Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'hafslo'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 32 results

  1. Gjertrud Amundsdatter fikk i 1854 et barn utenfor ekteskapet. I Nils sin dåp står det at dette var hennes andre leirmål. https://media.digitalarkivet.no/view/8393/24 Blar man bakover i kirkebøkene finner man en Gjertrud Amundsdatter som får en sønn, Erik Hansen, utenfor ekteskapet i 1846. Nr.78. https://media.digitalarkivet.no/view/11457/110 Folketelling 1865 med Gjertrud og Erik. Hun står som født i 1821 i Luster. (Nils ble satt til fostring og finner han aldri med sin mor). https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002421 Folketelling 1875 hvor Nils (7) og Erik (12) bor på samme sted. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052307003274 Folketelling 1875 Gjertrud https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052307003287 Folketelling 1891 hvor Gjertrud bir hos Erik. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053009002716 Gjertrud avdød 1896 https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000332275 https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000086939
  2. Eg vil i kveld henta fram to av «hovudutfordringane» frå dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/218864-jørgen-pederson-haugen-kinserdal-1729-1789-frå-hafslo-til-bergen-kvar-vart-det-av-borni-hans-gunvor-lars-og-gjøri-samt-stesonen-johannes-kan-då-vel-ikkje-berre-«forsvinna»-ei-utfordring-av-dimensjonar/?tab=comments#comment-1848000 ** Gunvor Jørgensdotter (Haugen), døypt i Hafslo 14.8.1768 - konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1785 ** Lars Jørgenson (Haugen), døypt i Hafslo 27.7.1777 - konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1792 Far deira var Jørgen Pederson (Haugen) (1729-1789) som kring 1782 flytte frå Hafslo til Bergen med kone og to fellesborn og eitt born kvar seg frå tidlegare ekteskap, men Gunvor og Lars er som sokke i jordi etter dei vart konfirmerte i Bergen! Eg ville vorte kjempeglad om nokon greier å finna spor etter dei og takkar so mykje for alle gode tips!
  3. I utvandrarlista frå kyrkebøkene for Hafslo finst det i 1886 ei «underleg» innførsle: Johannes Johannesson Opheimshaug, ungkar, fødd 1832, utvandra i 1866: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/118 Johannes var fødd i Opheimshaugen 16.3.1832 av foreldri Johannes Lasseson og Britha Lassesdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/73 FT1865 syner Johannes som dreng på nabogarden Lid øvre: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1425&kenr=006&bnr=0012&lnr=000 Eg kan ikkje finna Johannes i Quebec-listene frå Bergen..., og han er heller ikkje å sjå i passasjerlistene frå 1886, i fall det hadde vore ei feilskriving av presten...! Er det mogeleg å finna att Johannes Johannesson Opheimshaug i andre kjelder? Ingen av søskeni hans utvandra, men han hadde ei uekte dotter Gunnhild, som er omskrivi i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/238273-guri-sjursdotter-talsete-flahammar-fødd-i-luster-1825-til-amerika-i-1861-med-to-born-lagnaden-til-denne-huslyden-ei-kjempeutfordring/ Det hadde vore kjempefint om denne mannen kunne finnast att, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Denne huslyden har sett mange grå hår i hovudet mitt. Kanskje kan nokon hjelpa meg fina ut kvar desse søskeni vart av? Eg ser ikkje noko meir til dei i Luster eller Hafslo - flytte dei kan henda til ytre Sogn eller ytre Sunnfjord? Eller til Bergen? Knut Halvorson, fødd på Stokkanes i Luster kring 1695, vart gravlagd i Luster 2.12.1753. Han gifte seg første gongen kring 1725 med Christi Larsdotter, fødd på Sørheim i Luster kring 1698. Ho døydde i Hafslo kring 1744. Skiftet hennar syner tre born som alle var i live i 1744: * Halvor Knutson, fødd i Luster ?.12.1723 - lagnad ukjend * Lars Knutson, døypt i Hafslo 16.8.1733 - lagnad ukjend * Guri Knutsdotter, døypt i Hafslo 8.12.1737 - lagnad ukjend Eg takkar so mykje på førehand for alle tips om lagnadane til desse borni!
  5. Kyrkjeboki for Aurdal syner dette: https://media.digitalarkivet.no/view/9360/407 Nils Andersson frå Urnes i Hafslo vart gravlagd 26.2.1713, 106 år gamal! Denne Nils var gift med Brtha Monsdotter, dotter av sorenskrivar Mons Nilsson på Skjær i Lærdal, og dei ser ut til å ha drive eitt av bruki på Urnes fram til kring 1680. Dei hadde minst to born i lag: * Arne Nilsson, fødd kring 1661, gifte seg kring 1686 med Siri Dyresdotter frå Kroken i Luster, fødd kring 1659, Ho hadde før vore gift med ein Anders i Øvrelid i Hafslo (d. 1685), Arne og Siri var brukarar på Opheimshaug i Hafslo og derette på Øyjorden i Hafslo, men flytte frå bygdi kort etter 1700 - kan henda til Aurdal? - Ingen kjende born. * Metta Nilsdotter (1682-1732) - gift to gongar og budde levetidi ut på Melheim i Hafslo. Det var litt flytting mellom Hafslo og Aurdal sist på 1600-talet, og eg er svært intereesert i alle opplysningar som knytter denne huslyden til Aurdal. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Noen som har tilgang til bøkene for Hafslo og kan hjelpe meg med denne. I 1788 får Anna Aamundsdatter et barn med Claus Ruhmor Adamsen Reutz, datteren Mallena blir døpt 30 mar 1788, og hun bruker senere navnet Marifjøra. Claus bor så vidt jeg vet under gården Moe, men hvor kommer Anna Aamundsdatter fra og når er hun født. Om noen vet hvem hennes foreldre er ville det jo være fint.
