ser noko som helst til Christen, og Christopher ikkje dukkar opp før i 1910 med ei noko «merkeleg» skrivemåte av namnet sitt (Sode?). at dei kan ha nytta eit anna namn i Amerika? Kanskje Kleven? Kanskje Johnson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse brørne?
  11. Med utgongspunkt i dette emnet frå 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/205585-peder-aamundson-kilen-fødd-i-luster-1822-utvandra-1861-til-mcfarland-dane-co-wi-ei-dotter-er-finni-men-kvar-vart-det-av-dei-andre-seks-borni/?tab=comments#comment-1866912 ønskjer eg i kveld å ta opp til drøfting lagnaden til eldste dotteri i denne huslyden, Martha alias Mattie Evarts, som på eit merkeleg vis har gøymt seg svært godt i Amerika. Det er ikkje stort som er komme til av opplysningar om denne jenta sidan hitt emnet var opp til drøfting, men eg vonar at me kanskje har lesarar av Brukarforum som kan «sjå» ei mogeleg betring av dette manuskriptet? Her følgjer eit oppdatert manuskript for Martha «Mattie» Evarts: ~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Huslyden til Torsten Erikson som i 1856 utvandra til Amerika frå Luster med kone og fire born har i mange år vore eit «mysterium». Truleg er det slik at både kona og ei av døtrene døydde på vegen over havet, men nokon dokumentasjon på dette har eg so langt ikkje greidd å finna. Det har ogso vore ei gåte kvar det vart av sonen Anders «Andrew Thompson» som etter det dei seier skal ha flytt til California, medan dotteri Anna «Anna Aaberg» skal ha butt i Hancock, IA. Dette er vel kanskje Andrew Thompson som i 1910 dukkar opp i Pasadena, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV6-77X Og her er Bertha som enkje i 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR69-3CD og likeins i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHM-SB men dødsfalli deira har eg ikkje finne so langt... Anna Aaberg ser eg ikkje noko meir til i det heile! Kanskje nokon har betre auge enn eg? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  13. Eg har i dag motteke denne meldingi frå ei gamal vennine i California, men der eg no oppheld meg, har eg vanskar meg å hjelpa ho vidare. Kanskje nokon har høve til å hjelpa meg (og ho)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! I sent an invitation to the tree in question. As an introduction, the area of the research is on Highway 101. In theory the road runs from San Diego into Oregon in the Coast ranges. In practice the part of the highway running north of San Francisco, is not great highway as it runs through narrow river valleys from the Russian River to the Smith River near Crescent City. It follows each river as it runs north, then runs through rugged mountains until if finds another river to follow. It's beautiful country but for Eureka only being 300 miles north of San Francisco, it's shortened it's journey to only six hours since 2010 when they finally bypassed a part that was only gravel. When I was a girl it took the better part of 12 hours. In many places the road is narrowed by old growth forest on both sides, but there are also areas so close to the rivers that they flood every time heavy rainfall occurs and others that are prone to land and rock slides. In 1890 they hadn't built a railroad (since abandoned) so if you were going by land it was a three day stagecoach ride. Most people who went from San Francisco to Eureka did it by ship along with most of the goods for sale in the whole area. Mostly the area was supported by lumber harvesting and milling. Eureka was a thriving town but the areas around were what was left after all the trees were removed. The banks in Eureka decided to sell some of that land which couldn't be sold to anyone in California. It was too remote. It was served by ship and by a three day journey by stagecoach...if the weather cooperated. So they turned to Europe. They turned to some dissatisfied farmers from a cluster of villages around Njemegian and Arnheim. First and foremost these were Catholic and solidly middle class. They felt they were second class citizens because vital records were recorded by the Protestants. The