Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'wyoming'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Dette er ei utfordring som eg har «kjempa» med i fleire år - ei oppfølgjing av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/187541-løyst-kvar-i-os-finn-me-garden-øvstestu-er-det-i-rolfsvågen/?tab=comments#comment-1588832 Axel Knutson, son av Knut Pederson (Sævild) og kona Synneva Axelsdotter (Gaupholm) var fødd på Rolvsvåg i Samnanger 7.2.1846 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853. Om den tidlege soga hans i Amerika veit eg lite, men han kalla seg etter kvart Alexander eller Alex/Aleck PETERSON og gifte seg i Niobrara, NE 14.3.1883 med Kari «Carrie» Anderson, fødd i Luster 6.7.1854 og utvandra med foreldri sine til WI i 1860. Alex og Carrie farma først i Creighton precinct, Knox Co., NE, men i 1889 flytte dei til ein farm i Knox township, Meade Co., SD der me finn dei i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WM9-2BX Fire born er nemnde: * Etta M. Peterson, f. i Knox Co., NE ?.1.1884 - lagnad ukjend * Clarence Peterson, f. i Knox Co., NE 9.2.1885 - farma 1920, 1930 og 1940 i Meade Co., SD, ugift * Charlotte M. Peterson, f. i Knox Co., NE 29.7.1886 - d. i Miami Co., IN 3.5.1973 som kona til Rev. Harvey Barnes * Olive Annie Peterson, f. i Meade Co., SD 1.6.1893 - d. i Spokane, WA 16.3.1969 - gifte seg 22.6.1913 med James Arza Noe, f. i Benton Co., IA 7.4.1888, d. Seattle, WA ?.4.1983 - farma 1920 i Meade Co., SD og 1930 i Pennington Co., SD Carrie Peterson døydde i Meade Co., SD 27.1.1904. So skjer det merkelege at korkje Alex/Aleck eller nokon av borni hans er å sjå nokon stad i FT1910, men i 1920 er både Clarence og søsteri Olive Annie med mann James Noe attende i Meade Co.,SD, men ingen spor etter far deira. Clarence er der òg i 1930 og i 1940! MEN, slekti fortel meg at Alex/Aleck Peterson levde siste åri sine på ein gamleheim i Evanston, Uinta Co., WY og at han døydde der i 1929. * Greier nokon å finna Alex/Aleck Peterson mellom 1900 og 1929 og eventuelt ein OBITUARY for han frå 1929? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg er på leiting etter biografiske opplysningar om denne mannen: Johan Hagbart Opsahl, fødd på Laksrud i Stange 11.2.1877 - foreldre var jarnbanemeistar Christian Johannesson Opsahl på Lillehammer, opphavleg frå Opsal i Nes, Hedmark, og kona Helene Haagensdotter frå Langodden i Alvdal. Johan utvandra til Amerika i 1906 og var i Amerika kjend under namnet John Opsahl. Han skal ha vore gift to gongar - andre ekteskapet vart inngått i Minneapolis, MN 30.6.1915 med enkja Gurine «Rena» Aspelund, f. Solberg, fødd i Yellow Medicine Co., MN 18.3.1879. FT1920 syner at huslyden då budde i Erwin, Kingsbury Co., SD der John var «dry goods store keeper»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RND-PFX I lag med dei i 1920 var ein son Arne Opsahl, fødd i Minnesota i 1913, som skal ha vore frå første ekteskapet hans! Frå Erwin, SD skal parfolket ha flytt til Salt Creek, Natrona Co., WY der Rena døydde 30.1.1924. So vert John borte for meg!! MEN sonen Arne, fødd i MN i 1913, fekk eg for snart 20 år sidan oppgjeve skulle bu dels på Hamar og dels i Castagnola, Lugano, Sveits, og eg freista ta kontakt med han, men fekk aldri noko svar! No finn eg han att som gravlagd på Hamar (kjelde DIS-Noreg): Arne John Opsahl 9.5.1913 - 6.4.2007 bisett Hamar Alt tyder vel på at John Opsahl er komen attende til Noreg med son sin før 1930, men er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til John (Johan Hagbart) Opsahl i Noreg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.