  7. Hanne W. Ringseth

    Etternavn på far

    Klarer noen å se hva farens etternavn eller gårdsnavn er på denne innførselen. Gjelder Mari, innførsel nr. 31. Jeg synes det ser ut som Vikhaug, men i de transkriberte kirkebøkene står det Weirhaug. Finner ingen av gårdsnavnene i boken for Hafslo så lurer på om det kan være fra en annen plass. https://media.digitalarkivet.no/view/11456/18
  8. Sjur Pederson (Urnes), yngste son av Peder Olson (1788-1833) og Elisabeth Ambjørnsdotter (1793-1857), husmannsfolk på Plassen i Kinsedalen under Urnes i Hafslo. var fødd i Hafslo 16.2.1827 og utvandra til Amerika ugift i 1857, kort før mori døydde. FT1860 syner at Sever Peterson (30) då budde hjå broren Peter i Ridgeway township township, Iowa Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBS6-8FR?i=9&cc=1473181 I 1867 flytte Peter med huslyden sin til ein farm i Burnside township, Trempealeau Co., WI, og FT 1870 syner dei alle, inkl. Sever (40) på nemnde bustad: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SXS-BLP?cc=1438024 Men kva skjedde so? Følgjande vigsle er finni i Trempealeau Co., WI i 1872: Name Syvert Pederson Event Type Marriage Event Date 03 Apr 1872 Event Place Burnside, Trempealeau, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Norway Father's Name Peder Olson Mother's Name Elizabeth Andy.Nsdatter Spouse's Name Anna Ke.Byansdatter Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Father's Name Kezbion Su.Mufsen Spouse's Mother's Name Mariah Ke.Byansdatter Kona er før identifisert som Anna Herbjørnsdotter frå Hovindbøle i Gransherad (Tinn), ei dotter av gardbrukar Herbjørn Gunnulfson på Hovindbøle og kona Margit Tovsdotter frå Brynildsrud og f. i Gransherad 25.12.1834. Anna utvandra til Amerika i 1871. Broren Peter flytte våren 1880 med huslyden sin til Minneapolis, MN og sidan vidare til Norman Co., MN Her er eit kart over Burnside township frå 1877, men eg greier ikkje å lesa den vesle skrifti... Kanskje nokon andre greier dette? I alle fall bør Peter vera nemnd på dette kartet, men kva med Sjur og Anna? På kyrkjegarden East Bennett Valley nær Chimney Rock, Trempealeau Co., WI finn me gravi til Sever Peterson, som vert sagt ha mist livet då hestespannet hans sprang vekk, i 1876. * Men nokon dødsdato har eg ikkje greidd å finna...? * Og eit anna stort mysterium er spørsmålet om lagnaden til kona Anna? Dei siste to utfordringane er vel kjernepunkti i denne saki, men kanskje landkartet frå 1877 kan vera ein veg til målet? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Trude Stenhammer

    Kjerringnes

    Hei I følge kireboken i Hafslo var Johannes Jensen et resultat av 1ste liggermaal, dvs. han ble født utenfor ekteskap. Hans foreldre, Jens Torsteinsen f. 1781 og Christi Arnedatter f.1786, flyttet til Saksenvik i Saltdal. Johannes ble ikke med dit. Er det noen som har kjennskap til hva som skjedde med Johannes? Vennlig hilsen Trude
  10. Ellend Erikson Prestegaard flytte i ung alder frå Hafslo til Ofoten der han gifte seg med ei enkje. Eg freista for 15 år sidan å leita fram ein del opplysningar om desse folki, men hadde diverre lite hell med meg, dels fordi dei flytte ein del på seg, og dels grunna manglande tilgjenge til lokale kjelder. Kanskje er det nokon med lokal kunnskap som i dag kan hjelpa meg komplettera denne biografien? Manuskriptet mitt ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Ivar Moe har i eit anna emne presentert ein skippar frå Hafslo med bustad i Bergen, men som kring 1860 oppheldt seg i Trondheim. Eg syner til desse innlegg #405. 406 og 407 frå følgjande tema; https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=17 Det Norske Rigstidende 28.12.1859 Det er vel denne karen, bosatt i Bergen. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003594991 ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg er utifrå desse opplysningane ikkje i stand til å identifisera Ole Qvam/Kvam. Derimot trur eg at dette kan vera «fruentimmeret» som han var ifølgje med i desember 1859: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038310015803 018 Iver Christiansen Alder/født:30 Fødested:Odalen Familiestilling:Husfader Sivilstand:g Yrke:Arbeidsmand 019 Karoline Christiansen* f Kolberg Alder/født:31 Fødested:Throndhjem Familiestilling:hans Kone Sivilstand:g 020 Oline Johanne Christiansen Alder/født:1 Fødested:Throndhjem Familiestilling:deres Datter Sivilstand:ug Og her er nok same jenta i FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052377000079 Denne Caroline Kolberg var tydeleg ei hyppig «gjest» på tukthuset i Trondheim sist på 1850-talet, her innsett for sjette gong: https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000374688 og ho hadde minst eit barn til før ho gifte seg: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004458490 Men nokon dåp for Elen Caroline finn eg ikkje... Og som før sagt, identiteten til Ole Qvam/Kvam er ei stor utfordring! Det hadde vore kjempeflott å finna ut av denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #35761 frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/121286-35761-ole-ankersen-og-kari-hansdotter-1752-frå-luster-til-bergen-borni-deira/?tab=comments#comment-990484 men har lege som ei uløyst gåte hjå meg sidan 1980-talet. Kanskje er no tidi kommi for å finna ei løysing? Kanskje har eg no sjølv oppdaga lagnaden til ein av sønene? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Ankerson Sandvig, frå ##### (opphavet hans? - kan henda frå Bergen??) var visstnok f. kring 1705 og gifte seg i Hafslo 31.5.1733 med Kari Hansdotter frå Alme i Hafslo, f. i Hafslo kring 1708. Ole Ankerson fekk 7.4.1734 bygsel på dette bruket i Sandviki, og han og Kari dreiv bruket til dei av økonomiske grunnar laut gå frå i 1744. Sidan budde dei nokre år i Hafslo, truleg som innerstfolk på Alme. Men kring 1752 flytte Ole Ankersen og kona Karen til Bergen. Dei busette seg på Nordnes i Bergen, visstnok i Claus Ockenssmuget, men Ole arbeidde som vektar på torget i Bergen. Karen d. i Bergen 5.9.1783, medan Ole d. same staden 12.10.1794. Me kjenner til åtte born etter dei: ##### (hadde dei òg ei dotter Martha Olsdotter?) a. Anna Olsdotter (1733-1735), f. i Hafslo og d. i Sandviki. b. Hans Olsen, døypt i Luster 6.12.1735, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen eller kan henda gift på Leikanger?) c. Anders Olsen, døypt i Hafslo 21.9.1738, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) d. Anna Olsdotter, døypt i Luster 11.11.1741, ##### (lagnaden hennar? - flytt til Bergen?) e. Lars Olsen, døypt i Hafslo 9.5.1745, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) f. Peder Olsen, døypt i Hafslo 18.2.1748, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) g. Henrik Olsen, døypt i Hafslo 15.3.1750, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) h. Ole Olsen, døypt i Bergen 4.8.1754, ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Når det gjeld eldste sonen Hans Olson har eg i det siste børja fatta mistanke om det kan vera han som i 1765 gifte seg med Synneva Rasmusdotter på Leikanger og som soleis vart ein del av huslyden drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/226866-synneva-rasmusdotter-frå-marifjøra-i-hafslo-fødd-1735-fekk-ei-dotter-på-leikanger-i-1757-kvar-vart-det-av-synneva-og-dotteri-ei-kjempeutfordring-synneva-kan-henda-gift-på-leikanger-1765-med-hans-olson-husebø/ Denne Hans Olson synest ikkje vera fødd på Leikanger og kan godt ha flytt dit frå indre Sogn, på same vis som Synneva! Dessutan hadde eldste dotteri til Synneva og Hans namnet Anna som KAN vera oppkalling etter mori hans...!? Ikkje godt å vita sikkert. Ole Ankerson sin son Hans var fødd i 1735 og var meir eller mindre vaksen då foreldri flytte til Bergen, og han kan godt ha vorte att i Sogn - på eige hand... Elles er det so mange born i huslyden til Ole Ankerson at i alle fall nokre av dei bør ha levd opp og kanskje gift seg i Bergen!? Eg har sett litt på ulike alternativ, og i augi mine fall denne: Lars Olson, dikselsmann - gift med Alida Eriksdotter - fekk desse borni i Nykyrkja i Bergen: * Erik Olai, døypt 18.12.1771 (ein av fadrane heitte Henrik Olson): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005656830 * Anne Karine, døypt 27.11.1774 (ein av fadrane heitte Ole Olson): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005658743 * Helene, døypt 18.12.1778 (ein av fadrane heitte Anna Margrethe Olsdotter): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005627646 * Karen, døypt 24.1.1781: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/29 * Karen, døypt 4.12.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/55 * Henrikke Oline, døypt 2.11.1788: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/75 Det hadde vore kjempeflott om det let seg gjera spora opp denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Kenneth Bratland har i dag sendt meg ei svært hyggeleg melding. Han kom over eit skifte frå Fana frå 1810 som synte seg gjelda ein utflyttar frå Hafslo som hadde gift seg til Fana, og dette er ein person eg ikkje visste so mykje om frå før! Han var innom tukthuset i Bergen og tente i Bergen i 1804, men so var han «borte vekk»! Hjarteleg takk til Kenneth for kjempefine opplysningar! På bakgrunn av skiftet og dei digitaliserte kyrkjebøkene for Fana har eg no sett opp følgjande manuskript for denne huslyden, men som ein ser, manglar eg ein del detaljar, særleg om foreldri til Agatha og om ektemakane hennar: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye informative innlegg frå Lars J. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg $5 under! Eg vil i utgongspunktet tru at bygdebøkene for Fana vil vera til stor hjelp for å finna svar på mange av dei òpne spørsmåli, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Dette er ein person som eg har vore på leiting etter i mange år, men som berre ikkje vil dukka opp nokon stad: Johannes Christenson Beim, vart døypt i Hafslo 23.3.1815: https://media.digitalarkivet.no/view/1993/27 som son av Christen Iverson (1778-1835) og Siri Johannesdotter (1785-1845), gardbrukarar på Beim i Hafslo. Han vart konfirmert frå Beim i 1830: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/102 Men då det i 1879 vart halde skifte på Beim etter broren Iver, er Johannes ikkje nemnd, so me har grunn til å tru at han var avliden før den tid utan å etterlata seg born, men lagnaden hans er altso heilt ukjend. Kan han vera faren til Nordland?? Eg takka so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Johannes!