land agents in Europe told the prospective colonists that their household goods (down to clothes) were old fashioned and should be sold. They all bought passage on the Maasdam. One family, the Groenenbooms was in second class. Everyone else was in steerage. They landed in New York and made their way across the US by train, then to Eureka by coastal packet. There's a news story about how all the Eurekans came out to watch the Dutch land, like it was a parade in September 1890. They had sunk most of the money they had into land none of them had seen in the steep hills and valley now only an hour south of Eureka. My cousin's maternal grandmother was the first baby born in the new Dutch Colony called 'Fruitland'. The immediately set work clearing stumps from the clear cut, planting trees and building drying yards. In 1893 they lost the leader of their colony when he tried to cross a river in flood. By 1900 the land had been foreclosed on. Some of the families went to work in the lumber industry, others into dairies and cheese making. When the time came for the children to start marrying, there were few choices. There were almost no other Dutch except their own colony. Most married other Catholics, mostly Italians, Swiss and Slavs. The next generation didn't even marry Catholics but did marry other Californians who were first, second or third generations from Europe. The couple I was asking about had a son, Oscar who married Marie Bush (originally Van den Busch), the daughter of one of the Fruitland colonists. In trying to track down Oscar, I got involved in figuring out all the Olsens in Humboldt county...who came from everywhere in Northern Europe. I hit pay-dirt when I found Oscar's parents marriage record as it gave father's names of both parties and where they were born. I would be nice if they'd been more particular about Johanna. Name Gustav Severin Olsson Gender Male Marital Status Single Age 23 Birth Date 1856 Birth Place Solum Marriage Date 16 Mar 1879 Marriage Place Gjerpen, Telemark, Norway Father Ole Olsson Spouse Johanna Lovisa Andersdatter FHL Film Number 1282556 Reference ID Bk 9 p253 Household Members NameName Gustav Severin Olsson NameOle Olsson NameJohanna Lovisa Andersdatter NameAndreas Olsson
  14. Denne Roy Cox er ein person som eg har slite med i mange år, men som eg no endeleg meiner eg har greidd å «gjennomskoda»... Han dukkar opp første gongen då det vert fortalt at han trefte Constance Lien Hill Parker i ein tømmerleir («lumber camp») i nordlege California ein gong på 1920-talet, og dei gifte seg, daton og stad ukjent! Constance Emelia Lien var fødd i Renville Co., MN 23.11.1871 av norske foreldre og hadde før vore gift med Lars «Louis» A. Hill frå Hafslo i Sogn (1863-1928), busette Stanwood, WA, og sidan med Herbert Montgomery Parker (1865-1947), busette i San Francisco, CA. Ho hadde deretter vore sambuar i mange år i Reno, NV med Enrico «Rick» DeBernardi (1870-1948). Roy og Constance Cox flytte til Juneau, AK der me finn dei att i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZT-C63 I 1930 er dei båe oppgjevne vera 50 år gamle, han fødd i KY og ho i ND. Roy var «road contractor». So døydde Constance Cox i Stanwood, WA 10.4.1934: Name Constance Emelia Cox Event Date 10 Apr 1934 Event Place Stanwood, Snohomish, Washington Gender Female Age (Formatted) 62 years 4 months 17 days Birth Year (Estimated) 1872 Marital Status Married Spouse's Name Roy Cox Father's Name Nels M. Lien Mother's Name Marie men slekti fortel at Roy Cox vart buande i Juneau, AK, og i 1940 finn me han der med ny kone Connie: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89MB-L4Q8 Han er då «fur farmer», og båe er oppgjevne vera 44 år gamle og fødde i Illinois! Her er vigsli deira frå Juneau, AK frå 5.1.1937 som syner at båe hadde vore gifte ein gong før: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99GZ-Z99C-N Her er so WW2 draftet for Roy Cox frå 1942 som syner fødsel i Vienna, IL 27.7.1890: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C9P5-L97G-5 Her er dødsfallet til andre kona Connie f. Maxwell i Juneau, AK 