Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'urnes'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 6 resultater

  1. Eg har fått opplyst at «Sigurd Haftorson budde på setegarden Sørum på Romerike, og i eit salsbrev frå 1378 selde han garden Kroken med tilhøyrande skog, ein del av Urnes og Kvåle i Sogndal til adelsmannen Erling Einerson i Hildegard i Bergen på sonen Håkon, dotteri Agnes og eigne vegner.» Kan nokon fortelja meg kven denne adelsmannen Erling Einerson kan ha vore? Og korleis garden Kroken sidan skifte eigarar fram til 1525? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein person som eg i mange år har freista finna fleire oppysningar om lagnaden til. Kanskje det no er nokon som kan greia dette? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Peter P. Urness, f. i Dane Co., Wis. kring 1851, ##### (fødselsdato? - foreldre Peder Pederson og Kirsti Sjursdotter - båe utvandra frå Luster i 1849) vart drepen av eit lynnedslag kring 1887, truleg i Norman C., Minn. ##### (dødsdato og dødsstad?) Han gifte seg i Fargo, N.D. 26.1.1886 med Julianna Johannesdotter frå Trondheim, i Amerika kjend som Julia Olson. Ho var dotter av tømmermann Johannes Olsen i Trondheim, opphavleg frå Reiershaugen under Skogen (Rulland øvre) i Nord-Fron, og kona Andrea Pedersdotter frå Rørum i Leinstrand, Melhus og f. i Trondheim 29.5.1861, men utvandra til Amerika med mor si i 1883. Ho d. i Moorhead, Minn. 5.6.1913. Som enkje gifte Julianna seg 25.10.1888 att i Fargo, N.D. med Johan Johannesson frå Askeeiet i Nes, Hedmark, i Amerika kjend som John L. Ask. Han var son av husmann Johannes Larsson i Askeeiet, opphavleg frå Kiseeiet, og kona Agnetha Johannesdotter fra Askeeiet og f. i Nes 9.11.1848, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868. Han d. i Fargo, N.D. 13.4.1940. Peter og Julianna slo seg ned som farmarar i Flom township, Norman Co., Minn., og denne farmen tok John Ask over då han i 1888 gifte seg med enkja, etter at han før hadde butt i Spring Green, Sauk Co., Wis. Men i 1908 flytte John og Julianna til Fargo, Cass Co., N.D. der John sidan livnærte seg som snikkar («carpenter»). Julianna fekk i alt tre born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Peter Urness. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg ville vorte kjempeglad om nokon kan hjelpa meg løysa denne kjempeutfordringi - kan henda kyrkjebøker eller avisoppslag? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Øyvind Gjervik