  15. Kristoffer Pedersen, fødd på garden Joranger i Hafslo 9.12.1870 som yngste barn av gardbrukar Peder Jørgenson (1825-1904) og kona Malena Johannesdotter (1828-1917), skal etter tradisjonen heime på Hafslo ha rømt frå bygdi for å sleppa unna militær teneste. Ryktene seier han reiste til Trondheim, men dei høyrde aldri meir gjete mannen i heimbygdi! No har eg gjort ei spennande oppdaging på Digitalarkivet og syner til desse to postane i «detaljert søk» basert på fødselsdato: https://digitalarkivet.no/view/84/pc00000001081306 Forbrytaralbum: https://media.digitalarkivet.no/view/58528/61 https://digitalarkivet.no/view/84/pc00000001095873 Detaljopplysningar: https://media.digitalarkivet.no/view/75922/11 Her les me mellom anna at Kristoffer var jarnbanearbeidar heimehøyrande på Toten, men med bustad i Trondheim! So er utfordringane: ** Kan Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen finast i FT18991 og/eller FT1900? ** Kvar i all verdi er det vorte av Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen etter 1904? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. I 1854 vart ein del «unge mannskap» frå Luster og Hafslo etterlyste i samband med militærteneste - ein av desse var: Iver Gjertson Opheimshaug, fødd i Hafslo 26.7.1832 som son av Gjert Iverson (1799-1868) og Elisabeth Johannesdotter (1797-1885) som frå 1833 var husmannsfolknpå Ellingsete under garden Lie i Hafslo. Foreldri utvandra til Amerika i 1860, olg einaste broren Johannes (1838-1913) var utvandra alt i 1857. Einaste gongen Iver sidan dukkar opp i kjeldene våre i Hafslo er i 1859 då han fekk flytteattest for å dra til sjøs: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/28 Og ser ein nærare på denne flytteattesten, står det at han «afreiste herfra for ca, 7 Aar siden». Han var med andre borte frå Hafslo før han i 1854 vart etterlyst av styresmaktene, men kvar vart det av han? Eg hadde inne eit spørsmål om sjekking av sjømannsrullane for 12 år sidan, sjå gamle arkivforum #37606: https://forum.arkivverket.no/topic/123117-37606-sjømannsrullar-1859/?tab=comments#comment-1005827 men den gongen var dei ikkje tilgjengelege på nettet. Det hadde vore kjempefint om det let seg gjera finna lagnaden til Iver Gjertson, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. Opphavet til denne ætti, og dei eldste slektsleddi har vore drøfta før i dette emnet frå 2012: https://forum.arkivverket.no/topic/178672-elisabeth-christine-hansdotter-schønsal-eller-schøndal-fødd-ca-1738-frå-københavn-dei-eldste-borni-hennar/?tab=comments#comment-1522625 samt i tema #17620 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/103370-17620-alexander-lindmagdalena-trondsd-benkestok-trondheimson-andreas-1700-talet/?tab=comments#comment-850690 I dag vart eg minnt om denne huslyden av Ivar Moe i eit anna tema, og på bakgrunn av dette har eg no samla dei fleste trådane i dette nye emnet som eg presenterer i dag! Det er fraleis ein del detaljar eg aldri har greidd å finna, som til dømes: ** Opphavet til prestefrua Else Christine Hansdotter Schønsal i Danmark? ** Fødslene/Dåpane til dei to eldste borni Ulrikke og Christian, men dette kan bero på manglande kyrkjebøker? ** Opphavet til svigerdotteri (kona til Christian) Maren Magdalena Hansdotter? ** Første vigsli til Birgitta Lind med Jacob Christopher Foss? ** Lagnaden til Magdalena Christine Lind? ** Og endeleg sonen Herman Christian Lind som budde i Danmark og der fekk ein stor huslyd. Sonen Hans Henrik Lind (1766-1819) var ei tid sokneprest i Jostedalen, men flytte i 1807 til Hjartdal i Telemark. Han hadde då med seg ei Martha Hermansdotter (1791-1879) som etter kva dei seier var ei dotter som Herman Christian i ein alder av berre 16 år fekk med ei ti år eldre tenestejente i Solvorn, og som vel var òrsaki til at Herman då vart «send» til Danmark for å komma på «betre vegar»... Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne presteætti frå Hafslo: ~~~~~~~~~~~~~~~ Andreas Alexanderson Lind, opphavleg frå Trondheim, var son av skreddarmeister Alexander Hermanson Lind i Trondheim, opphavleg frå København i Danmark, og kona Magdalena Trondsdotter Benkestok, truleg frå Trondheim, og f. i Trondheim 30.3.1733. Han gifte seg i København, Danmark 27.4.1757 med ei Elsa Christine, kjend som Elisabeth Hansdotter Schønsal av usikkert opphav, men truleg f. i Danmark kring 1735. ##### (kven var denne Elsa Christine Schønsal - foreldre og fødsels-/dåpsdato?) Andreas Lind vart student i 1754, cand.philol. i 1755 og cand.theol. i 1757. Han var sidan i mange år presteassistent i og kring Trondheim, men vart 29.9.1775 tilsett som residerande kapellan til Meldal der han og Elisabeth sidan budde fram til 1787. Andreas Lind vart 24.3.1786 tilsett som sokneprest til Hafslo, og han og Elisabeth flytte året etter inn i Hafslo prestegard. Andreas var sokneprest her til han d. 1.8.1791. Elisabeth flytte sidan inn på enkjesetet Kjos og vart gravlagd i Hafslo 8.7.1819. Dei fekk ti born i lag: 1. Eline Ulrikke, kjend som Ulrikke Andreasdotter Lind, f. kring 1758, ##### (dato og stad for fødsel/dåp?) flytte med foreldri sine til Hafslo og budde i mange år i lag med mor si på Kjos. Men Ulrikke Lind flytte truleg kring 1820 med broren Alexander til Søholt i Ørskog der ho d. 6.2.1847, ugift. 