Search the Community
Showing results for tags 'minneapolis'.
-
Dette er ein huslyd som eg jobba med for 30 år sidan, men som eg aldri greidde heilt å finna ut av. Kari Olsdotter var fødd i Jostedalen og voks opp på plassen Sva under garden Ormberg.- Derifrå utvandra ho med ein son i 1882, og vel framme i Kenyon, Goodhue Co., MN fekk ho ein son til. Ho døydde i 1927, men OBITUARYen hennar fortel svært lite, berre at sønene levde og budde i Minneapolis, MN og i St. Paul, MN. Yngste sonen Samuel miste livet i 1932 under høgspentarbeid i Kenyon, MN. Han var gift, men nokon OBITUARY som fortel om huslyden hans, har eg ikkje kunna finna... No vonar eg at nokon kan hjelpa meg vidare og legg fram følgjande utdrag av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ Kari Olsdotter {Ormberg}, f. {i Jostedalen} 6.9.1845, tente i Jostedalen og budde her fram til 1882. Men i 1882 utvandra Carry Olson til Amerika. Ho busette seg i Kenyon, Goodhue Co., Minn. der ho livnærte seg som veverske («carpet and rug weaver»). Ho d. i Kenyon, Minn. 9.4.1927. Carry var ugift, men fekk tre born: a. Ole O. Olson, son av Carry og husmann Ole Olson på Ottemoen under Alsmo (1848-1935), var f. i Jostedalen 7.11.1869. Han utvandra til Amerika med mor si i 1882 ##### (biography? – was 1927 a resident of Minneapolis, Hennepin Co., Minn.) b. Sophia Larsdotter (1881-1881), f. log d. i Jostedalen, var dotter av Carry og vegarbeidar Lars Larsson Risberg frå Grue i Solør. c. Samuel J. Olson, son av Carry og ein Jens Berfg, f. i Goodhue Co., Minn. 20.6.1884, miste ,ivet ved eit ulukkeshende i Kenyon, Minn. 13.5.1932. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? – about 1918?) med Hazel G. ##### (info? – born in MN about 1889 – par: PA and MO) ##### (date and place of her death?) Samuel var elektrisk linjearbeidar («electrical lineman»), og han og Hazel budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. ##### (number of sons and daughters?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Eg har i mange år vore på leiting etter desse to søtrene i Amerika og kvar det vart av dei? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~ 6. Anna Sophie, kjend som Sophia Knutsdotter {Kalhagen}, f. 25.12.1866, Sophie Kalhagen utvandra til Amerika i 1887, men var heimatt på vitjing og utvandra so på ny i 1899. Ho søkte i 1901 om borgarskap i Eddy Co., N.D., men ##### (later lived in Minneapolis, Hennepin Co., MN as a single housekeeper?) ##### (date and place of her death?) 9. Britha Knutsdotter {Kalhagen}, f. 20.3.1874, Britha Kalhagen utvandra til Amerika i 1893 og ##### (destiny? – Minneapolis, MN? – single?) ##### (date and place of her death? - «young age»?) ~~~~~~~~~~~~ So vidt eg veit var dei båe ugifte, men tross leiting har eg ikkje greidd å finna dei att! Ei eldre søster Anna Maria (1860-1932) , som òg søkte om borgarskap i Eddy Co., ND i 1901, vart gift med John Bollingberg og farma i Wells Co., ND. Etterslekti deira er det som har fortalt det eg veit om dei to «tantene»... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Denne utfordringi tek utgongspunkt i dette emnet som synest ha «køyrt seg fast» når det gjeld spørsmåli kring Olaf E. Olson og opphavet hans: https://forum.arkivverket.no/topic/261439-sophia-andersdotter-frå-nes-i-luster-1844-1900-med-ei-dotter-og-gravid-med-dotter-2-til-amerika-i-1870-gift-i-mn-med-halvor-gulbrandson-«brotten»-frå-jevnaker-1839-1924-kvar-vart-det-av-døtrene-hennar-kva-med-sønene-gilbert-og-henry-brotten/ * Olaf Olson vert i FT1900 oppgjeven vera fødd i Noreg i juli 1872 og utvandra 1891: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q2W-D64 * Wolf Olson vert i FT1905 oppgjeven vera 33 år, fødd i Noreg (1871/1872) og busett i MN 10 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY3-CJS * Olaf E. Olson vert i FT1910 oppgjeven vera 37 år, fødd i Noreg (1872/1873) og utvandra 1892: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVK-95SJ * Olaf Olson vert i FT1920 oppgjeven vera 48 år, fødd i Noreg (1871) og utvandra 1890: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFS-PB5 Er det mogeleg å finna det norske opphavet til Olaf E. Olson? Kvar var han fødd og kven var foreldri hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Otto Wing - fødd i Trøndelag, Noreg 20.11.1864 - døydde i Minneapolis, MN 28.4.1942 - kven var han? - utvandringsår?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette er ein person som eg har vore på leiting etter i minst 35 år, og som eg so langt ikkje har greidd å finna det norske opphavet til! Kan nokon please hjelpa meg? Otto Wing, oppgjeven fødd i Trøndelag, Noreg 20.11.1864 av ukjende foreldre, utvandra til Amerika i ung alder og gifte seg i Minneapolis, MN 25.10.1887 med Malena alias Mollie Torgerson (1867-1938) med foreldre frå Luster i Sogn. Han døydde i Minneapolis, MN 28.4.1942. Er det mogeleg å finna ut: * Det fulle norske namnet hans? * Nøyaktig stad (og dato) for fødsli hans? * Utvandringsåret hans? * Fulle namn på foreldri hans med yrke og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Julius Foslid og Myrtle Evenson - vigde kring 1917 WI eller MN? - finn ikkje... - hjelp?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg har i lengre tid vore på leiting etter denne vigsli i Amerika, truleg i Wisconsin: Julius Alvin FOSLID, fødd i Dunn Co., WI 7.2.1888 og Myrtle Elizabeth EVENSON, fødd i Chippewa Co., WI 23.11.1895 Dei skal ha gift seg kring 1918, men eg finn ikkje denne vigsli nokon stad! Parfolket budde juni 1917 i Minneapolis, MN: https://www.ancestry.com/interactive/6482/005253059_04722?pid=31823679&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D6482%26h%3D31823679%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx20438%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20438&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.64061807.1581086823.1588866349-1442769865.1532627837 Eldste barnet født i Minneapolis, MN i 1919! Er det nokon som greier finna denne vigsli? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Etterlyser opplysninger om min oldefars bror Conrad Howden og hans kone
David Widerberg Howden posted a topic in Users' own forum
Etterlyser opplysninger om min oldefars bror Conrad Peter Howden og hans kone. Det jeg vet om han er følgende: Født: 13 Mai 1893 i Minneapolis. Emigrerte sammen med familien i 1897 tilbake til Ørsta der foreldrene var fra og der moren etter kort tid døde av tuberkulose. Folketellingen 1900: bosatt hos sin far og hans stemor m/familie i Moloveien i Ålesund. Konfirmert i 1907: Da bosatt hos sin far i Ålesund. Folketellingen 1910: bosatt hos sin far og hans stemor m/familie i Øvre Strandgate 22 i Ålesund, er da nevnt som barberer som sin far. 19. Januar 1924 blir det registrert et handelsfirma Conr. Howden i Nordahl Brunsgt. 3 i Oslo Døde: 9 April 1929 på Ullevål sykehus i Oslo. Hans skal ha blitt begravet på Nordre gravlund og ifølge begravdeioslo.no finnes det en grav der registrert som iallfall kan være hans kone: 22.102 Sofie Hovden Nordre gravlund født: 1889-10-11 død: 1974-07-25 Det jeg vet om henne er følgende: 1940-71: Adresseboka for Oslo. Bor en enkefru Sofie Howden i Nordahl Brunsgt 3mb2. Da hun døde ble det tatt vare på en salmebok fra henne der det står Karen Sophie ?(Aas)? Det jeg ønsker å finne ut av er hvem Sofie var og når de ble gift, kanskje finnes det noen spor etter hvor Conrad var mellom 1910 og da han dukker opp i Oslo?- 35 replies
-
Julius Martin Olsen f. 1846 i Eidsvoll, utvandret 1887 til Minnesota med familie. Hvor ble han av?
