Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'solund'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 8 resultater

  1. Dette er ein huslyd som eg arbeidde ein del med for bortimot 40 år sidan, men som eg den gongen aldri greidde å finna ut noko meir om. Kanskje er tidi no kommi til å gjera noko med dette? Me veit konkret at dette parfolket flytte til ytre Sogn, og ein svogar fór sogar til «utlandet», kvar no enn det kan ha vore? Kanskje til Danmark? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Gjennom mange interessante oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Birthe får datteren Astrid i Kjøpenhavn i 1890. Astrid blir "bortsatt" Nederst på siden. https://cs.sa.dk/picture/view-values/120393?selectedTab=7&locale=da Jeg finner ikke dåpen til Birthe i kirkebøkene i Eivindvik. Kan hun være døpt en annen plass ? En kandidat (Berthe)i bygdeboka fra Solund. Kan det være henne ? Takker for alle tips og hjelp som måtte komme. Mvh Ivar
  3. Hei, Viser til ein debatt i gamle-forumet; https://forum.arkivverket.no/topic/121114-35589-østen-johannesson-f-på-landlegd-til-dumba-og-leknessund-i-solund-–-kvar-frå/ og vedlagte utsnitt frå Bygdebok for Solund, Bind 2, s. 392. Ystein / Østen sin svigerfar var frå Hyllestad. Sonen Hans gifte seg med ei jente med foreldre frå Hyllestad. Så det kan jo tyde på at Ystein/Østen også har tilknytning til Hyllestad? Er det mulig å finne ut av opphavet hans?
  4. Dette er ein huslyd som eg jobba med alt på 1980-talet, men grunna manglande tilgong på kjelder, fann eg ikkje svar på alt eg ville vita. Kanskje tidi no er komi til å gjera noko med det? Inga Larsdotter frå Luster gifte seg i Bergen med ein ung kar frå Utvær i Solund, men han veit me diverre svært lite om. Me kan heller ikkje sjå at dei fekk born i lag, og han ser ut til forsvinna frå Bergen... Men eg mistenker Inga for å ha hatt ei dotter før ho gifte seg(?). Her følgjer eit oppdatert manuskriptutdrag: ~~~~~~~~~~~~~~ Inga Larsdotter {Hengesteg}, døypt {i Luster} 1.8.1813, Kring 1840 flytte Inger Larsdotter til Bergen der ho 26.12.1842 gifte seg i Nykyrkja med Halvor Torbjørnson frå Utvær i Solund, i Bergen kjend som Halvor Torbjørnsen. Han var son av strandsitjar Torbjørn Simonson på Utvær, opphavleg frå ##### (opphavet hans? – Kvalvik??) og kona Kari Halvorsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt i Solund 7.8.1808, men flytte til Bergen i 1838. Halvor Torbjørnsen var matros, og han og Inger vart buande i Bergen der Halvor d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865! – ikkje finne!?) Inger Torbjørnsen budde sidan som enkje i Kong Oscars gate i Bergen, men d. på «fattighuset» i Bergen 10.1.1892. Me kjenner ikkje til born etter dette parfolket. ##### (NB: Kan dette vera ei dotter av Inga (mor hennar heitte Malena!): * Karen Malene, f. «uekte» KK, Bergen 18.10.1840 – far: tømmermann Jacob Mikkelson Njøs!? https://media.digitalarkivet.no/view/8646/78 ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld denne huslyden. Kanskje nokon med lokal ekspertise på Solund kan fylla ut det som manglar om opphavet til Halvor og foreldri hans?