    Til Lars Øyane

    Hei, Lars. Vet man nå om bygdeboken for Urnes snart vil være klar for salg? Jeg har selv vært inne på sidene til Luster kommune for å sjekke siste status for bygdeboken. Hilsen en som venter i spenning på å motta boken en dag. Mh. Øyvind Gjervik
  4. De tre brødrene Niels, Ole og Thore Olsen ble drept av indianere i Minnesota i 1862 - 64. De skal være født i Urnes i Sogn. Er det mulig å finne deres aner i Urnes ? Også familie i USA er av interesse. Mvh Ivar
  5. Ole Trondson (1760-1822) gifte seg i Hafslo 1788 med Anna Nilsdotter (1764-1808). Båe var frå Urnes, Ole frå ein plass under garden og Anna frå eitt av hovudbruki. Dei tok over som leiglendingsfolk etter foreldri hennar, men noko bygselsbrev har eg ikkje finne! Derimot ser me at dei to eldste sønene deira: * Hans Olson (1791-1878) https://media.digitalarkivet.no/view/1992/122 * Nils Olson (1793-1866) https://media.digitalarkivet.no/view/1992/131 båe døypte i Hafslo, vart ved FT1865 båe oppgjevne fødde i «Syrstrands» prestegjeld, d.v.s. i Leikanger: * Hans Olson: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002698 * Nils Olson: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002694 og i eit skifte frå 1792 vert det opplyst at Ole og Anna var busette i FEIOS! Dei to dåpsforretningane frå Hafslo gjev ingen tilvising til Feios, so for meg er det eit stort mysterium kva tilknytting denne huslyden hadde til Feios eller Leikanger! Jon Laberg, fødd og oppvaksen på Urnes, skriv i den gamle bygdeboki for Hafslo at far hans Ole Trondson kom frå Leikanger, men utan noki nærare forklaring. No syner det seg at faren Trond Aamundson kom frå Fretheim i Aurland, utan at det hjelper oss noko vidare... Kanskje er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg vidare? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg «kjempar» for å løysa ei «floke» frå Urnes i Hafslo og attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Michael Sundt Tuchsen Jensson Bugge, frå Urnes (bnr. 1), var f. 27.10.1833 og gifte seg i Luster 11.11.1861 med Ingeborg Marie Melchiorsdotter Heiberg frå Kvalsøyri, Dalsøyri i Luster (bnr. 2). Ho var f. i Luster 1.9.1835. Det var svograne Samuel Mandrup Hansson Bugge på Urnes (bnr. 20) og lensmann Carl Tullin Johanson Bjørnholdt på Kvitevollen under Nygard i Luster som 5.6.1858 fekk auksjonsskøyte på dei fem gamle leiglendingsbruki som soleis vart samanslegne, og hjå dei fekk Michael Bugge 24/25.10.1859 skøyte på den nye brukseiningi. Michael og Ingeborg dreiv sidan bruket fram til ##### (kor lenge budde dei på garden? – auksjonsskøyte av 22.2.1884 til lensmann Falck!) Michael og Ingeborg Bugge flytte ¤¤¤¤¤ (kva år flytte dei? - frå kva år er dei å sjå i Christiania?) til Christiania der Michael livnærte seg som varemeklar. Han d. i Christiania 12.3.1912, medan Ingeborg Bugge d. same staden 28.10.1912. Michael og Ingeborg Bugge fekk to born i lag: 1. Laura Agathe Martha Kirstine Michaelsdotter Bugge, f. 20.9.1862, Laura Bugge flytte med foreldri sine til Christiania der ho 20.4.1895 gifte seg med Anton Tolfson frå Bergene i Hedrum, kjend som Anton Bergene. Han var son av gardbrukar Tolf Nilsson på Bergene og kona Thorine Marie Hansdotter frå Bjerke i Sandeherred og f. i Hedrum 20.4.1867. Anton var postbod, medan Laura var pensjonatvertinne. Dei vart buande i Christiania der Anton d. 13.6.1913. Laura Bergene flytte sidan til Dalhaugen i Asker, men d. på eit sjukehus i Oslo 25.1.1928. Dei var barnlause, men tok til seg ei pleiedotter: a. Azora Emilie Hagensdotter Hansen, f. Christania 12.11.1892, d. på Høvik i Bærum 11.2.1973. Ho gifte seg i Asker 23.12.1926 med Aksel Olson frå Staksrudmøllerstuen på Brandbu, sidan kjend som Axel Jensen. Han var f. på Brandbu 27.9.1894 og d. under eit opphald på Palma di Mallorca i Spania 15.3.1975. Axel Jensen var byggmeister, og han og Azora budde i Asker og sidan på Høvik i Bærum. Dei var barnlause. 2. Jens Melchior Michaelson Bugge, f. 21.4.1864, Jens Bugge flytte òg til Christiania med foreldri sine og gifte seg der 29.6.1904 med Liv, kjend som Lilla Hansdotter Funnemark frå Nordbø i Nissedal. Ho var dotter av husmann Hans Johnson på Funnemark under Nordbø, opphavleg frå Bygstøyl i Kviteseid, og kona Susanna Johnsdotter frå Håtveit i Nissedal og f. i Nissedal 22.3.1869. Jens var frukthandlar, og han og Lilla vart buande i Christiania (Oslo) der Liv d. 13.3.1943. Jens Bugge d. på eit sjukehus same staden 31.7.1947. Dei fekk ei dotter i lag: a. Jensine Marie Mikaline Lydia, kjend som Marie Lydia Jensdotter Bugge, f. i Christiania 7.3.1904, d. i Oslo 9.2.1958. Marie gifte seg første gongen i Oslo 13.12.1924 med Bernhard Odin Johanson Lien frå Skaugum, Stabæk i Bærum, f. i Christiania 26.10.1896. Han d. i Bærum 26.1.1970. Bernhard var jarnbanefunksjonær og sidan pelshandlar, og parfolket budde på Høvik i Bærum, men dei vart skilde i 1930. Marie gifte seg so att i Aker 11.4.1931 med sjømann Olaf Fredrik Jensen, f. i Holt 14.6.1899. Han d. i Skjeberg 2.3.1978. Olaf var sjømann, og han og Marie budde likeins på Høvik i Bærum, men flytte frå kvarandre i 1933 og vart skilde i 1936. Marie gifte seg so tredje gongen i Aker 12.11.1938 med Christian Ingemann Johnson Bøe frå Oslo, f. i Christiania 9.10.1894. Han d. på ein sjukeheim i Oslo 30.9.1971. Christian var tollar og sidan transportarbeidar. Han og Marie budde ei tid på Askerhaugen i Asker, men flytte sidan til Oslo. Marie fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med Bernhard Lien. ~~~~~~~~~~~~~ Finst det kjelder, til dømes i Christiania, som kan fortelja oss nett KVA ÅR denne huslyden flytte dit? Kanskje flytte dei fleire år før garden vart tvangsseld? I 1875 var dei i alle fall framleis på garden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052307003542 men eg har so langt ikkje greidd å finna nokon av dei to borni konfirmerte i Hafslo! Kan huslyden ha flytt alt i 1876? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.