Birgit Gordon posted a topic in Users' own forum
Hei. Jeg holder på med å gå gjennom mitt familietre. Ser at jeg har gjort mange feil i begynnelsen, som å ikke notere kilder. Jeg har søkt gjennom arkivet og ikke funnet at jeg har spurt om dette før. Jeg leter etter Julius Martin Olsen f. 1846 i Eidsvoll av foreldre Ole Torgersen og Anne Mathea Johannesdatter. Følgende opplysninger har jeg: Konfirmert i oktober 1861 i Langset ihht http://genealogi.no/militaere/konfirmerte-kommunikanter-i-eidsvoll-og-langset-1820-1880/test/assets/common/downloads/Konfirmerte kommunikanter i Eidsvoll og Langset 1820-1880.pdf FT1865 : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038024004607 FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052052001573 Utflytting 20.04.1887 : https://www.digitalarkivet.no/kb20060512020194 Utreise fra Norge 22.04.1887: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000001007065 Passasjerliste fra Qubec, Canada mai 1887 fra Ancestry (ikke abo lenger) http://interactive.ancestry.com/1263/e003546739/440716?backurl=http%3A%2F%2Fsearch.ancestry.com%2Fcgi-bin%2Fsse.dll%3FMS_AdvCB%3D1%26rank%3D1%26new%3D1%26MSAV%3D2%26msT%3D1%26gss%3Dangs-c%26gsfn%3Djonette%26gsfn_x%3D1%26gsln%3Dols*%26gsln_x%3D1%26msady%3D1887%26msady_x%3D1%26cpxt%3D0%26uidh%3Dp0a%26cp%3D0%26pcat%3D40%26h%3D440716%26db%3DCanadianPL%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&ssrc&backlabel=ReturnRecord En dødsdato jeg ikke vet hvor jeg har funnet: 28.07.189, 3027 18th Ave., Minneapolis, om denne stemmer vet jeg ikke. Julius Martin reiser sammen med sin kone Berte Jonette Larsdatter f. 1843 i Eidsvoll. De giftet seg 03.01.1871 i Eidsvoll Kirke: https://www.digitalarkivet.no/kb20060313011189 De får barna Laura Martine i 1871, Anton i 1873, Bernt i 1875, Ole i 1878, Johan i 1881, d. 1884, Martin i 1881, d. 1882, Marte Marie i 1883, Julie i 1886, d. 1886, Mina i 1886, d. 1886 Barn som reiser sammen med foreldrene er: Laura Martine, Anton, Bernt, Ole og Marte Marie. Julius Martins bror Laurits Olsen Wangen reiser samtidig, sammen med kone Anne Marie Olavsdatter og sønn Ole: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000001007059 Noen som kan hjelpe meg med å finne flere opplysninger om Julius Martin og hva som skjedde med han? Jeg har ikke funnet ut hva som skjer med Berte Jonette. Det er noen tre på MyHeritage som sier hun døde i Eidsvoll den 03.01.1903, men jeg har ikke funnet henne. Håper noen kan hjelpe meg med opplysninger om disse to til å begynne med. Helst opplysninger som ligger fritt på nettet 😉 -
S&F: (Dorthea) Petrine Kalgraff - til USA i 1909 - seinare lagnad?
