Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'nebraska'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 14 resultater

  1. Dette er ein huslyd som eg jobba mykje med på 1980-talet, og eg var godt nøgd med resultatet den gongen. Men, tidi har springe frå oss, og eg ønskjer å oppdatera manuskriptet mitt frå den gongen. Særleg er eg oppteken av lagnaden til yngste sonen Walter og kven desse konene til sonen Edward var? Eg vonar nokon kan hjelpa meg? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Rannei Johannesdotter Næss, f. {i Luster} 25.11.1867, Rose Ness utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Lakota, N.D. 21.12.1891 med Louis Peter Norman. Han hadde svenske foreldre, men var sjølv f. i Dakota Co., Minn. 28.9.1869. Louis Norman var snikkar («carpenter»), og han og Rose busette seg i Jadis township, Roseau Co., Minn. Rose vart sjuk kort etter hundreårsskiftet og d. i Fergus Falls, Minn. 17.2.1908. Louis Norman farma so ei tid i Fielding, Sask., men flytte sidan til Lincoln, Lancaster Co., Neb. der han var smykkehandlar («jeweller»). ##### (1930: gas station salesman in Grant townshiup, Lancaster Co., NE) Han gifte seg 1.6.1932 att i Lincoln, Neb. med enkja Christine Catharine, kjend som Catharine Karlsdotter f. Hösch, opphavleg frå Fellbach i Württemberg, Tyskland, i Amerika kjend som Katie Hoesch. Ho var dotter av Karl Wilhelm Johannesson Hösch og kona Elisabeth Catharine Jacobsdotter f. Schuhr og f. i Fellbach, Württemberg 19.4.1877, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1883. ##### (sjekka utvandringsåret?) Ho gifte seg første gongen i Huntley, Neb. 6.4.1899 med Christian Henry Schluntz, f. i ##### (place of his birth? – NE) 6.4.1874. Dei farma i Turkey Creek precinct, Harlan Co., Neb. der Christian d. 27.10.1922. Louis og Katie vart buande i Lincoln, Lancaster Co., Neb. der Louis d. 1.3.1948. Katie gifte seg ein tredje gong ##### (date and place of her 3rd marriage? – Oct. 1948) med Frank Cushing ##### (info?) Dei flytte til Palisade, Mesa Co., Colo. der Katie d. 9.11.1957. Katie hadde åtte born frå første ekteskapet sitt, medan Louis hadde desse fem borni frå første ekteskapet sitt med Rose Ness: a. Ella May, kjend som Elinor Norman, f. i Roseau Co., Minn. 6.9.1893, d. i Karlstad, Minn. 26.10.1983. Ho gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 1.11.1919 med William Nicolas Miller, f. i Hennepin Co., Minn. 9.4.1885. William var apotekar («drug chemist»), men d. ved eit ulukkeshende i Minneapolis, Minn. alt 7.11.1922. Elinor gifte seg so att i Ellendale, Minn. 4.4.1923 med Leslie James Howard. Han var f. i Hennepin Co., Minn. 24.9.1894 og d. i Minneapolis, Minn. 5.1.1947. Leslie var politioffiser («police officer»), og han og Elinor budde i Wyoming, Chisago Co., Minn. Elinor gifte seg so tredje gongen i Freeborn Co., Minn. 27.11.1947 med Robert James Knutson. Han var f. i Freeborn Co., Minn. 20.10.1889 og d. i Roseau, Minn. 9.1.1968. Robert var advokat («lawyer»). Han og Elinor budde først ei tid i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte sidan til Roseau, Roseau Co., Minn. Elinor fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. b. Joseph Edward, kjend som Edward Norman, f. i Roseau Co., Minn. 16.4.1895, flytte med faren til Fielding, Sask. og sidan vidare til Lincoln, Neb. der han d. 4.12.1965. Edward gifte seg første gongen i Lincoln, Neb. ##### (date of his marriage?) 