Dette er ein huslyd som eg jobba med for 30 år sidan, men som eg aldri greidde heilt å finna ut av. Kari Olsdotter var fødd i Jostedalen og voks opp på plassen Sva under garden Ormberg.- Derifrå utvandra ho med ein son i 1882, og vel framme i Kenyon, Goodhue Co., MN fekk ho ein son til. Ho døydde i 1927, men OBITUARYen hennar fortel svært lite, berre at sønene levde og budde i Minneapolis, MN og i St. Paul, MN. Yngste sonen Samuel miste livet i 1932 under høgspentarbeid i Kenyon, MN. Han var gift, men nokon OBITUARY som fortel om huslyden hans, har eg ikkje kunna finna...
No v