Gisle Hersvik posted a topic in Users' own forum
Hei, Viser til ein gammal debatt; https://forum.arkivverket.no/topic/147657-62269-usa-frå-krakhella-og-furevik-til-mn-usa-opplysningar-om-lagnad/ #9: Border Crossings: From Canada to U.S., 1895-1956 Name: Petrine Kalgraf Arrival Date: 11 Jun 1909 Age: 24 Birth Date: abt 1885 Birth Country: Norway Gender: Female Race/Nationality: Scandinavian Ship Name: Empress of Britain Port of Arrival: Quebec, Canada Port of Departure: Liverpool, England - Far er Søren Kalgraf, Rognesvaag. Siste bopel for Petrine var Bergen. Skal til sin bror Severin Kalgraf i Minneapolis. Men kva skjedde med Petrine (Dorthea Petrine) ? Sjå også denne; https://forum.arkivverket.no/topic/147745-62358-usa-3-søsken-frå-kalgraf-til-mn-usa-deira-lagnadetterkommere/ -
Louise K. Holten, fødd i Buffalo Co., WI 26.1.1887 av sognske foreldre, Knut Olson Holten og Synneva Peterson, gifte seg i Minneapolis, MN 24.6.1913 med: James HANSON, fødd i Sverige 29.2.1888. Han skal ha utvandra i 1897(?), og dødsattesten hans frå Chicago, IL 5.12.1926 syner at far hans heitte John Hanson! James var slakteriarbeidar og kokk, og etter nokre år i Minneapolis, MN flytte parfolket til Chicago, IL der Louise døydde 18.12.1947. Einaste dotter Janet var fødd i 1916 og gifte seg med Daniel Hupac i Chicago, IL. Det finst fleire family trees på ancestry.com, men ingen veit noko som helst om foreldri til Janet! Er det mogeleg å identifisera James Hanson? Kor mange svenske menn er fødde 29.2.1888 og utvandra kring 1897 med liknande namn? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 4 replies
-
- sverige
- minneapolis
-
(and 1 more)
Tagged with:
-
To søstrer Johnson frå Luster/Buffalo Co., WI med utfordrande lagnadar - Minneapolis, MN og Chicago, IL?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg har i lang tid slite med å finna ut av lagnadane til to av døtrene etter husmannssonen Gjert Johannesson frå Ottum i Luster (1837-1911), som i 1861 utvandra til Buffalo Co., WI og der gifte seg med Susanna Christophersdotter frå Talle i Luster (1837-1880), utvandra same år. Dei fekk åtte born i lag, og dette er kva andre etterkomarar etter dette parfolket kunne fortelja meg for snart 40 år sidan om dei to døtrene: * Severina, kjend som Sebrina Johnson, fødd i Luster 1.1.1860, utvandra i 1861 (manglar i kyrkjeboki, men fekk flytteattest i 1872) og skal vera avlidi i Minnjeapolis, MN i året 1900. Alt me veit om ho, er at ho var gift med ein «Mr.» OLSON og at dei budde i Minneapolis, MN der dei fekk tre born i lag. Borni er ukjende! * Kirstina, kjend som Christine Johnson, fødd i Buffalo Co., WI 12.7.1870, døydde i Minneapolis, MN som Christine Davis 1.1.1957. Ho skal ha gift seg første gongen tidleg på 1890-talet med ein «Mr.» IVER, og dei skal ha butt i Chicago, IL der dei skal ha fått to born i lag. Men før 1911 var Christine attgift med ein William DAVIS, og då budde dei i Minneapolis, MN. William er elles heilt ukjend. So langt opplysningane frå slekti! Ved litt leiting finn eg denne vigsli i Minneapolis, MN 16.2.1889 mellom Andrew Olson og Severena Johnson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-RP9D-MF Kanskje er dette dei i FT1895 i Minneapolis, MN, men i so fall har Severina to born frå før, og dei har berre ein felles son(?): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTLQ-YVT Og ganske riktig, her er Severina (Salena) Johnson med første mann Martha(!) L. Johnson, fødd Noreg kring 1846, og dei same to døtrene i 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DRVH-MY Og vigsli til Martin L. Johnson og Severina Gjertson i Minneapolis, MN 26.4.1881: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-RG9H-ZH Dette må vera Severena Olson, framleis i live i 1905 med sonen Arthur i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY3-BJ7 Men i 1910 er Arthur J. Olson busett hjå halvsøsteri Clara Swanberg i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVC-ZPR Fødsli til Arthur