Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'chicago'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Huslyden til Severina Andersdotter Veberg frå Hafslo har eg hatt på teiknebrettet mitt i mange år, og smått om senn har eg finne ut av delar av denne huslyden. I seinare tid er det òg dukka opp ymse family trees hjå ancestry.coḿ, men dei ser stort sett ut til å vera avskrifter av kvafrandre og inneheld få faktaopplysningar! Særleg kan ein leggja merke til kor mange av vigslene i denne huslyden rett og slett manglar i vigselsregisteri i Chicago, IL. Dei kan då vel ikkje alle vera feilskrivne...? Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt pr. dags dato: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg frå Grethe er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Janna Sierts Slagter f. 22 mars 1844 i Usquert i Holland og dør i Chicago 13. okt 1913. Gifter seg med Gerrit Harms Timmer f. 6. jan 1842 i Usquert og dør 16. des 1916 i Chicago. De hadde følgende barn alle født i Chicago: Harry Timmer 27. sep 1870. - 16. des 1961 i New York. Gift med 1895 med Mary Elizabeth Salisbury. 8 kjente barn Sarah Timmer - Skal være født ca 1872. Tidlig død ? Ebbie Edward Timmer 19. jan 1875 - 2. mar 1875 Annie Timmer 24. des 1876 - ?. Gift med Lawrence Hoffman. Han skal være født i Chicago ca 1878 og død 1936 i Antioch, Lake, Illinois. Mangler vielse, hans foreldre og evnt. barn. Kate Timmer 10. juli 1880 - 13. feb 1928. Gift med George Nelson Moisand . 5 kjente barn. Mangler fødsel og død, vielse, hans foreldre. Kan han ha skandinaviske aner ? (George ble født 12 Jul 1875 og døde 14 des. 1939. George og Kate gift 10 july 1902 Hans far Michael Moisand. ref: Grethe innlegg 2) (George sine foreldre - Michael Moisand (ca. 1841–1893) og Adelaine True, begge fransk-canadiere. Ref. Dag innlegg 5) John Timmer 17. mar 1884 - 27. okt 1951. Gift 21. mai 1910 med Alma Elizabeth Redemske 1884 - 1976 . 3 kjente barn. Hennes foreldre ? LØST ( Foreldre til Alma- Gustav Redmske og Mathilda Katschke. ref. Carl innlegg 4) Brad Timmer Skal være f. 1886 ? Død ? Grace Timmer 14. mar 1886 - 21. des 1939. Gift, barn ? (Grace var singel i 1920 så sannsynligvis ikke gift, bodde da hos søsteren Kate, døde i 1939. Ref. Grethe innlegg 3) LØST Håper noen har lyst å hjelpe med detaljene som mangler. Mvh Ivar
  3. FT1880 for Chicago, IL syner m.a. denne huslyden: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB2-9897 HURLEY, U(A?) A. 24 IA Ire Ire - street car driver HURLEY, Annie 23 Nor Nor Nor - wife - housekeeper OLSON, Bell 13 WI Nor Nor - ?? Men FT1880 for Chicago syner ogso denne karen: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB2-9WCM HURLEY, Albert A. 24 IA WI IL - car driver (single) Dette ser unekteleg ut til å vera same mannsperson - og eg kan ikkje finna vigsli deira. Andrea Olsdotter Aarøen var fødd i Sogndal 21.11.1855, men utvandra med foreldri sine i 1866 til Dane Co., WI. Ho budde mange år i Chicago, IL, men var alltid åleine, so truleg vart ho skild frå denne trikkeføraren, eller han døydde svært ung!? Andrea «Annie» Hurley dreiv i mange år «boarding house» i Chicago, IL, men flytte sidan attende til McFarland, Dane Co., WI der ho døydde 28.9.1938. Ho let ikkje born etter seg. 1885 Chicago city directory shows: Mrs. Ann HURLEY, house 3363 Auburn: https://www.ancestry.com/interactive/2469/4718501?pid=369308826&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20469&_phstart=successSource Dette er einaste gongen Albert og/eller Annie HURLEY dukka opp i Chicago, IL city directorie mellom 1870 og 1890! Er det nokon som kan hjelpa meg, please, å finna att denne Albert HURLEY, vigsli hans med Annie, opphavet hans og lagnaden hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette er ein heller «liten» huslyd frå Jostedalen, men han er ikkje mindre viktig av den grunn! Det er over 30 år sidan eg utan hell freista finna vigsli til Mathilda og John Rohde. Kanskje er det mogeleg i dag? Eg lurer òg på om svigerdotteri Gertrude lever? Eg har nemlig finne motstridande opplysningar om dette... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Mathilda Henriksdotter Neset, f. {i Jostedalen} 12.12.1893, Mathilda Henderson utvandra til Amerika i 1910 og fór då til Stoughton, Wis., men flytte sidan til Chicago, Ill. der ho ##### (date and place of her marriage? – 1918?) gifte seg med John Charles William Rhode med mor frå Sør-Odal, men f. i Chicago, Ill. 24.1.1888. John var jarnbanepostfunksjonær («railroad postal worker»), og han og Mathilda busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der John d. 6.12.1957. Mathilda Rhode flytte som enkje til Tampa, Hillsborough Co., Fla. der ho d. 8.3.1981. Dei fekk to søner i lag: a. John Charles Rhode, Jr., f. i Chicago, Ill. 16.12.1920, d. i Chicago, Ill. 10.9.1934. b. Raymond Albert Rhode, f. i Chicago, Ill. 27.7.1922, d. i Tampa, Fla. 17.1.2009. Raymond gifte seg første gongen i Chicago, Ill. 31.7.1948 med Mary Anna Lopardo, f. i Cook Co., Ill. 27.3.1922. Ho d. i Chicago, Ill. 2.4.1999, men ho vart skild frå Raymond kort tid etter. Raymond gifte seg so att i Elmwood Park, Ill. 16.12.1949 med Gertrude Jean Rauch, f. i Summit Co., Ohio 28.10.1927. ##### (still alive 2021? – ancestry family tree says she died in Cook Co., IL Sep. 16, 1984, but according to Raymond’s obituary from 2009, she was still alive!! – https://www.newspapers.com/clip/80107775/obituary-for-raymond-a-rhode-aged-86/?xid=637 Raymond var ei tid lastebileigar («truck owner») i Chicago, Ill., men han og Gertrude flytte i 1959 til Tampa, Hillsborough Co., Fla. der Raymond livnærte seg som bryggeriarbeidar («brewery worker»). Han fekk seks born, som alle var frå andre ekteskapet med Gertrude. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!