2. Christian Ulrik Andreasson Lind, f. kring 1760, ##### (dato og stad for fødsel/dåp?) Christian Lind flytte aldri til Hafslo, men gifte seg i Trondheim 21.9.1797 med Maren Magdalena Hansdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1753) Christian fekk militær utdanning og vart «bombarder» ved artilleriet i Trondheim, men fekk avskil i 1806 og d. i Trondheim 4.8.1807. Maria var truleg den enkja Maren Lind som d. i Trondheim 16.4.1837, 84 år gamal. Dei var barnlause. 3. Birgitta Andreasdotter Lind, døypt i Trondheim 11.3.1762, Birgitta Lind gifte seg første gongen ##### (dato og stad for første vigsli hennar? - kring 1789!) med Jacob Christopher Ludvigson Foss frå Bergen. Han var son av kjøpmann Ludvig Foss i Bergen, opphavleg frå Rostock i Mecklenburg, Tyskland, og kona Cathrine Elisabeth Stephensdotter Susemehl, òg frå Bergen, og vart døypt i Bergen 26.8.1768. Jacob Foss var gastgjevar på Hofslund i Sogndal, men vart gravlagd i Sogndal alt 7.8.1793. Birgitta gifte seg att i Sogndal 16.10.1794 med Edvard Henrikson Christie frå Sund. Han var son av handelsmann Henrik Edvardson Christie på Kvalvåg i Sund, opphavleg frå Tysnes, og kona Maren Sophie Agathe Nathanaelsdotter Sunde frå Bergen og f. i Sund 14.8.1769. Edvard var òg handelsmann på Hofslund i Sogndal, men d. der alt 22.9.1797. Birgitta gifte seg so tredje gongen i Sogndal 4.11.1799 med Peter Elias Jonasson Alm frå Bergen. Han var son av matros Jonas Arnoldus Olson Alm i Bergen og kona Barbro Hansdotter Heitmann og f. i Bergen 28.7.1779. Peter Alm var handelsmann på Hofslund i Sogndal, men miste livet ved eit ulukkeshende til sjøs og vart gravlagd i Sogndal 12.1.1816. Birgitta d. som enkje på Hofslund 25.9.1829. Ho fekk i alt sju born, to frå første ekteskapet, tre frå andre ekteskapet og to frå det tredje: a. Ludvig Christopher Jacobson Foss, døypt i Sogndal 12.6.1791, vart gravlagd i Sogndal 24.11.1791. b. Cathrine Birgitte Jacobsdotter Foss, døypt i Sogndal 14.6.1792, d. som enkje på Herøy prestegard i Herøy, Sunnmøre 24.10.1862. Ho gifte seg i Sogndal 8.8.1819 med Ole Martinus Olsen, f. i Bergen 7.10.1792. Han d. i Bergen 10.2.1829. Ole var kirurg, og han og Cathrine busette seg i Bergen. Dei fekk ei dotter i lag. c. Maren Sophie Jacobine Sunde Edvardsdotter Christie, døypt i Sogndal 26.2.1795, d. ugift i Bergen 11.7.1865. d. Andreas Edvardson Christie, døypt i Sogndal 17.3.1796, vart gravlagd i Sogndal 6.4.1796. e. Henrik Wilhelm Edvardson Christie, døypt i Sogndal 9.6.1797, vart gravlagd i Sogndal 23.11.1797. f. Jacob Peterson Alm, døypt i Sogndal 13.7.1800, vart gravlagd i Sogndal 10.2.1802. g. Elisabeth Christine Petersdotter Alm (1801-1883), vart gift med handelsmann og gjestgjevar Herman Luth Wilhelmson Schjeldrup på Hofslund i Sogndal (1795-1867), son av handelsmann og gardbrukarson Wilhelm Melchiorson Schjeldrup frå Rønnei i Luster (1746-1814) (s.d.). 4. Alexander Andreasson Lind, f. i Verdal 11.6.1764, flytte rimelegvis med foreldri til Hafslo i 1787. Han vart hæroffiser i 1794, først fenrik og sidan major og kompanisjef for Bergenhusiske infanteribrigade. Han budde hjå mor si i Kjos i Hafslo, truleg heilt fram til kring 1820. Men kring 1820 flytte Alexander Lind til Søholt i Ørskog. Han fekk pensjon frå hæren 2.3.1829 og d. i Ørskog 22.11.1831, ugift. 5. Hans Henrik, kjend som Johan Henrik Andreasson Lind (1766-1819), vart sokneprest og budde ei tid på Jostedal prestegard i Jostedalen (s.d.). 6. Johan Wilhelm Andreasson Lind, døypt i Trondheim 21.4.1768, vart gravlagd i Trondheim 16.9.1768. 7. Johan Wilhelm Andreasson Lind, døypt i Trondheim 7.9.1769, vart gravlagd i Trondheim 19.9.1769. 8. Magdalena Christine Andreasdotter Lind, døypt i Trondheim 6.1.1771, d. truleg som barn, dato og stad ukjende. ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?) 9. Herman Christian Andreasson Lind, døypt i København, Danmark 1.2.1775, Herman Lind flytte i ung alder til Danmark og tok universitetsutdanning der han fekk graden cand.philol. Han gifte seg i Trinitatis kyrkje i København, Danmark 4.1.1810 med Sara Danine Abrahamsdotter Meyer frå København, Danmark. Ho var dotter av parykkmakarmeistar Abraham ##### (patronym?) Meyer i København og kona Catharine E. ##### (fullt namn og patronym?) Geisler ##### (opphavi til båe?) og vart døypt i København 25.2.1788. Herman Lind var lærar og kyrkjesongar, og han og Sara busette seg i Smørum, Københavns amt på Sjælland i Danmark der Sara d. 21.4.1829. Herman Lind d. same staden 2.1.1854. Dei fekk ni born i lag: a. Henrik Christian Hermanson Lind, f. i København ##### (fødselsdatoen hans? – kring 1810?) d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – København kring 1812?) b. Andreas Henrik Hermanson Lind, f. i København 28.12.1812, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Gerlev etter 1880?) Andreas gifte seg i Roskilde på Sjælland 22.6.1856 med Karen Marie Emilie Andersdotter Rasmussen, f. i Roskilde, Sjælland 25.9.1823. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - Gerlev kring 1870?) Andreas var lærar og kyrkjesongar til Gerlev i Frederiksborg amt på Sjælland og budde der levetidi ut. Han og Karen fekk ein son i lag. c. Ida Kirstine Hermansdotter Lind, f. i Smørum 19.9.1814, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - København etter 1885? – Frederiksberg, Københavns amt 25.11.1890?) Ho gifte seg i Holmens sokn i København 13.3.1837 med Anders Christensen, ##### (dato og stad for fødsli hans? - Hundtofte i Stenstrup sokn, Svendborg amt kring 1805? – Magleby, Svendborg amt 5.6.1805?) Han d. i Frederiksberg, Københavns amt 9.6.1882. Anders var kongeleg postbod og portnar, og han og Ida budde levetidi ut i København. Dei fekk visstnok fem born i lag. ##### (sjekka talet på born?) d. Carl Ferdinand Hermanson Lind, f. i Smørum 13.8.1817, d. i København 28.12.1873. Han gifte seg første gongen i Vor Frelser kyrkje i København, Danmark 20.4.1848 med Caroline Mathilde Johansdotter Greve, f. i København 11.11.1814. Ho d. i København 3.10.1857, og Carl gifte seg att i Vor Frue kyrkje i København 1.5.1864 med Christiane Wilhelmine Johansdotter Greve, ei søster av første kona, f. i København 21.1.1819. Ho d. i København 31.5.1909. Carl var karettmakarmeistar og budde levetidi ut i København. Han fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet. e. Abrahamine Catharine Cecilie Hermansdotter Lind, f. i Smørum 1.2.1819, ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ho gifte seg i Frederiksberg, Københavns amt i Danmark 1.12.1850 med Ignaz Franz Michael Franzson Bald, f. i København 9.5.1818. Han d. i København 4.12.1863. Ignaz var krohaldar og sidan arbeidsmann, og han og Abrahamine budde i København, Danmark. Dei fekk visstnok fem born i lag. ##### (sjekka talet på born?) f. Nanna Lovisa Hermansdotter Lind, f. i Smørum 4.12.1820, d. ugift i København 30.1.1876. Nanna var tenestejente og budde stort sett i København. Ho var ugift, men fekk ei dotter. g. Abraham Wilhelm Hermanson Lind, f. i Smørum 29.7.1822, d. i København ##### (dødsdatoen hans? – 1892?) Han gifte seg i København 7.9.1848 med Laura Christiane Elisabeth Larsdotter Storchter, f. i København 1.1.1826. Ho d. òg i København #####(dødsdatoen hennar? – 1892?) Abraham var snikkarsvein, og han og Laura budde levetidi ut i København, Danmark. Dei fekk seks born i lag. h. Theodora Regine Hermansdotter Lind, f. i Smørum 29.6.1824, d. i København 27.2.1899. Ho gifte seg i København 14.9.1855 med Nicolai Edinger Pederson Madsen frå København, f. i København 16.7.1818. Han d. i København ##### (dødsdatoen hans? – e. 1880!?) Nicolai var murmeistar, og han og Theodora budde i København, Danmark, men vart skilde etter kort tid. Me kjenner ikkje til born etter dei. ##### (sjekka om dei fekk born?) i. Benedicta Marie Hermansdotter Lind, f. i Smørum 5.8.1825, d. i Smørum 24.5.1827. 10. Anna Martha Andreasdotter Lind (1777-1852), vart gift med bataljonskirurg Mathias Albert Haberdorph Hansson Brock i Kjos (1773-1853). ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å komplettera denne biografien!
  18. Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #28492 frå det gamle brukarforum https://forum.arkivverket.no/topic/114103-28492-augund-einerson-høgi-f-hafslo-1785-haugianar-til-romsdalen-lagnaden-hans/?tab=comments#comment-931436 som den gongen i 2005 aldri fekk noki løysing. Kanskje det er betre i dag? Under svenskekrigen tidleg på 1800-talet flytte mange haugianarar frå indre Sogn til Romsdalen for å kjøpa seg gardar der oppe, og i 1809 finn me dette reisefølgjet frå garden Høgi i Hafslo: Peder Einerson (1780-1844) med kona Cecilia Torstensdotter (1780-1842) og to søner Randi Asbjørnsdotter, stemor hans og mor hennar, døypt i Vang i Valdres 14.5.1747 Augund Einerson, døypt i Hafslo 5.12.1785 Truleg reiste dei alle til garden Meeg i Bolsøy (noverande Averøy) i Romsdalen der Peder kjøpte seg ein gard, men alt i 1813, uvisst av kva grunn, selde han denne garden att og flytte med kona og borni attende til Høgi i Hafslo. MEN stemori/mori Randi Asbjørnsdotter og broren Augund Einerson ser ut til å ha vorte att i Romsdalen, utan at me til no har greidd å finna lagnadane deira! Kvar kan dei ha vorte av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Denne utfordringi er ei oppfølging av tema #17930 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/103677-17930-johannes-ingebrigtsen-drager-i-bergen-d-1794-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-853159 Då huslyden til Johannes Ingebrigtson (Øien) var oppe til drøfting mellom 2003 og 2006, fann me svar på nokre spørsmål, men framleis er det myklje som er uklårt, og no vonar egtat nye auge kan sjå på denne huslyden og kanskje bidra med å føya til nye detaljar? Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~ Johannes Ingebrigtson Øien, frå Grindhaug 1 under Marheim, vart døypt {i Hafslo} 12.1.1744 og gifte seg første gongen 22.10.1769 med Inga Paulsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen. Ho vart døypt {i Hafslo} 30.1.1746. Johannes og Inga tok over styringi av heimeplassen hennar frå 1770, og 4.6.1771 fekk Johannes formell festesetel på plassen hjå Anders Pederson på Marheim. Johannes og Inga dreiv plassen fram til kring 1780. Johannes Ingebrigtsen og kona Inger flytte kring 1780 til Bergen og busette seg i Strangehagen der Johannes livnærte seg som dragar. Inger vart gravlagd i Bergen 8.4.1785, og Johannes gifte seg 25.3.1787 att i Bergen med Anna Thorsdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (foreldri hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?) Johannes heldt fram som drager i Bergen, men vart funnen død i ein brønn og vart gravlagd i Bergen 23.9.1794. ##### (seinare lagnad Anna?) Me kjenner til sju born etter Johannes, som alle var frå første ekteskapet med Inger: ##### (kan det ha vore fleire born? – oppl.?) a. Peder Johannessen, døypt i Hafslo 5.9.1769, levde i 1776 ##### (sikkert faren til Bergen med foreldri sine – lagnaden hans?) b. Anna Johannessen, døypt i Hafslo 16.11.1771, ##### (sikkert òg fari med foreldri til Bergen – lagnaden hennar?) c. Ingebrigt Johannessen, døypt i Hafslo 25.5.1775, ##### (sikkert faren til Bergen i lag med foreldri – lagnaden hans?) d. Solvi, kjend som Sylvia Johannessen, døypt i Hafslo 24.11.1776, flytte med foreldri til Bergen der ho d. 14.1.1867. Ho gifte seg første gongen i Bergen 21.10.1798 med Johannes Jacobsen, sidan kjend som Johan Jacob Steen, døypt i Bergen 30.9.1774. Johan var skomakar, men d. i Bergen alt ##### (dødsdatoen hans? – kring 1805!?) Sylvia gifte seg 14.8.1808 att i Bergen med Ole Erikson Holstad, f. på Holstad i Ulstein kring 1767. Han d. visstnok i Bergen 13.8.1840. ##### (sjekka om det var han?) Ole var matros, og han og Sylvia vart buande i Bergen levetidi ut. Sylvia fekk i alt elleve born, fire frå første ekteskapet og sju frå det andre. Mellom desse borni var tre tvillingpar. e. Anders Johannessen (1778-1779), f. og d. i Hafslo. f. Bertha Johannessen, tvilling, f. i Bergen 26.1.1785, ##### (ho eller tvillingsøsteri Metta vart gravlagd i Bergen 25.3.1785 – lagnaden hennar?) g. Metta Johannessen, likeins tvilling og f. i Bergen 26.1.1785, ##### (ho eller tvillingsøsteri Bertha vart gravlagd i Bergen 25.3.1785 – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å finna ei løysing på: Malena Eriksdotter Sviggum (1853-1936), innerstjente i Marifjøra i Hafslo, fekk fem born. Eldst av dei var Karen Marie Christophersdotter Sviggum (1874-1928), mor til den i Brukarforum so mykje omskrivne Anders Elias Fosse (1906-1983). Tre av dei andre borni hennar kan me gjera greie for, men eg slit med denne sonen: * Iver Pederson Sviggum, son av Malena og Peder Pederson Øvrebø (1867-1896), fødd i Hafslo 26.4.1886: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003167043 Eg finn ikkje Iver korkje i FT1900 eller i FT1910, og heller ikkje har han dukka opp i dødsfallslistene for Hafslo! Det hadde vore kjempefint om me kunne spora opp denne guten, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  21. Dette emnet tek utgongspunkt i eit innlegg som Ivar Moe skreiv i eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=8 Den Anders Pederson Storøen av Utvær som her er omskriven, må vera han som er fødd «uekte» på Oddekalv i Gulen 4.3.1823 og døypt 18.3.1823 av foreldri Peder Axelson og Ingeborg Rasmusdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11450/66 Kven var so denne Ingeborg? I hitt emnet har eg skrive følgjande: (som i ettertid har synt seg vera feil!) «Eg er ikkje 100% sikker, men eg trur at Ingeborg Rasmusdotter må vera ei som var fødd på plassen Grøt under garden Nes i Sogndal og døypt der 20.9.1789. Ho var dotter av husmann Rasmus Andersson og kona Ingeborg Jørgensdotter, båe barnefødde på Hafslo, men utflytte til Sogndal i 1785. Denne Ingeborg gifte seg første gongen i Bergen med Peder Olson frå plassen Stegen under Bøtun i Leikanger (1779-1834) og sidan med Mikkel Iverson frå Fosse i Hamre (1793-1866). Ingeborg døydde i 1866. Men denne delen av manuskriptet mitt har eg ikkje med meg der eg er no, so eg lyt få komma attende til denne saki når eg er heime att...» Men ved nærare sjekking av originalkjeldene kan eg ikkje sjå at dette parfolket hadde nokon son Anders, og dessutan ville dei andre søskeni ha vore ervingar etter Anders Pederson i 1861! Då har eg derimot ein annan «kandidat» som eg tykkjer kanskje høver betre, denne Ingeborg Rasmusdotter frå Solvorn i Hafslo, som attpåtil hadde eit søskenbarn Jonas Jacobson (1784-1831) som budde nettopp på Stendal i Solund: ~~~~~~~~~~~ (manuskriptutdrag gnr. 88, Rønnei i Luster - NB: Etter mange interessante oppdagingar i kveld er dette manuskriptet no omarbeidt or erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg er sjølvsagt svært interessert i oppfølgjande opplysningar om denne huslyden, men det som i utgongspunktet gjer meg litt «skeptisk», er at desse jentene skulle ha vore ervingar etter Anders Pedersn Storøen i 1861? Kan det tenkjast at ingen i Utvær visste om at Ingeborg hadde vore gift og fekk dei tre døtrene?? Eit anna spørsmål som bidreg til ytterlegare spekulasjonar, er dei tre «sidelinjeervingane» * Bernt Olson Hagen, i teneste på Sætre i Askvoll * Britha Olsdotter Hagen, i teneste i Dalsfjorden i Holmedal * Martinus Andersson Trevaag i Bø i Vesterålen Kven var dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bringa oss nærare ei løysing på denne erveutfordringi og likeins nærare ei komplettering av biografien til Aamund Einerson og Ingeborg Rasmusdotter.
