Search the Community
Showing results for tags 'michigan'.
-
Eg strevde ein del med denne ætti alt på 1980-talet og ogso kring 2001, men utan å komma nokon særleg veg. I kveld har eg nytta ein del meir tid på å få «orden» på denne huslyden, men eg er no komen til eit punkt der eg tydeleg har nådd «veggen», og eg vonar å lite vetta hjelp i Brukarforum til å komma vidare... Dette er ein «utypisk» ætt frå Luster som busette seg i eit gruvesamfunn i nordlege Michigan og sidan flytte vidare til gruvebyen Tower, St. Louis Co., MN. Eg har mellom anna ikkje vore i stand til å finna ein nøyaktig dødsdato for Christen sjølv, og dei to eldste sønene hans er fullstendig ukjende. Kanskje døydde dei i Bergen FØR foreldri utvandra i 1865? Det oppdaterte manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Martha Andersdotter, ei søster av dei to brørne Nils og Ole Anderssøner som eg etterlyste nylig i Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/223116-nils-1832-og-ole-1847-anderssøner-husmannssøner-frå-drevdal-i-luster-til-amerika-mot-slutten-av-1860-åri-kvar-kan-dei-ha-gøymt-seg-der-borte-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1888354 flytte i ung alder til Bergen og reiste med mann sin, Ole Andreas Bertelsen, til Amerika i 1871, eller kanskje i 1870(?) - eg har so langt ikkje greidd å finna denne utvandringi!! Etter ein «tradisjonell» start på Amerika-opphaldet i Crawford Co., WI, flytte dei brått til MICHIGAN og derifrå kort tid etter til FLORIDA der dei vart buande. Dei største utfordringane når det gjeld denne huslyden, er å finna: ** Utvandringi deira frå Bergen 1871 (eller 1870)? Eg har søkt i Québec-listene på Digitalarkivet, men finn dei ikkje der! (Dårlege auge eller feilstaving av namni?) ** Kvar i Michigan dei budde i midten av 1870-åri? ** Og endeleg finna dødsfallet til Ole Andreas alias Otto August Bertelson og dei tre borni deira som alle døydde før hundreårsskiftet i Florida? Eg har so godt som ingi erfaring med forsking i Florida i den tidsperioden, so eg vonar at kanskje nokon kan hjelpa meg der!? Elles har eg nyss hatt eigne tema i Brukarforum om dei tre svenske svigersønene, og to av dei er perfekt løyste! Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Martha Andersdotter {Drevdal}, f. {i Luster} 24.2.1844, Martha Andersdotter flytte i ung alder til Bergen og tente i 1865 i Stenkjældergaten. Ho gifte seg i Årstad 26.12.1869 med Ole Andreas Bertelsen frå Bergen. Han var son av tenar Bertel Olsen i Bergen og kona Karen Christine Andersdotter og f. i Bergen 7.7.1839. Ole Bertelsen var arbeidar, og han og Martha budde ei kort tid i Stenkjældergaten i Bergen til dei i 1871 ##### (year of emigration to be verified? – could also be 1870?) utvandra til Amerika. Der finn me dei att under namni Otto August og Martha Bertelson. Dei budde visstnok ei tid i Freeman township, Crawford Co., Wis., ##### (to be verified – children christened at the Southwest Prairie Hauge church!) ##### (moved about 1874 to MICHIGAN – then about 1877 to Tallahassee, Laon Co., FLORIDA) men busette seg kring 1879 nær Sanford i Paola precinct, Orange Co., frå 1913 ein del av Seminole Co., Fla. der Otto livnærte seg som vognmann («drayman»). Otto d. i Sanford, Fla. ##### (date and place of his death? – after 1885/prior to 1900!) medan Martha Bertelson d. same staden 19.9.1918. Dei fekk åtte born i lag: ##### (one infant child is missing! – name and dates?) a. Birgitte Kristine, kjend som Christine