  5. Anton Hagalee kom i kveld med ei fantastisk oppdaging frå Amerika! Eg har i over 40 år vore på leiting etter Maria Johannesdotter frå Haugen under Urnes i Hafslo, fødd 1865, som i 1885 utvandra til Amerika og som me visste hadde butt i Chicago, IL, men utan å vita ættenamnet hennar der borte var det ikkje so heilt lett! No er Maria kommi til rette, og eg har tilbragt fleire timer med å studera huslyden hennar. Eg har finne mykje, men no står eg fast! Endå manglar det ein del detaljar, og no vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg freista finna nokre av dei? Denne huslyden skal vera med i band XII av bygdebokserien for Luster som skal utgjevast om kort tid, og eg kan ikkje få takka nok for denne kjempeoppdagingi! Manuskriptet mitt ser no slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #9 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Dette er ein huslyd som eg jobba med for over 30 år sidan, men der eg på grunn av manglande kjelder laut gje meg på mange detaljar. Eg hadde den gongen kontakt med dei to sønesønene i South Dakota, og dei fortalte meg kva dei visste. To av døtrene budde i Chicago, IL, men det er fint lite dei visste om dei. Kanskje er det no mogeleg å få lite vetta hjelp til å få svar på ein del av dei manglande detaljane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette mauskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #12 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Gunnhild «Julia» Hansdotter frå Rønnei i Luster (1863-1943) utvandra til Amerika i 1883 og gifte seg i Chicago, IL 25.10.1886 med: Carl Christopherson Lund Han vert oppgjeven vera fødd i Noreg, kan henda i eller nær Haugesund(?) 2.7.1858 og utvandra til Amerika i 1878(?). Han døydde i Chicago, IL 2.4.1924. Gunnhild var ein tur på vitjing til Noreg i 1914, men parfolket budde elles i Chicago, IL levetidi ut. Er det nokon som dreg kjensel på Carl og kan fortelja meg: * Fullt namn? * Dato og stad for fødsli hans? * Utvandringsåret? * Fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. (Thor) Christian Hansson (1818-1866) og kona Bertha Nilsdotter (1818-1887) var gardbrukarar på Flattun i Luster, men selde garden i 1854 og utvandra til Vernon Co., WI med fem born, som alle vart buande i Vernon Co., WI. Men etter dei kom fram til Amerika, fekk dei tre born til, og to av desse voks opp: * Britha Marie «Mary» C. Hanson, fødd i Dane Co., WI 2.8.1854 - skal ifølgje etterslekt av søskeni vore gift med ein «Mr.» MILLER og budde i Chicago, IL. Dei skal ha hatt to born i lag, Ida og Birdie... * Lars «Lewis» C. Hanson, fødd i Vernon Co., WI 20.10.1859, skal ifølgje slekti ha vore soldat, men miste livet i ei krigshandling - kan henda var han med i The Spanish-American War sist på 1890-talet? Eg har vore på leiting etter desse søskeni i mange år, og det hadde vore so kjekt å finna ut kvar det vart av dei... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Tor Ingebrigtsen

    Aner i USA?

    Aner i USA? Min tippoldemor ble enke (35 år), og emigrerte til USA. Hvor skal jeg lete? Hun het Kari Olsdatter (Holemo) Hun var datter av Ole Eriksen og Guri Olsdatter Holemo fra Tynset. Hun var gift med Peder Ingebrigtsen. Hun kan ha brukt et av navnene Kari Olsdatter (Holemo) /Kari Holemo /Kari Ingebrigtsen da hun emigrerte. Fødselsdato: 10.2.1832. Fødselssted: Tønsæt / Tønset / Tynset (Hedmark). Bosted: Dyrøy, Troms Peder kom fra Motrøeng i Tynset, men flyttet til Jordet (på Tynset). Han flytter så til Bardu i Troms. Der treffer han Kari Olsdatter som også er født på Tynset. De kjøper en gård på Dyrøya i Troms, men planlegger å dra til Amerika. Før de rekker å selge gården blir Peder sjuk og dør 25. januar 1867, bare 33 år gammel, og Kari blir enke. Hun bor og arbeider hos andre for kost og husrom. Ingebrigt, eldstegutten, som er min oldefar, er bare 11 år når faren dør vinteren 1867, de tre søstrene er yngre. Om hun solgte gården vites ikke, men hun realiserte amerikadrømmen og emigrerte en gang mellom 1867 (februar) og noen år etter, 1870-75? Barna ble igjen på Dyrøya. I et tapt amerikabrev ble navnet Chicago nevnt, og at hun fant seg en mann som hadde malingsfabrikk eller malingsbutikk, fortalte min tante for mange år siden. Hvor skal jeg lete? Det nærmeste jeg har kommet er i et skipsregister: ame: Kari Olsdatter Age: 26 Remarks: Dep. 05 jul 1867. Østerdalen - Chicago Passenger on: S/S Argo (1) 1867, from Christiania - Christiansand to Hull Source: Christiania Politikammer Emigrant protokoll 2 - Transcribed by Trond Austheim - 2008 Alderen stemmer ikke, med mindre det er feil transkribert? Hvordan får man tilgang til kilden? Hilsen Tor Ingebrigtsen
