Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'minnesota'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Guro Olsdotter Aspevig var fødd i Lærdal 10.3.1837 og var gift i Lærdal med husmann Hans Andersson Sandnes (1835-1870). Dei fekk fire born i lag, deriblant tre døtrer, Synneva 1862, Metta Kirstine 1865 og Ragnhild 1869. I 1883 utvandra Guro Aspevig med dei tre døtrene til Atlanta township, Becker Co., MN, og der budde Guro i 1885, 1900 og 1910. Berre i 1895 var ho i Home Lake township, Norman Co., MN. * Men kvar vart det av Guro Aspevig etter 1910? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Bent/Bernt Arneson Eide, fødd på garden Eide i Innvik 1.11.1847, skal ha utvandra til Amerika kring 1870/1875 og gifte seg i Crawford Co., WI 19.10.1877 med Anna Olsdotter frå Aspviki i Lærdal. Dei slo seg ned som farmarar i Becker Co., MN. I 1914 var Bent Eide ein tur på vitjing i Noreg: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000736811 Ikkje lenge etter flytte han med ei dotter til Stanley, MB der han døydde 22.2.1928. * Kan nokon hjelpa meg finna det nøyaktige utvandringsåret til Be(r)nt Eide? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Hans Lem Hansson Nundahl, fødd på Asperheim i Årdal i Sogn 2.5.1863, utvandra til Amerika i 1881 og skal ha butt mestedelen av livet i eller nær Marshall Co., MN Einaste gongen eg finn han nemnd er i FT1920 for Middle River, Marshall Co., MN dere han budde som farmlaborer og enkjemann hjå søsteri Mary Offerdahl: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/77927831:6061?tid=&pid=&queryId=35e6cd7f8e742a833d6714723bea39c0&_phsrc=008-360160&_phstart=successSource Her er biografien til søsteri: Mari Hansdotter, f. i Årdal 17.8.1860, Mari Hansdotter gifte seg i Årdal 2.6.1880 med Jens Jensson frå Offerdalen. Han var son av paktar Jens Jensson i Offerdalen, opphavleg frå Plassen i Offerdalen under Hovland, og kona Ingeleiv Olsdotter frå Mjelde i Lærdal og f. i Årdal 25.4.1857. Jens var ei tid skomakar i Bergen, men i 1883 utvandra Mari i lag med foreldri sine til Amerika, og i 1884 følgde Jens etter. Under namni Jens og Mary Offerdahl finn me dei først att som farmarar i Lake Hanska township, Brown Co., Minn., men i 1889 slo dei seg ned som farmarar i Holt township, Marshall Co., Minn. Der vart dei buande til dei i 1912 selde farmen og busette seg i Middle River, Marshall Co., Minn. der Jens opna skomakarverkstad («shoemaker»). Han d. i Thief River Falls, Minn. 30.10.1942, medan Mary Offerdahl d. same staden 28.9.1951. Dei fekk elleve born i lag. Eit ancestry family tree påstår at Hans døydde alt 16.4.1906, men det var nok faren Hans Lem Hermundson Nundahl (1830-1906) (jmf. den lokale kyrkjegarden) som døydde då! Kan nokon hjelpa meg å finna ut noko om lagnaden til Hans Lem Hansson i Amerika?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette er ein huslyd som eg har slite med i 30 år, og eg hadde vel ei lita von om at dei nye bygdebøkene for Kaupanger skulle hjelpa meg finna svar på spørsmåli mine, men diverre vart det med voni.... So no vil eg freista om nokon kan hjelpa meg i Brukarforum? Her er eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Jens Paulson {Mosevold}, døypt {i Jostedalen} 25.5.1806, Jens Paulson flytte til Sogndal med mori kring 1820 og gifte seg der 30.6.1834 med Britha Hansdotter frå Foss i Sogndal. Ho var dotter av husmann Hans Olson på Malthaug under Foss, opphavleg frå Uglum, og kona Guri Andersdotter frå Stedje og vart døypt i Sogndal 5.12.1812. Jens og Britha slo seg ned som plassfolk i Hola under Kaupanger i Sogndal der Jens d. 18.4.1866. Britha Hansdotter d. som husmannsenkje same staden 29.1.1903. Ho og Jens fekk ti born i lag: a. Gunnhild Jensdotter, f. i Sogndal 25.11.1834, gifte seg i Sogndal 9.11.1860 med Knut Nilsson frå Vollevik i Vik, f. i Vik 10.7.1831. Knut vart nemnd handelskar i 1860, og i 1861 fekk Gunnhild attest for å flytta til Vik. Knut og Gunnhild budde truleg ei tid på Odlene i Arnafjorden, Vik, men flytte visstnok derifrå alt kring 1862. Kan henda utvandra dei då til Amerika, for i 1866 finn me att Knute og Gunnilde Nelson som farmarar i Pilot Mound township, Fillmore Co., Minn. der Gunnilde d. kring 1868. Knute gifte seg 10.12.1869 att i Fillmore Co., Minn. med enkja Anna Knutsdotter, opphavleg husmannsdotter frå Husabø i Leikanger. Ho var f. i Leikanger 22.2.1843, men utvandra til Amerika kring 1862. Ho hadde før vore gift med Torsten Torkildson frå Jordal i Balestrand, truleg kjend som Torsten Thompson. Knute og Anna heldt fram som farmarar i Pilot Mound township, Fillmore Co., Minn. til dei i 1882 selde farmen og flytte derifrå, ##### (seinare lagnad?) Knute fekk visstnok i alt ni born, tre frå første ekteskapet og seks frå det andre; dessutan hadde første kona Gunnilde ein son frå før, medan Anna hadde minst to born frå første ekteskapet sitt. b. Hans Jensson, f. i Sogndal 9.12.1836, d. som kårmann i Hola under Kaupanger 8.11.1898. Han gifte seg i Sogndal 17.10.1872 med Anna Baardsdotter frå Neset under Amla nedre i Sogndal. Ho var f. i Sogndal 10.8.1839 og d. i Hola 24.6.1930. Hans og Anna tok over heimeplassen hans i Hola under Kaupanger og vart buande der levetidi ut. Dei fekk ei dotter i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før. c. Guri Jensdotter, f. i Sogndal 16.3.1839, gifte seg i Sogndal 3.4.1866 med Ole Johannesson frå Vatnet under Lægreid i Årdal, f. i Årdal 3.5.1841. Ole var handelskar i 1866. ##### (lagnaden deira?) d. Kari Jensdotter, f. i Sogndal 22.1.1842, levde i 1865 og budde då i Sogndal, men den seinare lagnaden hennar er ukjend. ##### (lagnaden hennar? – arbeidde på Fana Spinneri?) e. Anna Jensdotter, f. i Sogndal 20.3.1844, fekk ein son i Sogndal i 1870, men ser sidan ut til å vera faren frå Sogndal utan at me veit noko om lagnaden hennar. ##### (lagnaden hennar?) f. Anders Jensson, f. i Sogndal 27.6.1846, d. i Sogndal 29.6.1846. g. Bertha Jensdotter, f. i Sogndal 12.4.1848, d. i Sogndal 14.4.1848. h. Jens Jensson, f. i Sogndal 22.2.1851, flytte i 1877 til Nordland ##### (lagnaden hans?) i. Bertha Jensdotter, f. i Sogndal 19.5.1854, gifte seg i Sogndal 11.6.1877 med Nils Torbjørnson frå Rudsviki på Kaupanger, Sogndal, f. på Borlaug i Feios, Leikanger 3.4.1849. Bertha og Nils budde først nokre år i Rudsviki på Kaupanger, men utvandra til Amerika med to born i 1881. ##### (lagnaden deira?) j. Britha Jensdotter, f. i Sogndal 31.7.1856, gifte seg i Sogndal 7.10.1878 med Anders Olson frå Haukåsen på Kaupanger. Han var f. i Sogndal 2.6.1853. Britha og Anders utvandra til Amerika med ein son i 1880. ##### (lagnaden deira?