Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'south dakota'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 14 resultater

  1. Dette er ei nøtt som eg freista finna ut av for 30 år sidan, men som eg ikkje lukkast med den gongen. Kanskje nokon kan hjelpa meg i dag? Ole G(uttormson) Olson, frå Jostedalen (1852-1924) utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861 og var «gamal ungkar» då han 27.2.1904 gifte seg i Wilmot, SD med: Ella Bøe, oppgjevi fødd i Telemark 29.3.1868 og utvandra til Amerika i 1888. Dei flytte til ein farm i Pope Co., MN, og Ella d. i Glenwood, MN 12.6.1947. Dei fekk fire born i lag. Er det mogeleg å finna ut: ** Fullt (norsk) namn på Ella Bøe? ** Nøyaktig (dato) og stad for fødsli hennar? ** Utvandringsåret hennar? ** Fulle namn på foreldri hennar med yrke og bustad samt opphav til båe? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg har fått i oppdrag å finna nolevande etterkomarar etter desse fire brørne, alle fødde i Minnesota som born av Jetmund Olson Myklemyr frå Jostedalen: ~~~~~~~~~~~~~~ * Ole G. Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 17.8.1867, d. i Moose Lake, Minn. 19.12.1918. Han gifte seg i Houston Co., Minn. 24.6.1901 med Carrie Elva Rodgers, f. i Clay Co., Minn. 24.9.1875. Ho d. i Winona, Minn. 6.12.1966. Ole Jackman var skuleinspektør («school superintendant»), og han og Carrie budde fleire stader i North Dakota og i Minnesota, men enkja var frå 1927 busett i Winona, Winona Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. * Marcus «Martin» Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 10.4.1869, d. i Lemmon, S.D. 4.11.1940. Martin gifte seg første gongen i Lac qui parle Co., Minn. 10.1.1895 med Anna P. Johnson, f. i Illinois 31.12.1872. Men Anna d. i Bellingham, Minn. alt 16.2.1897, og Martin gifte seg att i Wheaton, Minn. 29.7.1903 med Christine Ingman. Ho var f. i Värmland i Sverige 4.2.1884, men utvandra i ung alder til Amerika og d. i Miles City, Mont. 25.5.1971. Martin Jackman var maskinseljar («salesman for machine companies») og budde for det meste i Lemmon, Perkins Co., S.D. Han fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet. * John Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 12.2.1871, d. i Hamilton, Mont. 22.6.1958. Han gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 19.3.1896 med Minnie Johnson. Ho var f. i Wisconsin 10.2.1871 og d. i Hamilton, Mont. 7.4.1949. John og Minnie Jackman farma nær Hamilton, Ravalli Co., Mont. og fekk to born i lag. * Peder «Peter» Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 4.5.1873, d. i Williston, N.D. 1.11.1953. Han gifte seg i Williston, ND 6.6.1904 med Lena C. «Carrie» Hanson, f. i Minnesota 15.5.1878. Ho d. i Williams Co., N.D. 27.3.1920. Peter og Carrie farma i Oliver township, Williams Co., N.D. og fekk åtte born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ For å komplettera manuskriptet mitt ville eg dessutan vera svært interessert i hjelp til å finna følgjande detaljar: ** Marcus «Martin» Jackman - detaljar om fødsli til 1ste kona Anna P. Johnson - f. Illinois 31.12.1872? ** Marcus «Martin» Jackman - detaljar om det svenske opphavet til andre kona Christine Ingman - f. Wärmland i Sverige 4.2.1884 - utvandra?? ** John Jackman - detaljar om namn og fødsli til kona Minnie Johnson - f. Wisconsin 10.2.1871? ** Peter Jackman - detaljar om namn og fødsli til kona Lena C. «Carrie» Hanson - f. i Minnesota 15.5.1878? Eg vil tru at mange av svari kan finnast om OBITUARIES kan finnast for desse personane, men hjå Newspapers.com harf eg ikkje greidd å finna nokon av dei...!