  5. Dette emnet tek utgongspunkt i eit innlegg som Ivar Moe skreiv i eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=8 Den Anders Pederson Storøen av Utvær som her er omskriven, må vera han som er fødd «uekte» på Oddekalv i Gulen 4.3.1823 og døypt 18.3.1823 av foreldri Peder Axelson og Ingeborg Rasmusdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11450/66 Kven var so denne Ingeborg? I hitt emnet har eg skrive følgjande: (som i ettertid har synt seg vera feil!) «Eg er ikkje 100% sikker, men eg trur at Ingeborg Rasmusdotter må vera ei som var fødd på plassen Grøt under garden Nes i Sogndal og døypt der 20.9.1789. Ho var dotter av husmann Rasmus Andersson og kona Ingeborg Jørgensdotter, båe barnefødde på Hafslo, men utflytte til Sogndal i 1785. Denne Ingeborg gifte seg første gongen i Bergen med Peder Olson frå plassen Stegen under Bøtun i Leikanger (1779-1834) og sidan med Mikkel Iverson frå Fosse i Hamre (1793-1866). Ingeborg døydde i 1866. Men denne delen av manuskriptet mitt har eg ikkje med meg der eg er no, so eg lyt få komma attende til denne saki når eg er heime att...» Men ved nærare sjekking av originalkjeldene kan eg ikkje sjå at dette parfolket hadde nokon son Anders, og dessutan ville dei andre søskeni ha vore ervingar etter Anders Pederson i 1861! Då har eg derimot ein annan «kandidat» som eg tykkjer kanskje høver betre, denne Ingeborg Rasmusdotter frå Solvorn i Hafslo, som attpåtil hadde eit søskenbarn Jonas Jacobson (1784-1831) som budde nettopp på Stendal i Solund: ~~~~~~~~~~~ (manuskriptutdrag gnr. 88, Rønnei i Luster - NB: Etter mange interessante oppdagingar i kveld er dette manuskriptet no omarbeidt or erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg er sjølvsagt svært interessert i oppfølgjande opplysningar om denne huslyden, men det som i utgongspunktet gjer meg litt «skeptisk», er at desse jentene skulle ha vore ervingar etter Anders Pedersn Storøen i 1861? Kan det tenkjast at ingen i Utvær visste om at Ingeborg hadde vore gift og fekk dei tre døtrene?? Eit anna spørsmål som bidreg til ytterlegare spekulasjonar, er dei tre «sidelinjeervingane» * Bernt Olson Hagen, i teneste på Sætre i Askvoll * Britha Olsdotter Hagen, i teneste i Dalsfjorden i Holmedal * Martinus Andersson Trevaag i Bø i Vesterålen Kven var dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bringa oss nærare ei løysing på denne erveutfordringi og likeins nærare ei komplettering av biografien til Aamund Einerson og Ingeborg Rasmusdotter.
  6. Dette er ein huslyd som eg arbeidde med tidleg på 1980-talet, men som eg den gongen hadda vanskar med å finna ut av. Kanskje går det lettare no med ekspertise på mellom anna Solund? Manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Find Findson Qualsøren, frå Kreken i Jostedalen, var f. i Jostedalen kring 1706 og vart gravlagd som legdelem frå Talsete 30.10.1774. Han gifte seg i Jostedalen kring 1731 med Martha Mathiasdotter frå Bruheim i Jostedalen. Ho var f. i Jostedalen kring 1705 og vart gravlagd frå Flahammar 9.4.1772. Find og Martha budde først på Bruheim i Jostedalen, men fekk kring 1743 ein plass på Kvalsøyri, truleg her i Osen. Liksom dei fleste plassfolki på Kvalsøyri hadde nok heller ikkje Find noki særleg jord til plassen; derimot veit me at noko av stova her i Osen vart nytta som fengsel på den tidi, og Find og Martha hadde tilsynet med fangane. Find og kona vart buande på Øyri til dei kom på legd kring 1767. Dei flytte då med dotteri Kari til Talsete under Flahammar. Martha og Find fekk fem born i lag: 1. Find Findson, f. i Jostedalen kring 1733, Find Findson flytte i ung alder til ytre Sogn og gifte seg i Gulen 16.7.1779 med Anna Johannesdotter frå ##### (opphavet hennar? – kalla Losna ved vigsli!) Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) og f. kring 1737. ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?) Find og Anna vart husmannsfolk på ein plass ##### (kva for ein plass?) under Inderøy i Solund, og derifrå vart Find gravlagd 16.12.1791. Anna gifte seg att i Gulen 22.6.1792 med Ole Johnson frå ##### (opphavet hans? – frå Ytterøy i Solund?) Han var son av ##### (foreldri hans?) og f. kring 1746. ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?) Ole tok over som husmann på plassen som Find Findson hadde hatt under Inderøy i Solund der Anna d. som husmannskone 12.4.1825. Ole gifte seg att, men d. på Innerøy alt ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1830?) Anna fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. 2. Kari Findsdotter (1736‑1799), vart gift med husmann Ole Olson på Talsete under Flahammar (1738‑1800) . 3. Britha Findsdotter, døypt i Luster 12.12.1738, Britha Findsdotter ser ut til å vera fari frå bygdi i ung alder, ##### (lagnaden hennar? – kan henda til Gulen? – men d. barnlaus før 1792) 4. Jacob Findson (1741‑1812), vart husmann på Øvregard under Jostedal Prestegard i Jostedalen. 5. Jens Findson, døypt i Luster 19.8.1745, Jens Findson ser ut til å vera faren frå bygdi i ung alder, ##### (lagnaden hans? – kan henda til Gulen? – eller kan henda gift i Fjaler 1.12.1767 med Kari Thorsdotter? – i alle fall d. han barnlaus før 1792!) ~~~~~~~~~~~~~~~ Her er forresten trulovingi og vigsli frå Fjaler 1767, utan at eg vert so mykje klokare på det som står der...: https://media.digitalarkivet.no/view/8828/77 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for komplettering av denne biografien!