  10. Denne utfordringi har lege på teiknebrettet mitt sidan 1980-talet. Kanskje nokon kan hjelpa meg finna ei løysing? Johannes Hermundson Høyum, fødd i Luster 28.1.1873, var yngste sonen til Hermund Hermundson (1821-1897) og kona Gunnhild Larsdotter (1830-1915), husmannsfolk i Smeviki under Hølyeim i Luster. Han utvandra til Amerika i 1890 og skreiv seg truleg for John Hoium, men ser ikkje bort ifrå at han òg kan ha kalla seg Hermanson...(?). Han hadde ei eldre søster Synneva (1857-1937) som utvandra i 1882. Ho vart gift med Halvor Larson og busette seg i Kossuth Co., IA. Etterkomarar etter Synneva har fortalt meg at Johannes ei tid var farmarbeidar i Kossuth Co., IA, men at han sidan flytte til Chicago, IL. Eg har likevel ikkje lukkast i freistnadane mine på å finna han ett der, so no vonar eg at einkvan i Brukarforum greier denne utfordringi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Mestedelen av kunnskapen min om denne emigranten frå Luster er alt medteken i innleiingi, men lat meg gå litt meir i detalj: Einar kjend som Edward Johannesson Hagenes var einaste sonen til Johannes Johannesson og Karen Einersdotter, gardbrukarar på Haganes i Luster. Han var fødd i Luster 11.4.1873, men utvandra til Amerika i 1891. Han var heime på vitjing i 1897, og då var han busett i Chicago, IL. Slekti hans i Noreg har fortalt meg at siste gongen dei høyrde frå han, var i 1903. Kvar kan denne guten ha vorte av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. I samband med huslyden til bøkkarsveinen Peder Johannesson frå Luster: https://forum.arkivverket.no/topic/251011-peder-johannessen-bøkkarsvein-frå-luster-1808-og-cecilie-gjetlesdotter-frå-slettebakken-1813-huslyd-i-bergen-med-tolv-born-men-nesten-heile-familien-forsvinn-før-1865-kvar-vart-det-av-dei/ er denne personen dukka opp, ein borgarkrigsveteran frå Stavanger: Name: Bartol Bratson Rank: Private Company: K Unit: 59th Illinois Infantry Height: 5' 3 Hair: LIGHT Eyes: BLUE Complexion: FAIR Occupation: Butcher Birth Date: Abt 1834 Birth Place: Norway War: Civil War War Years: 1861-1865 Service Entry Age: 30 Service Entry Date: 4 Jan 1864 Service Entry Place: Chicago, IL Joined By Whom: COL HOTCHKISS Period: 3 YRS Muster In Date: 4 Jan 1864 Muster In Place: Chicago, IL Muster Out Date: 8 Dec 1865 Muster Out Place: New Braunfels, TX Muster Out By Whom: CPT GEIGER Remarks: TRANS FROM 89 ILL INF Residence Place: Chicago, Cook CO, IL Record Source: Illinois Civil War Muster and Descriptive Rolls Dødsfallet hans 15.1.1902: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7N1-Y3R FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB7-9CZR FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6L2H-W1K Første kona hans var Johanna Marie, kjend som Marie Johnson, f. i Bergen 25.4.1835, d. i Chicago, IL 6.10.1891 Andre kona hans var Bertha Marie, kjend som Bessie Johnson, f. i Bergen 3.12.1847 - d. i Chicago, IL 20.3.1814 - vigde i Chicago, IL 4.5.1893: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N76L-4JT Ifølgje FT1900 var Bartel fødd i mai 1833 og utvandra i 1855. Følgjande utfordringar kjem ut av dette: * Fullt namn på Bartol Bratson? * Dato og stad for fødsli hans? * Fulle namn på foreldri hans med yrke, opphav og bustad? * Utvandringsåret hans? * Dato og stad for første ekteskapet hans med Marie J. Johnson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Dette er ei problemstilling som eg første gongen arbeidde med på 1980-talet, men utan nokon gong å komma vidare. Kanskje er det nokon som dreg kjensel på namnet Knut Brown og kan hjelpa meg vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Christen Pederson {Bergum}, f. {i Luster} våren 1819, Christen P. Bergum utvandra til Amerika i lag med broren Ole i 1858 og gifte seg i Dane Co., Wis. 1.12.1862 med Kari Ellingsdot­ter, opphavleg frå Bell i Aurland, i Amerika truleg kjend som Carrie Bell. Ho var dotter av Elling Olson på Bell og Kari Rognaldsdotter frå Loven i Aurland og f. der 5.6.1827. Carrie utvandra til Amerika i 1857. Christen og Carrie farma visstnok ei tid i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men flytte sidan til ein farm i Dunn township, Dane Co., Wis. der Christen d. 2.1.1886. Carrie Bergum d. i Dane Co., Wis. ##### (exact date of her death?) 1893. Dei fekk ikkje born i lag, men Carrie hadde ei dotter frå før: a. Anna Simonsdotter, kjend som Annie Sampson, dotter Kari og Simon Olson frå Hjellum i Aurland, var f. i Aurland 1.6.1856, men utvandra til Amerika med mori i 1857 og d. i Chicago, Ill. 5.11.1918. Ho gifte seg ##### (date and place of her marriage? – Chicago, IL about 1881?) med Knut ##### (norsk namn og opphav?) i Amerika kjend som Knut S. Brown. Han var son av ##### (foreldri med fulle namn, yrke, bustad og opphav? – mori heitte Gjertrud!!) og f. ##### (fødestaden hans? – sjekka fødselsdatoen?) 23.4.1846. Han utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) og d. i Chicago, Ill. 23.11.1922. Knut Brown var snikkar («carpen­ter»), og han og Annie budde i Chicago, Cook Co., Ill. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! PS: Eg trur det kan ha vore TO ULIKE Knut Browns i Chicago på same tid, fødde same året - ein Knut A. Brown og denne som var Knut S. Brown...
