Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'olson'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 19 resultater

  1. Eg har råka borti ein ny huslyd i Clayton township, Crawford Co., WI, som eg mistenker har opphav frå indre Sogn, kanskje Lærdal(?), men eg greier ikkje identifisera dei: FT1860: Dwelling #1100: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BS6-8V5 FT1870: Dwelling #190: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PBJ Oleson, Ole 50 farmer Nor Ole Olson f. 1832? Oleson, Emily 40 housekeeping Nor Ingeborg Tollefsdotter f. 1832? Oleson, Theodore 13 farmw0rk WI + Theodore f. 1857 Oleson, Esther 13 attending school WI + Esther f. .5.1859 Oleson, Sarah J 6 WI + Sarah Ann f. Crawford Co., WI 28.3.1864 Oleson, Anna 4 WI + Anna Malene f. Crawford Co., WI 7.7.1866 Oleson, Annar 1 WI + Amir f. Crawford Co., WI ??.??.1869 FT1880: Dwelling #16: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBF-TPB og https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBF-T56 Dei fleste naboane hadde opphav frå Luster, Hafslo, Årdal og Lærdal, og eg ser i alle fall eit family tree som har blanda denne Ole Olson med Ole Olson frå Svendsøy/Berge i Luster (1820-1894) som utvandra i 1870 til same nabolaget. Denne siste Ole hadde mellom anna ei dotter Kari (fødd 1858) som i 1876 gifte seg med Theodore Olson, eldste sonen til parfolket som eg etterlyser - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRTK-1XS Ein Ole Olson gifte seg med ei Ingeborg Olsdotter i Rock Co., WI i 1856. Dei var båe fødde i Nes i Hallingdal, men aldrane høver dårleg og likeins borni... Og me veit vel strengt teke ikkje om Ingeborg var ei Olsdotter...! Då trur eg meir på Find-a-grave som seier: Ole Olson Birth 1832 Norway Death 5 Apr 1900 (aged 67–68) Soldiers Grove, Crawford County, Wisconsin, USA Burial South Kickapoo Cemetery Soldiers Grove, Crawford County, Wisconsin, USA Memorial ID 214614163 · View Source Memorial Photos 0 Flowers 0 Spouse: Ingaber Tollefson Married: 10 Apr 1855 in Allamakee County, Iowa Death as reported in Crawford County Advance of 6 Apr 1900 Det hadde vore kjempebra om nokon greidde å identifisera denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dei to første norske huslydane på denne sida kom frå Lund i Rogaland, og eg spekulerer på om ogso dei to neste, Olson og Amundson kan vera komne derifrå? Det gjeld Dwellings #98 og #99: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PLB Knudson, Knud 70 farmer Nor Knut Rasmusson Kjørmo f. Lund 21.12.1800 utv. 1853 Knudson, Julia 69 keeping house Nor Guri Malene Berntsdotter Eg f. Lund 8.11.1801 utv. 1853 Aspinson, Andrew 41 farmer Nor Andreas Asbjørnson Sollie f. Lund 28.2.1829 utv. 1853 Aspinson, Martha 43 keeping house Nor Martha Bolette Knutsdotter Kjørmo f. Lund 7.11.1827 utv. 1853 Aspinson, Rachael 17 at home Nor + Rachel Elisabeth f. Lund 6.2.1853 utv. 1853 Aspinson, Regena 12 at school WI + Regina f. Crawford Co., WI 26.3.1858 Aspinson, Anna 9 at school WI + Anna f. Crawford Co., WI 5.9.1861 Aspinson, Caroline 3 WI + Caroline f. Crawford Co., WI 11.3.1867 Aspinson, Aspin 26 Nor Asbjørn Asbjørnson Sollie f. Lund 26.7.1843 utv. 18?? Oleson, Ole 40 farmer Nor Oleson, Caroline 36 keeping house Nor Oleson, Anna 11 at school Nor Oleson, Andrew 9 at school Nor Oleson, Christena 7 at school Nor Oleson, Caroline 5 at school Nor Oleson, Ole 2 Nor Ammonson, A 36 farmer Nor Ammonson, Petrina keeping house 27 Nor Ammonson, Oscar 7 at school WI Ammonson, Carl 5 at school WI Ammonson, Sarah 2 WI Ammonson, Christena 21 at home Nor Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Fleire emigrantar som dukkar opp 1870 i Seneca township, Crawford Co., WI som eg har vanskar med å