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Eg prøver å finne ut om dette paret er identisk med; https://www.findagrave.com/memorial/138253865/anders-a-overeide & https://www.findagrave.com/memorial/138253866/oline-overeide og kva som skjedde med barna deira. g. 1860: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000037012 https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000589147 Far i 1860 Andrine f 8.12.1860 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004937775 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003605878 Far i 1863 Samuel f. 16.8.1963 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004337081 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003606259 FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038272006013 Far i 1872 Elling f. 10.12.1870 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003601213 Flytter til Bolsøy: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000011033 FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052345002787 (bst. Hjelseth) - kon sonen Elling bur saman med foreldra. Far i 1877 Anders Olai 14.9.1877 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000018548516 Når emigrerte dei? ***************** Dottera Andrine ved FT1875: FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052320001730 Sonen Samuel ved FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052320001709 Sonen Samuel emigrerte nok i 1881: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000666039 Eg trur det er sonen Elling aka Alex aka Alix Anderson vi finn at her: https://www.findagrave.com/memorial/59590081/alix-anderson Og at det er han som gifter seg 24 Aug 1893 i Cass, North Dakota, USA med Bertha D. Anderson. Sjå også COD vedlagt: ***************** Dette ekteparet (Anders og Oline) var også nemde i ein debatt i 2009-2010, då fim etterlysning etter sonen Samuel A. (Eikrem).
  6. Dette er ein person som eg i mange år har freista finna fleire oppysningar om lagnaden til. Kanskje det no er nokon som kan greia dette? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Peter P. Urness, f. i Dane Co., Wis. kring 1851, ##### (fødselsdato? - foreldre Peder Pederson og Kirsti Sjursdotter - båe utvandra frå Luster i 1849) vart drepen av eit lynnedslag kring 1887, truleg i Norman C., Minn. ##### (dødsdato og dødsstad?) Han gifte seg i Fargo, N.D. 26.1.1886 med Julianna Johannesdotter frå Trondheim, i Amerika kjend som Julia Olson. Ho var dotter av tømmermann Johannes Olsen i Trondheim, opphavleg frå Reiershaugen under Skogen (Rulland øvre) i Nord-Fron, og kona Andrea Pedersdotter frå Rørum i Leinstrand, Melhus og f. i Trondheim 29.5.1861, men utvandra til Amerika med mor si i 1883. Ho d. i Moorhead, Minn. 5.6.1913. Som enkje gifte Julianna seg 25.10.1888 att i Fargo, N.D. med Johan Johannesson frå Askeeiet i Nes, Hedmark, i Amerika kjend som John L. Ask. Han var son av husmann Johannes Larsson i Askeeiet, opphavleg frå Kiseeiet, og kona Agnetha Johannesdotter fra Askeeiet og f. i Nes 9.11.1848, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868. Han d. i Fargo, N.D. 13.4.1940. Peter og Julianna slo seg ned som farmarar i Flom township, Norman Co., Minn., og denne farmen tok John Ask over då han i 1888 gifte seg med enkja, etter at han før hadde butt i Spring Green, Sauk Co., Wis. Men i 1908 flytte John og Julianna til Fargo, Cass Co., N.D. der John sidan livnærte seg som snikkar («carpenter»). Julianna fekk i alt tre born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Peter Urness. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg ville vorte kjempeglad om nokon kan hjelpa meg løysa denne kjempeutfordringi - kan henda kyrkjebøker eller avisoppslag? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Christine Margrethe Christiansdotter var fødd i Frosta 15.6.1843 - dotter av husmann Christian Trondson og kona Nicolina Andersdotter Lonsteen: https://media.digitalarkivet.no/view/2467/26 Christine skal ha utvandra til Amerika i 1870 og gifte seg same år i Iowa med Caspar LIEN, og dei flytte til Otter tail Co., MN Men ifølgje eit avisoppslag frå 1877 hadde Christine ei dotter som då var 8 år gamal. Denne jenta må ha vore fødd i Noreg, men kven var ho? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Denne utfordringi har eg hatt liggjande i over 30 år utan å komma noko nærare ei løying: Rasmus alias Robert «Casey» ANDERSON var son av Andrew Olson (Teigen) (1836-1894) og Ellen Rasmusson (Bergset) (1848-1897), emigrantar frå Jostedalen som farma i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia. Robert var fødd i Chickasaw Co., KA 25.12.1880, men voks delvis opp i Forestburg, Sanborn Co., SD der svogeren Ole Klevjord frå Flesberg var prest på den tidi. Sidan vart Robert «laborer» i Bemidji, Beltrami Co., MN før han altso hamna i McGrath, Aitkin Co., MN der han ifølgje slekti skal vera avliden på 1950-talet. Han var ikkje gift. Er det nokon som kan greia finna lagnaden til Robert «Casey» Anderson ville eg gle meg svært mykje over det! Hjarteleg takk på førehand!
  9. Eg har fått i oppdrag å finna nolevande etterkomarar etter desse fire brørne, alle fødde i Minnesota som born av Jetmund Olson Myklemyr frå Jostedalen: ~~~~~~~~~~~~~~ * Ole G. Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 17.8.1867, d. i Moose Lake, Minn. 19.12.1918. Han gifte seg i Houston Co., Minn. 24.6.1901 med Carrie Elva Rodgers, f. i Clay Co., Minn. 24.9.1875. Ho d. i Winona, Minn. 6.12.1966. Ole Jackman var skuleinspektør («school superintendant»), og han og Carrie budde fleire stader i North Dakota og i Minnesota, men enkja var frå 1927 busett i Winona, Winona Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. * Marcus «Martin» Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 10.4.1869, d. i Lemmon, S.D. 4.11.1940. Martin gifte seg første gongen i Lac qui parle Co., Minn. 10.1.1895 med Anna P. Johnson, f. i Illinois 31.12.1872. Men Anna d. i Bellingham, Minn. alt 16.2.1897, og Martin gifte seg att i Wheaton, Minn. 29.7.1903 med Christine Ingman. Ho var f. i Värmland i Sverige 4.2.1884, men utvandra i ung alder til Amerika og d. i Miles City, Mont. 25.5.1971. Martin Jackman var maskinseljar («salesman for machine companies») og budde for det meste i Lemmon, Perkins Co., S.D. Han fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet. * John Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 12.2.1871, d. i Hamilton, Mont. 22.6.1958. Han gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 19.3.1896 med Minnie Johnson. Ho var f. i Wisconsin 10.2.1871 og d. i Hamilton, Mont. 7.4.1949. John og Minnie Jackman farma nær Hamilton, Ravalli Co., Mont. og fekk to born i lag. * Peder «Peter» Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 4.5.1873, d. i Williston, N.D. 1.11.1953. Han gifte seg i Williston, ND 6.6.1904 med Lena C. «Carrie» Hanson, f. i Minnesota 15.5.1878. Ho d. i Williams Co., N.D. 27.3.1920. Peter og Carrie farma i Oliver township, Williams Co., N.D. og fekk åtte born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ For å komplettera manuskriptet mitt ville eg dessutan vera svært interessert i hjelp til å finna følgjande detaljar: ** Marcus «Martin» Jackman - detaljar om fødsli til 1ste kona Anna P. Johnson - f. Illinois 31.12.1872? ** Marcus «Martin» Jackman - detaljar om det svenske opphavet til andre kona Christine Ingman - f. Wärmland i Sverige 4.2.1884 - utvandra?? ** John Jackman - detaljar om namn og fødsli til kona Minnie Johnson - f. Wisconsin 10.2.1871? ** Peter Jackman - detaljar om namn og fødsli til kona Lena C. «Carrie» Hanson - f. i Minnesota 15.5.1878? Eg vil tru at mange av svari kan finnast om OBITUARIES kan finnast for desse personane, men hjå Newspapers.com harf eg ikkje greidd å finna nokon av dei...!