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Denne huslyden er ei ny utfordring, som eg strevde veldig med for 30 år sidan, men som eg den gongen ikkje greidde å gjera noko som helst med! No er eg endeleg heilt tilfeldig komen på sporet etter desse folki, og eg ønskjer i kveld å syna fram eit oppdatert manuskript. Framleis manglar eg nokre detaljar, særleg om: * Den svenske kona Amanda «Malin» Fanberg, opphav og lagnad? * Dødsfallet hans - med liktale (obituary)? Her følgjer manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ Karl Mathias, kjend som Charles Mathew Thompson, son av Martha Christensdotter og ein ukjend Knut Knutson, var f. i Dane Co., Wis. 9.9.1862 og vart adoptert av besteforeldri sine. Han gifte seg i Toledo, Tama Co., Ia. 30.8.1888 med Amanda ##### (kalla Mollie ved vigsli! - fullt svensk namn? – Malin? – svensk opphav? – Irtackvlin, Sverige?) i Amerika kjend som Amanda Fanberg. Ho var dotter av ##### (foreldri William Fanberg og Luden Peterson – fulle namn – yrke, bustad og opphav? – William Fanberg with 2nd wife in 1900: Sioux Falls, SD: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=7602&h=69750104&tid=&pid=&queryId=b0cd1382ea4f958332e6dec38f2e9b98&usePUB=true&_phsrc=Nzx22659&_phstart=successSource og f. ##### (dato og stad for fødsli hennar?) .1.1873, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar?) Charles var symaskinagent («sewing machine agent»), og han og Amanda budde fleire år i Nevada, Story Co., Ia. og sidan hjå adoptivmori hans i Heron Lake township, Jackson Co., Minn., ##### (census 1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D1KL-GJ men flytte sist på 1890-talet til Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. der det vart skilde våren 1900. I 1902 var dei båe i Brookings, Brookings Co., S.D., men sidan flytte Amanda til ##### (lagnaden hennar? – she a laundress 1900!) medan Charles ##### (andre bustadar før Corson Co., SD?) slo seg ned som ranchar i T19-19 nær Athboy, Corson Co., S.D. Han d. ##### (date and place of his death? – maybe in Spink Co., SD Sep. 12, 1931?) ##### (date and place of Amanda’s death?) Dei fekk fire born i lag. ##### (to be verified? * Edward., f. IA Dec. 1888 * Robert L., f. Nevada, Story Co., IA 6.11.1891: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6482/images/005245786_07672?treeid=&personid=&hintid=&queryId=75961d5283d8e02c5204c3634eab0e91&usePUB=true&_phsrc=Nzx22694&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.60940200.529769245.1608677962-1442769865.1532627837&pId=1225135 * Minnie Alice, f. Nevada, Story Co., IA 19.6.1893: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/107336145/person/250055882560/facts * Myrtle Charlotte, f. Brookings, SD 8.9.1902: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/107336145/person/250055882554/facts ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg hadde vorte svært so glad om nokon kunne greia å fylla nokre av hòli i denne ættetavle og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Denne huslyden jobba eg med på 1980-talet, men eg greidde aldri finna ut kvar i Noreg Gilbert Holter kom ifrå. Me har ein fødselsdato som kjem frå dødsattesten hans, men namni på foreldri hans er ukjende, bortsett ifrå at faren skal ha heitt John eller Johannes...? Kanskje er det no ein eller annan som greier løysa denne gåta? Eg manglar òg opplysningar om dødsfallet til dotteri, men kyrkjeboki for St. Johns parish i Webster, SD inneheld ingen dødsfall før 1890! Eit ekstra spørsmål: Ei brordotter hennar Bertha, Gjertrud Carr, døypte eldste dotter si i Webster, SD i 1885, og som fadrar er då nemnde Gilbert og Bertha Holter samt Ole Larson. https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314332-00290?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx21421&_phstart=successSource&pId=2302847&backurl=https%3A%2F%2Fwww.ancestry.com%2Fsearch%2Fcategories%2F34%2F%3Fname%3DGina%26birth%3D1884_south%2Bdakota-usa_44%26birth_x%3D2-0-0_1-0%26count%3D50%26location%3D2%26name_x%3Dps_ps%26priority%3Dusa Denne Ole Larson er eit mysterium, kvar han kan ha vorte av. Her følgjer eit oppdatert utdrag av dette manuskriptet: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dette er ei skikkeleg utfordring som eg har slite med i snart 40 år! Gunnhild Olsdotter Fortun eller Bolstad, dotter av Ole Torbjørnson (1783-1849) og Anna Samuelsdotter, plassfolk på Lovolden under Fortun i Luster, var fødd i Luster 28.8.1822. Gunnhild gifte seg i 1876 med enkjemannen Ole Knutson Kjødnes i Luster (1806-1877), men han døydde kort tid etter, og i 1882 utvandra Gunnhild som enkje til Amerika! Gunnhild fekk to døttrer: * Olina Olsdotter Bolstad, dotter av Gunnhild og husmann Ole Pederson på Øverland under Søvde i Fortun (1830-1903), var fødd i Luster 25.12.1851 og utvandra til Amerika i 1881 * Anna Olsdotter Bolstad, dotter av Gunnhild og husmann