1921 med Lavina Belle Fauth, f. i Lancaster Co., Neb. 27.1.1902. Ho d. i Lincoln, Neb. ##### (exact date of her death? – Feb. 1993? – son Vernon Edward Norman, f. 1921) Men dei vart skilde i ##### (year of their divorce? – after 1940! – she later remarried Murphy?) og Edward gifte seg ##### (date and place of his 2nd marriage?) att med Marie ##### (info on her?) Edward var mekanikar og urmakar («mechanic and watchmaker») og budde i Lincoln, Lancaster Co., Neb. levetidi ut. Han fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet. c. William Laurence Norman, f. i Roseau Co., Minn. 18.3.1897, flytte òg til Lincoln, Neb., men d. i Longmont, Colo. 8.6.1993. Han gifte seg i Lincoln, Neb. 27.8.1919 med Leta ##### (middle name?) Boyer. Ho var f. i Lancaster Co., Neb. 2.12.1900 og d. i Longmont, Colo. 26.8.1997. William Norman var dampingeniør og mekanikar («steam engineer and mechanic»). Han og Leta vart buande i Lincoln, Neb. til dei i 1950 flytte til Auburn, Neb. I 1962 flytte dei som pensjonistar til Longmont, Colo. Dei fekk fire born i lag. d. Ruth Lillian, kjend som Lillian Norman, f. i Roseau Co., Minn. 10.8.1899, voks opp hjå Albert Adamson i Watson, Chippewa Co., Minn. og d. i Milan, Minn. 18.12.1964. Ho gifte seg i Chippewa Co., Minn. 7.4.1920 med Selmer George Kittelson, f. i Chippewa Co., Minn. 1.9.1894. Han d. i Milan, Minn. 19.12.1990. Lillian og Selmer farma i Kragero township, Chippewa Co., Minn. og fekk sju born i lag. e. Walter ##### (middle name?) Norman, f. i Roseau Co., Minn. ##### (date of his birth? – 1901?) voks opp hjå Harry H. Smith i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte sidan til Omaha, Neb. der han d. ugift ##### (date of his death? – 1925?) Walter var mekanikar («mechanic»). ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Hans Einerson var den yngste av to brør frå Haganes i Luster som utvandra til Amerika. Dei budde i same område i Nebraska. Broren Anders er handsama i eit anna tema, men ogso Hans og borni hans har ei «utfordrande» lagnad, særleg dei to sønene samt eldste barnet, som me ikkje veit noko om... Kanskje er det mogeleg å få hjelp til å finna svar på nokre av desse ufordringane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Einerson {Hagenæs}, f. {i Luster} 17.11.1847, Henry Enerson utvandra til Amerika i 1867 og gifte seg i Colfax Co., Neb. 17.12.1872 med ##### (original German name?) frå Köln i Tyskland, i Amerika kjend som Gertrude Catherine Ritzdorf. Ho var dotter av ##### (parents? – truleg døypt i Heimersheim, Rheinland-Pfalz 17.6.1849 – dotter av Carl Joseph Ritzdorf og Anna Maria f. Witsch) og f. i Köln i Tyskland 17.6.1849, men utvandra til Amerika i ##### (year of her emigration?) Henry og Gertrude slo seg ned som farmarar i Cedar precinct, Boone Co., Neb., men flytte sidan inn til Cedar Rapids, Boone Co., Neb. der Henry d. 19.2.1916. Gertrude Enerson budde siste leveåri sine i Sherman, sidan kalla West Hollywood, Los Angeles Co., Cal. der ho d. 18.12.1927. Henry og Gertrude fekk seks born i lag: a. NN Emerson, f. og d. i Boone Co., Neb. i 1873 eller 1874. ##### (details?) b. Anna Marie, kjend som Marie Enerson, f. i Boone Co., Neb. 12.11.1875, d. i San Francisco, Cal. 10.2.1949. Ho gifte seg i San Rafael, Cal. 5.2.1910 med William Henry Johnson, f. i Santa Clara Co., Cal. 18.12.1878. Han d. i Belmont, Cal. 13.9.1960. William Johnson var seljar («salesman»). Han og Marie budde først i Hollywood, Los Angeles Co., Cal., men flytte sidan til San Francisco, Cal. Dei var barnlause. c. Bessie Enerson, f. i Boone Co., Neb. 2.2.1878, d. i Ventura, Cal. 13.7.1965. Ho gifte seg i Omaha, Neb. 2.5.1921 med Frederick Milton Collins, f. i Fayette Co., Ky. 19.8.1874. Han d. i Los Angeles, Cal. 17.11.1956. Frederick Collins var seljar («salesman»), og han og Bessie budde i Sherman (West Hollywood), Cal. Dei var barnlause. d. Louise Enerson, f. i Boone Co., Neb. 20.3.1880, d. i West Hollywood, Cal. 28.1.1932. Louise var garderobedame ved eit filmselskap («wardrobe department worker at a movie picture studio») og budde i Sherman (West Hollywood), Cal. Ho var ugift. e. Francis Joseph, kjend som Joseph Enerson, f. i Boone Co., Neb. 16.8.1882, d. i South Omaha, Neb. 23.5.1944. Han gifte seg i South Omaha, Neb. ##### (or married in Arlington, Washington Co., NE?) 2.6.1910 med Rozella M. ##### (middle name?) kjend som Zella Jungbluth, f. i Washington Co., Neb. 17.5.1886. Ho d. i Steubenville, Ohio 2.12.1962. Joseph Enerson var nestleiar for ein bank («bank vice president»), og han og Zella budde i South Omaha, Neb. Dei var barnlause, men adopterte to born. f. Charles Edward Enerson, f. i Boone Co., Neb. 24.7.1885, d. i ##### (place of his death? – where in Maryland? – buried Baltimore, MD) 26.12.1943. Han gifte seg i Boone Co., Neb. 11.11.