  22. Dette emnet tek utgongspunkt i eit innlegg som Ivar Moe skreiv i eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=8 Her er svaret som eg la inn i nemnde tema for to veker sidan: «Men den store utfordringi er gardkona Malena Olsdotter på Li i Hafslo. Det finst nemlig ikkje nokon slik person i Hafslo etter det eg kan sjå! So anten må namnet vera feilskrive, eller bustaden hennar er feil!? Eg lyt spekulera vidare på, kven ho kan ha vore... Eller kanskje nokon har forslag å komma med?» Eg har halde fram med leitingi etter Malena «høgt og lågt», men eg står heilt «bom fast»! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Eg har motteke ei heller «kryptisk» melding frå New Zealand om denne huslyden som skal ha opphav i Hafslo i Sogn, men som eg har vanskar med å identifisera. Kanskje nokon kan hjelpa meg på veg? Malvin, òg kjend som Malle Thorsen, fødd kring 1900, skal vera avliden kring 1956, truleg i Høyanger. Han var gift to gongar, og frå første ekteskapet hadde han ein son: Gunnar Thorsen, fødd (i Høyanger?) kring 1935, reiste til sjøs som elektrikar og hamna kring 1966 på New Zealand der han døydde kring 1988. Han var gift med Margaret og fekk to søner, som no søker etter slekt i Hafslo! Det vert fortalt at Malvin skal ha vore drosjeeigar i Høyanger, men at bilen (bilane?) hans vart konfiskerte av tyskarane i 1940! Sidan jobba han som sjåfør ved Firda Billag! Eg har freista ulike søk i Digitalarkivet, mellom anna FT1910, men so langt utan resultat... Eg finn ingen med namnet Malvin eller Malle Thorsen... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. For om lag 12 år sidan la eg la ned mykje krefter for å freista finna ut av denne huslyden frå Hafslo, som dels vart forsørga av fattigkassa og dels vart spreidd «for alle vinder». Nylig dukka sonen Timian opp i Karlskrona i Sverige, og dette har gjeve meg nytt mot om at kanskje andre delar av huslyden ogso kan komma til rette? Her følgjer eit ferskt manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Dei store utfordringane her er i første rekke: ** Kvar vart det av «mor Kirsti» som framleis levde i Bergen i 1912 - 90 år gamal? ** Lagnaden til eldste sonen Peder Knutson, som i 1865 var bakarlærling i Bergen? ** Manglande dødsfall til to av sønene etter Johan Knutsen Lunde i Bergen/Cardiff? ** Detaljar kring Christopher Lund i New Orleans, LA - kvar vart det av han? ** Lagnaden til dotteri Maria Lund som i 1894 utvandra til New Orleans, LA? Med omsyn til Kirsti Olsdotter, her er ho i FT1910 for Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708011011 Og her er ei referanse til ein forespørsl som eg gjorde i Arkivforum i 2006 om lagnaden hennar, diverre utan resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/125839-40353-ft-bergen-1912-og-seinare-lagnad/?tab=comments#comment-1027928 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  25. Denne huslyden har vore oppe til drøfting før, siste gongen i 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/203539-kjempeutfordringnøtt-jørgen-pedersen-frå-haugen-urnes-i-hafslo-1729-1789-og-dei-«umogelege»-borni-hans-i-bergen-flytte-dei-kan-henda-derifrå/?tab=comments#comment-1725836 Det har vore lagt fram fleire «teoriar» om kvar det vart av borni i denne huslyden (sjå mellom anna det gamle emnet), men ingen av desse har til no synt seg hjelpa oss vidare med denne «ekstraordinære» huslyden, og eg vil difor i dag starta på ny med «blanke ark og fargestiftar til»... Manuskriptet mitt er stort sett uendra frå kva det var i 2016 og ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Jørgen Pederson Haugen, opphavleg frå Kjos, vart døypt 2.10.1729 og gifte seg første gongen 13.6.1751 med Gjøri Hansdotter frå Plassen i Kinserdalen under Urnes. Ho vart døypt 4.9.1729 og d. truleg på Børtnes kring 1770. Jørgen gifte seg so att i Årdal 27.10.1776 med enkja Britha Rasmusdotter, opphavleg frå Hovland i Årdal. Ho var dotter av husmann Rasmus Olson i Hola under Hovland og andre kona Metta Olsdotter ##### (opphavi deira? – han frå Nordfjord?) og vart døypt i Årdal 27.4.1738. Ho gifte seg første gongen i Årdal 29.9.1768 med Lars Andersson frå Hovland i Årdal. Han var son av husmann Anders Olson i Hola under Hovland, opphavleg frå Svalheim, og jenta Kari Larsdotter, òg frå Hola under Hovland og vart døypt i Årdal 8.6.1739. Lars og Britha var plassfolk på Vollen under Hovland i Årdal der Lars d. alt 6.1.1769. Jørgen og første kona Gjøri budde som plassfolk på Børtnes under Urnes, kan henda alt frå kring 1752, og dei budde nok der so lenge Gjøri levde. Då Jørgen i 1776 gifte seg att, flytte han til Haugen, truleg til denne plassen som me har kalla Haugen 2, og her vart han og Britha buande til kring 1782. Jørgen Pedersen og kona Bertha flytte kring 1782 til Bergen der Jørgen livnærte seg som dagarbeidar. Dei busette seg i Knøsesmuget i Bergen, og derifrå vart Jørgen gravlagd 26.5.1789. Bertha d. i Bergen 4.2.1804. Jørgen fekk i alt åtte born, seks frå første ekteskapet og to frå det andre; dessutan hadde andre kona Britha ein son frå første ekteskapet sitt: 1. Kari Jørgensdotter (1753-1821), vart gift med husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes i Sogndal (1757-1820), opphavleg husmannsson frå Løkjen under Kvam nedre (s.d.). 2. Peder Jørgenson (1755-1845), vart husmann i Haugen 1 i Kinserdalen under Urnes. 3. Anna Jørgensdotter (1758-1830), vart gift med gardbrukar Lars Knutson i Kvam øvre (1761-1836). 4. Britha Jørgensdotter (1761-1779). 5. Martha Jørgensdotter (1765-1783). 6. Gunvor Jørgensdotter, døypt 14.8.1768, Gunvor Jørgensdotter flytte kring 1782 med faren og stemori til Bergen og ##### (konf. DK 1785 – lagnaden hennar?) 7. Johannes Larsson, son av Britha og første mann hennar, var f. i Årdal 14.4.1768, Johannes Larssen (Hovland) flytte kring 1782 med mori og stefaren til Bergen og ##### (konf. DK 1787 – n. 1804 som dagarbeidar og sjauar i Bergen! – lagnaden hans?) 8. Lars Jørgenson, døypt 27.7.1777, Lars Jørgensen flytte òg kring 1782 med foreldri til Bergen og ##### (konf. NK 1792 – lagnaden hans?) 9. Gjøri Jørgensdotter, døypt 24.5.1779, Gurine Jørgensdotter flytte likeins kring 1782 med foreldri til Bergen og gifte seg visstnok i Nykyrkja i Bergen 3.8.1806 med Peder Larsson frå ##### (opphavet hans? – fødsel etc.?) Peder var matros, og han og Gurine budde i Bergen der ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1815, truleg kring 1808?) ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1815 – kan henda d. som legdelem i Bergen 23.12.1829, 59 år gamal, men ho er vel helst litt for gamal…) Dei fekk ein son i lag: a. Anfind Pederson Larsen, f. i Bergen 20.2.1807, vart konfirmert i Bergen i 1827 ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg er ganske so fortvila over at denne huslyden skal «gøyma» seg so godt. Manuskriptet står kort før utgjeving, og det hadde vore so kjempeflott om me hadde greidd å finna i alle fall NOKO ut om dei sakna borni! Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og lever i voni om at «gullkorni» framleis vankar der ute...
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.