Ole Sjurson på Strondi under Fjøsne (1826-1895), var fødd i Luster 12.6.1858 og utvandra til Amerika med mor si i 1882 Anna er den einaste me kjenner lagnaden til i denne huslyden. Ho gifte seg i Mower Co., MN med tremenningen Ole Gabrielson «Gilbertson» og inngår i denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Cathrina Christensdotter Eide, stedotter av føregåande husmann, vart døypt 9.7.1817. Det ser ut til at Cathrina tok over styringi av denne plassen i Eidsbakken etter at stefaren fór til Amerika i 1856, men ho budde her ikkje lenger enn fram til 1861. Cathrine utvandra til Amerika i 1861 og tok ættenamnet Olson, uvisst av kva årsak. ##### (forklaring på namnet? – var ho kanskje ei «mail bride» - gift med ein Olson etter ho utvandra?) ##### (place of residence 1861-187? – in Wisconsin?) men flytte i 1870‑åri med sonen Ole til La Valley township, Lincoln Co., S.D. der dei farma. Cathrine flytte sidan inn til byen Canton, Lincoln Co., S.D. der ho d. ugift 8.2.1893. Før ho utvandra fekk Cathrina ein son: 1. Ole Gabrielson, son av Cathrina og husmann Erik Gabriel Rønlund, kjend som Gabriel Erikson på Drægnishaugen under Drægni (1820-1881), var f. 16.8.1845. Ole A. Gilbertson utvandra med mori til Amerika i 1861 og farma i lag med ho i La Valley township, Lincoln Co., S.D. men gifte seg so i Mower Co., Minn. 22.4.1886 med tremenningen Anna Olsdotter Bolstad frå Olaplassen under Kjøtnes, i Amerika kjend som Anna Bolstad. Ho var f. i Luster 12.6.1858 og utvandra til Amerika i 1882. Ole og Anna heldt nok fram ei tid som farmarar i La Valley township, Lincoln Co., S.D., men flytte i 1890‑åri inn til Canton, Lincoln Co., S.D. der Ole livnærte seg som arbeidar («laborer»). Anna Gilbertson d. i Canton, S.D. 23.10.1930, medan Ole d. same staden 30.7.1941. Dei fekk fire born i lag: ##### (sjekka om eldste dotteri var deira eller berre hennar?) a. Ghena Eunice Gilbertson, f. i Mower Co., Minn. 10.6.1882, ##### (birth year to be verified!? – 1883?) d. i Robbinsdale, Minn. 26.3.1976. Ghena gifte seg i Minneapolis, Minn. ##### (date and place of her marriage?) 1906 med Ralph Edgar Potter, f. ##### (date and place of his birth? – MN! Sep. 12, 1885?) ##### (date and place of his death?) Både Ghena og Ralph var sjukepleiarar («nurses»), og dei budde i St. Peter, Nicollet Co., Minn. og i Chicago, Cook Co. Ill. ##### (what happened after 1910? – Ghena back in Minneapolis, MN by 1919!) Dei fekk to søner i lag. b. Caroline Gilbertson, f. i Lincoln Co., S.D. 4.10.1886, ##### (info? - sjukepleiar («nurse») i Canton, S.D., sidan i Mitchell, S.D. – ugift 1945) c. Paul Christian kjend som Christian Gilbertson, f. i Lincoln Co., S.D. 29.8.1888, ##### (info? - mekanikar («mechanic») og budde heime med foreldri so lenge dei levde – d. etter 1941) d. Andrew Gilbertson, f. i Lincoln Co., S.D. 13.10.1890, d. ugift i Lincoln, Nebr. 1.9.1939. Andrew var bygningsarbeidar («construction worker») og budde heime med foreldri i Canton, Lincoln Co., S.D. ~~~~~~~~~~~~~~~ Men kvifor gifte dei seg i Mower Co., MN? Eg meiner å sjå grunnen; Gunnhild Olsdotter hadde tre søsken som alle utvandra til Amerika før ho: * Paul Olson (1826-1888), utvandra via Vågå til Iowa Co., WI * Kirsti «Christine» Olson (1829-1927), utvandra i 1862 og gifte seg med Johannes Skakson Hillestad frå Hafslo «John Start» (1816-1893), og dei farma òg i Iowa Co., WI, men flytte 1879 til Leroy township, Mower Co, MN! * Samuel Olson «Forthun» (1832-1903), utvandra i 1855 og busette seg òg som farmar i Leroy township, Mower Co., MN! I ljos av desse opplysningane er det vel ikkje so urimeleg å tru at ogso Gunnhild og eldste dotteri Olina kan ha utvandra til Mower Co., MN!? Eg ville sett kjempestor pris på om nokon ville sjå på denne huslyden og freista finna lagnadane til Gunnhild og Olina samt fylla inn ein og annan manglande detalj om Ole og Anna Gilbertson og huslyden deira!? Kanskje kan ein OBITUARY finnast for Anna Gilbertson frå 1930 som fortel om i alle fall søsteri Olina? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Denne huslyden har eg slite med i mange ǻr, men eg har omsider greidd å identifisera alle borni, med unntak av eldste sonen! Anders Johnson (Sagen, Krogen), fødd i Hafslo 6.9.1827 gifte seg i Hafslo 14.6.1854 med Martha Andersdotter (Grøt, Nes i Sogndal), fødd i Sogndal 26.9.1823 Dette parfolket budde først som plassfolk i Kinsedalen under Urnes i Hafslo og sidan som plassfolk på Sagi under Kroken i Hafslo. I 1868 utvandra dei so til Amerika med fire felles døtrer og ein son som ho hadde frå før: * Anders Aslakson, fødd i Sogndal 9.11.1848, son av Martha og Aslak Trondson Fardal * Elisabeth, fødd i Hafslo 1855 * Kari, fødd i Hafslo 1857 * Johanna, fødd i Hafslo 23.5.1860 * Christina, fødd i Hafslo 15.12.1862 Ei dotter Andrea var fødd i 1865, men døydde same året! FT1870 syner dei busette på ein farm i Freeman township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5QY FT1880 syner dei busette på same farmen i Freeman township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBF-T76 Men for å sjå korleis namni ofte vart fullstendig «vrengde» i Amerika, lat oss ta for oss desse teljingane: FT1870: ANDERSON, John 40 Nor ANDERSON, Martha 39 Nor ANDERSON, Andrew 17 Nor ANDERSON, Caroline 12 Nor ANDERSON, Johanna 10 WI ANDERSON, C(hristine) 8 WI ANDERSON, Anna 6 WI FT1880: JOHNSON, Andrew 53 Nor JOHNSON, Martha 57 Nor JOHNSON, Josie A 20 Nor JOHNSON, Christina 17 Nor I 1870 er Elisabeth alt flytt heimefrå, men dei har fått med seg ei Anna; ein skulle nesten tru dei hadde rekna med Andrea som døydde i Noreg...!? Og dei yngste borni er brått fødde i Wisconsin!! I 1880 er det berre Johanna og Christina som er att heime... Men kva skjedde so?? Ei bygdebok for Minnehaha Co., SD fortel oss at Andrew og Martha i 1880 flytte til Minnehaha Co., SD, men eg har notert at: Andrew Johnson døydde i Crawford Co., WI 1.10.1884, og at Martha Johnson døydde i Crawford Co., WI 7.6.1914. FT1910 for Utica township, Crawford Co., WI syner at Martha Johnson då som enkje budde hjå dotteri Kari gift med John Torgerson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-FZK FT1905 for Utica township, Crawford Co., WI syner at Martha ogso då budde hjå denne dotteri: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTX9-XVG FT1900 for Franklin township, Vernon Co., WI syner at Martha Johnson då budde hjå eldste dotteri Elisabeth gift med Hans Thompson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SWT-J1 Det einaste av borni til Anders og Martha som nokon gong budde i Minnehaha Co., SD, var dotteri Johanna som 22.3.1883 gifte seg i Crawford Co., WI med søskenbarnet Anders Christenson Hove frå Sogndal. Han var skreddar og utvandra i 1878: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6954-9BL Anders og Johanna Hove var barnlause, men tok til seg ei NIESE: a. Christine Hove, f. i Oregon 3.9.1894, d. i Kirkland, Wash. 6.3.1979. Ho gifte seg i Seattle, Wash. 22.8.1934 med John Severt Kanikeberg, f. i Skamania Co., Wash. 11.9.1894. Han d. i Seattle, Wash. 6.9.1966. John var målar («painter»), medan Christine var lærar («school teacher»). Dei budde mange år i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D., men flytte kring 1950 til Seattle, King Co., Wash. Dei var barnlause, men John hadde ein son frå eit tidlegare ekteskap. Teljingi frå 1915 syner at Andrew Hove hadde butt i SD sidan 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LVH-6HV Det same kjem fram i 1925: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-62QW-H4S Dei budde visstnok ei tid på ein farm i Edison township, Minnehaha Co., SD (kanskje er det derifrå at den ovannemnde utsegni om at Anders og Martha hadde flytt til Minnehaha Co., SD alt i 188o er teken ifrå - eg veit ikkje...), men flytte tidleg til Sioux Falls, SD der Johanna døydde i 1912. Den siste dotteri av Anders og Martha, Christine gifte seg med ein glopping og budde i Crawford Co., WI, men døydde alt i 1896. Kjempeutfordringane i denne huslyden er følgjande: *** Budde Anders og Martha nokon gong i Minnehaha Co., SD? *** Kvar vart det av sonen Anders Aslakson, fødd i Sogndal 1848 og sist nemnd i FT1870? Kan han vera faren til Minnehaha Co., SD? FT1900 og FT1910 seier båe at av Martha sine seks born var berre tre i live, som kan tyda på at Anders Aslakson då var avliden, men eg veit ikkje sikkert! Kan han eventuelt ha vore FAR til denne niesa Christine Hove, som voks opp hjå Johanna og Anders Hove i Minnehaha Co., SD?