­1912 med Anna Clara Meyer, f. i Platte Co., Neb. 18.1.1887. Ho d. i Santa Monica, Cal. 1.9.1972. Charles Enerson var eigedomsseljar («land salesman»), og han og Anna budde i Kimball, Kimball Co., Neb. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Huslyden til Anders Einerson Hagenæs frå Luster er ein som eg arbeidde mykje med på 1980-talet, men eg greidde aldri å få skikkeleg «tak» på dotteri hans. No har eg finne fleire detaljar hjå ancestry.com, men framleis sit eg fast på ein del. Kanskje kan liktaler (obituaries) finnast for Anders og dotteri hans? Slik ser manuskriptet mitt ut for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å komplettera denne biografien!
  4. Dette er ein familie som eg oppdaga her om dagen ganske so tilfeldigt. Det er fleire personar med namn Christen Christenson Lerum som utvandra frå Luster til Amerika, og eg oppdaga ei samanblanding av to av desse. Den eine Christen C. LERUM (1848-1929) budde i Wisconsin, medan hin Christen C. LERUM (1850-1939) hamna i Nebraska. Denne siste har eg no sete med i ganske mange timer for å «sortera» ut kva opplysningar som eg har finne på nettet, men særleg manglar eg liktaler (obituaries), som eg vonar nokon kan hjelpa meg finna ut av? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i kveld: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at fleire nye detaljar er dukka opp, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #17 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Den norskætta jenta Anna Elize «Annie» Thompson, fødd i Chicago, IL 3.11.1872, døydde i Chicago, IL 27.3.1954. Ho gifte seg i Chicago, IL 15.4.1899 med: Lawrence Frederick, òg kjend som Fred L. ABBOTT, fødd i Illinois kring juli 1874, arbeidde som «railroad stationary engineer», og dei budde i Chicago, IL, men mannen skal ha mist livet ved eit ulukkeshende i Atkinson, NE 25.6.1916. Han dukkar likevel opp på første side i dette registeret frå KANSAS: https://www.kshs.org/genealogy/genealogy_securitybenefits/search/page:1/begyr:1800/endyr:2019/submit:SEARCH Det vart sikkert skrive om dette ulukkeshendet i pressa, og eg lurer på om nokon kan hjelpa meg med fleire opplysningar kring dødsfallet hans? - OBITUARY? Eg er òg interessert i opplysningar om opphavet hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. George H. Cook, oppgjeven fødd i Danmark 10.9.1849 skal ifølgje FT1900, 1910 og 1920 ha utvandra til Amerika i 1870, medan det i FT1930 er oppgjeve 1967 som utvandringsår- Han gifte seg i Lincoln Co., SD 29.10.1881 med Anna Marie Olson, fødd i Luster 10.7.1860 og utvandra i 1862 med mor si til Wisconsin. Dei busette seg i Emerson, Dakota Co., NE der George Cook døydde anten 28.3.1935 eller 28.3.1939 (båe datoar har vore oppgjevne!) Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera denne dansken? ** Dato og stad for fødsli hans? ** Utvandringsåret? ** Kven var foreldri hans, yrke,bustad og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Dette er ei utfordring som eg har «kjempa» med i fleire år - ei oppfølgjing av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/187541-løyst-kvar-i-os-finn-me-garden-øvstestu-er-det-i-rolfsvågen/?tab=comments#comment-1588832 Axel Knutson, son av Knut Pederson (Sævild) og kona Synneva Axelsdotter (Gaupholm) var fødd på Rolvsvåg i Samnanger 7.2.1846 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853. Om den tidlege soga hans i Amerika veit eg lite, men han kalla seg etter kvart Alexander eller Alex/Aleck PETERSON og gifte seg i Niobrara, NE 14.3.1883 med Kari «Carrie» Anderson, fødd i Luster 6.7.1854 og utvandra med foreldri sine til WI i 1860. Alex og Carrie farma først i Creighton precinct, Knox Co., NE, men i 1889 flytte dei til ein farm i Knox township, Meade Co., SD der me finn dei i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WM9-2BX