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Jan Johannesson (1795-1880) var husmann på Havelden under Flahammar i Luster. Han døydde i Luster, men året etter utvandra enkja til Amerika etter at einaste attlevande sonen Johannes var utvandra i 1872. Me ser ikkje noko til denne sonen i Amerika før han gifte seg i Goodhue Co., MN i 1887, men eg vil gissa på at han og mori budde i lag ved FT1885, om me berre kunna finna dei?? Ei utfordring ligg truleg i det faktum at Johannes KAN ha skrive seg for Johnson den første tidi han var i Amerika, men sidan kalla han seg vekselvis for Hovland og Havland, avleia frå Havelden. På gravstøtta står Havland, og eine sonen hans skreiv seg for Havland, medan dei hine borni ser ut til å ha nytta Hovland... Denne biografien er forsovidt ganske «komplett»; berre lagnaden og dødsfallet til mori manglar... Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Jan Johannesson Havelden, frå Havelden 3 under Flahammar, vart døypt 8.3.1795 og d. som husmann på Havelden 1.6.1880. Truleg fekk Jan alt sist i 1830-åri hand om plassen her i Hamni, og 3.6.1846 gifte han seg med Malena Jensdot­ter frå Bolstad, f. 7.2.1819. Det ser ikkje ut til at Jan og Malena hadde noko særleg jord til plassen i Hamni, for dei vert som regel nemnde som strandsitjarar. Jan dreiv likevel plassen til han fall ifrå i 1880, og sidan heldt enkja Malena fram til 1881. Då vart plassen nedlagd, og den jordi som var, gjekk attende til garden. Malena Havland(?) utvandra til Amerika i 1881, ##### (what became of her? - date and place of her death?) Jan og Malena i Hamni fekk tre born i lag: 1. Kirsti Jansdotter, f. 30.10.1849, Kirsti Havellen flytte til Bergen og tente der hjå politibetjent, sidan kunstmålar Anders G. Wigdahl (1830-1914), opphavleg frå Tubbeteigen under Heltne i Dale. Men Kirsti d. ugift på sjukehu­set i Bergen alt 13.6.1866. 2. Øllegaard Jansdotter (1853-1861). 3. Johannes Janson, f. 2.2.1856, John J. Havland utvandra til Amerika i 1872 og gifte seg i Goodhue Co., Minn. 4.3.1887 med Brita, kjend som Bertha L. Wallager, dotter av husmann Lars Olson frå Stølen under Mareim i Hafslo (1832-1905). Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 5.9.1866. John var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og parfolket busette seg i Mayville, Traill Co., N.D. der Bertha d. 15.3.1911. John Havland d. i Blanchard township, Traill Co., N.D. 4.7.1928. Dei fekk seks born i lag: a. Stina Melina Hovland (1889-1951), vart gift med Johannes Lenvick, kjend som John C. Kjos (1884-1957), son av gardbrukarsonen Christopher Lemvig Johannesson frå Kjos i Hafslo (1861-1945) (s.d.). b. Olga Josephine Hovland, f. i Traill Co., N.D. 27.9.1892, d. i Fargo, N.D. 17.4.1964. Olga gifte seg i Wahpeton, N.D. 12.9.1914 med Olaf Harold Ristuben, f. i Lac qui parle Co., Minn. 1.10.1888. Han d. i Centralia, Wash. 9.1.1970. Olaf var lærar og skuleinspektør («school teacher and superintendant of schools»), og han og Olga budde i Aliceton, Sydna. Delamere, Gwinner, Christine, Gaelph, Colgate og West Fargo, N.D. Dei fekk tre born i lag. c. Leonard Lenhart Hovland, f. i Traill Co., N.D. 29.2.1896, d. i Kankakee, Ill. 15.10.1965. Leonard gifte seg i Waseca, Ill. 18.11.1919 med Antoinette Viola Hanson, f. i Iroquois Co., Ill. 7.12.1896. Ho d. i Clifton, Ill. 4.10.1988. Leonard og Antoinette slo seg ned som farmarar i Ridgeland township, Iroquois Co., Ill. og fekk to døtrer i lag. d. Gilman Duane Hovland, f. i Traill Co., N.D. 3.3.1900, d. i Fargo, N.D. 25.12.2000. Gilman gifte seg i Moorhead, Minn. 10.1.1923 med Amy Amelia Forde. Ho var f. i Traill Co., N.D. 4.11.1899 og d. i Fargo, N.D. 23.5.1993. Gilman var møllestyrar («grain elevator operator») og budde ulike stadar i North Dakota, men flytte til sist til Fargo, Cass Co., N.D. Han og Amy fekk fire søner i lag. e. Bernice Irene Hovland, f. i Traill Co., N.D. 31.7.1903, d. i Oakes, N.D. 23.12.1977. Bernice gifte seg i De Land, Fla. 25.12.1928 med Lawrence Oliver Ringdahl. Han var f. i Sargent Co., N.D. 7.7.1906 og d. i Sargent Co., N.D. 28.1.1977. Bernice var lærar («school teacher»), medan Lawrence farma i Willey township, Sargent Co., N.D. Dei fekk seks søner i lag. f. Alice Florence Hovland, f. i Traill Co., N.D. 5.9.1905, d. i Oakwood, Cal. 23.1.1974. Alice var teppehandlar («rug bounder and sales woman») og budde i Chicago, Ill. og sidan i Los Angeles, Cal., ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til oppsporing av Malena i Amerika!
  11. Huslyden til Ole Endreson Leirmo sleit eg veldig med å finna ut av då eg i 1982 vitja Lac qui parle Co., MN, og det var mykje eg ikkje fann. Ein del har eg greidd å få tak i i etterkant, men no står eg fast, særleg på opplysningar om den svenske kona hans, og opphavet til andre kona synest òg vera vanskeleg..., for ikkje å snakka om dotteri og ekteskapi hennar... No vonar eg på lite vetta hjelp med denne huslyden og presenterer her manuskriptet mitt pr. dags dato: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Endreson Leirmo, f. {i Luster} 24.6.1873, Ole Larmore utvandra til Amerika i 1889 og gifte seg første gongen i Gary, S.D. 9.10.1901 med Evruda ##### (fullt svensk namn på første kona hans? – opphav? – Emma Charlotta Lundberg eller Lindberg?) i Amerika kjend som Emma P. Lundberg. Ho var dotter av ##### (Per Nils Lundberg f. 5.9.1820 og and Inger Andersdotter? – yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar?) i Kronobergs län i Sverige 23.3.1869, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1880. ##### (sjekka utvandringsåret hennar?) Ole og Emma slo seg ned som farmarar i Providence township, Lac qui parle Co., Minn., men vart skilde ##### (year of their divorce?) Emma vart buande i mange år i Providence township, Lac qui parle Co., Minn., men flytte sidan til Amarillo, Tx. der ho d. 22.7.1942. Ole gifte seg att i Moorhead, Minn. 25.10.1920 med Carrie ##### (middle name?) Smeston, f. ##### (date and place of her birth? – 27.6.1874? – MN by Norwegian parents! – hadde ho vore gift 1ste gong i Moorhead, MN 7.9.1898 med Edwin Clark?) Ole og Carrie vart buande i Moorhead, Clay Co., Minn. der Ole livnærte seg som kraftlagsarbeidar («power plant worker»). Men han vart sidan sjuk og flytte inn på ein sjukeheim i Fergus Falls, Otter tail Co., Minn. der han d. 6.9.1941. Carrie Larmore d. i Moorhead, Minn. 18.1.1945. Ole Larmore fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet: a. Ida Julia Larmore, f. i Lac qui parle Co., Minn. 27.12.1901, d. i Stockton, Cal. 26.12.1959. Ida gifte seg første gongen ##### (place of her 1st marriage?) 