Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'københavn'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 13 results

  1. Eg slit med å identifisera to søsken ENGESLEF som gifte seg med to søsken TEISTE frå Kroken i Hafslo: Søren Jensson ENGESLEF, fødd kring 1665 - gifte seg truleg kring 1694 med Øllegaard Jansdotter TEISTE, fødd i Hafslo kring 1674. Dei var i fleire år gardbrukarar på Marheim i Hafslo, men flytte kring 1698 til Bergen og kring 1703 vidare til København der Søren var distillatør og der han døydde kring 1711. Minst ei dotter vart døypt i Bergen: * Margretha, døypt Bergen 16.6.1702: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005754550 Maren Jensdotter ENGESLEF, fødd kring 1668 - gifte seg kring 1691 med Peder Janson TEISTE, fødd i Hafslo kring 1667. Dei budde som gardbrukarar i Kroken der Peder døydde kring 1709, medan Maren levde til kring 1730. Er det mogeleg å finna noko om opphavet til desse søskeni? Var dei danske av fødsel?? Skal me dømma etter namneoppkallingane, heitte mori mest truleg Anna... Her finn me eit par andre Engeslef-huslydar i Danmark: * Barnefødsel Mette Margrethe Pedersdotter Engeslef i Sæby, Hjørring amt 1703: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XBQ7-HSH * Skifte etter Hans Engeslef i Aarhus 1745: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2SQ-SVN5 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. I eit gamalt tema i Brukarforum finn eg ein referanse til «Studenterne ved Københavns Universitet 1479-1602». Uttrykket tyder på at dette er publisert matrikkel, men KVAR er den å finna - eventuelt i ein søkberr online versjon? Eg er særleg interessert i siste helfti av 1500-talet. Finst det elles andre universitet som kunne vera aktuelle for danske/norske borgarar på slutten av 1500-talet? Kan henda Rostock? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! PS: I det gamle Brukarforum #67472 finn eg følgjande innlegg: Gjest Lars Ove Wangensteen Skrevet Februar 23, 2009 Studenterne ved Københavns Universitet 1479 - 1602 Av H.Friis- Petersen 1942.Dette verket finnes kun i 3 fotokopierte eksemplarer, hvorav et er på landsarkivet i København. Dette har jeg nå fått fotografert, og jeg har publisert del 1 (side 1-51 eller 1479-1564). Resten kommer etterhvert, men dette er nok for de fleste helt ukjent materiale. Kanskje Lars Ove kan bidra med noko for perioden 1565-1600?
  3. Christian Salomon Schneider født 1751 i Danzig, gift 18. mai 1781 i Helliggeist krk., København med Fridericia Caroline Thorup f. 20 april 1755 i København. Dette ekteparet hadde i alt 7 barn, de eldste født i Danmark, de tre yngste i Bergen. Christian var skredder i København. Han må ha flyttet til Norge mellom 1787 og 1791. I Bergen hadde han stillinger i militærvesenet. Nevnes som bombarder, Furir og artillerisersjant. Christian døde i januar 1831. Familien bodde i Skuteviken nær Bergenhus Festning, så antagelig var Schneider stasjonert der. Etterkommerne i Bergen har jeg bra oversikt over. Bruker Lars E. Øyane har opp gjennom årene hatt flere innlegg om denne familien. I et innlegg 8. august 2018 står det: Spørsmål: 1. Hadde Christian Schneider vært gift før, og i tilfelle når, hvor og med hvem? 2.Vites det noe mer om Christian Schneiders opphav i Danzig? 3. Finnes det opplysninger om når Christian innvandret til Norge? 4. Thorup-slekten fra Danmark. Her har jeg kun navnet Christian født 1713 i Torup, gift 1752 i København med Anne M. Hoffmeyer. Barna er kjente. Død 1778 i København. Søker flere opplysninger om Christian T(h)orups bakgrunn.