Bertelson, f. i Bergen 11.4.1870, utvandra med foreldri til Amerika i 1871 og d. ##### (place of her death? – FL – bur. New Upsala cemetery, Seminole Co., FL!) 10.3.1961. Christine gifte seg i Sanford, Fla. 2.10.1892 med Johan Erik Larsson Borell frå Stockholm i Sverige, i Amerika kjend som John Borell. Han var son av gruvearbeidar Lars Eric Olofsson Borell i Nora, Örebro län, og første kona Eva Charlotta Jansdotter Rolin frå Kihl i Örebro län. John var f. i Nora, Örebro län i Sverige 3.10.1857. Han utvandra til Amerika i 1882 og d. Sanford, Fla. 27.8.1943. John Borell var sitrusfruktfarmar («citrus farmer»), og han og Christine budde nær Sanford i Paola precinct, Orange Co., från 1913 del av Seminole Co., Fla. Dei var barnlause, men fostra opp sonen til broren Andrew Bertelson av første ekteskapet hans. b. Anna Berntine Bertelson, f. i Crawford Co., Wis. ##### (date of birth? – christened Nov. 12, 1871!) 1871, d. ##### (place of her death? – Sanford, Seminole Co., FL – bur. Lakeview cemetery!) 22.9.1921. Ho gifte seg i Sanford, Fla. 11.8.1894 med Emil Gustaf ##### (husband’s original Swedish name?) ##### (wherefrom in Sweden was he?) i Amerika kjend som Emil Magnuson. Han var son av ##### (Peter Magnuson – full names, occupation and origin?) og f. ##### (where in Sweden born?) 13.4.1865. Han utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration? – with parents prior to 1880?) og d. i Sanford, Fla. 24.2.1944. Som enkjemann gifte Emil seg 28.6.1926 att i Sanford, Fla. med Eunice Tyner, f. i Seminole Co., Fla. 29.1.1901. Ho d. i Sanford, Fla. 3.3.2002. ##### (occupation and place of residence? – farm laborer and packing house bookkeeper Windermere precinct, Orange Co., FL) Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. c. Carl Christian, kjend som Charles C. Bertelson, f. i Crawford Co., Wis. 18.4.1873, d. i Orange Co., Fla. ##### (exact date of his death? – after 1880/prior to 1882!) d. Jennie ##### (middle name?) Bertelson, f. ##### (exact date and place of her birth? – Michigan 1875/1876!) d. i Orange Co., Fla. ##### (exact date of her death? – after 1880 – prior to 1882!) e. Andrew Martin Bertelson, f. i Leon Co., Fla. 21.4.1878, d. ##### (place of his death? – Sanford, Seminole Co., FL – bur. New Upsala cemetery) 16.3.1938. Han gifte seg første gongen ##### (date and place of his 1st marriage?) med Georgia ##### (date and place of her birth? – 1889!? – South Carolina!?) d. nær Sanford, Fla. 21.10.1909. Han gifte seg so att #####(date and place of his 2nd mariage? – about 1918!) med Elizabeth L., kjend som Bessie Reid, f. i Crisp Co., Ga. 7.2.1889. Ho d. ##### (Orange Co., FL) 15.12.1977. Andrew var jarnbanemekanikar («railroad car shop mechanic») og budde for det meste i Sanford, Seminole Co., Fla. Han fekk i alt fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det andre. f. Charlotte Ida Bertelson, tvilling, f. i Orange Co., Fla. 15.1.1882, d. i Deland, Fla. 24.12.1950. Ho gifte seg i Deland, Fla. 16.4.1906 med Adam ##### (full name? – par: Jacob Karr and Eva Marguerite, kjend som Maggie Keck) Karr, f. i Hessen, Tyskland 4.10.1878, men utvandra til Amerika i 1904. ##### (emigration year to be verified?) Han d. i Deland, Fla. 28.2.1951. Dei farma ei tid nær Deland, Volusia Co., Fla., men Adam vart sidan skulevaktmeistar («school custodian») same staden. Dei fekk sju born i lag. g. Jennie Marie Bertelson, f. i Orange Co., Fla. 16.1.1882, d. i Orlando, Fla. ##### (exact date of her death?) .1.1969. Ho gifte seg i Sanford, Fla. 16.5.1903 med Erik Alfred, kjend som Alfred Persson Eriksson frå Rossberga i Kopparbergs län, Sverige, i Amerika kjend som Alfred E. Ericson. Han var son av teglslagar Per Erik Eriksson i Rossberga, opphavleg frå Möklinta i Västmanlands län og kona Stina Greta Jansdotter Gädderman, òg frå Möklinta i Västmanlands län. Alfred var f. i Möklinta, Västmanlands län i Sverige 14.7.1878. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1882 og d. i Winter Park, Fla. 11.9.1955. Alfred og Jennie var sitrusfruktfarmarar («citrus farmers») og budde nær Sanford i Paola precinct, Orange Co., frå 1913 del av Seminole Co., Fla. Dei fekk fem born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein huslyd som eg freista samla opplysningar om alt på 1980-talet, og eg hadde den gongen kontakt med dålevande etterkomarar i Bergen. Eg fekk greie på mykje, men langt ifrå alt. No har eg greidd å finna ein del nye fakta på eigi hand, men etter kvart står eg ganske so «bom fast» og vonar at nokon kan hjelpa meg vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Brødrene Konrad Emil og Einar Eugen Andersen, fødte og bosatte i Kristiania, emigrerte til Amerika i 1904 og 1903. Det er trolig at Konrad da brukte etternavnet Sørum men det er mer uvisst om Einar gjorde det. Einar var født 4. apr 1884, dp 12. juli 1885 Grønland https://media.digitalarkivet.no/view/5790/29533/297 Konrad var født 16. juni 1870. Dåpen 19. juni 1870 finner jeg ikke men kf 5. okt 1884 Kampen (nr 98): https://media.digitalarkivet.no/view/5794/29563/36 Konrads familie ble igjen i Norge. FT Kristiania 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392103800 Einar reiste i 1903 https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000535943og Konrad i 1904 https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000553430 Jeg vet ikke om de tok nye navn i Amerika men finner en Einar Andersen i US Census 1910 https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&query=%2Bgivenname%3AEinar~ %2Bsurname%3AAndersen~ %2Bbirth_place%3ANorway~ %2Bbirth_year%3A1884-1884~&collection_id=1727033 I den samme linken fins også en Einard. Ingen Conrad, Konrad, C eller K Andersen som er sikre , og heller ingen treff på Sorum eller Sorem. Hvordan kan jeg evt finne en tråd som kan nøstes? Mvh Kjell Sørum
- 20 replies
-
- emigrasjon
- amerika
-
(and 1 more)
Tagged with:
-
En slektsgåte jeg hadde gitt opp håpet om svar på, men det blusser opp igjen når jeg ser hva forskerne her kan klare å spore opp..... August Larsen f. Larsson 12/11 1864 i Ryr, Sverige. Han flytter til Norge sent på 1880 tallet og er bosatt i Onsøy, Østfold ved 1891 folketellingen. Han gifter seg med Klara Edvardsdatter 31/1 1892 i Glemmen Fredrikstad. De flytter til Torsnes, Borge og stifter familie, bor på Storenga under Nes ved folketelling 1900. De drømmer om en bedre fremtid et annet sted og August reiser i forveien til Amerika/Michigan 3. juni 1904 med skipet Montebello. http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000550140 Planen er at familien skal komme etter men det blir ikke noe av det, ved folketellingen 1910 har de havnet på fattigstua på Torsnes og Klara er oppført som enke. En lokalhistoriker mener dette betyr at staten har fått beskjed om at August er død. Er det mulig å finne ut om dette stemmer, når han døde, og evt. av hva? Vh Petter Lohrmann
- 33 replies
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.