Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'utladalen'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. I aftes tok eg opp i eige tema spørsmål om lagnaden til Johannes Christopherson, den «potensielle» borgarkrigssoldaten frå Luster. I kveld vil eg gjerne få ta med heile denne huslyden, som sidan tidleg på 1980-talet har vore ei hard nøtt å «knekka». Huslyden flytte kring 1864 frå Dane Co., WI til Dakota Co., NE, og det har vore umogeleg so langt å finna kyrkjebøker som nemner barnedåpane og gravferdene frå dette området av Nebraska. Eg sendte eit spørsmål om dette til ELCA og fekk følgjande svar: «There was a short-lived attempt at a Norwegian Lutheran Church in Home from 1878-1879, but nothing else. The only one earlier than that in Dakota Co. was Emmanuel, an English Lutheran congregation organized in 1860 in Dakota City and dissolved in 1956. I don't know of any records, but they may be with the Nebraska Synod. An 1872 English Lutheran congregation called Salem was organized three miles west of Dakota City in 1872 and is still active. They would have their records. Perhaps they ended up with Emmanuel's as well. The next earliest was in Homer with St. Paul's, an 1886 English Lutheran congregation.» Dette settlementet ligg ikkje langt frå Missouri-elvi og IOWA, og eg ser ikkje bort ifrå at dei kan ha døypt borni sine i ei kyrkje der, med mindre dei hadde ein reisande prest i nabolaget... Manuskriptet mitt for denne huslyden ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Christopher Thomasson Berge, frå Berge i Fortun (bnr. 3), vart døypt 3.5.1807 og gifte seg 2.12.1832 med Rannei Samuelsdotter frå Yttrishaugen under Yttri, døypt 18.1.1807. Ho d. som husmannskone i Utladalen 17.3.1848. Christopher og Rannei tok kring 1837 over som plassfolk i Utladalen, og Christopher dreiv plassen fram til 1861, den siste tidi i lag med sonen Thomas (sjå under). Då vart plassen nedlagd. Christopher Berge utvandra til Amerika i 1861 og budde truleg eit år eller so i Dane Co., Wis. Men alt i 1864 er Christopher attkomen til Luster, og han budde vel helst i Kristafførholen under Berge der han d. som innerst 7.1.1894. Christopher og Rannei fekk tre søner i lag: 1. Thomas Christopherson Berge (1832‑1878), var ei tid husmann her i Utladalen i lag med far sin (sjå under). 2. Peder Christopherson Berge, f. 18.11.1835, Peter Christopherson utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Dane Co., Wis. 20.8.1858 med Christina Thomasdotter frå Optun, i Amerika kjend som Christine Opthun. Ho var f. i 22.4.1835 og utvandra til Amerika i 1857. Peter og Christine budde nokre år i Springdale township, Dane Co., Wis., men kring 1864 flytte dei til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Neb. der Christine d. 30.6.1882. Peter Christopherson d. i Cuming, Neb. 27.10.1905. Dei fekk i alt elleve born, men eitt av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller data. ##### (info on infant child?) Dei andre ti borni (somme av dei nytta Christopher som ættenamn) var: a. Rachel Olena Christopherson (1859-1917), vart gift med gardbrukarsonen Elias Nilsson frå Bringe i Luster (1852‑1924) (s.d.). b. Susanna, kjend som Susie Christopher, f. i Dane Co., Wis. 20.8.1860, d. i Cherokee, la. 22.7.1934. Ho var hushaldar («housekeeper») og budde lenge i Sioux City, Woodbury Co., Ia., men vart sjuk og flytte i 1908 inn på sjukeheimen i Cherokee, la. Ho var ugift. c. Anna Christine Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 22.12.1861, d. ##### (date and place of her death? - prior to 1865!) d. Thomas Christopher, f. i Dane Co., Wis. 3.8.1863, d. i Homer, Neb. 21.12.1931. Han gifte seg i Woodbury Co., Ia. 13.7.1898 med Abigail Alice, kjend som Abbie Davis, f. i Dakota Co., Neb. 7.7.1870. Ho d. i Sioux City, la. 26.8.1953. Thomas dreiv seltyforretning («harness store owner and operator») og var frå 1915 busett i Homer, Dakota Co., Neb. Han og Abbie fekk fem born i lag. e. Anna Christine, kjend som Annie Christopher, f. i Dakota Co.. Neb. ##### (exact date of her birth?) 1865, d. i Jamestown, N.D. 18.1.1947. Christine gifte seg i Bancroft, Neb. 21.12.1902 med Charles Atkinson, f. i Apple River, Cumberland district, N.S. 3.5.1858. Han d. i Pembina, N.D. 1.11.1929. Charles og Christine farma nær Pembina, Pembina Co., N.D., men budde i sjølve Pembina, N.D. der Charles òg tenestegjorde som politimann («city marshall»). Dei var barnlause. f. Christian Aaron Christopher, f. i Dakota Co., Neb. ##### (exact date of his birth?) 