  7. Dette emnet er henta utifrå følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201695-øyanes-påskenøtt-6-mons-torstenson-1723-1814-frå-luster-via-vik-til-sørebø-i-hyllestad-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-1702644 Tollef Monsson, døypt i Luster 21.9.1749, gifte seg i Gulen 20.10.1778 med Britha Jacobsdotter Oddekalv: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/22 Trulovingi deira 23.8.1778 (10. p. Trin) syner at forlovarane deira var Johannes Olson Stokkevåg og Johannes Rasmusson Oddekalv: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/20 Bygdeboki for Gulen, bd. I, side 254 hevdar at Britha Jacobsdotter var enkje og kom frå Kjellevoll i Gulen, men slår ein opp der, ser me at Britha Jacobsdotter Kjellevoll vart gravlagd 17.9.1790 i ein alder av 74 1/2 år: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000769060 medan «vår» Britha vart gravlagd frå Tjuviki 21.1.1794, mellom 40 og 50 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000769706 So kven var Britha Jacobsdotter Oddekalv? Eg finn ikkje noko under Oddekalv i Solund som kan hjelpa meg identifisera opphavet hennar, men ser me på barneflokken til Tollef og Britha, finn me desse namni: * Henrik, f. 1778 * Jacob, f. 1782 * Kari, f. 1785 * Janniche, f. 1787 * Anna, f. 1790 Om dei nytta seg av oppkalling, finn eg ikkje noki forklaring på Henrik-namnet, med mindre Britha hadde vore gift før med ein Henrik? Jacob var jo tydeleg oppkalla etter far hennar. Kari var oppkalla etter mor hans Janniche har eg ikkje noki forklaring på, med mindre det var førenamnet til mor hennar? Anna har eg heller ingi forklaring på, men Tollef hadde ei eldre søster med det namnet (som me enno ikkje har greidd å oppspora!), og Anna vart døypt etter at Tollef var avliden! Eg finn ikkje noki Britha Jacobsdotter døypt korkje i Gulen eller i Askvoll for den aktuelle perioden (mellom 1745 og 1760), MEN eg finn ei vigsle i Askvoll for: Jacob Andersson Smilden og Janniche Jensdotter 9.7.1746: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000769060 Kan dei vera foreldri til Britha?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Bygdeboki for Solund, bd. I side 125/126 nemner: Karl Lindseth f. 1750 som gesell, gardbrukar og gjestgjevar på Husøy i 1801. Boki nemner kona Gunnhild Larsdotter og dei tre borni Anna, Nils og Gunnhild samt at dotteri Anna i 1802 vart gift med Jan Peeterzen, fødd på «Eiland Just» i Holland, ein son Peter døypt 1803. Noko meir om ætti er ikkje å lesa... Her er huslyden i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002688 001 Carl Frid. Lindseth 01 51 - - Huusfader Gifte 1ste gang Kræmmer, giæstgiver med gaard 002 Gunilde Larsdatter 01 52 - - Dennes hustrue Gifte 1ste gang - 003 Anna Carlsdatter 01 25 - - Fælles børn Ugifte Hiæmme tiæner 004 Niels Carlsen 01 20 - - Fælles børn Ugifte Hiæmme tiæner 005 Gunilde Carlsdatter 01 8 - - Fælles børn Ugifte Hiæmme tiæner Det kan for meg sjå ut som om det dreier seg om denne huslyden: Carl Nilsson Haajem og Gunnhild Larsdotter vigde i Ørskog 1776: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002198583 Dette parfolket får først ei dotter i Ørskog: * Anne Marthe, døypt 20.7.1777 Og so får Carl Nilsson desse borni i Skodje: * Nils, døypt 1.10.1780 * Gunnhild, døypt 1.1.1794 Eg ser INGEN Gunnhild Larsdotter døypt i Møre og Romsdal som kan høva med denne Gunnhild gift i Ørskog i 1776, og kyrkjebøkene er tilgjengelege for Ørskog, so det kan vel heller ikkje vera tale om ei «kjeldelakune»!? Eg mistenkjer Gunnhid Larsdotter for å vera døypt i Luster 16.4.1752 som «uekte» dotter av Inga Pedersdotter frå Haugen under Flahammar (1730-1802) og Lars Jacobson Svad (1723-1785). Stefaren var vektar Dominicus Christianson Schnell frå Bolstad i Luster (1728-1798), frå kring 1760 busette i Bergen, men Gunnhild ser ikklje ut til å vera flytt til Bergen med mor og stefar, og ho er heller ikkje konfirmert i Luster! Schnell-ætti er drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/194513-sersjant-og-gardbrukar-christian-hansson-schnell-i-luster-1691-1758-huslyden-hans-i-bergen-og-andre-stader/ No vonar eg å finna nokon med lokal kunnskap i Solund, eventuelt i Ørskog og Skodje, som kan vita meir om denne huslyden... ** Kvar kom dei ifrå? ** Kvar vart det av dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.