Fire born er nemnde: * Etta M. Peterson, f. i Knox Co., NE ?.1.1884 - lagnad ukjend * Clarence Peterson, f. i Knox Co., NE 9.2.1885 - farma 1920, 1930 og 1940 i Meade Co., SD, ugift * Charlotte M. Peterson, f. i Knox Co., NE 29.7.1886 - d. i Miami Co., IN 3.5.1973 som kona til Rev. Harvey Barnes * Olive Annie Peterson, f. i Meade Co., SD 1.6.1893 - d. i Spokane, WA 16.3.1969 - gifte seg 22.6.1913 med James Arza Noe, f. i Benton Co., IA 7.4.1888, d. Seattle, WA ?.4.1983 - farma 1920 i Meade Co., SD og 1930 i Pennington Co., SD Carrie Peterson døydde i Meade Co., SD 27.1.1904. So skjer det merkelege at korkje Alex/Aleck eller nokon av borni hans er å sjå nokon stad i FT1910, men i 1920 er både Clarence og søsteri Olive Annie med mann James Noe attende i Meade Co.,SD, men ingen spor etter far deira. Clarence er der òg i 1930 og i 1940! MEN, slekti fortel meg at Alex/Aleck Peterson levde siste åri sine på ein gamleheim i Evanston, Uinta Co., WY og at han døydde der i 1929. * Greier nokon å finna Alex/Aleck Peterson mellom 1900 og 1929 og eventuelt ein OBITUARY for han frå 1929? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Dette er ein «liten» huslyd med opphav i Luster som hamna i Nebraska, og manuskriptet mitt ser forsovidt bra ut,. men det er nokre detaljar som berre ikkje vil dukka opp i dei kjeldene som eg har freista, ancestry og familysearch. Kanskje avisarkiv kan supplera med meir? Eller kanskje nokon har andre idéar? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante og nyttige innlegg er dette manuskriptet no oppdatert i innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. I aftes tok eg opp i eige tema spørsmål om lagnaden til Johannes Christopherson, den «potensielle» borgarkrigssoldaten frå Luster. I kveld vil eg gjerne få ta med heile denne huslyden, som sidan tidleg på 1980-talet har vore ei hard nøtt å «knekka». Huslyden flytte kring 1864 frå Dane Co., WI til Dakota Co., NE, og det har vore umogeleg so langt å finna kyrkjebøker som nemner barnedåpane og gravferdene frå dette området av Nebraska. Eg sendte eit spørsmål om dette til ELCA og fekk følgjande svar: «There was a short-lived attempt at a Norwegian Lutheran Church in Home from 1878-1879, but nothing else. The only one earlier than that in Dakota Co. was Emmanuel, an English Lutheran congregation organized in 1860 in Dakota City and dissolved in 1956. I don't know of any records, but they may be with the Nebraska Synod. An 1872 English Lutheran congregation called Salem was organized three miles west of Dakota City in 1872 and is still active. They would have their records. Perhaps they ended up with Emmanuel's as well. The next earliest was in Homer with St. Paul's, an 1886 English Lutheran congregation.» Dette settlementet ligg ikkje langt frå Missouri-elvi og IOWA, og eg ser ikkje bort ifrå at dei kan ha døypt borni sine i ei kyrkje der, med mindre dei hadde ein reisande prest i nabolaget... Manuskriptet mitt for denne huslyden ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Christopher Thomasson Berge, frå Berge i Fortun (bnr. 3), vart døypt 3.5.1807 og gifte seg 2.12.1832 med Rannei Samuelsdotter frå Yttrishaugen under Yttri, døypt 18.1.1807. Ho d. som husmannskone i Utladalen 17.3.1848. Christopher og Rannei tok kring 1837 over som plassfolk i Utladalen, og Christopher dreiv plassen fram til 1861, den siste tidi i lag med sonen Thomas (sjå under). Då vart plassen nedlagd. Christopher Berge utvandra til Amerika i 1861 og budde truleg eit år eller so i Dane Co., Wis. Men alt i 1864 er Christopher attkomen til Luster, og han budde vel helst i Kristafførholen under Berge der han d. som innerst 7.1.1894. Christopher og Rannei fekk tre søner i lag: 1. Thomas Christopherson Berge (1832‑1878), var ei tid husmann her i Utladalen i lag med far sin (sjå under). 