  4. Denne utfordringi har ganske sikkert vore framme før, men spørsmåli står framleis utan svar, og eg greier ikkje finna att referansen... Peder Janson Teiste på Kroken i Hafslo (1667-1722) og danskfødde Maren Jensdotter Engeslef (1668-1730) hadde fleire born, mellom anna desse tre sønene som har skaffa meg mykje hovudbry: * Jens Pederson Teiste, fødd i Hafslo kring 1698, reiste i ung alder ut som sjømann, og då faren døydde i 1722, budde han i Amsterdam. Då søsteri Øllegaard døydde barnlaus i 1745, visst ikkje dei andre søskeni om Jens framleis levde eller ei...! * Peder Pederson Teiste, fødd i Hafslo kring 1702, var i 1722 gullsmedlærling i Bergen, men i 1745 visste dei andre søskeni heller ikkje om han levde eller ei...! * Fredrik Pederson Teiste, fødd i Hafslo kring 1706, var i 1722 framleis heime i Kroken, men var avliden før 1745. Huslyden hadde nær tilknytting til København, og eg ser ikkje bort ifrå at ein eller fleire av desse gutane godt kan ha butt der... Eg ville vorte svært so glad om nokon kunne hjelpa meg med spor etter desse brørne og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Reidar Strømsøe

    Claus Peter Petersen f. 1762

    Finner en del opplysninger om ovennevnte person her: 1. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008040200093?page=193 2. https://www.digitalarkivet.no/kb20070607320210 3. https://www.digitalarkivet.no/kb20070607320221 4. https://www.digitalarkivet.no/kb20060105010583 Imidlertid ønsker jeg å gjøre et forsøk på å finne fødselsopptegnelse/dåpsopptegnelse i relevante danske kirkebøker. Her har jeg imidlertid liten erfaring og lurer på om noen har tips å komme med når det gjelder oppslag i skannede danske kirkebøker. Det jeg vet om Claus Peter er at han iflg. Norske Læger (lenke 1) ble født 4.3.1762 i Holbæk Amt, Danmark og døpt23.3.1762 i København. Iflg. denne informasjon skal visstnok navnet Mads Nielsen være oppført på hans dåpsattest. Se lenke 1 fotnote. Leting i kirkebøker er vel ikke helt enkelt når man ikke vet kirke/menighet etc. Tips/forslag mottas med takk.
  6. Martine Flaten

    Dampskibet Nordcap

    Hei Jeg ser på Nasjonalbibliotekets samling av aviser at min tippoldefar musikus Gulbrand Enger dro til København fra Christiania med dampskipet Nordcap den 17 juli 1852 og den 11 juni 1853. Jeg prøver å finne litt informasjon rundt turene. Hvor lang tid tok turen? Hva kostet turen? Finnes det noen arkiver man kan lete i? Feks passkontroll, innskriving, hensikt med turen, hvor lenge han skulle være i Kjøbenhavn? Martine Flaten
  7. Eg prøver å finna opphavet til Andreas Johannesen Veibel, som var signalstyrar på klaffetelegrafen på Hiskjo i Bremnes (Bømlo) 1807-1814. I Bygdebok for Bremnes står det berre at han kom som til Hiskjo som signalstyrar. Han gifte seg i 1811 inn i Olrich-familien som dreiv handel på Hiskholmen. I den transkriberte versjonen står det "Bosted: Veibel" men det er nok ein feil i transkriberinga. Veibel var etternamnet hans. https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000408929 I "Sjeleregister Finnås 1815" står han oppført som 30 år gamal, sjå vedlegg. I ei vernepliktsliste frå 1814 er han oppført med fødselsår 1784. Torleif Meling har engasjert seg mykje i historia om kysttelegrafen, stått bak ein rekonstruksjon av den som sto på Sønstabøvågen og skrive eit stykke i Årbok for Sunnhordland folkemuseum 2007, om "Kysttelegrafen i Sunnhordland under krigen 1807-14". Der har han skrive om signalstyrarane, men om AJV har han ikkje funne noko meir enn det som står i bygdeboka. Eg har reist til Statsarkivet i Bergen to gonger og funne litt nyare ting, men ikkje opphavet til AJV. Etter tips leita eg gjennom attestar som var samla i arkivet etter soknepresten i Finnås, utan å finna nokon attest for han. Slo òg opp i eit register over militære offiserar (eit verk i to bind, trur eg, som sto i hylla på lesesalen) utan å finna han der. Eg var så heldig å treffa Yngve Nedrebø på lesesalen. Han var sjølvsagt travel, men meinte det var sannsynleg at han kom frå Danmark eller Tyskland, truleg via København. Han meinte det kunne finnast noko på Riksarkivet i Oslo. Kva kjelder skal eg i tilfelle leita i der? Nedrebø nemnde ein forfattar som hadde skrive noko om kystvern/marine eller noko i den retninga, og som hadde brukt kjelder i Oslo, men eg har ikkje greidd å finna bøkene/forfattaren, og har diverre mista lappen eg noterte namnet på. ☹️ Eg har òg kontakta Rigsarkivet i København. Dei svarer: Der findes ikke særlige registre over de officerer, der blev overført til Norge. og Når det gælder slægtsforskning og slægtsforskningsspørgsmål, så ligger såden uden for den service som Spørg arkivaren yder. Eg er takksam for alle tips til kjelder! 