17.5.1941 med Lawrence Nicolai Lokken. Han var f. i Dane Co., Wis. 6.10.1894 og farma i Hamlin township, Lac qui parle Co., Minn., men d. i Dawson, Minn. 17.3.1949. Ida gifte seg so att ##### (date and place of her 2nd marriage? – 1953?) med Charles Ford, ##### (info?) Ida fekk ein son som var frå første ekteskapet. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Frå Amerika har eg fått opplyst at: Emilia Melvina Nordstrøm skal vera fødd på Kongsvinger 11.1.1887 ho gifte seg i Stevens Co., MN 23.11.1909 med Nils Jørgenson Hagen, fødd i Luster 1.1.1883 Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut: * Fullt norsk namn på jenta? * Dato og stad for fødsli hennar? * Utvandringsåret hennar? * Fulle namn på foreldri hennar med yrke, bustad og opphavi deira? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Ein annan svenske som eg har jobba med i mange år, er: John Hendrickson oppgjeven fødd i Sverige 1.8.1874 gift i Stevens Co., MN 4.1.1899 med Martha Anderson, fødd i Luster 10.7.1872 John var jarnbanearbeidar Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningar å finna ut: * Fullt svansk namn? * Dato og stad for fødsli hans? * Utvandringsåret hans? * Fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphavi deira? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Huslyden til Peder Olson Haugen hadde eg mykje arbeid med på 1980-talet i eit område der eg ikkje er altfor godt kjend, Otter tail Co., MN, men eg fann likevel ein god del opplysningar. I dag har eg greidd å supplera med ein del meir, men no står eg fast! * Svigersonen Hans O. Solum kom frå ein husmannsplass i Gran på Hadeland, som eg ikkje kan identifisera...? * Andre kona Thurid Gunderson Olson var enkje frå Noreg, men kvarifrå? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Peder Olson {Haugen}, f. {i Luster} 17.8.1832, Peder Haugen vart driftehandlar og gifte seg første gongen på Lesja 12.4.1864 med Kari Jespersdotter frå Løftingsmo på Lesja. Ho var dotter av gardbrukar Jesper Amundson på Løftingsmo og kona Ingeborg Olsdotter frå Brendjord og f. på Lesja 8.11.1842. Peder og Kari vart buande ei tid på Løftingsmo på Lesja, men i 1867 utvandra dei under namni Peter og Kari Haugen til Amerika. Dei busette seg på ein farm i Erhards Grove township, Otter tail Co., Minn. der Kari d. 7.5.1887. Peter gifte seg 12.10.1889 att i Otter tail Co., Minn. med enkja ##### (fullt norsk namn? – kalla Thurid Gunderson Olson – opphav?) Ho var dotter av ##### (fulle namn på foreldri hennar og yrke, bustad, opphav?) i Amerika kjend som Thurid Olson og f. ##### (fødestaden hennar? – sjekka datoen!?) 16.4.1844 ##### (hadde vore gift før i Noreg - oppl?) men utvandra til Amerika i 1888. ##### (sjekka utvandringi hennar?) Peter og Thurid vart buande på farmen hans i Erhards Grove, Otter tail Co., Minn. der Peter d. 31.8.1910. Thurid Haugen d. same staden 16.3.1917. Thurid hadde visstnok fire born frå første ekteskapet sitt. ##### (sjekka dette?) Peter Haugen fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt med Thurid: a. Ingeborg P. Haugen, f. på Lesja 1.11.1864, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867 og d. i Clay Co., Minn. 28.11.1920. Ingeborg gifte seg i Otter rail Co., Minn. 21.5.1885 med Hans Andreas Olson frå ##### (kva gard i Gran, Hadeland er dette? – plassen Solum! https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0534&kenr=004&bnr=0129&lnr=000 i Amerika kjend som Hans O. Solum. Han var son av husmann Ole Hansson på Solum under ##### (kva gard?) opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen? – vigsli Gran 10.6.1862: https://media.digitalarkivet.no/view/8969/445 og kona Kari Andersdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Gran 3.12.1862. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868. ##### (sjekka utvandringsåret!?) og d. i Moorhead, Minn. 26.11.1954. Hans og Ingeborg Solum farma i Tansem township, Clay Co., Minn. og fekk elleve born i lag. b. Ole P. Olson, f. i ##### (place of his birth? – where in Minnesota?) 10.12.1869, d. ugift i Otter tail Co., Minn. 14.3.1888. c. Karen, kjend som Carrie Haugen, f. i Otter tail Co., Minn. 14.9.1890, d. i Fillmore Co., Minn. 24.12.1963. Carrie Haugen gifte seg i Otter tail Co., Minn. 26.3.1918 med Albert William Schulz. Han var f. i Fillmore Co., Minn. 26.3.1886 og d. i Spring Valley, Minn. 10.3.1972. Carrie og Albert Schulz farma i Bloomfield township, Fillmore Co., Minn. og fekk ein son i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Dette emnet handlar om ein slektning av meg som utvandra til Amerika i 1879. Eg jobba ganske hardt med å spora dei opp då eg var i Amerika i 1982, men eg greidde aldri å få kontakt med dei. Eg skreiv fleire gongar til Delbert Depew i Alameda, CA, men fekk ikkje noko svar... Det har særleg vore ei utfordring å finna ut av dei to siste ektemakane til Nettie Dove. Paul Schielke adopterte tydeleg dei to eldste sønene hennar, men må vera avliden før 1920, for Nettie vart kalla enkje då ho gifte seg tredje gongen same året (eg fann ikkje dette biletet på FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/61578/images/48279_555219-00063?treeid=&personid=&hintid=&queryId=8b83fce9005536645b0f468a38c364b2&usePUB=true&_phsrc=Nzx24346&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.218081938.580035780.1615160515-390650824.1612707015&pId=46992 Sonen Marvin Schielke er òg ei skikkeleg utfordring. Han var gift, men einaste kjelda som nemner kona hans, er FT1940 for Dunn Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-5JLB Og sonen Delbert W. Depew er ei anna utfordring! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #10 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og eg vil i kveld gjerne få syna fram denne kjempeutfordringi som i utgongspunktet er ein del av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/173530-ole-iverson-everson-1818-og-kirsti-stina-olson-1822-ei-amerikansk-utfordring/ Eg har freista samla dei manglande detaljane om denne huslyden gjennom fleire års aktiv innsats i Amerika, men no står eg fullstendog «bom fast», og det hadde vore so kjekt for prosjektet vårt om i alle fall nokre av «tomrommi» kunne verta fyllte med svar... No er ekspertisen i Brukarforum mi siste von! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~~ 1. Mari Olsdotter (Krogen), f. i Hafslo 4.1.1845, Mary Olson utvandra til Amerika i 1862 og gifte seg i Dane Co., Wis. 21.3.1864 med enkjemannen Johannes Nilsson, opphavleg frå Bakka i Aurland, i Amerika kjend som John B. Nelson. Han var son av husmann Nils Abrahamson på ein plass under Bakka, opphavleg frå ein plass under Styvi, og kona Anna Mortensdotter frå ein plass under Ramsøy. Nils var ein soneson av Rasmus Torkildson (1728-1789) som før hadde vore husmann her på Skophammar under Kroken (sjå ovanfor). John var f. i Aurland 15.10.1837 og gifte seg første gongen i Aurland 28.3.1858 med Ingeborg Knutsdotter frå Loven i Aurland. Ho var dotter av gardbrukar Knut Ellingson på Haugen, Loven og kona Kari Larsdotter frå Otternes og f. i Aurland 7.9.1822. John og Ingeborg utvandra til Amerika i 1858 og busette seg i McFarland, Dane Co., Wis. der Ingeborg d. kring 1863. John var smed («blacksmith»), og han og Mary budde nokre år i Black Earth, Dane Co., Wis. og sidan i Bloomington, Grant Co., Wis., men flytte kring 1875 til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. Kring 1879 flytte dei vidare til St. James, Watonwan Co., Minn. og i 1881 derifrå til Mankato, Blue Earth Co., Minn. der dei sidan budde levetidi ut. John d. i Mankato, Minn. 3.2.1910, medan Mary Nelson d. same staden 10.1.1911. John skal i alt ha hatt femten born, tre frå første ekteskapet og tolv frå det andre, men eitt av borni frå andre ekteskapet d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar. Derimot tok dei til seg og fostra opp einaste dotteri til eldste dotter hans: a. Anna Bertine, kjend som Annie B. Nelson, f. i Dane Co., Wis. 22.12.1858, d. i Freeborn Co., Minn. 16.3.1912. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 31.5.1907 med enkjemannen Knut Knutson, opphavleg frå Nystuen i Vang, Valdres, i Amerika kjend som Knut Nystuen. Han var son av gardbrukar og gjestgjevar Knut Johnson på Nystuen og andre kona Kari Olsdotter frå Midtljøsne i Lærdal og f. i Vang 18.2.1845. Han gifte seg første gongen i Vang 27.6.1872 med Maren Johnsdotter Wangensteen frå Kvam i Vang. Ho var dotter av gardbrukar og lensmann John Larsson Wangensteen på Kvam og kona Ingrid Jørgensdotter frå Ringestad i Vestre Slidre og f. i Vang 26.3.1851. Knut og Maren var ei tid gardbrukarar på Herstad i Nes, Hedmark, men utvandra derifrå til Amerika i 1882. Me finn dei att under namni Knut og Maren Nystuen som farmarar i Silver Lake township, Worth Co., Ia., men kring 1890 flytte dei til ein farm i Albert Lea township, Freeborn Co., Minn. der Maren d. 1.3.1903. Knut arbeidde sidan som postbod («rural mail carrier»), men han og Annie vart buande i Albert Lea township, Freeborn Co., Minn., men i dei seinare åri flytte Knut mellom tre av døtrene sine i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., i Desloge, St. Francois Co., Mo. og i Auburndale, Wood Co., Wis. Han d. i Auburndale, Wis. 25.10.1929. Knut og Annie fekk ikkje born i lag, men Knut hadde ni born frå første ekteskapet sitt. Annie hadde òg ei dotter som vart oppali hjå far og stemor hennar (sjå nedanfor). b. Kari Nelson, f. i Dane Co., Wis. 6.4.1861, d. kort etter fødsli. c. Knut, kjend som Knute B. Nelson, f. i Dane Co., Wis. 9.10.1862, d. i St. Paul, Minn. 24.6.1917. Han gifte seg i St. Paul, Minn. 26.8.1886 med Julia A. ¤¤¤¤¤ (middle name? – were members of the Lutheran church of Preston, MN chartered in 1875! – confirmed there? – parents Jacob and Marie Kramer are buried in the Crown Hill cemetery!) Kramer, f. i Stratford, Ont. 24.5.1863. Ho d. i Los Angeles, Cal. 21.10.1949. Knute var snikkar («carpenter»), medan Julia var butikkdame («department store sales woman»). Parfolket budde for det meste i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Som enkje gifte Julia seg kring 1921 att i St. Paul, Minn. med Philip Anthony, kjend som Anthony Springer, f. i Ramsey Co., Minn. 7.11.1864. Han d. i St. Paul, Minn. 24.12.1940. Anthony var farmar og spannkøyrar («farmer and teamster») og budde i Roseville, Ramsey Co., Minn., men alt i 1926 flytte Julia attende til Preston, Fillmore Co., Minn. for å stella for ei sjuk søster. Frå 1946 var ho so busett hjå ei anna søster i Los Angeles, Cal. Ho fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. d. Nils, kjend som Nels B. Nelson, f. i Dane Co., Wis. ¤¤¤¤¤ (exact date of his birth?) 1866, d. i Albert Lea, Minn. 24.10.1877. e. Kjerstine, kjend som Stena Nelson, f. i Dane Co., Wis. 17.3.1868, d. i Mankato, Minn. 18.9.1950. Stena gifte seg første gongen i Mankato, Minn. 8.6.1892 med Oscar Frank Anderson, f. i Chicago, Ill. 7.12.1864. Oscar var murarbeidar («bricklayer»), og han og Stena budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. der Frank d. 12.5.1900. Stena gifte seg 16.2.1907 att i Mankato, Minn. med enkjemannen Edward G. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Harvey, f. i Sauk Co., Wis. 29.10.1869. Han d. i Mankato, Minn. 5.8.1937. Edward var i mange år støyperiarbeidar og sidan parkarbeidar («foundry moulder and park caretaker»), og han og Stena budde òg i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Stena fekk i alt fem born, tre frå første ekteskapet og to frå det andre; dessutan hadde Edward to born frå første ekteskapet sitt. f. Ole Nelson, f. i Dane Co., Wis. 14.4.1869, d. kort etter fødsli. g. Nettie J. ¤¤¤¤¤ (full name?) Nelson, f. i Grant Co., Wis. 27.6.1872, d. i St. Paul, Minn. 10.1.1945. Ho gifte seg første gongen i Nicollet Co., Minn. 4.3.1897 med enkjemannen Martin L. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Yeoman, f. i Clinton Co., Mich. 28.12.1858. Han d. i Minneapolis, Minn. 1.12.1918. Martin var vogn- og skiltmålar («carriage and sign painter»), medan Nettie var kjolesyerske («dressmaker»). Dei budde nokre år i Mankato, Blue Earth Co., Minn., men flytte kring 1902 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Nettie gifte seg so att i St. Paul, Minn. 21.5.1921 med enkjemannen Gabriel Pederson, opphavleg frå Østerhus i Strand, i Amerika kjend som Gabriel Peterson. Han var son av gardbrukar Peder Knutson på Østerhus og kona Gunnhild Asbjørnsdotter frå Nerhus og f. i Strand 28.11.1851, men utvandra visstnok til Amerika i 1878. Gabriel gifte seg første gongen i St. Paul, Minn. 15.6.1882 med Anna Rebecca Hansdotter frå Sletner i Fet, Akershus, i Amerika kjend som Anna R. Stenerud. Ho var dotter av gardbrukar Hans Hansson på Sletner, Ånerud og kona Christina Torstensdotter frå Svendal under Svindal og f. i Fet 9.11.1848, men utvandra til Amerika i 1870. Ho d. i St. Paul, Minn. 9.6.1901, medan Gabriel d. same staden 25.4.1934. Gabriel var mjølkeprodusent («dairy farmer») og budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Han fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet med Anna, som òg hadde ein son frå før. Nettie fekk sjølv to born, som båe var frå ekteskapet med Martin, men båe d. kort etter fødsli. Martin hadde fire born frå første ekteskapet sitt. h. Othelia, ¤¤¤¤¤ (middle name?) kjend som Tillie Nelson, f. i Grant Co., Wis. 30.6.1874, ¤¤¤¤¤ (death record says she was born May 30! – what is correct?) d. i Mankato, Minn. 12.10.1947. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 13.3.1895 med Fred W. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Swan, f. i Ramsey Co., Minn. 12.3.1872. Han d. i Mankato, Minn. 20.1.1933. Fred var kommunearbeidar og sidan spannkøyrar («city worker and teamster»), og han og Tillie budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Dei fekk ni born i lag. i. Maria, kjend som Mary B. Nelson, f. i Freeborn Co., Minn. 30.6.1876, d. i St. Peter, Minn. 19.11.1956. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 12.8.1903 med John James Grimm, f. i Lafayette Co., Wis. 25.10.1875. Han d. i St. Peter, Minn. 13.3.1959. John var maskinist («machinist»), og han og Mary budde mellom anna i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. og i Duluth, St. Louis Co., Minn., men var frå 1927 busette i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Dei fekk to born i lag. j. Nilla, kjend som Nellie Nelson, f. i Freeborn Co., Minn. 5.10.1878, d. i Mankato, Minn. 1.3.1922. Nellie gifte seg i Mankato, Minn. 1.5.1901 med Henry Stevens Devens, f. i Blue Earth Co., Minn. 29.10.1878. Han d. i Mankato, Minn. 21.12.1946. Som enkjemann gifte han seg 17.6.1929 att med enkja Helen C. Hottinger Polchow, f. i Brown Co., Minn. 2.5.1878. Ho d. i St. Peter, Minn. 9.3.1960. Henry var mellom anna lastebilførar, butikkmann og kommunearbeidar («truck driver, furniture store salesman and city worker») og budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Helen hadde ein son frå første ekteskapet sitt. k. Julia R. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 17.9.1881, d. i Blue Earth Co., Minn. ¤¤¤¤¤ (date and place of her death? – prior to 1885!) l. Henry C. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 2.6.1883, d. i Blue Earth Co., Minn. ¤¤¤¤¤ (date and place of his death? – prior to 1885!) m. Clara B. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 28.5.1887, d. i Mankato, Minn. 25.2.1951. Clara gifte seg første gongen i Mankato, Minn. 24.4.1907 med Magnus A. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Gronquist, f. i Eau Claire Co., Wis. 28.10.1885. Han d. ved eit ulukkeshende i Mankato, Minn. 29.7.1916. Magnus var jarnbanemaskinist («railroad engineer»), og han og Clara budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Clara gifte seg 16.2.1928 att i Mankato, Minn. med Will ¤¤¤¤¤ (full first and middle names? – son Dudley Gray of Elmhurst, IL) Gray, f. i Keokuk Co., Ia. 7.1.1875. Han d. i Mankato, Minn. 18.9.1947. Will var symaskinseljar («sewing machine salesman»), og han og Clara budde òg i Mankato, Blue Earth Co., Minn. Clara fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet, men Will Gray hadde òg ein son frå første ekteskapet sitt. n. Hattie N. ¤¤¤¤¤ (middle name?) Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 10.12.1889, d. i Mankato, Minn. 14.1.1972. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 4.6.1913 med Lloyd Wesley Rowland, f. i Watonwan Co., Minn. 9.2.1892. Han d. i Mankato, Minn. 28.3.1962. Hattie var i mange år telefondame («telephone operator»), medan Lloyd var møbelsnikkar («cabinet maker»). Dei budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. og fekk ei dotter i lag. 0. Edith M. ¤¤¤¤¤ (middle name?) McLaney, dotter av Annie Nelson og soleis dotterdotter av John Nelson, var f. i Blue Earth Co., Minn. 4.4.1890 og d. i Mankato, Minn. 4.11.1956. Ho gifte seg i Mankato, Minn. 17.9.1912 med William Francis O’Brien, f. i Rice Co., Minn. 19.5.1891. Han d. i Mankato, Minn. 12.10.1971. William var ei tid butikkmann («shop keeper»), men var lengste tidi leiar for ei reinseriverksemd («towel cleaning business manager»). Han og Edith budde levetidi ut i Mankato, Blue Earth Co., Minn., men var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullalderen» enno ikkje er forbi!
  17. Denne familiefaren, Iver Olson, opphavleg frå Veum nordre i Hafslo, gifte seg med ei odelsdotter på ein av storgardane på Rønnei i Luster, men det vert fortalt at han ikkje dugde som gardbrukar, og etter elleve år på garden hjelpte slekti til kona i 1872 med amerikabillett for å verta «kvitt» han! Han og kona Martha hadde mange born, derav fleire døtrer som skal ha butt i St. Paul, Ramsey Co., MN der nokre av dei skal ha vore lærarar. Men eg har store vanskar med å finna dei att, og no vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg. Ei av utfordringane er tydeleg at dei nytta ulike ættenamn, Ronnei i ulike former (Runnie/Rounie), Everson og Iverson. Her er manuskriptet mitt for denne huslyden, størstedelen produsert på 1980-talet, men med nokre suppleringar: ~~~~~~~~~~~~~~ Iver Olson Rønnei, frå Veum nordre i Hafslo, var f. i Hafslo 27.1.1837 og gifte seg i Luster 14.5.1861 med Martha Olsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden, f. 30.11.1840. Iver fekk 3.6.1861 skøyte på heimebruket til kona her på Rønnei, og dei dreiv garden fram til 1872. Iver og Martha Ronnei utvandra til Amerika i 1872 og slo seg ned som farmarar i Albion township, Trempealeau Co., Wis. der Iver d. 3.5.1902. Martha Ronnei flytte straks til døtrene i St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho d. 23.8.1902. Dei fekk ni born i lag: ##### (1900 census Albion township, Trempealeau Co., WI shows Iver, Martha and daughter Mina: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120645_00270?usePUB=true&_phsrc=Nzx24097&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=64202009 a. Ingeborg, kjend som Emma Everson, f. i Luster 7.5.1862, utvandra til Amerika med foreldri i 1872 og d. i St. Paul, Minn. 30.5.1939. Emma gifte seg i St. Paul, Minn. 29.9.1884 med Michael John Shanahan, f. i Ramsey Co., Minn. 21.10.1862. Han d. i St. Paul, Minn. 13.3.1936. Michael Shanahan var skomakar («shoemaker»), og han og Emma budde levetidi ut i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. b. Kirsti, kjend som Christine ##### (last name?) f. i Luster 15.12.1864, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1872, men flytte til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho arbeidde som lærar («schoolteacher»). ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN about 1915?) c. Ingeborg Marie, kjend som Mary ##### (last name?) f. i Luster 29.10.1867, utvandra med foreldri til Amerika i 1872 og d. i St. Paul, Minn. ##### (date and place of her death? – about 1910?) Mary gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med Charles Duke Buck, f. i Chicago, Ill. 14.8.1876. Han gifte seg sidan att, men d. i St. Paul, Minn. 4.11.1922. Charles Buck var kontormann («office clerk»), og han og Mary budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei var barnlause. ##### (very questionnable if this information is correct!?) d. Ole, kjend som Holly Rounie, f. i Luster 11.6.1871, utvandra òg til Amerika med foreldri i 1872 og d. i Jefferson Barracks, Mo. 29.1.1943. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? – 1902/1903?) med Ora E. ##### (middle name?) Gilleland, f. ##### (date and place of her birth? – IL Dec. 1883?) ##### (date and place of her death? – after 1910!) Holly var elektrikar og sidan maskinarbeidar og dampmontør («electrician, machinist and pipefitter»). Han og Ora budde ei tid i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis., men flytte før 1910 til St. Louis, Mo. ##### (NB: death certificate says he was divorced! – year of this? – after 1910) Dei fekk ein son i lag, som d. kort etter fødsli. ##### (son Holly Jr. born in Milwaukee, WI May 4, 1903) e. Mina ##### (full name?) ##### (last name?) f. i Trempealeau Co., Wis.. ##### (exact date of her birth?) .11.1873, var restaurantarbeidar («restaurant worker») i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN about 1912?) f. Otis William Iverson, f. i Trempealeau Co., Wis. 13.5.1876, d. i Ione, Wash. 30.11.1943. Han gifte seg i Spokane, Wash. 4.11.1901 med Martha Mae Moon, f. i Otter tail Co., Minn. 16.12.1883. Ho d. i Spokane, Wash. 25.1.1971. Otis var ei tid sagbruksarbeidar («saw mill laborer») i Begland precinct, Stevens Co., Wash., men han og Martha flytte kring 1915 til Ione, Pend Oreille Co., Wash. der Otis var ferjeførar, fabrikkarbeidar og kraftverksarbeidar («river ferryman and pole yard worker and power and light laborer»). Som enkje gifte Martha seg att ##### (date and place of their marriage? – about 1950?) med enkjemannen Edward George Merrow, f. i Somerset Co., Me. 26.9.1883. Han d. 31.1.1961. Edward var snikkar («carpenter») og hadde vore gift to gongar før. Han og Martha budde òg i Ione, Pend Oreille Co., Wash. Martha fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Otis, men Edward hadde òg ei dotter frå første ekteskapet sitt. g. Maggie ##### (full name?) Runnie, f. i Trempealeau Co., Wis. 2.6.1879, d. i Eau Claire, Wis. 15.3.1954. Maggie gifte seg i Trempealeau Co., Wis. 3.11.1900 med Sever A. Severson. Han var f. i Vernon Co., Wis. 10.8.1867 og d. i Trempealeau Co., Wis. 29.1.1938. Maggie og Sever farma i Albion township, Trempealeau Co., Wis. og fekk seks born i lag. h. Eva ##### (middle name and last name?) f. i Trempealeau Co., Wis. ##### (exact date of her birth?) .5.1883, flytte i ung alder til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho arbeidde som lærar («school teacher»), ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN after 1910?) i. Oscar ##### (middle name?) Iverson, f. i Trempealeau Co., Wis. ##### (exact date of his birth? – 1886!?) ##### (drowned in the river near the farm in 1894 – 8 years old! – details?) NB: 1910 census: Mina and Eva Iverson living in the same house in St. Paul, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ4-98V ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Anton Olaus Johannesson, son av Johannes Tønnesson og Gjertina Olsdotter, gardbrukarar på Lindland i Sokndal, Rogaland og fødd der 29.6.1848: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000038972390 FT1865 syner huslyden framleis på Lindland: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038198001193 Anton Johnson gifte seg i Saratoga, Winona Co., MN 21.8.1877 med Christine Henderson (Hendrickson). Huslyden i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YY8-SJX4 Huslyden i FT1900 (seier utvandra 1871): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67HL-HZ Huslyden i FT1910 (seier utvandra 1867): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9T6Z-689 Huslyden i FT1920 (seier utvandra 1870): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RX8-JZ Huslyden i FT1930 (seier utvandra 1878): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHF-W6T Eg har blatt igjennomn utflyttingslistene for Sokndal frå 1866 til 1873, men finn ikkje spor etter Anton der. Finst det kan henda ei bygdebok eller lokal ekspertise som kan hjelpa meg finna dette utvandringsåret? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Andreas Schjeldrup Knutson Rønnei (1845-1940) var søskenbarn til ei av oldemødrene mine, og alt på 1970-talet vitja eg etterkomarar nær Moorhead, MN. Diverre var det sørgeleg lite dei visste om slekti; dei trudde sogar dei var av svensk avstamming(!); men noko fekk eg tak i undervegs, og meir er komme til sidan. Eg står elles ganske so «bom fast» når det gjeld sogene til døtrene Sadie med mann «Mr» Blank og Nora, som aldri ville fortelja slekti noko om første ekteskapet sitt! No er kanskje tidi kommi for å få litt betre oversyn over denne huslyden, og eg presenterer med dette eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #7 under Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Eg freistar å finna opphavet til ein Ole Johnson som i Wisconsin gifte seg med Dorothy Davidson (1865-1900) med røter frå Luster i Sogn! Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for denne huslyden der det kjem klart fram kva eg leiter etter...: ~~~~~~~~~~~~~~ Dorthea, kjend som Dorothy Davidson, f. i Buffalo Co., Wis. 6.3.1865, d. i Thief River Falls, Minn. 29.5.1900. Dorothy gifte seg i Eau Claire, Wis. 1.12.1884 med Ole Johnson ##### (foreldre Johan Johansen og Anna Iversen) og f. ##### (exact date and place of his birth?) .7.1863. Han utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration?) og d. i Prince Albert, Sask. ?.3.1941. ##### (exact date of his death?) Ole Johnson var ei tid sagbruksarbeidar («saw mill laborer») i Thief River Falls, Pennington Co., Minn., men gifte seg att ##### (1905: mechanic laborer with new wife married Red Lake Co., MN Dec. 28, 1901 Johanna Olson, Norway 1858 and FIVE children!) og flytte kring 1906 til Prince Albert, Sask. der han livnærte seg som mekanikar («mechanic»). ##### (?Ole Johnson, widowed 1921, maskinist at The Pas, Nelson district, MB – immigrated 1908?) Dorothy og Ole fekk fire born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Den som eg tykkjer kjem nærast hjå FamilySerarch er denne «kandidaten» frå Hevne i Sør-Trøndelag, men eg veit ikkja kva de tykkjer: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW64-LZN Her er Ole Johnson i FT1895 med første kona Dorothy: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-X2M3-C23 Her er Ole Johnson i FT1900 som enkjemann, men med to svigerinner (Davidson) i huset: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-62VT-FF Her er Ole Johnson i FT1905 med andre kona Johanna: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSB7-M7M Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips kring opphavet til Ole Johnson!