definera. I alle fall dei to første synest vera frå Valdres (Sør-Aurdal?), kanskje ogso den siste? Det gjeld på denne sida Dwelling #145: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PRV og på denne sida Dwellings #221 og #224: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PBR Oleson, Ole 36 farmer Nor Ole Olson Dølvensbraathen f. Sør-Aurdal 29.12.1834 utv. Oleson, Julia 40 housekeeping Nor Guri Tollefsdotter Ellestad f. Hedalen, Sør-Aurdal 19.5.1829 utv. Oleson, Ole 10 at school WI Oleson, Caroline 8 at school WI Oleson, Thomas 6 at school WI + Thomas f. Crawford Co., WI 4.4.1864 Oleson, Alexander 4 WI Oleson, Mary 2 WI Oleson, Knud 4/12 WI Jan + Knut f. Crawford Co., WI 16.2.1870 Torgerson, Knud 45 farmer Nor Knut Torgerson Torgerson, Mary 32 housekeeping Nor Mari Tollefsdotter Ellestad f. Hedalen, Sør-Aurdal Torgerson, Helen 10 at school WI Torgerson, Mary 8 at school WI Torgerson, Jennie 5 WI Torgerson, Toscar 4 WI Severson, Johanna 34 housekeeping Nor Severson, Sever 14 farming WI Severson, Elizabeth 10 at school WI Severson, Caroline 8 at school WI Severson, Julia 5 at school WI Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Eg reknar med at førenamnet til husfaren i denne huslyden som 1870 farma i Clayton township, Crawford Co., WI må vera «forvanska» - Blair??? Det gjeld Dwelling #203: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5W9 Olson, Blair 40 farmer Nor Olson, Bertha 33 housekeeping Nor Olson, Ole 5 WI Olson, Martin 3 WI Naboen Andrew Larson og kona Anna utvandra frå Hafslo i Sogn i 1857... Eg takkar so mykje på førehand for all gode tips om denne huslyden!
  5. Eg slit framleis med dei norske pionerane i Wisconsin og har no gått laus på Utica township, Crawford Co., WI. Mange av settlarane der kom frå Luster og Borgnd sokn i Lærdal, men på desse sidene har eg vanskar med å identifisera Dwellings # 96, 97, 104 og 105: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PPF https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PXN Johnston, Ole 29 farmer Nor Johnston, Sarah 22 housekeeping Nor Johnston, John 8/12 IA Sep Johnston, Inglif 60 Nor Johnson, Christopher 45 farmer Nor Johnson, Julia 59 housekeeping Nor Johnson, James 11 at school Nor Johnson, Lewis 8 Nor Johnson, Erick 60 farmer Nor Johnson, Betsey 35 housekeeping Nor Johnson, Mary 14 at home WI Johnson, Andrew 12 at school WI Johnson, Eli 10 at school WI Johnson, Ole 7 at school WI Johnson, Joanna 3 WI Johnson, Rodena 1 WI Thompson, Andrew 25 farmer Nor Thompson, Rebecca 27 housekeeping Nor Thompson, Julia 5 at school WI Thompson, Ole 1 WI Oleson, John 40 farmer Nor Oleson, Christina 40 housekeeping Nor Oleson, Ole 10 at school IA Oleson, Christina 8 at school IA Oleson, Lavinia 5 IA Oleson, Ole 11/12 IA Jul Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Dette er ein huslyd som eg jobba med for om lag 40 år sidan, men som eg aldri greidde å finna heilt ut av. Nils og Anna utvandra i 1851 og var mellom dei alle første settlarane i Freeman township, Crawford Co., WI der dei flytte kring 1854, og det hadde vore supert om nokon kunne hjelpa meg skaffa fram fleire detaljar, særleg om borni Christopher, Andrew og Sophia samt om svigersonen Peter N. Smith frå Luxembourg! Nokre nye detaljar har eg finne sjølv, men no står eg «bom fast». Her følgjer ein fersk versjon av dette manuskriptet: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar frå Dag Arne er dette manuskriptet no oppdatert og erstatta av eit nytt i innlegg #3 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  7. I freistnadane på å kartleggja det norske folket i Gilmanton township, Buffalo Co., WI er eg komen over ein ny huslyd som skapar frustrasjon (frå FT1870): Olson, Erick 65 farmer Nor Olson, Ingeber 60 keeping house Nor Olson, Julie 18 at home Nor Olson, Edward 14 at home Nor Dwelling 1761: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6Q67-63?i=2&cc=1438024&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMN93-PZY Eg står fullstendig på «bar bakke» når det gjeld opphavet til denne huslyden og finn heller ikkje fødslene til dei to borni som skal vera fødde i Noreg. Naboen Ole Iverson utvandra i 1858 frå Haugen i Meråker, om det kan vera til hjelp...