  14. Den norskætta jenta Anna Elize «Annie» Thompson, fødd i Chicago, IL 3.11.1872, døydde i Chicago, IL 27.3.1954. Ho gifte seg i Chicago, IL 15.4.1899 med: Lawrence Frederick, òg kjend som Fred L. ABBOTT, fødd i Illinois kring juli 1874, arbeidde som «railroad stationary engineer», og dei budde i Chicago, IL, men mannen skal ha mist livet ved eit ulukkeshende i Atkinson, NE 25.6.1916. Han dukkar likevel opp på første side i dette registeret frå KANSAS: https://www.kshs.org/genealogy/genealogy_securitybenefits/search/page:1/begyr:1800/endyr:2019/submit:SEARCH Det vart sikkert skrive om dette ulukkeshendet i pressa, og eg lurer på om nokon kan hjelpa meg med fleire opplysningar kring dødsfallet hans? - OBITUARY? Eg er òg interessert i opplysningar om opphavet hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Eg har fått eit tips om denne huslyden: John Benson, fødd i Noreg 1833, gifte seg med Maria Peterson, fødd i Hafslo, Noreg 1841 Dei hadde i alle fall følgjande born: * Sophie, fødd 1865 * Carrie, fødd 1869 * Peter, fødd 1875 * Jennie Marie, fødd 11.9.1878 Her er huslyden i Chicago, IL i 1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-69P9-VBX Her er huslyden i Chicago, IL i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB7-96L1 Som me ser, var Maria åleine i 1880. Elles finst det fleire family trees hå ancestry.com for denne huslyden, men ingen av dei har opplysningar om opphavi til dette parfolket! Berre dotteri Jennie Marie har dei følgd til Wisconsin...: https://www.ancestry.com/search/categories/42/?name=john_benson&death=1879_chicago-cook-illinois-usa_36829&count=50&death_x=2-0-0_1-0&name_x=ps_ps Eg ser at ei Sophie Benson gifte seg i Chicago, IL 4.9.1888 med James J. Sweeney. Ho døydde 32 år gamal i Chicago, IL 18.6.1899, men om dette er «vår» Sophie, veit eg ikkje...: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=9758&h=1023071&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=60984 Kanskje er de nokon som greier å identifisera denne huslyden og fortelja meg om Maria verkeleg var frå Hafslo? PS: Her fann eg Peter C. Benson i FT1900 i Chicago, IL i lag med søsteri Jennie og mann hennar: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DZJS-VJJ og her er nok dødsfallet hans året etter: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2MQ-44PK Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Skulle gjerne ha fått kartlagt innreise og opphald i USA for 3 søstre med foreldre Olai (Henrik Olai) Pedersson og Helene (Anne Helene) Knutsdtr. Jenny Henriette Olaisdtr Røiseth, f. 3.9.1892: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000725429 (1910-04-28) Sina Otelia Olaisdtr Røiseth, f. 7.11.1897: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000732615 (1913-05-02) som reiste saman med den eldste søstera si... Petternille Olaisdtr Røiseth, f. 23.3.1890: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000732614 (1913-05-02) ***************************** Jenny finn eg på Ancestry som ankommen til Boston, MA 1910-05-12, skreven som Jenny Henrietta O(lsen) Raiseth, men vidare lagnad i USA er ukjent. I dødsannonsa etter søster Nelly står ho berre som "Jenny (USA)". Kva skjedde med Jenny? Petternille (kjent som Nelly) reiste på eit tidspunkt heim att, uvisst når, gifte seg med Amund Vaage og budde på Sunde i Sunnhordland, Kvinnherad kommune, Hordaland. Sina dø i Chicago i 1916, men er det også mogeleg å finne ut om det var noko spesielt ho døydde, så ung, av?
  17. Kurt Straumøy

    Torbjørn Lorentsen

    Hei Min bestefar Torbjørn Lorentsen emigrerte til USA i 1952. Han ankom New York 01.08.1952 med Stavangerfjord som gikk fra Bergen 23.07.52. Han skal være død i 1969 i Chicago. Fra her finner jeg ikke noen opplysninger om han. Han reiste på Lakene er jeg blitt fortalt, har letet i Trygdeordningens dødsfallsregistre i USA (SSDI) uten resultat. Har noen tips til meg hvor jeg kan lete ?