2. Peder Christopherson Berge, f. 18.11.1835, Peter Christopherson utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Dane Co., Wis. 20.8.1858 med Christina Thomasdotter frå Optun, i Amerika kjend som Christine Opthun. Ho var f. i 22.4.1835 og utvandra til Amerika i 1857. Peter og Christine budde nokre år i Springdale township, Dane Co., Wis., men kring 1864 flytte dei til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Neb. der Christine d. 30.6.1882. Peter Christopherson d. i Cuming, Neb. 27.10.1905. Dei fekk i alt elleve born, men eitt av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller data. ##### (info on infant child?) Dei andre ti borni (somme av dei nytta Christopher som ættenamn) var: a. Rachel Olena Christopherson (1859-1917), vart gift med gardbrukarsonen Elias Nilsson frå Bringe i Luster (1852‑1924) (s.d.). b. Susanna, kjend som Susie Christopher, f. i Dane Co., Wis. 20.8.1860, d. i Cherokee, la. 22.7.1934. Ho var hushaldar («housekeeper») og budde lenge i Sioux City, Woodbury Co., Ia., men vart sjuk og flytte i 1908 inn på sjukeheimen i Cherokee, la. Ho var ugift. c. Anna Christine Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 22.12.1861, d. ##### (date and place of her death? - prior to 1865!) d. Thomas Christopher, f. i Dane Co., Wis. 3.8.1863, d. i Homer, Neb. 21.12.1931. Han gifte seg i Woodbury Co., Ia. 13.7.1898 med Abigail Alice, kjend som Abbie Davis, f. i Dakota Co., Neb. 7.7.1870. Ho d. i Sioux City, la. 26.8.1953. Thomas dreiv seltyforretning («harness store owner and operator») og var frå 1915 busett i Homer, Dakota Co., Neb. Han og Abbie fekk fem born i lag. e. Anna Christine, kjend som Annie Christopher, f. i Dakota Co.. Neb. ##### (exact date of her birth?) 1865, d. i Jamestown, N.D. 18.1.1947. Christine gifte seg i Bancroft, Neb. 21.12.1902 med Charles Atkinson, f. i Apple River, Cumberland district, N.S. 3.5.1858. Han d. i Pembina, N.D. 1.11.1929. Charles og Christine farma nær Pembina, Pembina Co., N.D., men budde i sjølve Pembina, N.D. der Charles òg tenestegjorde som politimann («city marshall»). Dei var barnlause. f. Christian Aaron Christopher, f. i Dakota Co., Neb. ##### (exact date of his birth?) 1869, d. i Emerson, Neb. 11.2.1914. Han gifte seg i Sioux City, Ia. 13.12.1904 med Goldeen Irene, kjend som Goldie Patterson, f. i Harrison Co., la. 21.3.1884. Ho d. i Sheridan, Wyo. 13.4.1951. Christian var møllearbeidar («grain elevator laborer»), og han og Goldie budde ei tid i Emerson, Thurston Co., Neb., men flytte sidan til Homer, Dakota Co., Neb. der Christian var politimann («town marshall»). Goldie gifte seg att i Ft. Morgan, Colo. 29.1.1929 med enkjemannen Arther Ellis Myers, f. i Cuming Co., Neb. 5.2.1881. Han d. ##### (date and place of his death? - after 1940!) Arther Myers var farmarbeidar og sidan dyrlækjar («farm laborer and later a veterinarian»). Han og Goldie budde i Akron, Washington Co., Colo., men Goldie flytte sist på 1930-talet til Sheridan, Sheridan Co., Wyo. Ho fekk to døtrer, båe frå første ekteskapet med Christian Christopher, medan Arther Myers òg hadde to born frå første ekteskapet sitt. g. Sophia May ##### (should middle name be Bessie?) Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 20.1.1871, d. i Lemmon, S.D. 3.3.1918. Sophie gifte seg i Wayne, Neb. 8.1.1891 med Edgar Alphonso Shippy, f. ##### (exact date and place of his birth? - Ontario or Lansing, MI?) .11.1863. Han d. i Eagle Butte, S.D. 21.11.1946. Edgar og Sophie farma ei tid i Jefferson township, Fayette Co., la., men flytte kring 1908 til ein farm i Precinct 10, Cedar Co., Neb. og få år etter vidare til ein farm i Lantry township, Dewey Co., S.D. ##### (later destiny? - he in 1930 farm laborer in Bison township, Perkins Co., SD) ##### (number of sons and daughters? - at least nine! - 1910 census says 7 children all alive!) h. Inger Marie, kjend som Mary Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 19.12.1872, d. i Jamestown, N.D. 21.12.1942. Mary tente ei tid hjå søsteri Sophie i Fayette Co., Ia. og sidan hjå søsteri Christine i Pembina Co., N.D. Ho var ugift. i. Nellie ##### (middle name?) Christopher, f. i Dakota Co., Neb. ##### (date of