(?) Eg ville setja stor pris på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. I freistnadane på å kartleggja det norske folket i Gilmanton township, Buffalo Co., WI er eg komen over ein ny huslyd som skapar frustrasjon: Olson, Ole B 46 farmer Nor Olson, Julie 40 keeping house Nor Olson, Christine 14 at home WI Olson, Sara 12 at home WI Olson, Caroline 8 at home WI Olson, Ole 6 at home WI Olson, Anna 6 at home WI Olson, Julie 4 at home WI Olson, Lina 4/12 at home WI Feb Dwelling 1791: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6Q67-M7?i=5&cc=1438024&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMN93-HMK Eg står fullstendig på «bar bakke» når det gjeld opphavet til denne huslyden og finn heller ikkje barnedåper for nokon av dei mange borni! Eg ville setja stor pris på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i over 40 år, men som eg aldri har greidd å løysa. Kanskje tidi no er kommi? Kari Olsdotter Aarøy (Bandskjerøyri) alias Carrie Olson, var fødd i Sogndal 23.9.1843 som dotter av Ole Olson (1802-1885) og Mari Andersdotter (1815-1908), båe barnefødde i Hafslo. Ole og Mari utvandra i 1866 til McFarland, Dane Co., WI og levde levetidi ut der. Kari «Carrie» utvandra i 1862, og med ein Jacob Hansson (av ukjent opphav) fekk ho ein son: * Henry Martin Hanson, fødd i McFarland, Dane Co., WI 15.10.1874 Ei tid etter flytte Kari «Carrie» til Chicago, IL der ho 7.10.1882 gifte seg med Henry S. Montgomery, fødd i Knox Co., ME 25.8.1858. Henry var «teamster and solderer», og parfolket vart buande i Chicago, IL der Carrie døydde 26.1.1920. Henry Montgomery døydde same staden 10.4.1929. Dei fekk ei dotter i lag. Det føreligg ein mistanke om at Jacob Hansson og Kari «Carrie» Olson var GIFTE, men dette har eg ikkje vore i stand til å prova! Kan nokon hjelpa meg finna ut av dette, til dømes med å finna Jacob, Kari «Carrie» og son deira i FT1880? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Dette er ein huslyd som eg jobba med for 30 år sidan, men som eg aldri greidde heilt å finna ut av. Kari Olsdotter var fødd i Jostedalen og voks opp på plassen Sva under garden Ormberg.- Derifrå utvandra ho med ein son i 1882, og vel framme i Kenyon, Goodhue Co., MN fekk ho ein son til. Ho døydde i 1927, men OBITUARYen hennar fortel svært lite, berre at sønene levde og budde i Minneapolis, MN og i St. Paul, MN. Yngste sonen Samuel miste livet i 1932 under høgspentarbeid i Kenyon, MN. Han var gift, men nokon OBITUARY som fortel om huslyden hans, har eg ikkje kunna finna... No vonar eg at nokon kan hjelpa meg vidare og legg fram følgjande utdrag av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ Kari Olsdotter {Ormberg}, f. {i Jostedalen} 6.9.1845, tente i Jostedalen og budde her fram til 1882. Men i 1882 utvandra Carry Olson til Amerika. Ho busette seg i Kenyon, Goodhue Co., Minn. der ho livnærte seg som veverske («carpet and rug weaver»). Ho d. i Kenyon, Minn. 9.4.1927. Carry var ugift, men fekk tre born: a. Ole O. Olson, son av Carry og husmann Ole Olson på Ottemoen under Alsmo (1848-1935), var f. i Jostedalen 7.11.1869. Han utvandra til Amerika med mor si i 1882 ##### (biography? – was 1927 a resident of Minneapolis, Hennepin Co., Minn.) b. Sophia Larsdotter (1881-1881), f. log d. i Jostedalen, var dotter av Carry og vegarbeidar Lars Larsson Risberg frå Grue i Solør. c. Samuel J. Olson, son av Carry og ein Jens Berfg, f. i Goodhue Co., Minn. 20.6.1884, miste ,ivet ved eit ulukkeshende i Kenyon, Minn. 13.5.1932. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? – about 1918?) med Hazel G. ##### (info? – born in MN about 1889 – par: PA and MO) ##### (date and place of her death?) Samuel var elektrisk linjearbeidar («electrical lineman»), og han og Hazel budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. ##### (number of sons and daughters?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Dette er ei utordring som eg har hatt liggjande sidan førre hundreåret. Kanskje det no er på tide å finna ut av dette? FT1900 syner Albert Olson, fødd i Noreg desember 1866, snikkar, utvandra 1888 og busett i Madison, Lac qui parle Co., MN (eg fekk ikkje denne fram hjå FamilySearch...): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120288_00857?usePUB=true&_phsrc=Nzx24170&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=26626419 Dødsfallsprotokollen frå Ness Lutheran church, Madison, MN syner at Albert Olai Olson døydde 28.7.1907, 32 år gamal, fødd i Noreg: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314998-00372?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&_ga=2.150242934.1180998561.1613999577-390650824.1612707015&pId=3756251 Er det mogeleg, utifrå desse opplysningane, å seia noko om: * Kvar i Noreg var Albert Olai fødd? * Nøyaktig fødselsdato? * Nøyaktig utvandringsår? * Kven var foreldri hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Dette er ein huslyd som eg jobba med alt på midten av 1980-talet, men som eg aldri greidde å finna ut av. Kan det vera enklare i dag? Gardbrukar Peder Hansson på Øvrebø i Luster (1720-1803) var gift to gongar, første kona Anna Olsdotter (1720-1744) døydde kort etter dei vart vigde, men let etter seg ei dotter: Kirsti Pedersdotter, døypt i Luster 26.6.1742 gifte seg i Luster 27.10.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/168 med Ole Olson, frå Bakka i Aurland, døypt i Aurland 18.5.1739, då mellombels busett hjå ein bror på nabogarden Bollingberg. Ole og Kirsti fekk ei dotter i Luster: * Anna Olsdotter, rimelegvis oppkalla etter mor hennar, døypt i Luster 7.9.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/71 So flytte Kirsti og Ole til Domkyrkjesokni i Bergen der endå ei dotter kom til verdi: * Ingeborg Olsdotter, døypt i Domkyrkja 5.11.1769: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/70 Men so døydde Kirsti i Bergen og vart gravlagd frå Domkyrkja 15.11.1769, og 18.7.1770 døydde ogso dotteri Ingeborg. Kvar det sidan vart av Ole og dotteri Anna er ei kjempegåte! Er det i det heile mogeleg å finna eit svar på denne utfordringi? Kanskje gifte Ole seg att? Kanskje kalla han opp første kona si? Mor hans heitte Gro og kan òg ha vorte oppkalla? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Dette er ei kjempegåte som eg har kava med i ganske so mange år, utan å finna svar på: Ole Olson (1831-1867) og kona Christi Olsdotter (1828-1919), plassfolk under Sandvik i Luster, utvandra til Amerika i 1866 og busette seg nær Lodi, Columbia Co., WI. Dei hadde med seg to born frå «gamlelandet», som båe gifte seg og vart buande i same nabolaget, men eg har aldri greidd å finna vigslene deira der borte! Kan dei ha gift seg over grensa i Rockford, IL eller kanskje i Dubuque, IA? * Britha «Bertha» Oleson, f. i Luster 14.1.1861, d. i Lodi, WI 25.6.1938 - gifte seg kring 1884/1885 med William Severin Knutson, f. i Dane Co., WI 8.10.1850, d. i Columbia Co., WI 24.8.1918. Eldste barnet født i oktober 1885. * Ingebrigt «Albert» Oleson, f. i Luster 5.5.1864, d. i Madison, WI 6.12.1907 - gifte seg kring 1886/1887 med Olaug Thomine «Minnie O.» Johnson, f. i Columbia Co., WI 10.7.1869, d. i Madison, WI 19.2.1963. Eldste barnet født i september 1888. Det hadde vore svært so gildt å fått greie på desse vigslene, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år som kort vart nemnd i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/202497-samuel-larsson-fødd-i-noreg-kring-1834-til-wisconsin-før-1858-kven-kan-han-ha-vore-to-vigsler-ei-skikkeleg-utfordring/?tab=comments#comment-1716251 men som aldri vart særskilt drøfta. Kanskje det let seg gjera finna ut av dette? Johannes Olson, alias John OLSON eller John URNESS, son av husmann Ole Johannesson Kinserdal (Urnes) og kona Martha Nilsdotter f. Kvalen var fødd i Hafslo 30.6.1831 og utvandra til Amerika i 1867 Han gifte seg mellom 1867 og 1869 med enkja: Ingeborg Andersdotter f. Lingjerde, alias Ingeborg eller Isabel LEWIS, dotter av Anders Einerson Lingjerde og kona Britha Eriksdotter og fødd i Luster 21.11.1837 og utvandra til Amerika i 1851 Eg har ei kjensle av at eg har leitt etter denne vigsli «høgt og lågt» i årevis, men heilt utan resultat! No vonar eg kanskje nokon kan hjelpa meg med denne leitingi? Eldste barnet deira var sonen Erik Martinus «Martin Olson» som var fødd i Vernon Co., WI 3.3.1869 og døypt same stad 24.10.1869, uvanleg lang tid etter fødsli... Kvar og kva tid stod dette bryllaupet? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Denne utfordringi tek utgongspunkt i dette emnet som synest ha «køyrt seg fast» når det gjeld spørsmåli kring Olaf E. Olson og opphavet hans: https://forum.arkivverket.no/topic/261439-sophia-andersdotter-frå-nes-i-luster-1844-1900-med-ei-dotter-og-gravid-med-dotter-2-til-amerika-i-1870-gift-i-mn-med-halvor-gulbrandson-«brotten»-frå-jevnaker-1839-1924-kvar-vart-det-av-døtrene-hennar-kva-med-sønene-gilbert-og-henry-brotten/ * Olaf Olson vert i FT1900 oppgjeven vera fødd i Noreg i juli 1872 og utvandra 1891: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q2W-D64 * Wolf Olson vert i FT1905 oppgjeven vera 33 år, fødd i Noreg (1871/1872) og busett i MN 10 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY3-CJS * Olaf E. Olson vert i FT1910 oppgjeven vera 37 år, fødd i Noreg (1872/1873) og utvandra 1892: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVK-95SJ * Olaf Olson vert i FT1920 oppgjeven vera 48 år, fødd i Noreg (1871) og utvandra 1890: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFS-PB5 Er det mogeleg å finna det norske opphavet til Olaf E. Olson? Kvar var han fødd og kven var foreldri hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Eg har i mange år slite med å finna ut av denne huslyden med bakgrunn frå Urnes i Hafslo. Siste utveg no er Brukarforum. Kanskje kan nokon hjelpa meg komma vidare med huslyden til Martin og Bertha Olson? Eg attgjev frå manuskriptet mitt om denne sonen til Johannes Olson frå Urnes (1831-1898): ~~~~~~~~~~~~~ Erik Martinus, kjend som Martin Olson, f. i Vernon Co., Wis. 3.3.1869, gifte seg i Vernon Co., Wis. 10.5.1902 med Bertha Marie Golberg, dotter av husmannsdotteri Anna Jørgensdotter frå Lauvhjellene under Dale prestegard i Luster (1841-1921). Ho var f. i Vernon Co., Wis. 10.2.1871. Martin og Bertha farma først i Christiana township, Vernon Co., Wis., men skal ha bytt farmen mot ein bar («saloon owner and operator»). Hausten 1909 flytte so huslyden til ein farm near Inverness, Hill Co., Mont., men våren 1910 vart Martin og Bertha skilde. Martin forsvann og vart aldri meir høyrd frå, ¤¤¤¤¤ (his destiny? - death? - mother Ingeborg Olson (Urness) died Westby/Viroqua, Vernon Co., WI Nov. 14, 1916 - OBITUARY??) medan Bertha