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  7. I arbeidet med biografien om Ingeborg «Ida» Thomasdotter Havellen, fødd i Luster 1879, har eg oppdaga at mann hennar kom frå Viksø ved Haugesund, og då Ingeborg «Ida» døydde ung, gifte han seg att med ei enkje med opphavet sitt frå Hagland ved Haugesund. Særleg er det eit stort spørsmål kva som skjedde med borni til Ingeborg «Ida», som etter kva slekti fortel, skal vera avlidi i barselseng med tvillingar i 1903. Kanskje finst det obituaries som kan hjelpa oss vidare? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ingeborg Thomasdotter Havellen, f. {i Luster} 10.12.1879, Ida Havellen utvandra til Amerika i 1900 og gifte seg i Pollock, S.D. 10.12.1901 med Hans Andreas Olson frå Viksø i Skåre, Torvastad (Haugesund), i Amerika kjend som Hans O. Vikse. Han var son av gardbrukar Ole Erikson på Viksø og første kona Ingeborg Elisabeth Hansdotter frå Tømmerdal og f. i Skåre 6.12.1866, men utvandra til Amerika i 1886. ##### (verify the year of his emigration - 1884? - father and stepmother presumably emigrated 1887!) Hans og Ida farma i Baker township, Emmons Co., N.D. der Ida d. på barsel­seng med tvillingar 11.4.1903. Hans gifte seg att i Pollock, S.D. 6.10.1906 med enkja Karen Helene Larsdotter, opphavleg frå Hagland i Skåre, Torvestad (Haugesund), då i Amerika kjend som Karen Monson. Ho var dotter av gardbrukar Lars Gotskalkson på Hagland og kona Kari Oline Christiandotter frå Kalleland og f. i Skåre 17.3.1869, men utvandra som enkje til Amerika i 1906 ##### (verify emigration year?) Hans og Karen Vikse heldt fram som farmarar i Baker township, Emmons Co., N.D., men flytte på 1920-talet til Pollock, Campbell Co., S.D. Hans d. i Aberdeen, S.D. 25.3.1933, medan Karen Vikse d. same staden 28.5.1939. Det levde ikkje att born etter Ida, men Hans og andre kona Karen fekk to døtrer i lag, og Karen hadde dessutan tre born frå første ekteskapet sitt. ##### (info on the twins? – were they maybe stillborn??) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Dette er ei utfordring som eg har «kjempa» med i fleire år - ei oppfølgjing av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/187541-løyst-kvar-i-os-finn-me-garden-øvstestu-er-det-i-rolfsvågen/?tab=comments#comment-1588832 Axel Knutson, son av Knut Pederson (Sævild) og kona Synneva Axelsdotter (Gaupholm) var fødd på Rolvsvåg i Samnanger 7.2.1846 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853. Om den tidlege soga hans i Amerika veit eg lite, men han kalla seg etter kvart Alexander eller Alex/Aleck PETERSON og gifte seg i Niobrara, NE 14.3.1883 med Kari «Carrie» Anderson, fødd i Luster 6.7.1854 og utvandra med foreldri sine til WI i 1860. Alex og Carrie farma først i Creighton precinct, Knox Co., NE, men i 1889 flytte dei til ein farm i Knox township, Meade Co., SD der me finn dei i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WM9-2BX Fire born er nemnde: * Etta M. Peterson, f. i Knox Co., NE ?.1.1884 - lagnad ukjend * Clarence Peterson, f. i Knox Co., NE 9.2.1885 - farma 1920, 1930 og 1940 i Meade Co., SD, ugift * Charlotte M. Peterson, f. i Knox Co., NE 29.7.1886 - d. i Miami Co., IN 3.5.1973 som kona til Rev. Harvey Barnes * Olive Annie Peterson, f. i Meade Co., SD 1.6.1893 - d. i Spokane, WA 16.3.1969 - gifte seg 22.6.1913 med James Arza Noe, f. i Benton Co., IA 7.4.1888, d. Seattle, WA ?.4.1983 - farma 1920 i Meade Co., SD og 1930 i Pennington Co., SD Carrie Peterson døydde i Meade Co., SD 27.1.1904. So skjer det merkelege at korkje Alex/Aleck eller nokon av borni hans er å sjå nokon stad i FT1910, men i 1920 er både Clarence og søsteri Olive Annie med mann James Noe attende i Meade Co.,SD, men ingen spor etter far deira. Clarence er der òg i 1930 og i 1940! MEN, slekti fortel meg at Alex/Aleck Peterson levde siste åri sine på ein gamleheim i Evanston, Uinta Co., WY og at han døydde der i 1929. * Greier nokon å finna Alex/Aleck Peterson mellom 1900 og 1929 og eventuelt ein OBITUARY for han frå 1929? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Dette er ein huslyd som eg første gongen arbeidde med tidleg på 1980-talet, men eg vart aldri liksom «klok» på dei. Johanna og Anders Erikson, ho frå Luster og han frå Årdal, fekk seks born i lag, me berre tre av desse voks opp. Dei to døtrene Josephine og Carrie var båe gifte to gongar, og den yngste var 1920 busett i statsfengselet i Missouri (Missouri State Penitentiary), utan at me veit kvifor ho var der. Men eg reknar med at ho vil vera omskrivi i ymse aviser...? Og når det gjeld Josephine, kan kanskje ein OBITUARY finnast for ho i Wisconsin? Her følgjer ein oppdatert versjon av dette manuskriptet, som eg vonar nokon kan hjelpa meg komplettera? ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  10. Emilie Christine Olsen ble født i Trondheim i oktober 1873. Hun var 19 år da hun emigrerte sammen med broren Carl (21) fra Trondheim 16/5 1893. De ankom Quebec, Canada 4/6 1893 med skipet "Sardinian". De skulle til Yankton, som ligger sør-øst i South Dakota. Jeg vet ikke noe om reiseruten etter dette, men som så mange andre immigranter dro de trolig vestover med dampbåt på vannveiene, og til en havn som lå lagelig til i forhold til bestemmelsesstedet. Deretter kanskje tog videre? Broren sørget for å få tatt et bilde av en pyntet Emilie i kisten, og med blomster rundt. Bildet er merket: "STAR photo and portrait co. Yankton S.D.", og er vel tatt i Yankton City, Yankton County, South Dakota i 1893, og hun ble nok begravet der omkring. I familien har det blitt fortalt at hun døde "på båten". Det må i tilfelle ha vært på elvebåten på vei vestover, men det var vel begrenset hvor lenge en kropp kunne transporteres på sommers tid den gangen. Går ut fra at et dødsfall måtte meldes til nærmeste myndighet enten det skjedde på båten eller på reisen videre til bestemmelsesstedet. Jeg har ikke funnet noe på FamilySearch eller Find a Grave. Heller ingen anførsler i kirkebøkene for Trondheim eller Klæbu (hvor foreldrene hennes bodde på denne tiden).
  11. Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #82317 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/167653-82317-antonette-gulbrandsdotter-fødd-ringsaker-i-telemark-1862-til-amerika-1885/?tab=comments#comment-1432969 der eg først og fremst vil takka, seint, men like hjarteleg, for dei mange innleggi som kom i 2010! Innleiingsinnlegget frå den gongen var følgjande: ~~~~~~~~~~ Frå Amerika får eg opplyst at ei Antonette Gulbrandsdotter ''Nettie Gulbrandson'' skal vera fødd 23.9.1862 i ''Ringsaker, Telemark''. Ho skal ha utvandra i 1885 og gifte seg i Canton, SD 1887 med Andrew A. Urness frå Hafslo i Sogn! * FT1900 oppgjev fødsli hennar til Sep. 1862 og utvandringsår 1885 * FT1910 oppgjev fødsli hennar til 1862-1863 og utvandringsår 1885 * FT1920 oppgjev fødsli hennar til 1862 og utvandringsår ukjent * FT1930 oppgjev fødsli hennar til 1862-1863 og utvandringsår 1895(!) * Dødsattesten hennar frå 30.11.1950 oppgjev fødselsdato 23.9.1861, og nekrologen seier ho utvandra i 1880! Utifrå desse opplysningane lyt me tru ho var fødd i september 1862 og at ho utvandra kring 1885, men KVEN VAR HO? Eg står ''bom fast'' og vonar på hjelp frå Brukarforum på å løysa dette problemet! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! ~~~~~~~~~~ Eg har i dag studert denne saki på ny, og eg har observert følgjande: Andrew og Nettie fekk seks born i lag, og det yngste av dei var født i 1899. Elles har me til no teke det for «faktum» at Nettie i Noreg heitte Antonette, MEN ho KAN vel òg ha heitt Agnette? Eg har vore borti fleire døme i Amerika på at særleg jenter «ljugde» på alderen sin, og dersom me skal tru at Antonette verkeleg var frå Ringsaker, vil eg henta fram at denne «kandidaten» frå innlegg #4 i det gamle emnet, presentert av Bjørg Hukkelberg: https://media.digitalarkivet.no/view/9081/156 Denne Antonette Gulbrandsdotter var fødd i Tandeeiget på Ringsaker 16.9.1857 av foreldri husmann Gulbrand Monsson og kona Anna Larsdotter Her er denne huslyden i FT1865 på plassen Midtimellom under Haavi vestre på Ringsaker: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0412&kenr=005&bnr=0140&lnr=000 Og her er dei i FT1875 på ein plass under Haavind på Ringsaker: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0412&kenr=005&bnr=0115&lnr=00 I innlegg #14 i det gamle emnet nemner Hilde Rossing ei Agnete Gulbrandsdotter (Ambli) som var fødd 26.9.1858 og som utvandra frå Ringsaker i mai 1880 - sjå øvst på høgre side her: https://media.digitalarkivet.no/view/6014/318 Eg finn ikkje fødsli hennar i kyrkjeboki for Ringsaker, men her er huslyden i 1865 som gardbrukarar på Ambli på Ringsaker: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0412&kenr=014&bnr=0036&lnr=000 Og her er dei i FT1875 på Amblirødningen, men då er ikkje Agnete nemnd: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0412&kenr=014&bnr=0045&lnr=00 Båe desse «kandidatane» er fødde nokre år «for tidleg», men dei har det til felles at dei er fødde nær 23.9., som er datoen oppgjeven for «vår» Nettie i Amerika. Kanskje kan desse to «kandidatane» følgjast opp i bygdeboki for Ringsaker? Kjenner ein lagnadane deira? Det hadde vore «jettekul» om me greidde å identifisera «vår» Nettie Gulbrandsdotter i Amerika, og eg takkar på ny for alle gode tips!
  12. Halvbror til bestemor mi, Ole Christian Colbjørnson, fødd på Garhammar i Norderhov 10.4.1873, voks delvis opp på Bårnås i Norderhov, men utvandra i 1889 til mor si og stefaren i Kittson Co., MN. Han tok i Amerika namnet Chris C. Barnes og døydde i Mt. Vernon, WA 15.10.1932. Eg òpna for ei tid attende eit eige tema om Ole Christian og lagnaden hans: https://forum.arkivverket.no/topic/215087-ole-kristian-kolbjørnson-fødd-i-lunder-sokn-i-norderhov-1873-halvbror-til-bestemor-kvar-vart-det-av-han/ men ønskjer i dette emnet å fokusera på kona hans, som eg førebels ikkje har greidd å identifisera, JØRAAND OLSON! Christian C. Barnes og Jarand Olson, båe «of» Britton, Marshall Co., SD, vart vigde i Britton, SD (Justice of the Peace) 23.7.1905: https://www.ancestry.com/interactive/8561/SDVR_MCI_1-0008?pid=634861&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5185&_phstart=successSource I 1910 er parfolket busett på ein farm i Mountrail Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JGD Name: Chris Barnes Age in 1910: 37 Birth Year: abt 1873 Birthplace: Norway Home in 1910: Township 153, Mountrail, North Dakota Race: White Gender: Male Relation to Head of House: Head Marital Status: Married Spouse's Name: Goren Barnes Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Employer, Employee or Other: Own Account Home Owned or Rented: Own Home Free or Mortgaged: Mortgaged Farm or House: Farm Years Married: 5 Neighbors: View others on page Household Members: Name Age Chris Barnes 37 Norway Goren Barnes 37 Norway Maenus Barnes 5 South Dakota Clearnce Barnes 3 South Dakota Rudolph Barnes 1 South Dakota Av dei tre borni var: * Magnus Barnes, fødd i South Dakota 29.9.1905 * Clarence Barnes, fødd i South eller North Dakota 24.8.1907 * Rudolph Barnes, fødd i North Dakota 20.3.1909 Dei to gutane vart båe døypte i Ross, Mountrail Co., ND i 1909, Clarence 10.3. og Rudolph 5.6.: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315064-00745?pid=1213707&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1213707%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx5193%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5193&_phstart=successSource&usePUBJs=true Som fadrar er nemnde: * Clarence: Ole Sven og hustru Letta, Rasmus Knudson og hustru Marie * Rudolph: Rasmus Knudson og hustru Marie, Henry Hermanson og hustru Anna Ved båe barnedåpane er namnet til mori skrive Jøraand! Ole Sveen og kona Letta i Mountrail Co., ND 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JKX Rasmus (Knudson) Ono og kona Marie i Mountrail Co., ND 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JGD Henry Hermanson og kona Annie i Mountrail Co., ND 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-2HF?i=6&cc=1727033 Våren 1911 flytte Chris Barnes til Canada, og i november 1911 flytte han frå Moose Jaw, SK til Seattle, WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DS-H98H-K?i=348&cc=2185163 https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DS-H982-M?i=349&cc=2185163 I mellomtidi var kona hans hamna på sjukehuset i Jamestown, Stutsman Co., ND der ho under namnet Mrs. Joran Barnes døydde 16.12.1911, 38 år gamal! KVEN VAR DENNE JØRAAND OLSON? Diverre er det i 1910 ikkje oppgjeve utvandringsår, men i utgongspunktet vil eg tru hon kom frå Sør-Aust-Noreg, og eg hgar treve fram nokre «kandidatar»; * Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=27160&merk=27160#ovre * Jorand