26.2.1958: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99GF-17PS Dette må so vera dødsfallet til Roy Cox i Proviso, IL 21.9.1967: Name Roy Cox Event Type Death Event Date 21 Sep 1967 Event Place Proviso, Cook, Illinois, United States Address 5929 Belmont Road Gender Male Age 77 Marital Status Widowed Race White Occupation Laborer Birth Date 29 Jul 1890 Birthplace Vienna, , Illinois Funeral Home Suburban Funeral Home Burial Date 23 Sep 1967 Burial Place Elmhurst, , Illinois Cemetery Elm Lawn Father's Name Frank Cox Mother's Name Lottie Hill Informant's Name Peter A Jennings og då finn me han att som del av følgjande family tree hjå ancestry.com: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/27886360/person/27349497404/facts Dei detaljane som eg manglar om denne huslyden, er no: ** Kvar var Roy Cox i 1920? ** Dato og stad for vigsli til Roy Cox og Constance Parker 1920-åri? ** Let det seg kanskje gjera finna ein obituary for Roy Cox frå 1967? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Det er mange merkelege namn me kjem borti i denne forskingi. Her har eg råka på eitt som skapar litt vanskar for meg: Teotimo Inson «Lennie» Llenaresas, fødd i Guinobatan å Filipinasne 18.12.1897, kom til Amerika i 1923 og gifte seg før 1936 med: Alice Berthina Anderson, fødd i Richland Co., ND 5.3.1908 av far Andrew A. Anderson (1858-1938) frå Hafslo i Sogn og mor Carrie Halvorson (1870-1917) frå Lyngve i Lom Teotimo og Alice var i 1936 og 1937 busette i Long Beach, Los Angeles Co., CA: Name: Teotimo Llenaresas Gender: Male Residence Year: 1936 Street Address: 238 Crescent av Residence Place: Long Beach, California, USA Occupation: United States Navy Spouse: Alice Llenaresas Publication Title: Long Beach, California, City Directory, 1936 Name: Teotimo Llenaresas Gender: Male Residence Year: 1937 Street Address: 739 Ohio av Residence Place: Long Beach, California, USA Occupation: United States Navy Spouse: Alice Llenaresas Publication Title: Long Beach, California, City Directory, 1937 men flytte sidan til San Diego, CA. Er det i det heile mogeleg å finna ein dato og ein stad for vigsli deira? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Eg kjem i kveld med ei ny utfordrande huslyd frå den amerikanske vestkysten: William Goble SHIRRELL skal vera fødd i Lane Co., OR i april 1868 (ukjend dato) døydde i Santa Cruz, CA 12.8.1941 Han gifte seg i Idaho Co., ID 29.6.1899 med: Alma V. DYER fødd i Idaho Co., ID 17.10.1866 døydde i Hood River, OR 5.5.1949 William og Alma farma i Bethel preconct, Whitman Co., WA, men vart skilde kring 1906, og William flytte til Klamath Co., OR og sidan til Yreka, Siskiyou Co., CA, men døydde altso i Santa Cruz, CA... Òrsaki til skilsmålet skal etter segni ha vore følgjande: Alma forelska seg i ein ung farmarbeidar med foreldre frå Hafslo i Sogn: Nels N. KINS fødd i Buffalo Co., WI 17.8.1880 døydde i Miami, OK 26.1.1970 Nels og Alma «stakk av», men skal ha gift seg kring 1908, dato og stad ukjende, og busette seg først i The Dalles, Wasco Co., OR og sidan i Viento, Hood River Co., OR der dei livnærte seg som «truck farmers»! Ein gong på 1940-talet fekk Nels nok av dette livet og «stakk av». Ikkje ein gong søskeni hans visste kvar det vart av han, men takk vera kjempeflotte registre i ulike statar fann eg han att i Miami, Ottawa Co., OK der han kom som ein gamal blind og fattig «landstrykar» med berre ein fot, og då han døydde, vart han gravlagd på ein indianarkyrkjegard utanfor sjølve Miami. Eg snakka for fleire år sidan med mannen frå gravferdsbyrået som stod for gravferdi, og han nemnde at ingen endå hadde gjort opp for kostnadane til gravferdi!! Alma fekk ingen born i nokon av ekteskapi sine. Eg har tre sentrale spørsmål: Er det mogeleg å finna: ** Nøyaktig dato for fødsli til William Goble SHIRRELL? ** Mellomnamn for Alma V. DYER? ** Og det kanskje mest spennande: Dato og stad for vigsli til Nels KINS og Alma SHIRRELL, f. DYER? Eg har leitt i årevis etter desse opplysningane, men står framleis «bom fast». Kanskje andre har betre og utkvilde auge å leite med? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.