heldt fram med farmingi nær Inverness, Hill Co., Mont. der ho d. 30.11.1925. Dei fekk to born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Her er huslyden i Vernon Co., WI i 1905 - mori hans bur i lag med dei: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-695S-YH9 Merkeleg nok ser eg ikkje noko til dei i Montana korkje i 1910 eller 1920! Men her er dødsfallet hennar Bertha frå Hill Co., MT 1925: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VHC6-DF1 frå ancestry.com: https://www.ancestry.com/interactive/5437/47791_1220706333_0488-00422?pid=898717&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D5437%26h%3D898717%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx20384%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20384&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.92439261.1581086823.1588866349-1442769865.1532627837 Den kanskje beste måten å finna ut meir om denne huslyden på, vil vera å sjå etter OBITUARIES, først for Ingeborg Olson (Urness) frå 1916 (WI) og for Bertha Marie Olson frå 1925 (MT). Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. Denne huslyden arbeidde eg første gongen med tidleg på 1980-talet. Eg fann dei att i Dane Co., WI, men dei to borni, ein son Andreas som kona hadde frå før, og ei dotter Johanna, som dei fekk i lag, er sporlaust borte. No set eg mi von til at nokon i Brukarforum greier løysa denne kjempegåta om kvar det vart av dei... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Eg har i lang tid slite med å finna ut av lagnadane til to av døtrene etter husmannssonen Gjert Johannesson frå Ottum i Luster (1837-1911), som i 1861 utvandra til Buffalo Co., WI og der gifte seg med Susanna Christophersdotter frå Talle i Luster (1837-1880), utvandra same år. Dei fekk åtte born i lag, og dette er kva andre etterkomarar etter dette parfolket kunne fortelja meg for snart 40 år sidan om dei to døtrene: * Severina, kjend som Sebrina Johnson, fødd i Luster 1.1.1860, utvandra i 1861 (manglar i kyrkjeboki, men fekk flytteattest i 1872) og skal vera avlidi i Minnjeapolis, MN i året 1900. Alt me veit om ho, er at ho var gift med ein «Mr.» OLSON og at dei budde i Minneapolis, MN der dei fekk tre born i lag. Borni er ukjende! * Kirstina, kjend som Christine Johnson, fødd i Buffalo Co., WI 12.7.1870, døydde i Minneapolis, MN som Christine Davis 1.1.1957. Ho skal ha gift seg første gongen tidleg på 1890-talet med ein «Mr.» IVER, og dei skal ha butt i Chicago, IL der dei skal ha fått to born i lag. Men før 1911 var Christine attgift med ein William DAVIS, og då budde dei i Minneapolis, MN. William er elles heilt ukjend. So langt opplysningane frå slekti! Ved litt leiting finn eg denne vigsli i Minneapolis, MN 16.2.1889 mellom Andrew Olson og Severena Johnson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-RP9D-MF Kanskje er dette dei i FT1895 i Minneapolis, MN, men i so fall har Severina to born frå før, og dei har berre ein felles son(?): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTLQ-YVT Og ganske riktig, her er Severina (Salena) Johnson med første mann Martha(!) L. Johnson, fødd Noreg kring 1846, og dei same to døtrene i 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DRVH-MY Og vigsli til Martin L. Johnson og Severina Gjertson i Minneapolis, MN 26.4.1881: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-RG9H-ZH Dette må vera Severena Olson, framleis i live i 1905 med sonen Arthur i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY3-BJ7 Men i 1910 er Arthur J. Olson busett hjå halvsøsteri Clara Swanberg i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVC-ZPR Fødsli til Arthur Julius Olson i Minneapolis, MN 7.3.1895: Name: Arthur Julius Olson Gender: Male Race: White Birth Date: 7 Mar 1895 Birth Place: Minneapolis, Hennepin, Minnesota Father: Andrew Olson Mother: Sevrine FHL Film Number: 1498834 Skal me tru på gravdekorasjonane, må dette vera gravene til Andrew Olson (død 24.2.1896) og Severena Olson (død 9.5.1909) i Lakewood cemetery, Minneapolis, MN: https://www.findagrave.com/memorial/125426416 https://www.findagrave.com/memorial/125427433 So langt Severina! Eg mistenker dette for å vera Christine og William Davis i FT1910 for Minneapolis, MN med to steborn Iver fødde i Illinois: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-CMQ Og i so fall er dette Christine Davis som enkje med dotter Ruth Iver i Minneapolis, MN i 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNF-9FD Og i 1930 som enkje åleine i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHZ-SJL Og i 1940 som enkje åleine i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9MT-WSRD Dette er nok då vigsli til William Davis og Christine Iver i Minneapolis, MN 28.1.1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GB6F-8JJ Og dødsfallet til William L. Davis i Minneapolis, MN 27.3.1913: Name William L. Davis Event Type DEATH Event Date 27 Mar 1913 Event Place Minneapolis, Hennepin, Minnesota Gender Male Age 52 Marital Status Married Race Wht. Occupation Machinist Birthplace New York Birth Date 20 Oct 1860 Birth Year (Estimated) 1861 Burial Date 29 Mar 1913 Burial Place Richfield, Minnesota Father's Name Wm. Davis Father's Birthplace England Mother's Name Sarah Mcclain Mother's Birthplace Scotland Og då må vel dette vera huslyden i Chicago, IL i 1900, John Iver, fødd i Noreg januar 1865 og utvandra 1875 med kona Christine og to born: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SXS-3BT Dødsfallet til John C. Iver i Chicago, IL 19.12.1900: Name John C. Iver Event Type Death Event Date 19 Dec 1900 Event Place , Cook, Illinois, United States Event Place Chicago, Cook, Illinois Address 576 WEST 21 ST STREET WARD-9 Gender Male Age 35 Marital Status Married Race White Occupation PAINTER Birth Year (Estimated) 1865 Birthplace Norway Burial Date 19 Dec 1900 Cemetery FOREST HOME Record Number 50 Eg er rimeleg overtydd om at eg har finne dei «rette» søstrene, og då sit me att med følgjande utfordringar: ** Kven var Martin L. Johnson, første mann til Severena, fødd i Noreg kring 1846 - fleire detaljar om han? ** Kven var Andrew Olson, andre mann til Severena Johnson - tydeleg fødd kring 1863 i Noreg? ** Dødsstaden til Severine Olson i 1909 - eg finn ikkje dødsattesten hennar i Minnesota!? ** Kven var John C. Iver, mann til Christine Johnson - tydeleg fødd i Noreg januar 1865 og utvandra 1875? ** Dato og stad for vigsli til John C. Iver og Christine Johnson? ** Fleire detaljar om William L. Davis - nøyaktig fødestad og mellomnamn? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Halvbror til bestemor mi, Ole Christian Colbjørnson, fødd på Garhammar i Norderhov 10.4.1873, voks delvis opp på Bårnås i Norderhov, men utvandra i 1889 til mor si og stefaren i Kittson Co., MN. Han tok i Amerika namnet Chris C. Barnes og døydde i Mt. Vernon, WA 15.10.1932. Eg òpna for ei tid attende eit eige tema om Ole Christian og lagnaden hans: https://forum.arkivverket.no/topic/215087-ole-kristian-kolbjørnson-fødd-i-lunder-sokn-i-norderhov-1873-halvbror-til-bestemor-kvar-vart-det-av-han/ men ønskjer i dette emnet å fokusera på kona hans, som eg førebels ikkje har greidd å identifisera, JØRAAND OLSON! Christian C. Barnes og Jarand Olson, båe «of» Britton, Marshall Co., SD, vart vigde i Britton, SD (Justice of the Peace) 23.7.1905: https://www.ancestry.com/interactive/8561/SDVR_MCI_1-0008?pid=634861&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5185&_phstart=successSource