her birth? - 1875?) d. i Dakota Co., Neb. ##### (date of her death? - after 1885 - young age!) j. Bertha Christine Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 22.4.1877, d. i Dakota Co., Neb. ##### (date of her death? - between 1880 and 1885? - young age!) 3. Johannes Christopherson Berge, f. 23.7.1838, John Christopherson utvandra til Amerika i 1857, truleg òg til Dane Co., Wis., ##### (destiny? - Civil War soldier??) Thomas Christopherson Berge, son av føregåande husmann og herifrå plassen, var f. 27.10.1832 og gifte seg 3.7.1854 med Martha Tollefsdotter frå Ekrene under Yttri, f. 14.5.1826. Thomas hadde plassen i Utladalen i lag med far sin i fleire år, men vert helst kalla for innerst. Thomas og Martha Christopherson utvandra til Amerika i 1859, og etter eit par år i Springdale township, Dane Co., Wis., flytte ogso dei, liksom Peder og kona hans, kring 1864 til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Neb. der Martha d. ##### (date of her death? - prior to 1870! - FT1870 syner Thomas og borni hans med ættenamnet GUSTAVUS!) Thomas Christopherson d. same staden 9.11.1878. Dei fekk fem born i lag: a. Christopher, kjend som Chris T. Christopherson (1854‑1900), utvandra med foreldri i 1859 og vart der borte gift med husmannsdotteri Martha Olsdotter frå Øyane under Øvrebø i Luster (1865‑1938) (s.d.). b. Johanna T. Christopherson, f. i Luster 13.8.1856, utvandra likeins med foreldri i 1859, men skal vera d. under overfarten og vart gravlagd i Atlanterhavet. ##### (stadfesting av dette?) c. Ingrid, kjend som Inger Christopherson, f. i Luster 17.2.1859, utvandra òg med foreldri i 1859 og d. i Cherokee, Ia. 4.10.1933. Inger gifte seg i Covington, Neb. 12.4.1883 med Myron Jasper Sutton, f. i Boone Co., la. 7.3.1857. Han d. i Sioux City, la. 11.5.1927. Myron og Inger farma ei tid i Omadi precinct, Dakota Co., Neb., men flytte kring 1896 til Sioux City, Ia. og kort etter hundreårsskiftet vidare til ein farm i Grange township, Woodbury Co., Ia. Kring 1913 flytte dei so på ny til Sioux City, Woodbury Co., Ia. der Myron livnærte seg som bilmekanikar («auto mechanic»). Dei fekk åtte born i lag. d. Tollak, kjend som Todd Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 13.9.1861, d. i South Sioux City, Neb. 5.8.1934. Han gifte seg i Dakota Co., Neb. 1.1.1884 med Mary Alice Pilgrim, f. i Dakota Co., Neb. 11.8.1867. Ho d. i Chicago, Ill. 5.4.1967, knapt 100 år gamal. Todd var apotekar («drugstore owner and operator»), og han og Mary budde i Crofton, Knox Co., Neb. Dei fekk ti born i lag. e. Johanna T. Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 12.5.1863, ##### (lived 1880 with brother Chris in Omadi township, Dakota Co., Neb. - later destiny? ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg tek med stor takksemd imot alle supplerande detaljar om denne huslyden og vonar nokon kan hjelpa meg på veg...
  10. Peder Jensson Ruen vert oppgjeven fødd på Gran 22.7.1849 som son av Jens Pederson og Anna Olsdotter, plassfolk i Smedshammareiget (basen syner fødd 26.7.1849!): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004498456 FT1865 syner huslyden som plassfolk på Qvernvolden under Blegen på Gran: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0534&kenr=004&bnr=0212&lnr=000 Peder utvandra med foreldri sine og fleire søsken frå Blegeneiget i 1867 (då er fødselsdatoen 22.7.1849!): https://media.digitalarkivet.no/view/8969/594 Han gifte seg i Dixon Co., NE 2.4.1885 med Ingrid Nilsdotter alias Emma Solfestson, fødd i Luster 1.3.1851 og utvandra i 1858. Eg ser at Jens Pederson og Anna Olsdotter budde fleire stadar, eitt barn var født i Blegeneiget i 1846, og to born i Gulerudeiget i 1852 og 1854. Kvar Ruen-namnet kjem ifrå, veit eg ikkje... At huslyden utvandra frå Kvernvolden under Blegen synest klart, men kan nokon hjelpa meg med: ** Kva gard/plass hadde Jens Pederson opphavet sitt ifrå? ** Kva gard/plass hadde Anna Olsdotter opphavet sitt ifrå? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Søker igjen om det er mulig å finne lagnaden til Nils Olsson Hersvik – Harswick f. 13.7.1869. -Foreldra hans var: Ola Jonsson Wergeland – Verkland (1827-1910) og Marie Elisabeth Olsdtr. Hertzberg 1829-1905). Nils og annen familie har vore diskutert før, men fortsatt er Nils sine endelig lagnad ikkje kjent: https://forum.arkivverket.no/topic/146544-61150-usa-nils-olsson-hersvik-til-usa-i-1890-lagnad/?page=2&tab=comments#comment-1230825 https://forum.arkivverket.no/topic/146978-61588-usa-h%C3%A5kon-guttormsen-fr%C3%A5-bergen-til-usa-i-1924-lagnad/?tab=comments#comment-1234725 g. 1901 m. Katherine M. Balzerck (1881-1963). Ho g. 30 Jun 1921 m. Edwin Z. Christeson (1886-1976) Arrival: 1890 • New York, New York Residence: 1905 • German, Kossuth, Iowa, USA Residence: 1910 • Fairbury, Jefferson, Nebraska, USA Residence: 1924 • Fairbury, Jefferson, Nebraska Residence: 1935 • Fairbury, Jefferson, Nebraska Residence: 1940 • Rock Creek, Jefferson, Nebraska, USA -Nils og Katherine skal iht C1919 ha fått 3 barn, men ingen er i livet i 1910. -Om Nils kom til USA i 1890, kvar er han ved C1900, og kva er han i 1920 og 1930? -Kan dette vere ein son for han? Iowa, Births and Christenings Index, 1800-1999 Name: Nels Harswich Gender: Male Spouse: Kate Hemtz Child: George Harswich Birth Date:6 Dec 1903 Birth Place:Kossuth County, Iowa FHL Film Number: 1451890
  12. Dette emnet er ein ny presentasjon av problemstillingi frå dette emnet frå i fjor vår som eg aldri fekk noko svar oå:: https://forum.arkivverket.no/topic/207695-nels-johnson-fødd-i-noreg-kring-1830-1835-farmar-i-dakota-co-ne-er-det-mogeleg-å-identifisera-denne-mannen-var-han-frå-skogn-i-nord-trøndelag/?tab=comments#comment-1748217 I samarbeid med ein etterkomar etter Anna Arnesdotter frå Kvalsvik i Luster, fødd 1827, samla eg for om lag 35 år sidan desse biografiske opplysningane: ~~~~~~~~~~~~~~ Anna Arnesdotter {Qualsvig}, f. {i Luster} 29.6.1827, Annie Arneson utvandra til Amerika i 1862 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? – WI about 1865?) med Nils Johnson frå ##### (kvarifrå i Noreg?) i Amerika kjend som Nels Johnson. Han var son av ##### (foreldri?) og f. ##### (dato og stad for fødsli? – kring 1831?) men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) Anna og Nels budde visstnok ei kort tid i Sun Prairie, Dane Co., Wis., men flytte kring 1867 til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Nebr. der dei sidan budde levetidi ut. Nels d. i Dakota Co., Nebr. 7.11.1905, medan Annie Johnson d. same staden 20.4.1906. Dei fekk ikkje born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Anna hadde to born i Noreg som utvandra i lag med ho i 1862: * Else Margrethe Thesen, fødd 29.9.1849 * Anna Marie Olsdotter, fødd 10.7.1860 Eg finn ikkje mori Anna med nokon mann i FT1870, men eg finn denne huslyden i Madison: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WL9-DTK * Elsey W. Thompson 20 Nor housekeeper * Andrew Thopson 1 WI * Mariah Olson 14 Nor at school Dette ser ut som om det kan vera Else Margrethe med ein son og (halv-)søsteri Anna Marie....? FT1880 for Omadi precinct, Dakota Co., NE syner so denne huslyden:https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBH-7W8 * Nils Johnson, 45 Nor Nor Nor farmer * Annie Johnson, 54 Nor Nor Nor wife * Annie M. Johnson, 19 Nor Nor Nor stepdaughter FT1900 for Emerson village, Dakota Co., NE syner so denne huslyden: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTN9-ZVQ * Nels Johnson Mar. 1830 Nor Nor Nor em. 1863 - landlord * Annie Johnson June 1821 Nor Nor Nor - wife Og på kyrkjegarden i Emerson, Dakota Co., NE finn me desse gravane attåt einannan: Nels Johnson 1831 - Nov. 1, 1905 Anna Johnson June 24, 1827 - Apr. 20, 1906 Manuskriptet mitt skreiv eg i si tid utifrå dei opplysningane som er nemnde foran, men med tre store «utfordringar»: ** Kven var Nels Johnson? ** Dato og stad for vigsli deira? ** Kvar budde dette parfolket i FT1870? Når eg so går inn på ancestry.com, oppdagar eg at der finst eit family tree for denne huslyden der Nils Johnson vert knytt til gardden By i Skogn: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/104608898/person/200041076537/facts?