🙂 Eg har funne nokre personar i Danmark som KAN vera relevante, men har ingen sikre haldepunkt for om dei faktisk er det: Andreas, son av Johannes, fødd 1782 Johannes Weibel's bo Offiser Feibel i Hirsch' kartotek over danske og norske offiserer // atle
  8. Ivar Moe er i eit anna emne i dag komen med følgjande etterlysing frå 1803: Eg var kjend med at Sjur Paulson flytte til København, men hadde ingen opplysningar om lagnaden hans der nede. Eg har no finne i alle fall ei vigsli for han i 1780, og kanskje er to jenter fødde noko senare òg døtrene hans med ei kone nr. 2? Kanskje sit det ein og annan ekspert på Danmark i Brukarforum som kan hjelpa meg finna fleire detaljar om denne huslyden? Her følger eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Sjur Paulson {Lien}, døypt {i Jostedalen} 22.11.1744 (foreldri heitte Paul og Anna), Sivert Paulsen Lien flytte i ung alder som soldat til København i Danmark og gifte seg i Garnisonskyrkja i København 5.1.1780 med Birthe Andersdotter Sommer frå ##### (opphavet hennar?) ##### (foreldri hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?) ##### (lagnaden deira? - 1803 vert det sagt at Sivert var gift og fekk i alle fall ein son, men dei hadde ikkje høyrt noko frå han på 20 år!) ##### (følgjande born nemnde i Garnisonskyrkja med foreldri Sivert Paulsen og Anna Marie Mortensdotter Stub: * Charlotte, døypt Garnison 4.4.1786 * Ane Laurette, døypt Garnison 5.7.1789) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Eg har nettopp lagt ut dette emnet ogso hjå Dis-Danmark: https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,143698.0.html
  9. Dette er ein huslyd som eg freista samla opplysningar om alt på 1980-talet, og eg hadde den gongen kontakt med dålevande etterkomarar i Bergen. Eg fekk greie på mykje, men langt ifrå alt. No har eg greidd å finna ein del nye fakta på eigi hand, men etter kvart står eg ganske so «bom fast» og vonar at nokon kan hjelpa meg vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Hjå DIS-Danmark stilte eg i dag eit spørsmål om lister over studentar ved Universitetet i København frå 1700-talet og vart referert til eit norsk verk: http://genealogi.no/kilder/studentmatrikler/index.htm Men når eg gjekk inn for å søka i registeret, fekk eg feilmelding 404 «page not found»! Eg lurte på om denne karen finst innført i studentlister ein eller annan stad: Arent Storch Henriksen alias Arent Storch, fødd i Nesna i 1720, var utdanna «procurator» og var sidan ei tid konstituert fut i Sogn. Kvar studerte Arent og kva tid? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Gardbrukar Sølfest Endreson på Ottum i Luster (1712-1763) var gift to gongar og fekk i alt fjorten born. Andre kona Britha Aamundsdotter frå Vikeim i Sogndal (1736-1810) var mor til dei fire yngste, men to av dei døydde unge, og dei to hine gifte seg i Danmark!! Ei av dei kom sidan attende til Sogndal, men einaste son hennar fór på ny Danmark då han vart vaksen! Eg samla det meste av desse opplysningane på 1980-talet, men har sidan greidd å supplera med ein del detaljar før eg no står «bom fast» utan å komma vidare... Kanskje nokon kan hjelpa meg? Slik ser eit oppdatert manuskript ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange interessante og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av ei nytt i innlegg #21 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Erik Lageson er ei kjempegåte som eg har hatt liggjande sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å gjera noko med. Kanskje tidi no er kommi: Erik Lageson var fødd i Vigdalen i Luster og vart døypt der 25.1.1755. Foreldri Lage Andersson (1719-1784) og Martha Pedersdotter (1719-1765) var gardbrukarar i Vigdalen til dei i 1763 flytte til Bringe i Luster. Lage vart enkjemann kort tid etter, og i 1770 laut han gå frå garden, truleg grunna armod. Det vart halde