  18. Skulle gjerne funne ut kvar Ivar f. 30.7.1892 tok vegen i USA (eller Canada). I 1923 er hans reisemål: Amk Chicago Ill Kor lenge var han der? Eg finn ikkje at kona reiser over...!? Eg skulle gjerne visst kvar dei tok vegen etter 1917/1923. Ved FT 1910 og 1900 er han i Voss; Kona hans ved FT 1910 og 1900: Dei gifter seg 1.2.1917:
  19. Martinus Bottolfson var fødd på Flikki i Luster i 1859 og utvandra til Amerika i 1881. Han gifte seg med ei nabojente frå Luster, men ho døydde i barselseng med andre barnet deira, uvisst kvar, og Martin flytte til Chicago, IL. Det var i si tid kontakt med dotteri etter Martinus, og slekti har fortalt at ho voks opp i North Dakota hjå ein huslyd Nelson, men sidan flytte ho som sjukepleiar til Denver, CO, og slekti miste kontakten med ho! Dette er MANGE år sidan... No ønskjer eg å ta opp att tråden her i Brukarforum, og eg har finne ein del opplysningar om Bernard Botelson, son hans Martinus. Eit oppdatert manuskript for denne huslyden ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange interessante og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #21 under! Det hadde vore svært so kjekt å finna ut av kva som skjedde med første kona hans Martinus og dotteri deira. Dessutan, kven var andre kona hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Tidleg på 1980-talet intervjua eg norske etterkomarar etter Johannes Christenson (1819-1907) og kona Anna Monsdotter (1828-1881), som fram til garden deira vart seld på tvangsauksjon i 1880, hadde vore gardbrukarar på Kleivi, eit bruk av garden Søvde i Dale sokn i Luster. Dei kunne då fortelja meg følgjande om dei to sønene etter Johannes og Anna som tvandra til Amerika: * Christen Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 17.4.1863, utvandra til Amerika i 1884, skal ha busett seg i Chicago, IL der han gifte seg, men kona døydde barnlaus, og Christen flytte som enkjemann til Minneapolis, MN der han skal vera avliden... * Christopher Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 7.5.1868, utvandra til Amerika i 1889 og skal òg ha busett seg i Chicago, IL. Han gifte seg òg, og med kona som dei ikkje kjente namnet til, flytte han til Pomona, CA der dei båe døydde. Dei hadde ingen born. Når eg no etter so mange år freistar gripa tak i desse brørne att for å greia ut biografiane deira, råkar eg på skikkelege utfordringar: * Christen Johannesson Søvde ser eg absolutt ikkje noko til. Ei ekstra utfordring er det at me har fleire personar med same namn som òg hadde tilknytting til Luster, mellom anna ein Christen Christopherson Søvde (1865-1931) som attpåtil gifte seg i Chicago, IL i 1896 og budde der nokre år før han flytte til Washington state. Den einaste eg ser som KAN vera Christen Johannesson, er ein Christian J. SOVD som er nemnd «coachman» og innskriven i Minneapolis city directory frå 1894 busett på 2303 Park Avenue: https://www.ancestry.com/interactive/2469/13545871?pid=821215215&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D821215215%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11799%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11799&_phstart=successSource&usePUBJs=true * Christopher Johannesson Søvde finn eg derimot att, men ikkje før i FT1910, og då er han gift med ei Agnes, og dei er alt komne til Pomona, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVG-RM3 Her er dei òg i FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6X-9D2 og i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR4F-N7Q I 1940 er Christopher vorten enkjemann: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89MT-F3F2 Hjå ancestry finn eg dessutan eit family tree som inneheld Christopher, og der går det fram at kona hans heitte Agnes Barbara Slebiska, og ho var fødd i Winneshiek Co., IA 20.1.1870 av «Bohemian« foreldre. Agnes var i 1900 framleis ugift, men då busett i Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-68DV-YH Agnes Sovde døydde i Los Angeles Co., CA 26.12.1939, medan Christopher Sovde døydde same staden 16.7.1953. Dei store utfordringane i denne huslyden kan oppsummerast slik: ** Opplysningar om Christen Johannesson Søvde, fødd 1863, etter han utvandra i 1884? ** Dato og stad for vigsli til Chrístopher Søvde med Agnes Barbara Slebiska? Kan det tenkjast, sidan me ikkje ser noko som helst til Christen, og Christopher ikkje dukkar opp før i 1910 med ei noko «merkeleg» skrivemåte av namnet sitt (Sode?). at dei kan ha nytta eit anna namn i Amerika? Kanskje Kleven? Kanskje Johnson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse brørne?
  21. Dette er ein huslyd frå Luster som ogso Ivar Moe har minnt meg om gjennom eit anna tema og der eg ser at eg manglar ymse detaljopplysningar, som eg svært gjerne skulle hatt på plass, både frå Amerika og frå Noreg (Christiania). Kanskje nokon kan hjelpa meg? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Narve Larsson Fuhr, frå Myrsete under Hengesteg, vart døypt 3.1.1797 og gifte seg 26.1.1824 med Sophia Haagensdotter frå Svangstu lille, døypt 29.7.1798. Narve og Sophia fekk overta plassen her på Myrane under Fuhr alt i 1824 og vart buande her som husmannsfolk like til 1867. Då vart plassen nedlagd, og jordi fall attende til garden. Narve og Sophie Larson utvandra til Amerika i 1867 i lag med sonen Anders; alle dei andre attlevande borni var farne over tidlegare. Og Narve og Sophie Larson slo seg ned hjå sonen Lars på farmen hans i Windsor township, Dane Co., Wis. ##### (lived there in 1870 – dates and places of their deaths?) Narve og Sophia på Myrane fekk åtte born i lag, mellom anna denne sonen: Lars Narveson Skildum, frå Myrane under Fuhr, var f. 12.4.1824 og gifte seg første gongen 5.5.1846 med Anna Andersdotter frå Mordla under Heltne i Dale, f. 22.10.1818. Lars og Anna fekk festesetel på denne plassen i Skildeimshaugen dagsett 15.2.1847, men dei kan ikkje ha hatt noko særleg med jord til plassen, og vart då heller ikkje buande her lenger enn til 1861. Då vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden. Lars og Anna Narveson utvandra til Amerika i 1861 og slo seg først ned som farmarar i Windsor township, Dane Co., Wis., men flytte på 1870-talet til ein farm i Hampden township, Columbia Co., Wis. Anna d. i Columbia Co., Wis. 6.6.1878, og Lars gifte seg att i Dane Co., Wis. 15.1.1879 med Martha Olsdotter frå Hærishaugen under Hæri. Ho var f. i Luster 9.8.1835 og hadde utvandra til Amerika i 1873. Lars og Martha vart buande på farmen hans i Hampden township, Columbia Co., Wis., der Lars d. alt 11.3.1881. Martha Narveson d. i Dane Co., Wis. 7.11.1911. Lars fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet, men dessutan hadde andre kona Martha òg tre born frå før: a. Anna L. Narveson (1845‑1908), utvandra med foreldri i 1861 og vart der borte gift med husmannssonen Henrik Olson frå Langeteigen under Dalsøyri (1844‑1927). b. Sophia L. Narveson (1847‑1852), f. og d. i Luster. c. Narve L. Narveson, truleg kjend som Narve Lewis, ##### (American name to be verified?) f. i Luster 21.11.1850, utvandra med foreldri til Amerika i 1861. ##### (moved «West» at a young age – his destiny??) d. Sophia L. Narveson, kjend som Sophie Lewis, f. i Luster 12.11.1852, utvandra til Amerika med foreldri i 1861 og d. i Chicago, Ill. 7.1.1936. Ho flytte i ung alder til Chicago, Ill. der ho 13.10.1884 gifte seg med ##### (original name from Norway? – referred to as Olaf Olaus Lee) ##### (wherefrom in Norway? – Christiania?) ##### (full names of his parents?) f. i Christiania (Oslo) 16.4.1860. Han utvandra til Amerika i 1878 ##### (year of his emigration to be verified?) og d. i Oak Park, Ill. 26.6.1926. Oluf Lee var fabrikkformann («factory foreman»), og han og Sophie vart buande i Chicago, Ill. levetidi ut. Dei fekk to born i lag. e. Anders, kjend som Andrew L. Narveson, f. i Luster 4.8.1855, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861, men d. ugift i Columbia Co., Wis. 12.10.1880. f. Gunnhild, kjend som Julia L. Narveson, f. i Luster 1.1.1858, utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1861, men d. ugift i Columbia Co., Wis. 22.2.1877. g. Malena L. Narveson, f. i Columbia Co., Wis. kring 1862, ##### (exact date of her birth?) d. i Columbia Co., Wis. 26.8.1877. h. Ole Andersson, kjend som Ole A. Harum, son av Martha Olsdotter og gardbrukar Anders Andersson på Lid øvre i Hafslo (1838‑1922), var f. i Luster 25.5.1861 og utvandra til Amerika med mori i 1873. Han d. i Sioux Falls, S.D. 23.11.1912. Ole Harum gifte seg i Fillmore Co., Minn. 16.12.1891 med Barbara O. Thyri. Ho var f. i Fillmore Co., Minn. 18.11.1868 og d. i Rochester, Minn. 29.9.1916. Ole og Barbara budde i Lanesboro, Fillmore Co., Minn. og fekk seks born i lag. i. Anders Andersson, son av Martha Olsdotter og husmannssonen Anders Andersson frå Teigane under Bolstad (1831‑1871), var f. i Luster 19.5.1865, ##### (lagnaden hans? – ikkje utvandra til Amerika – døydde han heilt ung?) j. Christian Andersson, kjend som Christian A. Harum, var likeins son av Martha Olsdotter og husmannssonen Anders Andersson frå Teigane under Bolstad (1831‑1871) var f. i Luster 19.2.1870 og utvandra til Amerika i 1873 i lag med mori. Christian Harum var snikkar («carpenter») og vart buande i Windsor township, Dane Co., Wis. der han d. ugift 6.8.1940. ~~~~~~~~~~~~~~~ Her ser me Lars Narveson (her kalla Lewis Nelson!) med huslyden hans i FT1870 i Windsor township, Dane Co., WI. Ogso foreldri hans er nemnde her (ogso dei kalla Nelson!) og ein yngre bror Anders: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-51V Me ser soleis at både Narve og Sophie levde i 1870, men båe er borte i 1880, og det er vel ikkje usannsynleg at dei båe døydde i 1870-åri, men nærare detaljar har eg ikkje greidd å finna so langt! Og her er ymse innførsler som gjeld Lars si dotter Sophie Lewis med mann Olaf Olaus Lee som skulle vera frå Christiania, skal me tru kjeldene frå Chicago * Dødsfallet hans: Name Olaf Olaus Lee Event Date 26 Jun 1926 Event Place Oak Park Village, Cook, Illinois Gender Male Race white Age 66 Birth Year (Estimated) 1860 Birth Date 16 Apr 1860 Birthplace Christicina, Norway Father's Name Olaus Lee Father's Birthplace Christicener, Norway Occupation foreman Residence Place Chicago, Ill. Spouse's Name Sophia Lee Burial Date 29 Jun 1926 Burial Place Mt. Olive * FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-63RT-2F * FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJL-QGX * FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R68-73Y Eg vonar det er mogeleg å identifisera Olaf Olaus utifrå desse kjeldene, både fødsli hans og utvandringi? Neste store utfordring her ver lagnaden til eldste sonen etter Lars Narveson, Narve Lewis(?). Familien fortel at han reiste heimefrå i ung alder og skal ha butt ein eller stad «in the West», men so langt har eg ikkje greidd å finna spor etter han! Siste store utfordringi er lagnaden til Anders Andersson, sonen som andre