1869, d. i Emerson, Neb. 11.2.1914. Han gifte seg i Sioux City, Ia. 13.12.1904 med Goldeen Irene, kjend som Goldie Patterson, f. i Harrison Co., la. 21.3.1884. Ho d. i Sheridan, Wyo. 13.4.1951. Christian var møllearbeidar («grain elevator laborer»), og han og Goldie budde ei tid i Emerson, Thurston Co., Neb., men flytte sidan til Homer, Dakota Co., Neb. der Christian var politimann («town marshall»). Goldie gifte seg att i Ft. Morgan, Colo. 29.1.1929 med enkjemannen Arther Ellis Myers, f. i Cuming Co., Neb. 5.2.1881. Han d. ##### (date and place of his death? - after 1940!) Arther Myers var farmarbeidar og sidan dyrlækjar («farm laborer and later a veterinarian»). Han og Goldie budde i Akron, Washington Co., Colo., men Goldie flytte sist på 1930-talet til Sheridan, Sheridan Co., Wyo. Ho fekk to døtrer, båe frå første ekteskapet med Christian Christopher, medan Arther Myers òg hadde to born frå første ekteskapet sitt. g. Sophia May ##### (should middle name be Bessie?) Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 20.1.1871, d. i Lemmon, S.D. 3.3.1918. Sophie gifte seg i Wayne, Neb. 8.1.1891 med Edgar Alphonso Shippy, f. ##### (exact date and place of his birth? - Ontario or Lansing, MI?) .11.1863. Han d. i Eagle Butte, S.D. 21.11.1946. Edgar og Sophie farma ei tid i Jefferson township, Fayette Co., la., men flytte kring 1908 til ein farm i Precinct 10, Cedar Co., Neb. og få år etter vidare til ein farm i Lantry township, Dewey Co., S.D. ##### (later destiny? - he in 1930 farm laborer in Bison township, Perkins Co., SD) ##### (number of sons and daughters? - at least nine! - 1910 census says 7 children all alive!) h. Inger Marie, kjend som Mary Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 19.12.1872, d. i Jamestown, N.D. 21.12.1942. Mary tente ei tid hjå søsteri Sophie i Fayette Co., Ia. og sidan hjå søsteri Christine i Pembina Co., N.D. Ho var ugift. i. Nellie ##### (middle name?) Christopher, f. i Dakota Co., Neb. ##### (date of her birth? - 1875?) d. i Dakota Co., Neb. ##### (date of her death? - after 1885 - young age!) j. Bertha Christine Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 22.4.1877, d. i Dakota Co., Neb. ##### (date of her death? - between 1880 and 1885? - young age!) 3. Johannes Christopherson Berge, f. 23.7.1838, John Christopherson utvandra til Amerika i 1857, truleg òg til Dane Co., Wis., ##### (destiny? - Civil War soldier??) Thomas Christopherson Berge, son av føregåande husmann og herifrå plassen, var f. 27.10.1832 og gifte seg 3.7.1854 med Martha Tollefsdotter frå Ekrene under Yttri, f. 14.5.1826. Thomas hadde plassen i Utladalen i lag med far sin i fleire år, men vert helst kalla for innerst. Thomas og Martha Christopherson utvandra til Amerika i 1859, og etter eit par år i Springdale township, Dane Co., Wis., flytte ogso dei, liksom Peder og kona hans, kring 1864 til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Neb. der Martha d. ##### (date of her death? - prior to 1870! - FT1870 syner Thomas og borni hans med ættenamnet GUSTAVUS!) Thomas Christopherson d. same staden 9.11.1878. Dei fekk fem born i lag: a. Christopher, kjend som Chris T. Christopherson (1854‑1900), utvandra med foreldri i 1859 og vart der borte gift med husmannsdotteri Martha Olsdotter frå Øyane under Øvrebø i Luster (1865‑1938) (s.d.). b. Johanna T. Christopherson, f. i Luster 13.8.1856, utvandra likeins med foreldri i 1859, men skal vera d. under overfarten og vart gravlagd i Atlanterhavet. ##### (stadfesting av dette?) c. Ingrid, kjend som Inger Christopherson, f. i Luster 17.2.1859, utvandra òg med foreldri i 1859 og d. i Cherokee, Ia. 4.10.1933. Inger gifte seg i Covington, Neb. 12.4.1883 med Myron Jasper Sutton, f. i Boone Co., la. 7.3.1857. Han d. i Sioux City, la. 11.5.1927. Myron og Inger farma ei tid i Omadi precinct, Dakota Co., Neb., men flytte kring 1896 til Sioux City, Ia. og kort etter hundreårsskiftet vidare til ein farm i Grange township, Woodbury Co., Ia. Kring 1913 flytte dei so på ny til Sioux City, Woodbury Co., Ia. der Myron livnærte seg som bilmekanikar («auto mechanic»). Dei fekk åtte born i lag. d. Tollak, kjend som Todd Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 13.9.1861, d. i South Sioux City, Neb. 5.8.1934. Han gifte seg i Dakota Co., Neb. 1.1.1884 med Mary Alice Pilgrim, f. i Dakota Co., Neb. 11.8.1867. Ho d. i Chicago, Ill. 5.4.1967, knapt 100 år gamal. Todd var apotekar («drugstore owner and operator»), og han og Mary budde i Crofton, Knox Co., Neb. Dei fekk ti born i lag. e. Johanna T. Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 12.5.1863, ##### (lived 1880 with brother Chris in Omadi township, Dakota Co., Neb. - later destiny? ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg tek med stor takksemd imot alle supplerande detaljar om denne huslyden og vonar nokon kan hjelpa meg på veg...
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.