skifte etter Lage i 1784, men buet var fallitt, og ingen ervingar er nemnde: https://media.digitalarkivet.no/view/24142/81 Lage og Martha fekk fem born i lag, fire døtrer og ein son. Eine dotteri døydde kort etter fødsli, og dei tre hine vart buande i nabolaget. Derimot har sonen Erik Lageson ei anna soge: Han vart utlagd til barnefar då Synneva (Sjursdotter) Bakken i Jostedalen 12.6.1775 bragte ein 24 veker gamal son (namn ikkje oppgjeve) til dåpen, og då står følgjande merknad i kyrkjeboki om barnefaren (litt vanskeleg å lesa): https://media.digitalarkivet.no/view/11519/14 «Erich Lagesen Grov som reiste til Kiøbenhavn 4 Uger før» Truleg tente han på garden Grov då dette skjedde... Eg har leitt «høgt og lågt» etter Erik Lageson, både i Noreg og i Danmark, men greier ikkje finna spor etter guten nokon stad! Kan han ha endra namnet sitt? Kanskje til Lausen?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Er er i dag gjennom eit innlegg #12 i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/202054-henrik-nitter-ludvigson-1832-1861-til-amerika-1852-ektemakar-og-ektemakars-ektemakar-frå-røldal-lardal-gloppen-og-vik-vangsnes-hjelp/ vorten merksam på ein huslyd med bakgrunn i Luster, som eg aldri greidde å skriva ein komplett biografi for då eg arbeidde med denne øtti på 1980-talet. Kanskje dette vert mogeleg i dag med langt fleire disponible kjelder? Utgongspunktet er Sophia Tøgersdotter Nitter frå Rønnei i Luster, fødd der kring 1708. Ho gifte seg første gongen i Luster 23.11.1733 med enkjemannen Christopher Larsson Skagen (1689-1739). Dei fekk fire born i lag, som alle vart buande i Luster. Denne delen av ætti har eg fullt oversyn over. Men so gifte Sophia seg 12.11.1741 att i Årdal med ein ny enkjemann, Ole Olson Lægreid (1708-1758), men ho vart gravlagd frå Lægreid i Årdal alt 3.11.1748. Ogso i dette ekteskapet fekk Sophia fire born, og to av desse er det som vert etterlyste i nemnde proklama frå 1785. Her følgjer manuskiptet mitt for dei fire borni frå andre ekteskapet hennar: ~~~~~~~~~~~~~~ a. Christopher Olson, døypt i Årdal 3.5.1742, d. ugift i Kvernes ##### (dødsdato eller gravferdsdato?) 1765. b. Malena Olsdotter, døypt i Årdal 5.7.1744, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Malena gifte seg første gongen i Bergen 13.11.1765 med Jacob Ovaldson Messe frå ##### (opphavet hans?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans – kring 1728?) Jacob var ##### (yrke?) og han og Malena budde i Bergen der Jacob vart gravlagd 14.12.1770. Malena gifte seg so att ##### (dato og stad for andre vigsli hennar? – kring 1775?) med Jens Jacob Giertsen frå ##### (opphavet hans?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?) ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?) ##### (yrke og bustad?P – 1783 og 1785 busette på garden Svinøy i Nærøy, Nord-Trøndelag – sidan kvar? ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Bertha Sophie, døypt Nykyrkja, Bergen 20.7.1766 * Bertha Sophie, døypt Nykyrkja, Bergen 7.11.1767) c. Inger Mane Olsdotter, døypt i Årdal 23.9.1746, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Inger gifte seg i Årdal 9.10.1775 med Albert Schriver Ludolphson Kramer frå Bergen, døypt i Bergen 25.10.1741. Han d. på Vikingevåg i Gulen 13.1.1795. Albert var handelsmann (kremmar), først på Årdalstangen i Årdal, og frå 1791 på Vikingevag i Gulen. Han og Inger fekk fire born i lag, mellom anna denne sonen: ‑ Ludolf Johan Albertson Kramer (1775‑ ) som vart første landhandlar på Skjolden i Luster (s.d.). d. Tøger Nitter Olson, døypt i Årdal 3.11.1748, ##### (1785: stod i teneste ved det kongelege korps og det 2dre kompani under konstabelgarnisonen i København – lagnaden hans??) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg ser av FamilySearch at ein Jens Giertsen gifte seg i Nærøy 30.10.1785 med ei Elisabeth Carstensdotter og lurer på om det kanskje var enkjemannen etter Malena som då gifte seg att?? Eg vonar å råka ein eller annan med lokal ekspertise i Nærøy son kan hjelpa meg klara opp i denne huslyden... Elles legg eg i dag òg inn eit spørsmål hjå DIS-Danmark om lagnaden til Tøger Nitter Olsen - kanskje er me heldige...? https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,134996.0.html Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.