I 1910 er parfolket busett på ein farm i Mountrail Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JGD Name: Chris Barnes Age in 1910: 37 Birth Year: abt 1873 Birthplace: Norway Home in 1910: Township 153, Mountrail, North Dakota Race: White Gender: Male Relation to Head of House: Head Marital Status: Married Spouse's Name: Goren Barnes Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Employer, Employee or Other: Own Account Home Owned or Rented: Own Home Free or Mortgaged: Mortgaged Farm or House: Farm Years Married: 5 Neighbors: View others on page Household Members: Name Age Chris Barnes 37 Norway Goren Barnes 37 Norway Maenus Barnes 5 South Dakota Clearnce Barnes 3 South Dakota Rudolph Barnes 1 South Dakota Av dei tre borni var: * Magnus Barnes, fødd i South Dakota 29.9.1905 * Clarence Barnes, fødd i South eller North Dakota 24.8.1907 * Rudolph Barnes, fødd i North Dakota 20.3.1909 Dei to gutane vart båe døypte i Ross, Mountrail Co., ND i 1909, Clarence 10.3. og Rudolph 5.6.: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315064-00745?pid=1213707&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1213707%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx5193%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5193&_phstart=successSource&usePUBJs=true Som fadrar er nemnde: * Clarence: Ole Sven og hustru Letta, Rasmus Knudson og hustru Marie * Rudolph: Rasmus Knudson og hustru Marie, Henry Hermanson og hustru Anna Ved båe barnedåpane er namnet til mori skrive Jøraand! Ole Sveen og kona Letta i Mountrail Co., ND 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JKX Rasmus (Knudson) Ono og kona Marie i Mountrail Co., ND 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-JGD Henry Hermanson og kona Annie i Mountrail Co., ND 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-2HF?i=6&cc=1727033 Våren 1911 flytte Chris Barnes til Canada, og i november 1911 flytte han frå Moose Jaw, SK til Seattle, WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DS-H98H-K?i=348&cc=2185163 https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DS-H982-M?i=349&cc=2185163 I mellomtidi var kona hans hamna på sjukehuset i Jamestown, Stutsman Co., ND der ho under namnet Mrs. Joran Barnes døydde 16.12.1911, 38 år gamal! KVEN VAR DENNE JØRAAND OLSON? Diverre er det i 1910 ikkje oppgjeve utvandringsår, men i utgongspunktet vil eg tru hon kom frå Sør-Aust-Noreg, og eg hgar treve fram nokre «kandidatar»; * Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=27160&merk=27160#ovre * Jorand Olsen frå Hol 1884: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=59658&merk=59658#ovre * Jøron Olsen frå Numedal 1888: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=105075&merk=105075#ovre *Jøran Olsdotter frå Flesberg 1873: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=7235&merk=7235#ovre Her er ogso nokre «kandidatar» frå FamilySearch - fødde: Name Jorand Olsen Gender Female Birth Date 04 Jan 1873 Christening Date 09 Mar 1873 Christening Place , KRODSHERAD, BUSKERUD, NORWAY Father's Name Ole Olsen Mother's Name Ragne Kolbjornsdr Name Jorand Olsen Gender Female Birth Date 16 Mar 1874 Christening Date 29 Mar 1874 Christening Place , KRODSHERAD, BUSKERUD, NORWAY Father's Name Ole Trulsen Mother's Name Marte Aslesdr Name Jörand Olsdatter Gender Female Birth Date 31 Mar 1872 Christening Date 09 May 1872 Christening Place Rollag, Buskerud, Norway Father's Name Ole Olsen Mother's Name Ambjör Knudsdatter I tillegg til desse er det òg fleire der faren heitte Olson til farsnamn... Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å seia noko om kven Jøraand kan ha vore?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.