Olsen frå Hol 1884: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=59658&merk=59658#ovre * Jøron Olsen frå Numedal 1888: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=105075&merk=105075#ovre *Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=7235&merk=7235#ovre Her er ogso nokre «kandidatar» frå FamilySearch - fødde: Name Jorand Olsen Gender Female Birth Date 04 Jan 1873 Christening Date 09 Mar 1873 Christening Place , KRODSHERAD, BUSKERUD, NORWAY Father's Name Ole Olsen Mother's Name Ragne Kolbjornsdr Name Jorand Olsen Gender Female Birth Date 16 Mar 1874 Christening Date 29 Mar 1874 Christening Place , KRODSHERAD, BUSKERUD, NORWAY Father's Name Ole Trulsen Mother's Name Marte Aslesdr Name Jörand Olsdatter Gender Female Birth Date 31 Mar 1872 Christening Date 09 May 1872 Christening Place Rollag, Buskerud, Norway Father's Name Ole Olsen Mother's Name Ambjör Knudsdatter I tillegg til desse er det òg fleire der faren heitte Olson til farsnamn... Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å seia noko om kven Jøraand kan ha vore?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Eg freistar å finna det norske opphavet til denne farmaren i Clay Co., SD: Henrik Anfindson alias Henry Lewis: FT1880 oppgjeven fødd i Noreg kring 1825: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYY8-3QRS FT1900 oppgjeven fødd i Noreg desember 1823, utvandra 1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PQ9-8D1 Dette utvandringsåret er feil, for kyrkjebøker frå Amerika syner at han alt kring 1860 (vigsli har eg aldri greidd å finna, men truleg var det i South Dakota!) gifte seg med enkja Kirsti Larsdotter, fødd i Luster 25.5.1822, som miste mann sin då dei våren 1860 var undervegs frå Wisconsin for å ta «homestead» i Clay Co., SD. Henrik og Kirsti fekk to born fødde i Clay Co., SD: * Ragnhild Lewis, fødd 25.8.1861, døydde 11.2.1871 * Andrena Lewis, fødd 12.10.1864, gifte seg i 1879 med Guttorm Myron, men døydde alt kring 1884 (dato og stad ukjende). Leiter me hjå FamilySearch, finn me i grunnen berre eitt godt alternativ for denne Henrik, og det er: * Henrik, fødd 17.11.1824 og døypt 5.12.1824 i Nes, Hallingdal, av foreldri Anfind Henrikson og Ragnhild Halgrimsdotter, plassfolk i Ovestrudeiget: https://media.digitalarkivet.no/view/3053/27 Men so er spørsmålet: Let det seg gjera, til dømes gjennom den nye bygdeboki for Nes, å få stadfesta at denne Henrik Anfindson kan vera ein aktuell «kandidat»? Og i so fall, kva heitte plassen under Ovestrud som dei budde på, og kvar var foreldri ifrå? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! PS: Om tillegget i emnetitelen om Hallgrim Olson Burtness, sjå innlegg #3 under!
  14. L. F. Johnson i California forsøker å finne sin norske bestefar John Conrad Johnson. Han utvandret på 1870-tallet og bodde fra rundt midten av 1870-tallet i St. Charles, Winona county, Minnesota, der han var skomaker. Han bodde der til slutten av 1890-tallet da han etter at en tornado hadde blåst av taket på huset hans, drog til Portland, Oregon. Han var gift med Ella Torkelson ("Allice"), som var født i Norge i 1853, og hadde utvandret i 1861. De er å finne i folketellingen 1880: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=18&filnamn=MINN1880&gardpostnr=45143&merk=45143#ovre Familien forteller at John Conrad Johnson hadde vært skomaker i Norge, og at han hadde solgt et par sko til kong Oscar. Familien har trodd at han bodde i Bergen, men det synes ikke være riktig. Hans oldemor på morssiden var også norsk. Berta Gudmundson Amdahl, født (ifølge gravsteinen) 12. desember 1821, død i Moody county, S. Dakota 15. august 1900. I 1880 bodde hun samme sted, var enke, er kalt Gudmundson og bodde sammen med sønnen G. O. Amdahl (Gudmund Olsen Amdahl), som var født i Norge i 1851, og døde i Moody county SD i 1939. Det er fortalt at denne familien hadde utvandret i 1857. Mannen (Ole Gudmundsen Amdahl) var med til Amerika, men var død før 1880. Folketellingen 1880 forteller at deres datter Mary var født i Minnesota rundt 1863. http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=22&filnamn=DAKO1880&gardpostnr=14755&merk=14755#ovre Har noen opplysninger om disse familiene?
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.