kona Martha fekk i Luster i 1865: https://media.digitalarkivet.no/view/8402/54 Her er mori Martha Olsdotter med båe dei eldste borni i FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261001880 Og her er utvandringi til mori frå 1873 med berre eldste og yngste barnet: https://media.digitalarkivet.no/view/6916/422 Kvar er so Anders Andersson vorten av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  22. Dette er ein huslyd som eg arbeidde mykje med då eg vitja Chicago, IL i 1982, og eg greidde å finna fleire etterkomarar, men ikkje alle detaljane var mogelege å få tak i den gongen. Denne Gjertrud var søster av den Lars Jacobson som er tema i denne utfordringi: https://forum.arkivverket.no/topic/201755-øyanes-påskenøtt-9-lars-jacobson-krogen-1852-1879-og-kona-eliza-e-pike-gohde-1853-1923-og-huslyden-deira-i-amerika-soge-om-adopsjon/ Kanskje er det no mogeleg å komplettera dette manuskriptet lite vetta? Er det til dømes mogeleg å finna: ** Kven var Ole Andersson Trovåg i Gulen - barnefaren frå 1860? ** Kven var Harry Daniel Wheeler frå London som gifte seg med Annie Bringe? ** Kanskje kan ein OBITUARY finnast for Gertrude Gehrke frå 1997? ** Men den største utfordringi er truleg John «James» Green frå Kentucky, mannen til Susan Bringe...? Her følgjer eit oppdatert utdrag: ~~~~~~~~~~~~~ Torbjørn Olson Bringe, frå Moen under Bruheim i Jostedalen, var f. i Jostedalen 6.3.1841 og gifte seg i Luster 9.6.1868 med Gjertrud Jacobsdotter frå Teigen under Kroken, f. 30.8.1840. Torbjørn Olson var treskjrar. Han og Gjertrud slo seg ned her på Krossen i 1869 etter at plassen då etter utskiftingi eit par i forvegen hadde vorten del av Bringe, og dei vart buande her til 1884. Dei vart dei einaste plassfolki på Krossen medan plassen hyrde til Bringe, for neste brukaren, Ole Gabrielson, fekk sidan skøyte og vart sleis sjølveigar (sjå Bringe, bnr. 11). Torbjorn og Jennie Bringe utvandra til Amerika i 1884 og slo seg ned som farmarar i Utica township, Chickasaw Co., Ia. Men Torbjorn Bringe d. i Chickasaw Co., Ia. alt 13.2.1890; Jennie heldt fram med farmen ein del år, men flytte sidan til Chicago, Cook Co., Ill. der fleire av borni då budde. Ho d. hjå dotteri Annie Wheeler i Chicago, Ill. 3.11.1928. Torbjørn og Gjertrud på Krossen fekk sju born i lag, medan dei budde i Luster; dessutan hadde Gjertrud ei dotter frå før: 1. Anna Olsdotter Bringe (1860‑1944), var dotter av Gjertrud og ##### (Ole Andersson frå Trovåg i Gulen – kven var han?) Anna Bringe utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg der borte med husmannssonen Arne Larsson frå Haugen under Eide (1859‑1929) (s.d.). 2. Anna Torbjørnsdotter Bringe, f. 14.5.1868; grunna pengemangel vart ikkje Anna med foreldri til Amerika i 1884. Men Annie Bringe utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Chicago, Ill. 18.4.1897 med Harry Daniel Wheeler, f. i London, England 1.4.1873. ##### (parents and emigration year?) Harry var kjelemakar i eit oljeselskap («oil company boiler maker») i Chicago, Ill. Frå 1908 til 1916 budde dei i Knox, Starke Co., Ind.; dei budde òg ei tid i Whiting, Lake Co., Ind., men var elles busette i Chicago, Cook Co., Ill. til dei som pensjonistar flytte til North Judson, Starke Co., Ind. Harry d. i North Judson, Ind. 26.6.1944, medan Annie Wheeler d. i Mishawaka, Ind. 15.9.1951. Dei fekk seks born i lag: a. Mary Elvina Wheeler, f. i Chicago, Ill. 6.2.1898, d. i Mishawaka, Ind. 10.12.1953. Ho gifte seg i Chicago, Ill. 22.12.1919 med Leo Charles Streich, f. i Starke Co., Ind. 4.1.1894. Han d. i Mishawaka, Ind. 15.6.1947. Leo Streich var kommunearbeidar («lineman and city meter reader»), og han og Mary budde i Mishawaka, St. Joseph Co., Ind. Dei fekk fem born i lag. b. Charles Theodore Wheeler, f. i Chicago, Ill. 18.10.1901, d. i Chickasaw Co., Ia. ?.8.1902. c. May Henrietta, kjend som Henrietta Wheeler, f. i Chicago, Ill. 5.3.1904, d. i Knox, Ind. 15.11.1975. Ho gifte seg i Chicago, Ill. 6.5.1919 med Cecil Earnest Weidner, f. i Starke Co., Ind. 21.7.1900. Han d. i Knox, Ind. 26.4.1975. Cecil Weidner var fabrikkarbeidar («factory worker») til dei i 1936 flytte til North Judson, Starke Co., Ind. Der dreiv Cecil bilagentur, og dessutan farma dei («car agency operator and farmer»). Dei fekk fem born i lag. d. Gertrude Anna Wheeler, f. i Chicago, Ill. 19.4.1906, d. ##### (place of her death? – Crown Point, IN?) 22.10.1997. Gertrude gifte seg i Chicago, Ill. 26.10.1924 med Lyle Judge Gehrke, f. i Milwaukee Co., Wis. 26.10.1903. Han d. i Lansing, Ill. 6.1.1981. Lyle Gehrke var brannmann i eit oljeselskap («oil company fireman»). Dei budde i Chicago, Cook Co., Ill. og i Hammond, Lake Co., Ind., men flytte sidan til Lansing, Cook Co., Ill. Dei fekk fire born i lag. e. Eit barn var f. og d. straks etter fødsli i Starke Co., Ind. kring 1910. ##### (info?) f. Severt Estus Wheeler, f. i Starke Co., Ind. 22.8.1912, d. i Starke Co., Ind. 14.1.1914. 