  21. Dette er ein huslyd som eg òg har slite med i mange år, utan nemneverdig resultat! Slekti fortel at denne Hans Sandvik reiste til Nord-Noreg og gifte seg der med Andrea Einum frå Vardø. So utvandra dei til Amerika og dreiv mellom anna eit hotell der borte til dei i 1934 flytte attende til Bergen. Hans døydde i Bergen i 1938, og Andrea kom til sist atende tul Vardø og døydde der i 1951. No har eg finne nokre detaljar gjennom «moderne» kjelder, men ikkje noko om at dei budde nordpå, og heller ikkje at dei dreiv hotell i Amerika. Manuskriptet mitt ser no slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Olson {Sandvik}, f. {i Luster} 29.8.1856, Hans O. Sandvik flytte i ung alder som sjømann til Tromsø, men gifte seg ##### (dato og stad for vigsli deira? – finn dei ikkje i Vardø!! – 1910: hadde vore gifte i 15 år!) med Andrea Berentine Andersdotter Einum frå Vardø, ei søsterdotter av kona til husmannssonen Anders Andersson frå Grandane under Flattun (1845-1911). Andrea var dotter av fiskar Anders Arntson Einum i Vardø, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Maria Magdalena Isaksdotter Clemo frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Vardø 12.11.1869. Hans var Steinarbeidar, og han og Andrea budde på Frydenlund i Ankenes, Narvik ##### (budde i alle fall der frå 1900 til 1907! - kva med 1890-talet?) men utvandra til Amerika, han i 1906 og ho i 1907. Me finn att Hans som fiskar («fisher man»), og han og Andrea busette seg i Schroeder township, Cook Co., Minn. ##### (finn dei ikkje att etter 1920! – kvar kan dei då ha vore? – det vert i Noreg fortalt at Hans skal ha drive hotell før han kom attende til Bergen i 1934!) men i 1934 kom dei attende til Noreg. Dei busette seg då i Bergen der Hans livnærte seg som steinhoggar. Han d. i Bergen 6.7.1939. Andrea flytte same året attende til Vardø der ho d. 5.4.1951. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~ Mellom dei opplysningane som eg no har oppdaga hjå FamilySearch er desse: * Ankomsten til Andrea Sandvik i Amerika i 1907: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99D9-CT4T * Parfolket i FT1910 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-VWQ * Parfolket i FT1920 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXR-HWT Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde å finna ut av denne «jungelen», og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  22. Dette er ein huslyd frå Luster som eg jobba ganske aktivt med då eg vitja Midt-Vesten i 1979 og 1982. Skilsmålspapiri til eldste dotteri Oline ligg lagra i Prairie du Chien, WI, og dei kunne fortelja om ein «lat og doven» andre ektemann Constantin Seaman som ikkje utførte so mykje som ein dags arbeid på farmen etter han vart «herre i huset»! Eg vitja òg etterkomarar i Worth Co., IA, men diverre var det mange detaljar dei ikkje kunne hjelpa meg med! Ein del detaljar har eg finne i ettertid, men ein god del manglar, og no vonar eg på hjelp til å finna fram til i alle fall ein del av desse? Kanskje svigersonen frå Rollag samt svigersonen frå Austfold kan sporast opp? Kanskje ranchar Charles Watson i Wyoming kan identifiserast? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #22 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden og ønskjer fortsatt Godt Nytt År!
  23. Denne huslyden har lege i snart 40 år på teiknebrettet mitt. Ein del opplysningar har eg greidd å finna undervegs, men eg står ganske so «bom fast» når det gjeld å identifisera: * Svigerdotter Anna Karine Thoreson frå Gjerdrum * Svigerson Søren N. Miller frå ?? * Lagnaden til svigerson Albert Hjortaas? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange kjempefine innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #22 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  24. Dette er ein person som eg vart merksam på først i aftes, og no lurer eg på om nokon kan hjelpa meg identifisera opphavet hans? Her er nokre fakta frå Minnesota: FT1880 - f. WI 1852: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBK-SSR FT1895 - f. WI 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D1KL-GJ FT1900 - f. WI Mar. 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SS7-XNM FT1905 - f. WI 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYD-JR1 FT1910 - f. WI 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ1-C2V FT1920 - f. Noreg(!) 1848 - utv. 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXG-CBH Dødsattest St. Paul, MN 1930 - f. 1848: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Z8G4-X5T2 Innførsli frå FT1920 er den einaste som seier Knut var fødd i Noreg, men han budde i lag med ein nevø og ei niese som var fødde i Amerika, og nevøen er berre få år yngre enn han sjølv!! Greier nokon å identifisera denne Knut Holtan og opphavet hans? Huslyden ser for meg svært so «forvirrande» ut, men eg trur Knut O. Holtan må vera ein del av følgjande huslyd: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/26217711/person/26088983276/facts Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Gjertrud Marie Samuelsdotter Raaum er ei jente frå Luster som eg har vore på leiting etter i minst 40 år. Kanskje det no omsider er på tide å finna ut meir om lagnaden hennar? Ho var fødd i Luster 20.7.1872 som dotter av dåverande kårmann Samuel Bugge Erikson Raaum (1805-1897) og tredje kona hans Ingeborg Olsdotter (1833-1910). So vidt me veit, nytta ho til dagleg namnet Maria (eller Mary) etter at ho i 1893 utvandra til Amerika. Då far hennar døydde i Luster i 1897, var ho busett i Starbuck, Pope Co., MN. Mori Ingeborg døydde under namnet Ingeborg Samuelson i Madison, Lac qui parle Co., MN 10.1.1910, men nokon liktale (obituary) for ho har eg ikkje finne. Ættenamnet til Gjertrud Marie kan ha vore anten Raaum eller Samuelson. Etterkomarar etter søskeni hennar fortalte meg på 1980-talet at «aunt Mary» frå Starbuck, Pope Co., MN skal ha flytt til Milam, Chippewa Co., MN, men at ho døydde under ein sjukehusoperasjon før 1945, truleg på sjukehuset i Appleton, Swift Co., MN. Eg har ingen opplysningar om at ho var gift! Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut: * Kva yrke ho hadde på ulike bustadar? * Kva dato og stad ho døydde? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.