Julius Olson i Minneapolis, MN 7.3.1895: Name: Arthur Julius Olson Gender: Male Race: White Birth Date: 7 Mar 1895 Birth Place: Minneapolis, Hennepin, Minnesota Father: Andrew Olson Mother: Sevrine FHL Film Number: 1498834 Skal me tru på gravdekorasjonane, må dette vera gravene til Andrew Olson (død 24.2.1896) og Severena Olson (død 9.5.1909) i Lakewood cemetery, Minneapolis, MN: https://www.findagrave.com/memorial/125426416 https://www.findagrave.com/memorial/125427433 So langt Severina! Eg mistenker dette for å vera Christine og William Davis i FT1910 for Minneapolis, MN med to steborn Iver fødde i Illinois: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-CMQ Og i so fall er dette Christine Davis som enkje med dotter Ruth Iver i Minneapolis, MN i 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNF-9FD Og i 1930 som enkje åleine i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHZ-SJL Og i 1940 som enkje åleine i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9MT-WSRD Dette er nok då vigsli til William Davis og Christine Iver i Minneapolis, MN 28.1.1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GB6F-8JJ Og dødsfallet til William L. Davis i Minneapolis, MN 27.3.1913: Name William L. Davis Event Type DEATH Event Date 27 Mar 1913 Event Place Minneapolis, Hennepin, Minnesota Gender Male Age 52 Marital Status Married Race Wht. Occupation Machinist Birthplace New York Birth Date 20 Oct 1860 Birth Year (Estimated) 1861 Burial Date 29 Mar 1913 Burial Place Richfield, Minnesota Father's Name Wm. Davis Father's Birthplace England Mother's Name Sarah Mcclain Mother's Birthplace Scotland Og då må vel dette vera huslyden i Chicago, IL i 1900, John Iver, fødd i Noreg januar 1865 og utvandra 1875 med kona Christine og to born: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SXS-3BT Dødsfallet til John C. Iver i Chicago, IL 19.12.1900: Name John C. Iver Event Type Death Event Date 19 Dec 1900 Event Place , Cook, Illinois, United States Event Place Chicago, Cook, Illinois Address 576 WEST 21 ST STREET WARD-9 Gender Male Age 35 Marital Status Married Race White Occupation PAINTER Birth Year (Estimated) 1865 Birthplace Norway Burial Date 19 Dec 1900 Cemetery FOREST HOME Record Number 50 Eg er rimeleg overtydd om at eg har finne dei «rette» søstrene, og då sit me att med følgjande utfordringar: ** Kven var Martin L. Johnson, første mann til Severena, fødd i Noreg kring 1846 - fleire detaljar om han? ** Kven var Andrew Olson, andre mann til Severena Johnson - tydeleg fødd kring 1863 i Noreg? ** Dødsstaden til Severine Olson i 1909 - eg finn ikkje dødsattesten hennar i Minnesota!? ** Kven var John C. Iver, mann til Christine Johnson - tydeleg fødd i Noreg januar 1865 og utvandra 1875? ** Dato og stad for vigsli til John C. Iver og Christine Johnson? ** Fleire detaljar om William L. Davis - nøyaktig fødestad og mellomnamn? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
LØYST: Oscar T. Berge i Minneapolis, MN (1890-1970) - er det mogeleg å finna ut kva mellomnamn han hadde?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg sliter med å komplettera biografien om dette parfolket, busette i Minneapolis, MN: Oscar T. Nelson, son av Ole Berge og Sarah Nelson, var fødd i Hennepin Co., MN 13.4.1890 https://www.ancestry.com/interactive/1002/44474_01_00004-01294?pid=18181428&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1002%26h%3D18181428%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4227%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4227&_phstart=successSource&usePUBJs=true Han døydde i Minneapolis, MN 28.12.1970. Oscar gifte seg i Fertile, MN 24.11.1925 med Frances Overby, fødd i Polk Co., MN 26.2.1895, døydde i Minneapolis, MN 26.11.1979. Oscar og Frances var barnlause, og ingen i slekti kan fortelja meg: ** Kva var mellomnamnet til Oscar T. Berge? Kanskje er det nokon i Brukarforum som kan hjelpa meg med dette? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.