_phsrc=Nzx14918&_phstart=successSource men dette familetreet har òg ein annan identifikasjon på Anna Arnesdotter: * Anna M. Jørgensdotter, fødd 24.6.1827 og treet som nemnet Anna M. Olson som ei dotter, har òg med ein son: * George Ludvig Johnson, fødd på Rustad i Hurdal 30.7.1857 For meg høyrest det ut som om dette ancestry famnilietreet er «heilt på jordet», men det kan jo sjølvsagt òg vera eg som er på «bærtur» her!? Uansett, det som eg ønskjer å finna svar på, er dei tre utdfordringane som er anførte over, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å klara opp i denne «floken»!
  13. Dette er ei utfordring frå sist på 1970-talet som eg aldri har greidd å løysa. Kanskje er no tidi kommi? Nils Sølfestson Fuglesteg, døypt i Luster 3.2.1805, gifte seg i Luster 26.6.1838 med Bertha Kirstine Christophersdotter Optun, døypt i Luster 27.6.1814. Dei var i mange år gardbrukarar på Fuglesteg i Luster, men flytte i 1855 til Bergen (eller Haus?) og utvandra derifrå til Amerika i 1858. Dei hadde åtte born, mellom anna desse: * Susanna Nilsdotter, fødd i Luster 7.10.1840 * Sølfest Nilsson, fødd i Luster 17.2.1843 * Bertha Kirstine Nilsdotter, fødd i Luster 6.7.1846 Her er huslyden i FT1860 for Glenwood township, Winneshiek Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GB9J-9J5R Nils Solfestson døydde i Winneshiek Co., IA 17.10.1868, og Ved FT1870 er Betsey enkje i Ludlow township, Winneshiek Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-635S-RGG I 1873 flytte Betsey med fleire borni sine til Dixon Co., NE, og Ved FT1880 er Betsey enkje i Summerhill precinct, Dixon Co., NE: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBH-43F Ved FT1885 er B. C. Solfestson som enkje busett hjå sonen Solfest og med dotteri Susan same stad: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939N-8HF3-P ** Bertha Solfestson må vera avlidi ein gong mellom 1885 og 1900 - truleg i Dixon Co., NE! Broren Solfest Solfestson budde i 1900 hjå ei yngre søster Emma i Lyon Co., MN, men kom attende til Nebraska og døydde i Galena, Dixon Co., NE 23.12.1908 Søsteri Susan var i 1900 innflytt hjå søsteri Bertha Johnson i Swan township, Holt Co., NE: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-69YW-MYP Kring 1905 flytte Bertha Johnson med huslyden sin til Howard, Clay Co., NE der mannen Nelson døydde 2.2.1907. Bertha budde framleis der hjå dotteri Nettie Smith i 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNR-S23 Siste gongen me ser Susan Solfestson nemnd, er i samband med desse landtransaksjonane i Holt Co., NE i 1908: Name: Susanna Solfestson Issue Date: 19 Oct 1908 Place: Holt, Nebraska, USA Meridian: 6th PM Township: 025n Range: 016W Aliquots: S½NE¼ Section: 27 Accession Number: 23134 Document Number: 6580 Household Members: 9229327 Name: Susanna Solfestson Issue Date: 19 Oct 1908 Place: Holt, Nebraska, USA Township: 025n Range: 016W Aliquots: S½NW¼ Section: 27 Accession Number: 23134 Document Number: 6580 Household Members: 9229328 ** Susan Solfestson må vera avlidi ein gong etter 1908, uvisst kvar! Utfordringane mine i denne huslyden er følgjande: ** Dato og stad for dødsfallet til Bertha Kirstine Solfestson? ** Dato og stad for dødsfallet til Susanna Solfestson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Dette er ein huslyd som eg jobba med på 1980-talet, men som eg den gongen ikkje greidde heilt å verta «klok» på. Diverre ser det ikkje ut til å vera so mykje enklare i dag, men ein del nytt har eg finne. No står eg likevel «bom fast», og kan henda er det avisoppslag me først og fremst treng for å komma vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under! Kanskje er det mogeleg å finna eit par obituaries? Eller oppslag kring vigslene til Clara og Nora, kring skilsmålet til Nora og John Wolcott...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.