Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'davis'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Eg utvida for ei tid attende abonnementet mitt hjå ancestry.com om avisoppslag frå newspapers.com, men av ein eller annan grunn får eg berre opp delar av basen (skal eg ha heile basen, lyt eg betala ekstra! - ganske so frustrerande!), og dette er ein av dei eg ikkje får opp: https://www.newspapers.com/image/272097135/?article=72fab4f7-a171-4d6c-9515-904527ee704a&focus=0.038486306,0.44840097,0.16290504,0.5002249&xid=2378&_ga=2.204493840.1439650482.1590776151-1442769865.1532627837 Det gjeld ein OBITUARY ffrå 12.1.1968 frå Ft. Lauderdale, FL for Margaret DAVIS, som døydde 11.1.1968. Kan nokon please henta fram denne OBITUARIEN for å sjå kva som står der? Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!
  2. Eg har i lang tid slite med å finna ut av lagnadane til to av døtrene etter husmannssonen Gjert Johannesson frå Ottum i Luster (1837-1911), som i 1861 utvandra til Buffalo Co., WI og der gifte seg med Susanna Christophersdotter frå Talle i Luster (1837-1880), utvandra same år. Dei fekk åtte born i lag, og dette er kva andre etterkomarar etter dette parfolket kunne fortelja meg for snart 40 år sidan om dei to døtrene: * Severina, kjend som Sebrina Johnson, fødd i Luster 1.1.1860, utvandra i 1861 (manglar i kyrkjeboki, men fekk flytteattest i 1872) og skal vera avlidi i Minnjeapolis, MN i året 1900. Alt me veit om ho, er at ho var gift med ein «Mr.» OLSON og at dei budde i Minneapolis, MN der dei fekk tre born i lag. Borni er ukjende! * Kirstina, kjend som Christine Johnson, fødd i Buffalo Co., WI 12.7.1870, døydde i Minneapolis, MN som Christine Davis 1.1.1957. Ho skal ha gift seg første gongen tidleg på 1890-talet med ein «Mr.» IVER, og dei skal ha butt i Chicago, IL der dei skal ha fått to born i lag. Men før 1911 var Christine attgift med ein William DAVIS, og då budde dei i Minneapolis, MN. William er elles heilt ukjend. So langt opplysningane frå slekti! Ved litt leiting finn eg denne vigsli i Minneapolis, MN 16.2.1889 mellom Andrew Olson og Severena Johnson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-RP9D-MF Kanskje er dette dei i FT1895 i Minneapolis, MN, men i so fall har Severina to born frå før, og dei har berre ein felles son(?): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTLQ-YVT Og ganske riktig, her er Severina (Salena) Johnson med første mann Martha(!) L. Johnson, fødd Noreg kring 1846, og dei same to døtrene i 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DRVH-MY Og vigsli til Martin L. Johnson og Severina Gjertson i Minneapolis, MN 26.4.1881: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-RG9H-ZH Dette må vera Severena Olson, framleis i live i 1905 med sonen Arthur i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY3-BJ7 Men i 1910 er Arthur J. Olson busett hjå halvsøsteri Clara Swanberg i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVC-ZPR Fødsli til Arthur Julius Olson i Minneapolis, MN 7.3.1895: Name: Arthur Julius Olson Gender: Male Race: White Birth Date: 7 Mar 1895 Birth Place: Minneapolis, Hennepin, Minnesota Father: Andrew Olson Mother: Sevrine FHL Film Number: 1498834 Skal me tru på gravdekorasjonane, må dette vera gravene til Andrew Olson (død 24.2.1896) og Severena Olson (død 9.5.1909) i Lakewood cemetery, Minneapolis, MN: https://www.findagrave.com/memorial/125426416 https://www.findagrave.com/memorial/125427433 So langt Severina! Eg mistenker dette for å vera Christine og William Davis i FT1910 for Minneapolis, MN med to steborn Iver fødde i Illinois: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-CMQ Og i so fall er dette Christine Davis som enkje med dotter Ruth Iver i Minneapolis, MN i 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNF-9FD Og i 1930 som enkje åleine i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHZ-SJL Og i 1940 som enkje åleine i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9MT-WSRD Dette er nok då vigsli til William Davis og Christine Iver i Minneapolis, MN 28.1.1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GB6F-8JJ Og dødsfallet til William L. Davis i Minneapolis, MN 27.3.1913: Name William L. Davis Event Type DEATH Event Date 27 Mar 1913 Event Place Minneapolis, Hennepin, Minnesota Gender Male Age 52 Marital Status Married Race Wht. Occupation Machinist Birthplace New York Birth Date 20 Oct 1860 Birth Year (Estimated) 1861 Burial Date 29 Mar 1913 Burial Place Richfield, Minnesota Father's Name Wm. Davis Father's Birthplace England Mother's Name Sarah Mcclain Mother's Birthplace Scotland Og då må vel dette vera huslyden i Chicago, IL i 1900, John Iver, fødd i Noreg januar 1865 og utvandra 1875 med kona Christine og to born: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SXS-3BT Dødsfallet til John C. Iver i Chicago, IL 19.12.1900: Name John C. Iver Event Type Death Event Date 19 Dec 1900 Event Place , Cook, Illinois, United States Event Place Chicago, Cook, Illinois Address 576 WEST 21 ST STREET WARD-9 Gender Male Age 35 Marital Status Married Race White Occupation PAINTER Birth Year (Estimated) 1865 Birthplace Norway Burial Date 19 Dec 1900 Cemetery FOREST HOME Record Number 50 Eg er rimeleg overtydd om at eg har finne dei «rette» søstrene, og då sit me att med følgjande utfordringar: ** Kven var Martin L. Johnson, første mann til Severena, fødd i Noreg kring 1846 - fleire detaljar om han? ** Kven var Andrew Olson, andre mann til Severena Johnson - tydeleg fødd kring 1863 i Noreg? ** Dødsstaden til Severine Olson i 1909 - eg finn ikkje dødsattesten hennar i Minnesota!? ** Kven var John C. Iver, mann til Christine Johnson - tydeleg fødd i Noreg januar 1865 og utvandra 1875? ** Dato og stad for vigsli til John C. Iver og Christine Johnson? ** Fleire detaljar om William L. Davis - nøyaktig fødestad og mellomnamn? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.