3. Jacob Torbjørnson Bringe, f. 2.7.1870, Jake Bringe utvandra med foreldri til Amerika i 1884 og gifte seg første gongen i Dallas Co., Ia. 31.7.1896 med Amanda Ellen Reid, f. i Dallas Co., Ia. 19.1.1863. Jake Bringe var smed («blacksmith»), og han og Amanda budde først i Utica township, Chickasaw Co., Ia., men flytte kort etter hundreårsskiftet til ein farm i Pleasant township, Winneshiek Co., Ia. Men snart etter flytte dei vidare til Chicago, Cook Co., Ill. der Jake Bringe arbeidde som snikkar («carpenter»). Jake og Amanda vart skilde i 1917, og Amanda vart buande i Chicago, Ill. der ho d. 19.7.1943. Jake Bringe gifte seg att i Lancaster, Ohio 27.7.1921 med enkja Florence Emrick, f. Love, f. i Perry Co., Ohio 8.10.1874. I 1938 flytte Jake og Florence til North Judson, Starke Co., Ind. og farma der. Florence d. i Starke Co., Ind. 16.2.1950, medan Jake Bringe d. same staden 14.6.1955. Florence hadde to born i første ekteskapet sitt, medan Jake hadde denne dotteri, som var frå første ekteskapet med Amanda: a. Lavina Gertrude Bringe, f. i Chickasaw Co., Ia. 12.10.1898, d. i Chicago, Ill. 13.4.1976. Ho gifte seg i Chicago, Ill. 12.7.1922 med Walter Clyde Tomlinson, f. i Garland Co., Ark. 14.12.1895. Han d. i Chicago, Ill. 16.5.1964. Walter var fabrikkarbeidar («factory worker»), og han og Lavina budde i Chicago, Cook Co., Ill. Dei fekk seks born i lag. 4. Ole Torbjørnson Bringe, f. 19.12.1872, Ole T. Bringe utvandra òg til Amerika med foreldri i 1884. Han busette seg i Decorah, Winneshiek Co., Ia. der han livnærte seg som snikkar («carpenter»). Han d. ugift i Decorah, Ia. 3.7.1939. 5. Elen Susanna, kjend som Susanna Torbjørnsdotter Bringe, f. 26.1.1875, Susan Bringe utvandra med foreldri til Amerika i 1884 og gifte seg i South Chicago, Ill. 11.3.1909 med John B. ##### (middle name?) kjend som James Green, f. ##### (date and place of his birth? – Tennessee? – 1865!? – his 2nd marriage!) James arbeidde som snikkar og vaktmeistar («carpenter and janitor»), og han og Susan budde i Chicago, Cook Co., Ill., men James forlét kona og borni i 1913 og skal vera faren attende til Tennessee, men ##### (further details?) Susan Green var sidan kjolesyerske («dress maker») i Chicago, Cook Co., Ill. og d. i Oak Lawn, Cook Co., Ill. 19.6.1964. Dei fekk to born i lag: a. John Samuel, kjend som Samuel Green, f. i Chicago, Ill. 31.10.1909, d. i Chicago, Ill. 5.6.1972. Samuel Green var yrkesoffiser i den amerikanske hæren («US Army officer») ##### (married twice, but had no children – details?) b. Martin Andrew Green, f. i Chicago, Ill. 29.7.1912, d. ugift i Chicago, Ill. 3.7.1931. 6. Sjur Torbjørnson Bringe, f. 22.8.1877, Sever Bringe utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1884. Han reiste tidleg frå Iowa til Chicago, Cook Co., Ill. og arbeidde der i mange år som snikkar («carpenter»). Sidan flytte han til North Judson, Starke Co., Ind. der han farma. Dei siste leveri budde han hjå brordotteri Lavina Tomlinson i Chicago, Ill. der han d. ugift 26.11.1973, vel 96 år gamal. 7. Martinus Torbjørnson Bringe, f. 30.4.1880, Martin T. Bringe utvandra til Amerika med foreldri i 1884 og var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Winneshiek Co., Ia. Ei tid farma han òg i lag med broren Jake Bringe i Pleasant township, Winneshiek Co., Ia., men kring 1910 flytte Martin til Chicago, Cook Co., Ill. der han livnærte seg som snikkar («carpenter»). Han d. ugift i McHenry Co., Ill. 2.7.1931. 8. Nils Torbjørnson Bringe (1882‑1883). Me har no sett på dei borni som Torbjørn og Gjertrud på Krossen fekk, medan dei budde i Luster. Men dei fekk òg ei dotter etter at dei kom fram til Amerika: i. Tilda Gjertine Bringe, f. i Chickasaw Co., Ia. 9.12.1885, d. i Chicago, Ill. 22.2.1988, vel 102 år gamal. Tilda gifte seg i South Chicago, Ill. 26.7.1905 med Joseph Connors, f. i Chicago, Ill. 27.6.1882. Han d. i Chicago, Ill. 24.12.1932. Joseph Connors var ingeniør («mill engineer»), og han og Tilda budde i Chicago, Cook Co., Ill. Dei fekk fem born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Hans Albert Lehmann og kona Christine Synneva f. Eriksen kom som nygifte til Luster i 1854 og tok over som landhandlarar på same tid. Men Christine døydde i Luster i 1866, og i 1868 flytte Hans attende til Bergen med dei sju borni deira. Ein son Carl har eg finne att som utvandra til Amerika, og ei yngre dotter finn eg att som kontordame i Drammen i 1910, men elles er eg temmeleg «blank» når det gjeld dei andre. No vonar eg at nokon dreg kjensel på denne huslyden og kan hjelpa meg finna fleire detailjar om dei? Eg arbeidde første gongen med denne huslyden i 1984, og her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no oppdatert i innlegg #25 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Det er i ettermiddag dukka opp ein ny huslyd frå Luster der eg manglar ein del opplysningar. Ein del har eg greidd å finna, men no har eg støtt på «veggen», og eg vonar at nokon kan hjelpa meg finna fleire detaljar om dei? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange kjempefine innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #22 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å komplettera denne biografien!
  25. Louise K. Holten, fødd i Buffalo Co., WI 26.1.1887 av sognske foreldre, Knut Olson Holten og Synneva Peterson, gifte seg i Minneapolis, MN 24.6.1913 med: James HANSON, fødd i Sverige 29.2.1888. Han skal ha utvandra i 1897(?), og dødsattesten hans frå Chicago, IL 5.12.1926 syner at far hans heitte John Hanson! James var slakteriarbeidar og kokk, og etter nokre år i Minneapolis, MN flytte parfolket til Chicago, IL der Louise døydde 18.12.1947. Einaste dotter Janet var fødd i 1916 og gifte seg med Daniel Hupac i Chicago, IL. Det finst fleire family trees på ancestry.com, men ingen veit noko som helst om foreldri til Janet! Er det mogeleg å identifisera James Hanson? Kor mange svenske menn er fødde 29.2.1888 og utvandra kring 1897 med liknande namn? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.